Bjerke gnr. 38 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bjerke gnr. 38 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bøygardshagen var ein plass under Bøygard. Då eigedomen vart frådelt i 1941 fekk den namnet Bjerke.
    Fyrste kjende bygsling skjedde i 1840. Dei gamle tuftene, no oppdyrka, låg sør opp for noverande tun.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål og anna jbr. 5 mål, prod. skog 14 mål, anna utm. 13 mål.
    Uthus, våningshus bygt 1940, påbygt 1952. Heimstøl på Åsetno. Bjerke vert no nytta som tilleggsjord til Bøygard, bnr. 2.
   

{2382} År: 1840

Knut Olson Sveinslåtta 15.08. 1779-1861
Foreldre: Ola Knutson Kjellargard (?) Håheim Sveinslåtta og Guri Torjusdtr. Svarvargarden.
Gm Margit Nilsdtr. Gullhagen Sveinslåtta 29.09. 1776-1861
Foreldre: Nils Olson Gudbrandsgard Gullhagen og Kristi Ellingsdtr. Løken.

Knut og Margit gifte seg i 1817. Han var soldat i 1801. Dei bygsla jordstykket Bøygardshagen i 1840. Det heitte at bygslaren 'allerede hadde oppført sig huse' på plassen. Plassen var til full rådigheit for bygslaren med unntak av ein reksteveg for krøtera til grannane.
    Til plassen høyrde skogsrett i gardskogen i Baklien samt ein liten skogteig oppe på åsen. Årleg leige var 40 spd og 'efter tilsigelse at skulle slaa og sette i saater sæteren Aasetnene kaldet' for bonden.

{2383} År: 1862c

Ola Håkonson Halvorsgardshagen Eggen 08.09. 1839-1910
Foreldre: Håkon Olson Bergsgard Halvorsgardshagen og Ambjørg Olsdtr. Sehl.
Gm Kari Guttormsdtr. Toteigen Bøygardshagen 11.01. 1843-1923
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard Toeie og Margit Olsdtr. Holo Hovdegard.
*Barn
1. Håkon Olson Bøygardshagen 01.12. 1869-
Ugift. Til Am.: Povel River, Britisk Columbia. Omkom i jarnbane-ulykke etter 1962. (1434)
2. Margit Olsdtr. Bøygardshagen 28.02. 1872-
Gm Gunnar Knutson m Hallingstad. Ingen barn. Gm Svein Kitilson Larsgard Frydenlund i Kvisla. Ingen barn.
3. Guttorm Olson Bøygardshagen 08.01. 1874-
4. Ambjørg Olsdtr. Bøygardshagen 06.01. 1876-1894
Ug.
5. Guttorm Olson Bøygardshagen 22.04. 1878-1878
6. Gunhild Olsdtr. Bøygardshagen Sevre 27.03. 1879-1933
Gm Kolbjørn Olson Sevre, Nes. Barn: Ola 1916- , styrar av Hallingdal Samvirkelag Ål (Hol V s 347).
7. Kari Olsdtr. Bøygardshagen Holeengen 26.11. 1881-1935
Gm Peter Holeengen, Vestre Gran. Barn: Kari 1904-, Oskar 1906-, Hilda 1909- . (Sjå Hol V s 347)
8. Birgit Olsdtr. Bøygardshagen 06.02. 1884-
Ugift. Ho var telefondame på Skjeberg, kom sidan til Oslo.
    I 1900 var Birgit pleiedotter hjå Gullik Johannesen i Fredrikstad og kona Birgit f. 1837 og født i Ål. Gullik var født på Tjøme. Han var skipsførar.
9. Guttorm Olson Bøygardshagen Eggen 1886-1955
G 1913 m Turid Embriksdtr. Eirsethagen, Hol. Barn: Ola 1914- bonde i Eggen, gm Guri Sandersdtr. Veslegard (5 barn); Engebret 1916-, Håkon 1918-, Kari 1920- ; Ambjørg 1922-, Georg 1924-, Gudrun 1931- .
    Han fekk skøyte på Eggen i Hol i 1910. Sjå Hol V s 345

Ola Håkonson forpakta Bøygardshagen dei fyrste åra. Han budde då saman med systera Ambjørg.
    Ola og Kari gifte seg i 1869. Ho vart kalla "Kaia" . Ola Håkonson kjøpte Eggen i Sudndalen i Hol i 1888 og flytta dit med familien.

{2384} År: 1880c

Randi Eiriksdtr. Stranden 15.02. 1850-1936
Foreldre: Eirik Steingrimson Ruud Stranden og Sissel Olsdtr. Helling.
*Barn
1. Eirik Hansson Bøygardhagen Hagen 1878-
Gm Ingeborg ... ... . Dei budde på plassen Jørenmoen under Bø i Kr.herad inntil 1913 då dei flytta til Hokksund/Eiker. Barn: Hans, Karl og Reidar. (Krødsherad register v/Lee Rokke s 387)

Randi var ugift. I 1878 heitte det at ho har tent på Ringerike i sju år, og skulle gifte seg der. Men Hans Olsen reiste til Amerika. Randi kom til Bøygardhagen før 1891 og budde hjå bror sin.
   

{2385} År: 1888c

Tidemann Eirikson Stranden Bøygardshagen 22.04. 1858-1928
Foreldre: Eirik Steingrimson Ruud Opsata-eie Stranden og Sissel Olsdtr. Helling.
Gm Ragnhild Halvorsdtr. Kitilsplass Bøygardshagen 23.06. 1853-1944
Foreldre: Halvor Olson Ulshagaplassen Kitilsplass og Kari Ivarsdtr. Prestlien.
*Barn
1. Sissel Tidemannsdtr. Bøygardshagen Einarsen 06.11. 1882-1956
G 1917 m Nils Einarson Skomakarmoen 1889-1971c. To barn. Dei flytta til Flå. Sjå Hagajordet, gnr. 128/1e.
2. Eirik Tidemannson Bøygardshagen 07.01. 1884-1954
G 1917 Bragernes m Guri Mikkelsdtr. Holo d.e. Sjå Jøta og øvre Holo.
3. Halvor Tidemannson Bøygardshagen 13.08. 1885-1944
Var gm Kari Halvorsdtr. Bratterud 1885-1986. G 1924 m Agnes Gerhardine Syversen. Sjå Jøta 37/4.
4. Olav Tidemannson Hagen 23.08. 1887-1975
Ugift. Var i Am. frå 1910 til 1930: Nortwood, ND. Olav budde i loftet i Jøta som broren Eirik hadde kjøpt. Olav dreiv med pelsdyr. Han spelte fele og var med på kappleikar. Då Jøta vart selt, flytta Olav til ei stugu vest for Øyno.
5. Kari Tidemannsdtr. BøygardsHagen Skogli 19.09. 1892-1962
G 1916 m Tolleiv Olson Vestenfor Skogli (Gol). Sjå eige hushald jarnbanen.
6. Lars Tidemannson Bøygardshagen 04.03. 1894-1901
Kolera.
7. Ola Tidemannson Bøygardshagen 25.05. 1896-1896
8. Olaf Tidemannson Bøygardshagen 01.01. 1899-1899

Tidemann og Ragnhild gifte seg i 1883. Tidemann var husmann i Bøygardhagen. Og han var jernbanearbeidar. Dei hadde eit par kyr, leiga var eit par dagars arbeid på garden. Då plassen fall attende til garden i 1925, fekk Tidemann med seg stugu i Bøygardhagen og litt trevirke til vøling. Tidemann flytta til Jøta.