Eikro gnr. 40 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Eikro gnr. 40 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Eikro var eit mindre bruk som vart frådelt øvre Arnegard i 1840. Det opphavlege tunet låg om lag 20 ova bilvegen, inntil skiftesgarden til Reiersgard. Eilev Reiersgard fjerna husa og sidan vart tuftene køyrde bort.
    Etter noko oppdeling, sal og utskifting vart eigedomen samla nedanfor bygdavegen i 1905. Eikro ligg no saman med Nedre Reiersgard.
{2444} År: 1840
Knut Ellingson Løken Arnegard 14.12. 1807-1868
G 1835 m Anne Olsdtr. Arnegard.
Foreldre: Elling Olson Løken og Guri Eiriksdtr. Trinterud.
Knut Ellingson kjøpte Eikro i 1840. Han selde att 1844 og kom til Løken. Sjå meir om familien der.
{2445} År: 1844
Embrik Olson Reiersgard Arnegard kjøpte Eikro i 1844. Han sat også på øvre og nedre Arnegard. I 1872 selde han bruket til dottera Margit og svigersonen Ola Torsteinson.
{2446} År: 1872
Margit Embriksdtr. Arnegard 07.09. 1845-1889
Foreldre: Embrik Olson Reiersgard Arnegard og Gunvor Olsdtr. Arnegard.
Gm Ola Torsteinson Holo Arnegard 12.08. 1833-1874
Foreldre: Torstein Torson Løkplassen (ungkar) og Ingeborg Olsdtr. Holo.
Ola og Margit gifte seg i 1870. Han døydde tidleg utan livsarvingar, og Margit vart attgift med Torkjell Larsson Hovdegard nedre Arnegard Breieøyen i 1876. Eigedomen vart selt til Ola H. Sato i 1882.
{2447} År: 1882
Ola H. Sato kjøpte eigedomen i 1882. Han delte opp og selde mange parsellar. Det attverande av eigedomen vart samla nedanfor bygdavegen ved utskiftinga i 1900. Ola Sato hadde brukarar på garden.
{2448} År: 1900
Ola Olson Arnegard Gjerden 11.09. 1871-1932
G 1894 m Liv Larsdtr. Kaslegard. Gm Mari Sevatsdtr. Baggegarden.
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Dordei Olsdtr. Gjøta.
Ola og Mari budde i Eikro kring 1900. Meir om dei, sjå Bakkegjerda og Arnegard.