Saueslettane gnr. 40 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Saueslettane gnr. 40 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Saueslettane eller Sletto ligg i Nersetlia og var opphavleg ein heimstøl under øvre Arnegard. Bruket vart frådelt i 1873. Saueslettane vart nedlagt som bustad kring 1940. Bruket er no delt på bruksnummera 7, 13 og 18.
    Dei gamle tuftene syner på den mitre luten, bnr. 18 Eikreslettane.
   
{2450} År: 1873
I 1872 kjøpte Embrik Larsson Nupestølen stølen Saueslettane for 50 spd.
{2451} År: 1883
Torstein Person Skjerpingmoen Sletto 30.11. 1835-1924
Foreldre: Per Ivarson Opheimsjorde Nyhus-eie Skjerpingmoen og Borghild Torsteinsdtr. Sandelien.
Gm Anne Olsdtr. Gunhildsgardsjordet Sletto 10.09. 1834-1893
Foreldre: Ola Botolvson Trintrud Gunhildgardjorde og Birgit Olsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Per Torsteinson Sletto Buset 13.06. 1870-1952
G 1896 m Margit Olsdtr. Lybekk. Bygde opp bureisarbruket Buset. Sjå der.
2. Botolv Torsteinson Sletto 01.11. 1872-1960
G 1894 m Dordei Andersdtr. Underåsen 1872-1953. Barn: Torstein 1894-1912, Anne 1896-1920; Andrew 1899-1952 g 1928 m Betsy Johnson (Birgit?) Rasmusgard frå Gol (2 barn); Ole 1900-1976 gm Mabel ... (3 barn); Martha ....-1960 g 1932 m George Rockvoy (4 barn); Oscar 1906-1976 gm Selma ... , g 1965 m Thelma Helgesen (1 dotter); Bessie 1908-1990 gm Henry Fluevåg; Delia 1910-1912; Deneva 1914-1930; Torvald 1914-1914; Tilford 1917-1973 g 1938 m Clara Skjerve (3 barn): Birgit 1927- . (1026), (1602)
    Botolv budde i Torpo og var markarbeider i 1894. Til Am. 1895: farmar i Overly, ND.
3. Ola Torsteinson Sletto 16.06. 1875-1941
Ug. Sjå neste hushald.
Torstein og Anne gifte seg i 1869. Torstein var inderst hjå Ivar Halvorson Hove i 1875. I 1883 fekk Ola kjøpe Sletto.
    I 1891 var Torstein 'jordbruker og selveier metallstøber.' Torstein var flink smed og gjørtlar, han laga svistemplar (med namn på) for mange bønder.