Reiersgard gnr. 39 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Reiersgard gnr. 39 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Namnet Reiersgard kjem truleg av namnet Reidar eller Reiar. NB. Eit mannsnamn som ikkje var brukt i Ål mellom 1600 og 1900. Den bundne namneforma tyder på høg alder. I daglegtale heiter det Reiarsgard.
    Årleg skatt var 4 skinn frå gamalt. Halve garden var krongods ('Kongsparten') som bonden måtte leige. I 1682 fekk bonden kjøpt krongodset. Garden skatta som halvgard og hadde ei landskyld på 16 laupsbol.
    Garden ligg sentralt i Votndalen, og grensar no oppunder nordre Bøygard. Reiersgard vart delt i to delar den 14. sept 1691, men vart samla att etter få år. Garden låg i sterk teigblanding med tunet rett ovanfor tunet i nordre Bøygard. Jfr. eit måleri av Knut Quelprud. Etter utskiftinga i 1900 vart tunet flytta ned til noverande stad. Gamlestugu i Reiersgard står no som hytte ved Hengsen.
    I 1711 vart grensene for Reiersgard sette mot både Halvorsgard, Gunhildgard og Bøygard. Mot Halvorsgard: frå fyrste stein ved eit berg i Grovedalen, til stein i reina ovanfor - viste nord i badstugu. Derfrå til stein ved Stiksåkerhaugen under åkeren, deretter fire steinar, den siste viste rett i Fåbrunnberget, derfrå til siste stein i Storjordet ved ålmannvegen.
    Mot Gunhildgard var det delesteinar på Høgereina og Eikreåkeren. Reiersgard fekk Storteigen nedanfor Krokåkeren medan Gunhildgard fekk ei høyeikre.
    Mot Bøygard var delet slik: frå reina på Rauneåkeren ved ålmannvegen, derfrå til ein stein som viser i 'høge Markestenen', ved Stolphusåkeren vart nedsett stein som viste i ålmannvegen, derfrå nedetter reina mellom Tragdokken og Kjølneåkeren, til røysa sør for Trogåkerdokken til ein stein i tverrdelet nedanfor denne åkeren. Frå ein gamal stein i Langåkeren, nedunder reina til ein stein i ei røys ved ålmannvegen. Ved Storjordet på nordsida av ålmannvegen vart sett nye steinar mellom gamle ned til Gullhagen sin utgard. (1062) s 30
    Reiersgard betalte kvernskatt i 1770. Andre stadnamn: Magnusteigen, Lutteråkeren (ovanfor det gamle tunet), Stiksåkeren og engeteigen Grovedalteigen er nemnt 1710.
    Frådelte plassar og underbruk: søre Baklien, Bergahagen, Nedre Reiersgard.
    Areal 1865: dyrka jord 27 mål, naturleg eng 31 mål, utslått 41 mål. Avling 28 tunner bygg 26 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, prod. skog 200 mål. Medrekna Nedre Dekkene (gnr. 37, bnr. 5). Leiger 8 mål jord og 7 mål beite.
    Våningshus bygt 1917, rest. 1960-70, fjøs med låve 1910, eldhus frå slutten av 1600-talet, loft omkr. 1860, flytta frå Bøygard. Buskap: 30 vinterfora sauer.
    Stølar. Frå gamalt støla Reiersgard på Åsetno og på Hellebu til liks med dei andre gardane kring Bøygard. Grunna beitepress søkte dei inn i fjellet til Reiersgardbotnen aust for Versjøen. Denne stølen vart nedlagt då dei rydda ny støl på Hellebu att fyrst på 1800-talet. Ein del av denne stølen vart selt til Teigen i 1900, og resten vart selt til Øygarden i Liagardane i 1930. Heimstølen på Åsetno vart selt i 1931. (1802)s 443 og brev frå S. Medgard.
   

{2398} År: 1776

Ola Torson Reiersgard Sataroen 07.12. 1760-1834
Foreldre: Tor Olson Gullhagen Reiersgard Sando og Ambjørg Embriksdtr. Tveito.

Ola Torson overtok bygsla av Ål prestebol sine 2 laupsbol i Reiersgard i 1776. Meir om Ola og Guri på Roen frå år 1788. Eit makeskifte med svoger Bjørn Tolleivson Opsata vara frå 1799 til 1804.

{2399} År: 1799


Bjørn Tolleivson Opsata fekk Reiersgard ved makeskifte i med Ola Torson i 1799. Dei gjorde om att skiftet i 1804.

