Bergahagen gnr. 39 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bergahagen gnr. 39 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bergahagen var husmannsplass under Reiersgard fram til 1882. Småbruket Bergahagen ligg mellom Skjervheim og Halvorsgardhagen. Våningshus bygt omkr. 1930, gamle uthus. Støl på Svillestølen.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål som vert lånt bort til beite, prod. skog 94 mål. Her var fastbuande til utpå 1970-talet, sidan har Bergahagen stått tom.
   

{2408} År: 1829

Ola Tomasson Tretterudhaugen Bergahagen 09.04. 1789-1846
Foreldre: Tomas Olson Skjerping Tretterud og Ingeborg Olsdtr. Rotneim.
Gm Birgit Mikkelsdtr. Bomberud Bergahagen 08.02. 1792-1879
Foreldre: Mikkel Larsson Gjeldokk Bomberud og Anne Gunvaldsdtr. Sundrehagen.
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Bergahagen TretterudHaugen 10.11. 1821-1875
Gm Torkjell Person Mykleset TretterudHaugen.
2. Tomas Olson Bergahagen 09.01. 1826-1900
G 1855 m Birgit Eilevsdtr. Toreplass. Sjå neste hushald.
3. Mikkel Olson Bergahagen 14.11. 1829-
G 1864 m Anne Christine Gulbrandsdtr. Kjelde: Notat Kyrkjebok Bragernes. Mikkel var sylvsmed-dreng i 1851. Han gjekk i lære hjå Ola Hermannson Skjervheim. Busett i Drammen. Ikkje funne i FT 1865 Drammen.
4. Anne Olsdtr. Bergahagen 12.05. 1834-____

Ola og Birgit gifte seg i 1821. Dei budde i Nedreskorr 1821, i Bergahagen frå ca. 1829, i Skjervheimshagen frå 1834 og døydde i Bergahagen 1846. (Sjå Jul i Hallingdal 1979)

{2409} År: 1840c

Tomas Olson Bergahagen 09.01. 1826-1900
Foreldre: Ola Tomasson Tretterud Bergahagen og Birgit Mikkelsdtr. Bomberud.
Gm Birgit Eilevsdtr. Toreplass Bergahagen 11.07. 1820-1906
Foreldre: Eilev Knutson Granhagen Toreplass og Guri Lambertsdtr. Haugerud.
*Barn
1. Birgit Tomasdtr. Bergahagen Wold 07.10. 1855-1942
Gm Levor Eggertson Myro 1857-1903 ("Louis Myhre"). Ingen barn. Dei adopterte brordottera hans: Julia Sevatsdtr. Bergahagen. (Julia 1899-1986 g 1939 m Olaf John Wicks (1 adoptivson).)
    G 1905 m Knut Wold, Valdres ....-1926. Til Am. dei farma i Stafford Township, Roseau Co, MN. (1685)
2. Guri Tomasdtr. Bergahagen 16.01. 1858-
G 1882 m Halvor Nilson Skjervheim og reiste til Am. Barn: Birgit 1883- .
3. Anne Tomasdtr. Bergahagen Kristenmoen 15.01. 1860-1935
G 1888 m Knut Amundson Dekko Kristmoen. Sjå Kristmoen.
4. Ola Tomasson Bergahagen Haugen 04.11. 1862-1936
G 1888 m Sissel Olsdtr. Bakke. Sjå neste hushald. Og SkjerpingHaugen, gnr. 12/14.

Tomas og Birgit gifte seg i 1855. Nils Nilson Skjervheim selde 1878 ein del av Bergahagen kalla Nordre Larshus (truleg Larshusåkeren 39/8) til Tomas Olson Bergahagen for 200 spd=800 kr.

{2410} År: 1882

Ola Tomasson Bergahagen Haugen 04.11. 1862-1936
Foreldre: Tomas Olson Skjervheimshagen Bergahagen og Birgit Eilevsdtr. Toreplass.
Gm Sissel Olsdtr. Bakke Haugen 29.07. 1866-1910
Foreldre: Ola Larsson Holeplass Bakke og Margit Johannesdtr. Bakke.

Ola kjøpte plassen Bergahagen i 1882 og vart sjølveigar. Han var bonde og fehandlar.
    Ola og Sissel gifte seg i 1888. Familien reiste til Amerika ein tur i 1894 (Zumbrota).
    I 1904 selde Ola bruket Bergahagen, Bergene og Larshusåkeren til Lars B. Jorde. Men han held attende rett til eventuelle mineralfunn i Bergene!
    Ola var på Ødegården under nordre Håkastad i Våle 1916-1921. Død på Basskje 1936. (1077) s 18 Meir om familien, sjå Skjerpinghaugen år 1906.