Baklien, søre gnr. 39 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Baklien, søre gnr. 39 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Søre Baklien var husmannsplass under Reiersgard. I Ål III s 463 skriv L. Opsata at bruket var nemnt 1625 som øyde plass, og 1703 som slåtte.
    Areal 1865: 1 mål åker, 12 mål naturleg eng. Avling 1 tunne bygg. Dårleg hamn, berre heime. Ingen skog.
    I 1948 vart bruket selt til eigaren av nordre Baklien og husa vart rivne.
   
{2416} År: 1815
Anders Olson Arnegard Baklien 15.09. 1776-1859
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Ambjørg Persdtr. Gunhildgard.
Gm Kari Nilsdtr. Sehl Baklien 26.12. 1783-
Foreldre: Nils Olson Sehl og Anne Amundsdtr. Bakke.
*Barn
1. Nils Anderson Baklien HivjuBakken 04.12. 1803-1897
G 1834 m Turid Vebjørnsdtr. Rabbestølen Hivjubakken (Hol). Barn: Anders 1835-1843; Vebjørn 1837-1910 bonde i Hivjubakken - gm Kari Larsdtr. Randen; Kari 1839- til Am. gm Guttorm Pålson Slåttun; Kari 1842- til Am. gm Knut Kvitting "White" ; Gunhild 1846-ung; Ambjørg 1847- gm Hermann Torsteinson Rabbestølen (Hol); Anders 1850-1943 til Am. gm Anne Mikkelsdtr. Slåttun; Gunhild 1852-ung.
    Dei budde i Raggsteindalen frå ca 1835-1845, seinare på Hivjubakken under Brye i Hol. Sonen Anders skaffa Amerika-bilettar til Nils og Turid i 1883. Då reiste dei til Goose River, ND. Dei skreiv seg for Bakken og har stor etterslekt i Am.
2. Ola Anderson Baklien 22.03. 1807-1808
3. Ola Anderson Arnegard Bakken 06.09. 1810-1905
G 1862 m Kari Larsdtr. SataBakken. Sjå Fargarøyne, gnr. 32/5.
4. Per Anderson Baklien Nupestølen 04.12. 1813-1897
G 1842 m Anne Larsdtr. Springard. Sjå år 1864 og Nupestølen.
5. Amund Anderson Baklien 18.03. 1816-1817
6. Ambjørg Andersdtr. Baklien Breidokk 05.07. 1818-1903
G 1848 m Ola Olson Jorde Breidokk. Barn: Guro 1848-1932 g 1875 m Kristoffer Halvorson Breidokk; Ola 1849-1850; Kari 1851-1911; Margrete 1852- gm Kolbjørn ... til Am.; Anne 1854-1854; Ola 1855-1855; Anne 1856-1857; Anne 1857-1938 g 1905 m Engebret Olson Båsheim, N. Aurdal, til Steinset gnr 25/56 Gol?; Ola 1859-1875 omkom under eit lauvlass.
    Som barn var Ambjørg på legd i Votndalen 1816-1836. Det vart fortald ei soge frå tida då Ambjørg var i tenest hjå presten Kjelstrup i Gol. Ein kveld Ambjørg fekk besøk av kjærasten ("Jordesen"), greip han far sjølv inn og bar friaren bort. Men då den kampglade presten Kjelstrup skulle leggja friaren ned, fekk han eit stikk i låret. Dette vart ikkje påtala. (Hallingdølen nr. 61/1963)
7. Anne Andersdtr. Baklien Jakopsen 07.12. 1820-
Gm Ole Jacopsen, Fåberg. Barn: Anne ....- gm statshauptmann/papirhandlar Rich. T. Andtvord; Julius 1850- ; Josefine 1850-1903 gm dr. Ingebrikt Chr. Holm på Voksenkollen sanatorium, Dr. Holms Hotell på Geilo m.m.; Ovidia 1853-1929 gm apotekar Caspar Fredrik B. Rumi; Georg 1856- ; Anton 1858- lege. (968), (1589)
    Konfirmert i Haug kyrkje i 1836. (Hokksund?) Dei budde i Kirkegata i Kr.ania i 1865. Ole var målarmeister. FT 1900: "Anna lever av sine midler" i Kirkegata 4 i Kr.ania.
8. Anders Anderson Baklien Ulshagen 08.01. 1823-1913
G 1856 m enkje Ambjørg Sveinsdtr. Nihagen Grøndalen (Hemsedal) Ulshagen. Sjå søre Ulshagen.
