Juvsjordet gnr. 42 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Juvsjordet gnr. 42 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I bygdetale heiter garden Gjivsjorde. I kjeldene vart garden ofte skriven 'Dybsjord'. Namne-lekken 'juv' går nok på juvene nedst i jordet. Om det er slik at namnet var 'Juvsjordet', så tyder den bundne namneforma at garden er rydda litt seint. Men mykje av det eldste kjeldestoffet nyttar namnet 'Dybsjord', dvs. i ubunden form. Truleg skriv garden seg frå høgmellomalderen. (K.O. Solhjell: 1987 s 240)
    Frå gamalt vart Juvsjord skattlagt som halvgard med 4 kalvskinn i årleg skatt. Landskyld var 9 laupsbol, av dette hadde Ål kyrkje 1 lb. NB. Det er ein gard med same namn i Hol. I sume kjelder kan desse gardane forvekslast. Truleg skatta 'Dybsjord' i Hol av 2 kalvskinn, medan denne garden skatta av 4.
    Juvsjordet ligg mellom Arnegard og Bergsgard i Votndalen.
    Plassar: Holedokken grensar mot vest til Holo. Småbruket Bringejordet vart frådelt og selt til Embrik Knutson Teigen i 1910. Sjå Frankrike år 1915. Bringejordet vart løyst på odel og lagt under Arnegard i 1935. Bringejordet ligg nedanfor Nordbygdvegen litt lenger inne i Votndalen. Her var reistar etter stolphus og låve.
    Stadnamn: Drobnedalen, som truleg kjem av kunamnet Drobnei; Risteigane.
    Areal 1865: 23 mål åker, naturleg eng 70 mål, utslått 62 mål. Avling 23 tunner bygg og 21 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 8 mål, skog og beite 30 mål.
    Tunet i Juvsjord står som omlag som det var frå gamalt. Stugu bygd 1849, loft (årring-datert til 1593), stolphus omkr. 1650, kom frå Haugegarden Noss i 1950, låve med fjøs omkr. 1800, stall med trev der eldste delen er frå 1600-talet, ombygd og påbygd fleire gonger, kårtrev omkr. 1850. Truge Gunhildgard hadde rosemåla tak og vegger i gamlestugu i Juvsjord.
    Stølar: Juvsjord har ingen støl i dag. Opphavleg langstøl var på Hellebu. Heimstøl var Juvsjordgjerda på Åsetno. Holedokken var heimstøl og slåttemark, den vart frådelt 1819. Sjå eige kapittel.
    Juvsjordet har vore brukt under grannegarden, nedre Arnegard, frå 1964. Det er i dag ingen som bur på garden.
   
   

{2505} År: 1764

Guri Steinsdtr. Hamarsbøen Juvsjord 1718-1773s
Foreldre: Stein Helgeson Hamarsbøen og Turid Sandersdtr. Ruud, Hol.
Gm Johannes Knutson Breie Gunhildgard 1737-1825
Foreldre: Knut ... Breie og ... ... .

Guri vart attgift 1764 med Johannes Knutson. Johannes var på Juvsjord alt i 1758. Dei hadde ingen barn. Johannes selde halve garden til stesonen Eirik Olson.
    I 1772 vart det skriven kårkontrakt mellom Johannes og stesonen Knut. 'Har mig fornøyelig betalt', skreiv Johannes. Johannes vart attgift med Margit Persdtr. Skrindo i 1775. Sjå Gunhildgard Bakken.

{2506} År: 1771

Eirik Olson Juvsjord 01.07. 1753-
Gm ... ... . Barn: Nicolai 1788- , som var feiar i Stavanger. (852) Foreldre: Ola Knutson Juvsjord og Guri Steinsdtr. Hamarsbøen.

Eirik Olson kjøpte Juvsjord 1771 for 200 rd og kår til mora og stefaren Johannes Knutson. Men då den eldre broren Knut protesterte på skøytet, vart Juvsjord overført til Knut Olson for 175 rd. Selde skyldgods til broren Knut i 1777. Eirik hadde då Guttorm Bergsgard som verge. Ukjend lagnad etter den tid.

