Nupestølen gnr. 40 bnr. 9
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Nupestølen gnr. 40 bnr. 9-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nupestølen var støl for nedre Arnegard fram til 1822. Namnet kjem av Nub, dvs. han som var bonde i Arnegard midt på 1700-talet. Truleg har han rydda stølen.
    Fyrst i 1820-åra vart Nupestølen delt i to bruk, løpenr. 119c og 119d. Etter mange raske eigarskifter vart Nupestølen vart samla i 1855. Tuftene etter 'Gamlegarden' låg nedanfor Nordbygdevegen. Ein veit ikkje kva del av garden som hadde tuftene der. Tuftene vart seinare fjerna under dyrking.
    Areal 1865: åker 6 mål, naturleg eng 30 mål. Avling 5 1/2 tunne bygg og 3 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 127 mål, anna jbr. 8 mål, prod. skog 190 mål, anna utm. 300 mål. Leigd jord 22 mål. Våningshus bygt 1955, kårhus 1968, driftsbygning 1966, låve 1903.
    Stølar: langstøl på Fekjastølen, tilkjøpt 1870. Heimstølen Veslestølen, i Vestlien rett ned for Jutleskot, er attlagt og vert brukt som beite. På Veslestølen er fire gamle tufter, av dei ei tuft med kjellar. Og det er spor etter nokre små åkrereiner. Truleg har her vore fastbuande ein gong i gamal tid. Jfr. Saueslettane litt lenger nord som hadde fast busetnad.
    Buskap: 8 mjølkekyr, 11 ungdyr, 20 revetisper.
   
{2470} År: 1822
Sevat Larsson Baggesteg Nupestølen 30.07. 1786-1876
Foreldre: Lars Sevatson Baggesteg og Birgit Eivindsdtr. Strand.
Gm Birgit Guttormsdtr. Bergsgard Nupestølen 21.03. 1773-1864
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og 2.g Guri Aslesdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Birgit Sevatsdtr. Nupestølen SørbøensJøta 20.09. 1812-1897
G 1846 m Svein Eirikson Løken Sørbøensjøta.
2. Guri Sevatsdtr. Nupestølen Bukkehaugen 18.09. 1815-1900
Gm Tomas Larsson Bakken Bukkehaugen.
    G 1869 m enkjemann Mons Hansson Bråten Opheimrudningen. (22/93).
Sevat Larsson kjøpte ein del av stølen Nupestølen (119c) i 1822. Landskyld: 1/4 laupsbol.
    Sevat og Birgit gifte seg i 1812. Han var inderst i Bergsgard i 1812 og på Trintrud i 1815. Ungane vaks for det meste opp i Nupestølen. På sine gamle dagar gjekk Sevat på legd. Han fortalde mykje frå krigen 1807-14. Sevat selde Nupestølen 1838 til Ola Arneson Håheim, som selde til Per Anderson Baklien i 1845.
    I 1825 vart ein annan del av Nupestølen (119d) frådelt og makeskifta til Asle Guttormson Dusegard. Denne delen vart bruka jamsides med den andre Nupestølen framover.
    Sonen Guttorm Asleson Dusegard overtok Nupestølen i 1840. Han reiste til Nes i 1857, då hadde han selt Nupestølen til Ivar Sveinson Gunhildgard som selde til broren Halvor Sveinson i 1855.
{2471} År: 1832
Asle Guttormson Bergsgard Dusegard 1775-____
G 1806 m Torand Holgesdtr. Leikvoll.
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og 2.g Guri Aslesdtr. Ulshagen.
Asle kom til Nupestølen i 1832. Han hadde kjøpt 3 1/2 lb. i Nupestølen i 1825. Sjå meir om familien hans på Leikvoll og Dusegard. I 1840 selde han han til sonen Guttorm Asleson.
{2472} År: 1838
Ola Arneson Håheim Håkonsgard 16.11. 1806-1893
G 1832 m Borghild Botolvsdtr. Ødelien.
Foreldre: Arne Olson Lislelien Håheim og Ågot Olsdtr. Medgard.
Ola Arneson kjøpte Nupestølen 119c i 1838 og selde att i 1845. Sjå meir om han på Håkonsgard år 1846.
{2473} År: 1840
Guttorm Asleson Dusegard Nupestølen 16.06. 1815-
Foreldre: Asle Guttormson Bergsgard Dusegard og Torand Holgesdtr. Leikvoll.
Gm Gunhild Torkjellsdtr. Opheim Nupestølen 18.11. 1815-1876f
Foreldre: Torkjell Olson Tistilsgard Vesledalstugu og Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim Vesledalstugu.
*Barn
1. Helge Guttormson Nupestølen 12.12. 1846-
Til Am.
2. Torkjell Guttormson Nupestølen 29.08. 1848-
Til Am.
Guttorm og Gunhild gifte seg i 1846. Guttorm selde Nupestølen til Ivar Sveinson Gunhildgard og flytta til Lerskallen i Nes pr.gj. kring 1855. Gunhild var død før 1876. Guttorm og ungane reiste så til Am.
{2474} År: 1845
Per Anderson Baklien Nupestølen 04.12. 1813-1897
G 1842 m Anne Larsdtr. Springard. Sjå søre Baklien.