9. Ola Anderson Baklien Olson 25.07. 1825-1881
G 1854 m Birgit Vebjørnsdtr. Hivjubakken, Hol. Barn: Anders 1854- til Am. gm Ragnhild Simonsdtr. Pukerud (9 barn), gm Anne Herleiksdtr. Anfinnset-Tunehago (0 barn); Kristen 1856- farmar i Am. gm Gunhild Gunvaldsdtr. Dal (5 barn); Vebjørn 1858- til Am. gm Guri Embriksdtr. Torsgard (11 barn); Kari 1861- til Am. gm ... .
    Ola var inderst og skomakar. Kom til Luten i Hol i 1855. Dei budde på Luten under Isungset i Hol inntil dei reiste til Am. i 1881. Dei kalla seg 'Olson' og fekk stor etterslekt.
Anders og Kari gifte seg i 1803. Han var sersjant og tambur, deltok i krigen 1807-14. Anders var spelemann i bryllaup og lag. Han bygsla 1815 'jordstykket' søre Baklien, bygde opp ein husmannsplass og dreiv kvern i Votna. (968) I husmannsmanntalet står han som 'Sergeant Arnegard'.
    Kari døydde hjå sonen sin i Ulshagen etter 1865.
{2417} År: 1853
Ola Anderson overtok søre Baklien i 1853. Han selde til broren i 1864 og flytta til Fargarøyne.
{2418} År: 1864
Per Anderson Baklien Nupestølen 04.12. 1813-1897
Foreldre: Anders Olson Arnegard Baklien og Kari Nilsdtr. Sehl.
Gm Anne Larsdtr. Springgard Baklien 19.02. 1816-1889
Foreldre: Lars Tolleivson Dengerud Springgard og Kari Eiriksdtr. Springgard.
*Barn
1. Anders Person Baklien 29.09. 1843-1929
G 1890 m Turid Henriksdtr. Rimejordet. Sjå neste hushald.
2. Lars Person Baklien Gunhildgard 03.01. 1846-1922
Gm Liv A. Bøygard. Sjå Gunhildgard.
3. Eirik Person Baklien 18.12. 1847-1847
4. Kari Persdtr. Baklien Minna 04.12. 1849-1933
G 1873 m enkjemann Eirik Eirikson Holteslettane Minna. Barn: Eirik 1874-1890; Birgit 1876-1876; Birgit "Bella" 1879-1956 g 1898 m Nere Hauge; Peder 1880-1891; Sina 1883-1956 g 1901 m Halvor Hauge (10 barn); Anna 1885-1980 g 1918 m Julius Johnson (4 barn); Karoline 1888-1891; Eli Pauline 1891-1982 g 1919 m John Elroy Anton (4 barn). (1719)
    Til Amerika kring 1879. Sjå også Minna.
5. Eirik Person Baklien 18.07. 1852-1915
G 1883 m Guri Botolvsdtr. Baklien. Barn: Anna 1883-1913 g 1904 m Gustav Ferdinand Johnson (2 barn), gm Lars Iverson (1 dotter); Gurine 1886-1978 gm Helge Nilsson Langeland, farmar i Gary, MN. (11 barn); Peder 1887-1891; Gilbert Bjerke 1890-1958 gm Gertie Tildahl Rystad (2 døtre). (968)
    Eirik vart attgift med Kari Holgesdtr. Larsgarden Sundre. Til Gary, MN. i 1880.
    Fleire barn med Kari: Bertha Dalby; Gina Saxum; Emma Lesethmoe (halvsystrer til Gurine)
    Eirik reise heim att for å få seg gifte, og fann ho Guri på grannegarden.
    Eirik var farmar i Gary, MN. Sjå Hallingen nr 279 s 27 Diamond Jubilee-nr 1982 s 30, (1803)
6. Kari Persdtr. Baklien Sundremyren 26.05. 1855-1926
G 1881 m enkjemann Knut Tolleivson Sundremyren, gnr. 110/37.
Per og Anne gifte seg i 1842. Fyrste tida var dei i Nupestølen. Per overtok kverna i Votna etter faren. Møllar-løna var 4 pottar mjøl for kvar tunne korn. Per var også skomakar og reiste frå gard til gard. (968)
{2419} År: 1890
Anders Person Baklien 29.09. 1843-1929
Foreldre: Per Anderson Nupestølen Baklien og Anne Larsdtr. Svarteberg.
Gm Turid Henriksdtr. Rimejordet Baklien 02.06. 1845-1937
Foreldre: Henrik Torgeirson Stakegard Rimejordet og Haldis Larsdtr. Kvinnegard.
Anders og Turid gifte seg i 1890. Anders kjøpte søre Baklien hjå foreldra i 1890. Anders hadde kvern i Votna inntil den reiste i ein storflaum kring 1900. Dei var utan barn.