Buset gnr. 40 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Buset gnr. 40 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Buset er eit småbruk som vart frådelt Eikro under Arnegard i 1895. ein kjenner ikkje til om her var husmannsplass. Buset ligg inne i Votndalen, eit stykke unna Arnegard. Nordbygdvegen går tvers over eigedomen.
    Areal 1995: dyrka jord 41 mål som vert leigd bort, prod. skog 35 mål.
    Våningshus bygt 1968, driftsbygning 1957, garasje omlag 2000.
   

{2480} År: 1895

Per Torsteinson Sletto Buset 13.06. 1870-1952
Foreldre: Torstein Person Skjerpingmoen Saueslettane/Sletto og Anne Olsdtr. Gunhildsgardsjordet.
Gm Margit Olsdtr. Velta Buseth 30.05. 1876-1949
Foreldre: Ola Oleivson Velta-Meisen og Anne Olsdtr. Turkop, Gol. (Gol V, s 468 og VI, s 428)
*Barn
1. Torstein Buseth 24.04. 1897-
G 1923 Røyken m Nanna Sofie Torp 1903- .... . (Dtr. til Hilmar Edvard Torp, Sarpsborg.)
    Dei kjøpte Holtløkken i Nes på Romerike og busette seg der i 1926.
2. Olaf Buseth 08.04. 1899-1986
G 1924 m Margit Olsdtr. Øyn, Hol. Sjå Øygardsslåtta.
3. Anne Persdtr. Buseth Brenno 27.07. 1901-1975
G 1919 m Oleiv Eirikson Brenno. Sjå Røyse 118/3.
4. Ola Buseth 28.10. 1903-1991
G 1937 m Ragnhild Halvorsdtr. Slåtten. Sjå neste hushald.
5. Arne Buseth 28.10. 1903-1985
G 1940 m Liv Kristiansdtr. Hago. Sjå eige hushald.
6. Håkon Buseth 06.02. 1906-
Til Am. i 1926. Håkon Buseth var i Canada i 1952.
7. Halvor Buseth 29.11. 1907-1999
G 1940 m Anna Eiriksdtr. Kolsrud. Sjå Ibakken under Gunhildgard.
8. Botolv Buseth 08.03. 1910-1998
G 1936 m Ågot Knutsdtr. Trintrud 1909-1945. G 1948 m Agnes Andersen 1924-1996. Sjå Aslegjerda.
9. Knut Buseth 05.05. 1912-1991
G 1937 m Guri Sveinsdtr. Sataøyen. Sjå Sataøyen, gnr. 32/20.
10. Kari Buseth Anderdal 15.05. 1915-2001
G 1937 m Torleif Tolleivson Anderdal. Sjå eige hushald under jarnbanen.

Per og Margit gifte seg i 1896. Per var jordbrukar, hjulmaker og smed. Om vintrane dreiv Per lassekøyring med varer frå Gulsvik. Margit var jordmor og kunne bli henta til alle døgnets tider. Margit sauma prydsaum for Husfliden, og var ein meister med farge og saum.
    I 1895 kjøpte dei jordstykket Buset frå Arnegard og bygde opp eit nytt bruk. Dei tok Buseth som slektsnamn. Han kjøpte Øygardslåtta i 1926 og selde til sonen Olaf.