Foreldre: Anders Olson Arnegard Baklien og Kari Nilsdtr. Sehl.
Per Anderson hadde Nupestølen 119c fram til 1855 då han selde til Halvor Gunhildgard. Sjå meir om Per og familien i søre Baklien.
{2475} År: 1855
Halvor Sveinson Gunhildgard Nupestølen 26.08. 1825-1891
Foreldre: Svein Ivarson Gunhildgard og Margit Halvorsdtr. Sehl.
Gm Sissel Tolleivsdtr. Opsata Nupestølen 16.04. 1831-1899
Foreldre: Tolleiv Larsson Opsata og Borghild Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Svein Halvorson Eilevstølen Sanderhaugen 23.03. 1861-1906
G 1899 m Ingeborg Halvorsdtr. Sanderhaugen. Sjå Sanderhaugen i Torpo.
2. Tolleiv Halvorson Eilevstøl 11.09. 1862-
G 1898 m Amelia Helene Hallum. Barn: Hilda 1900- ug. ; Lillie 1904- ug. ; Ferdinand 1910- marineoffiser, gm Edit Davis (2 barn). Til Amerika i 1887: landhandlar og postmeister i Tawney, MN., dreiv frå 1907 'General Store' i Whalan, MN. Sjå Ulvestad Bind 2 s 658. (1345) 301
3. Margit Halvorsdtr. Eilevstølen 12.01. 1865-1946
Ug. Arbeidde i Ullensaker i unge år. Død i Ål.
4. Borghild Halvorsdtr. Eilevstølen 30.01. 1867-1959
Ug. Borghild og systera Margit tok seg tenest som budeier 'nedpå bygdene' kvar haust. Om sumrane var dei onnejenter. Det dei tente, la dei til sides. Så kjøpte dei ei stugu som dei fekk setja opp på Sata, og der budde dei til dei vart gamle. Dei tok på seg strikking for Husfliden og var så iherdige at båe sat med ei fin bankbok på sine gamle dagar. (1345) 301
5. Halvor Halvorson Eilevstølen Harvorson 07.11. 1870-
Truleg ugift. Halvor tok seg land i Dakota kring 1898. I 1928 var han farmar i Canada. I 1946 selde Halvor farmen og busette seg i Claresholm i Alberta, Canada. Halvor skreiv seg 'Harvorson'.
Halvor og Sissel gifte seg i 1858.
    Halvor kjøpte 1855 Nupestølen 119 c for 100 spd hjå Per Anderson. Same år kjøpte han løpenr. 119 d for 200 spd hjå Ivar Sveinson. Dermed var Nupestølen samla. I 1871 vart matrikkelnummera 119c og 119d samanføyde. I 1870 overtok Halvor Eilevstølen, gnr. 105/7.
{2476} År: 1871
Guri Jakopsdtr. Tveito Nupestølen 29.04. 1836-1921
Foreldre: Jakop Arneson Sehl Arnegard Tveito og Birgit Embriksdtr. Arnegard.
Gm Embrik Larsson Settungsgard Nupestølen 07.11. 1831-1884
Foreldre: Lars Embrikson Settungsgard og Ragnhild Olsdtr. Tistilsgard.
Gm Sevat Olson Skrindo Nupestølen 06.09. 1841-1914
Foreldre: Ola Olson søre Skrindo og Mari Olsdtr. Håkonsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ragnhild Embriksdtr. Nupestølen Dæhli 26.12. 1870-
Gm Anton Dæhli, Stenbergsgt 21, Kr.ania. Dei dreiv butikk i Seilduksgt. 1 i Kr.ania.
2. Lars Embrikson Nupestølen Arnegaard 22.07. 1872-
Gm Anna ... frå (S)Ørkedalen 1871-.... . Lars gjekk på skule i Kr.ania i 1891. Kasserar ved kontoret til kyrkjeverga i Kr.ania. Dei budde i Østre Aker i 1900 og skreiv seg Arnegaard. Systera hans, Birgit, var hushjelp hjå han i 1900.
3. Birgit Embriksdtr. Nupestølen Stølen 23.07. 1874-1940
Gm Mikkel Mikkelson Stølen Nupestølen. Sjå neste hushald.
4. Barbro Embriksdtr. Nupestølen 21.11. 1876-
I 1914 budde Barbro i East Duluth, MN.
Embrik og Guri gifte seg i 1870. Ho var enkje etter Ola Olson Tveito. Etter nokre i år i bokbindarlære i Kr.ania, kom Embrik Larsson heim att til Ål i 1870.
    Embrik kjøpte Eilevstølen i 1870, men fekk også ein del i Nupestølen ved giftarmål. Så makeskifte han og fekk Øvre og Nedre Nupestølen, medan Halvor Nupestølen fekk Eilevstølen.
    I 1872 kjøpte Embrik Larsson stølen Saueslettane for 50 spd. Den kom sidan under nedre Arnegard. I 1874 kjøpte han langstølen Fekjastølen hjå Ivar Gunhildgard for 125 spd. (1762)
    I 1891 vart Guri attgift med Sevat Olson Skrindo. Han var smed og hjulmakar.