{2400} År: 1808

Tolleiv Olson Reiersgard 1786-
Foreldre: Ola Torson Reiersgard øvre Sata og Guri Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Randi Larsdtr. Opsata Reiersgard 26.12. 1790-
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Randi Aslesdtr. øvre Medgarden.
*Barn
1. Ola Tolleivson Reiersgard Fineset 07.03. 1813-1879
G 1848 m enkje Kristi Olsdtr. Fineset, Nes 1785-1851.
    G 1857 m Anne Knutsdtr. Bråten (Ålton i Nes) 1820-1914. Barn: Tolleiv 1857-1911 ug. farmar i Webster Ramsey Co ND; Kristi 1858-1941 gm Even Helgesen Reiersgard (Flå); Kari 1861-1959 gm Ole H. Rinde; Knut 1863-1863; Knut 1865-1950 g 1886 m Kristiane Haraldsdtr. Langåker; Ola 1867-1867; Ola 1870-1945 overtok farmen etter broren Tolleiv. Overtok Fineset i Nes.
2. Guri Tolleivsdtr. Reiersgard 14.08. 1815-
Til Nes i 1831. Død i Am.
3. Lars Tolleivson Reiersgard 24.12. 1817-1899
G 1851 m Ingeborg Kristensdtr. Bratterud, Kr.herad 1830-1869. Barn: 6 : Rangdi Smette; Tollef Finneseth.
    G 1870 m Ingeborg Halvorsdtr. Søland, Eggedal. Barn: 4. (Nes I s 178)
    Lars reiste til Am. i 1845. Farmar i Fillmore Co. MN.
4. Randi Tolleivsdtr. Reiersgard Rime 14.07. 1821-1919
G 1854 m Ole Henrikson Rime, Flå. Barn: 1. Dei farma i Plymouth, Rock Co. Wisc. Død i Am.
5. Ambjørg Tolleivsdtr. Reiersgard Bratterud 02.12. 1824-
G 1854 m Ole Kristenson Bratterud, Kr. herad. Barn: 9. Farmar i Chatfield, Fillmore Co, MN. Død i Am.
6. Tolleiv Tolleivson Reiersgard 22.09. 1827-
G 1853 m Kari Torsdtr. Lien, Flå. Til Am. 1848.

Tolleiv og Randi gifte seg i 1813. Dei reiste til Fineset i Nes i 1831. Kring 1850 reiste dei til Amerika. Men sonen Ola løyste Fineset på odel. Tolleiv var død før 1856. S

{2401} År: 1831

Knut Olson Reiersgard 1796-1871
Foreldre: Ola Torson Reiersgard øvre Sata og Guri Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Kari Helgesdtr. Sletto Reiersgard 28.11. 1810-1899
Foreldre: Holge Olson Sletto Juvsjord og Sissel Olsdtr. Kyrkjedeld Juvsjord. (Hol V s 269)
*Barn
1. Ola Knutson Reiersgard 03.01. 1832-
G 1866 m Anne Olsdtr. Augunset frå Hol. Sjå neste hushald.
2. Guri Knutsdtr. Reiersgard Myrekvarvbøkko 24.09. 1834-1915
G 1862 m em Anders Ivarson søre Myrekvarvbakkane i Hol. Barn: Kari 1863-1923 gm em Asgrim Olson SkraddarMoen u/Løyte (Hol); Kari 1864-1909 Am. gm Ola O. Rust; Knut 1866- til Ås på Øvre Eiker, gm Alma Kollerud; Birgit 1869- til Am. gm Knut K. Viko; Ola 1874-1964 Pålsgard (Ringerike) gm Margit Olsdtr. Sindrol; Guri 1877-1928 ug. budeie og bakste-deie.
    Om Guri heitte det at ho var eit rivjern til å arbeide. I fylgje teljinga 1890 hadde dei 1 hest, 7 kyr, 2 ungdyr, 2 kalvar, 4 sauer, 10 geiter og 3 høner i Myrekvarvbøkko. I 1900 kjøpte dei inntil nordre Myrekvarvbakkane og fekk dermed samla bruket att. (1329) s 620
3. Sissel Knutsdtr. Reiersgard Sataroen 18.05. 1837-1915
G 1864 m Bjørn Tolleivson Sataroen. Sjå Roen, gnr. 32/13.
4. Ambjørg Knutsdtr. Reiersgard 08.12. 1840-1883
Ug.
5. Rangdi Knutsdtr. Reiersgard Olson 08.06. 1843-1918
G 1866 m Svein Augunset, busett i Am. Barn: Ola 1867- (Hol); Knut 1868- (Ål).
    Svein og bror til Rangdi makeskifte gardar i 1868, men bytet gjekk fort omatt. Dei reiste til Am. i 1892.
    Busett i Hilsville, MN i 1908. Svein og Rangdi farma i Gullo township, Polk Co, MN. Dei skreiv seg Olson.
6. Helge Knutson Reiersgard Knutson 01.06. 1846-1898
Gm Birgit Bjørnsdtr. .... 1849- .... . Barn: Lina; Charsten 1875- ; John 1880- ; Rosina 1881- ; Mina 1885- ; Henry 1888- ; Albert 1894- . Belmoret, Trail Co. ND. Bentru, Grand Forks, ND. Dei skreiv seg Knutson. (J. Marler)
7. Tolleiv Knutson Reiersgard 03.02. 1849-
Reiste på underoffiserskulen i 1868. Til Amerika i 1870: Chicago. I 1920-tellinga var Tolleiv enkjemann og busett i Gully, MN. Død etter 1921.
8. Margit Knutsdtr. Reiersgard 14.12. 1851-1852
9. Margit Knutsdtr. Reiersgard 13.07. 1854-1908
Ug. Ho kjøpte Baggegarden i 1903.
10. Ola Knutson Reiersgard 02.01. 1858-1859

Knut og Kari gifte seg i 1831. Knut Olson fekk skøyte på prestgodset i Reiersgard i 1846. Dei selde frå søre Baklien i 1853.

{2402} År: 1867

Ola Knutson Reiersgard 03.01. 1832-1921
Foreldre: Knut Olson Reiersgard og Kari Holgesdtr. Sletto (Hol).
Gm Anne Olsdtr. Augunset Reiersgard 29.12. 1847-1913
Foreldre: Ola Sveinson Augunset og Turid Olsdtr. Slåtta, Hol.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Reiersgard Jordahl 15.08. 1867-
G 1884 m Andrew Jordahl. Barn: minst 3 barn, derav Anna/Clara f. 1892- (J. Marler)
    Til Am. i 1880: Fisher, MN. Dei budde i Vinlend township, Polk Co, MN.
2. Kari Olsdtr. Reiersgard Strommen 15.09. 1869-
=Carrie. G 1890 m Gilbert O. Strommen 1862-1937. Barn: minst 4 barn, derav Otto1893-1986; Ann 1896- ; Clara 1907-.
    Til Am.1880: Fisher, MN. Gilbert hadde 80 acres land i Vineland township, Polk Co, MN.
3. Guri Olsdtr. Reiersgard Jacobson 29.05. 1872-1946
=Julia. G 1892 m Julius Jacobson, Noreg 1867-1945. Barn: minst 4, derav Johan 1894- ; Esther 1890- ; Oscar 1899--; Gertrude 1904- .
    Til Am. i 1880: Fisher, MN. Julius arbeidde på eit teglverk. (J. Marler)
4. Knut Olson Reiersgard 27.11. 1874-1945
Til Am. i 1880: Fisher, MN.
5. Ola Olson Reiersgard 05.05. 1877-____
Truleg død liten.
   
    Barn i USA: Emma 1880-1964 gm Christ Wilson; Sina 1884-1923 ugift; Anne 1888-1970 gm ... Henry.

Ola og Anne gifte seg i 1866. Dei selde garden i 1880 og reiste til Amerika. Fyrst var dei nær Reynolds i ND, sidan farma dei i Vineland, Polk Co, MN. Stundom skriven 'Reisgaard, stundom 'Knutson'. (J. Marler)

{2403} År: 1880

Asle Håkonson Øygardslåtta Bøygardshagen 27.11. 1842-1922
Foreldre: Håkon Olson Bergsgard Øygardslåtta og Ambjørg Olsdtr. Sehl.
Gm Sigrid Halvorsdtr. Sehl Reiersgard 18.10. 1847-1909
Foreldre: Halvor Olson Sehl og Birgit Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Ambjørg Aslesdtr. Reiersgard 13.12. 1875-1876
2. Ambjørg Aslesdtr. Reiersgard Bøygard 27.08. 1877-1966
G 1903 m Tolleiv Håkonson nordre Bøygard, gnr. 38/2.
3. Halvor Asleson Reiersgard Garden 20.02. 1880-1950
Gm Ragnhild Sandersdtr. Barskrind. Barn: Alfred ; Selmer.
    Han skreiv seg Garden. Halvor var røktar på Hoff i Aker i 1900. Til Am. i 1903: Montevideo, MN.
4. Birgit Aslesdtr. Reiersgard Hovde 14.02. 1882-1972
G 1913 m Anton Hovde frå Etnedal 1876- . Barn: Anna Karine 1914- gm Bjarne Karlsen (3 barn), gm ... Seirong (1 dotter); Alfred Selmer 1915- gm Lillian Larsen Ekeberg (4 barn); Arne 1917-1961 gardbrukar - ug. ; Sverre 1919- ug. valse-arbeidar. (1400)
    Dei budde på Lajord under Prestgarden i Botne i 1918.
5. Gunhild Aslesdtr. Reiersgard Gjerden 06.01. 1885-1962
G 1908 m Embrik Knutson Gjerden. Sjå 44/5.
6. Haldis Aslesdtr. Reiersgard Hervik 21.12. 1886-1967
G 1910 Bragernes m enkjemann Hans Andreas Hervik. Barn: Nils 1910- gm Jenny Almestrand (3 barn); Arthur 1912- gm ... ; Sigurd 1912- tvilling. ug. ; Martha 1914- gm Ove Gravermoen (1 barn); Signe (?Sigurd) 1918- ug. (1245)
    Hans var gardmann på Modum og son til Nils Gabrielson Jahr.
7. Gro Aslesdtr. Reiersgard 05.10. 1889-1891

Asle og Sigrid gifte seg i 1875. Fyrste tida budde dei i Bøygardshagen og frå 1880 i Reiersgard.
    Det gjekk attover med økonomien i tida fram mot 1900. Dei selde frå Bergahagen, halve langstølen m.m. Så selde dei garden i 1901, kjøpte Gjerden (Frankrike) og flytta dit.