{2507} År: 1772

Knut Olson Juvsjord 02.10. 1746-1818
Foreldre: Ola Knutson Juvsjord og Guri Steinsdtr. Hamarsbøen, (Hol).
Gm Ågot Torkjellsdtr. Tveito Juvsjord 14.12. 1749-1833
Foreldre: Torkjell Olson nordre Tveito og Borghild Nilsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Ola Knutson Juvsjord 15.10. 1769-1848
Ug. Ola vart konfirmert i 1788. Sjå Holedokken år 1814.
2. Gro Knutsdtr. Juvsjord Sogla 05.07. 1772-1849
G 1800 m Eivind Sanderson Tufte Sogla. Sjå der.
3. Torkjell Knutson Juvsjord SundreBråten 22.01. 1775-1849
G 1807 m Åse Eiriksdtr. Sundrehagen. Sjå Juvsjord, gnr. 42/1, Sundrebråten, gnr. 110/8 og Larsgarden Strand, gnr. 123/8.
4. Asle Knutson Juvsjord 1777-
Truleg død i 1790-åra.
5. Stein Knutson Juvsjord 27.02. 1780-1847
Ugift inderst i Juvsjordet.
6. Ola Knutson Juvsjord 1787-____
I 1847 var han i legd i Arnegard. Ukjent lagnad.
7. Borghild Knutsdtr. Juvsjord Strand 1797-1874
G 1822 m inderst Kristian Andersen ..., Lærdal Strand. Sjå inderstar.

Knut betalte ut broren Eirik og systrene i 1772, og overtok deretter garden og kåret til Johannes Knutson og mora. (5 tunner godt korn, 3 kyr og 4 småfe framfødt, slåttelendet Bråttene, åker til 2 settung hampefrø. Kårfolket skulle ha ei stugu, eit trev og den øvre bua. etc. )
    Knut og Ågot fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. Inderstar på garden var då kårmann Johannes Knutson og Lars Syverson. (632)
    Knut lånte 360 rd i 1777. Same året kjøpte han ut kåret som stefaren hadde i Juvsjord, og løyste ut skyldgods hjå syskena med 291 rd. I 1792 selde han frå Juvsjordstølen på Åsetno til Ola P. Gunhildgard. Prisen var 42 rd. (Sjå år 1802.) Og I 1801 selde han Baklislåtta til sonen Ola Knutson som selde vidare til Bjørn Tolleivson Roen.

{2508} År: 1802

Torkjell Knutson Juvsjord SundreBråten 22.01. 1775-1849
G 1807 m Åse Eiriksdtr. Sundrehagen 1787-1836. Sjå Sundrebråten, gnr. 110/8. Sidan til Nærøy. Foreldre: Knut Olson Juvsjord og Ågot Torkjellsdtr. Tveito.

Torkjell Knutson kjøpte delar i Juvsjordet. Fyrst kjøpte han attende Juvsjordstølen som far hans selde i 1792. Ola Knutson, dvs. eldste broren var vel nøgd med kjøpet. I 1806 selde Torkjell 'årlig sæden af 6 mål åker i 6 år' fram til og med 1812 for 162 rd. Sjølv skulle Torkjell beholde halm og agner.
    I desse åra skulle Torkjell dyrke, så og skjera, og setja på staur. Etter avtalen skulle han og kjøparane dele kornet på staur, sidan skulle kjøparane treske kornet. Men kornhandelen må ha vorte omgjort fort. Torkjell selde garden til Sander O. Bardølsgard i 1807 for 2800 rd.

{2509} År: 1807


Embrik Olson Medgard kjøpte Juvsjordet hjå Sander O. Bardølsgard i 1808. (sjå nedre Medgarden).
    Embrik makeskifta 1810 garden og 800 rd med Håkon Bjørnson Sando Medgarden og fekk att Medgarden. Fire år seinare selde Håkon Bjørnson att til Holge Olson Sletto frå Hol. Sjå år 1814.

{2510} År: 1814

Sissel Olsdtr. Kyrkjedelen Juvsjord 10.09. 1769-1872
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedelen og Margit Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Steingrim Embrikson Syversgarden Rotneim Juvsjord 1790-1878
Foreldre: Embrik Olson Rotneim og Liv Botolvsdtr. Embriksgarden Opheim.
*Barn i tredje ekteskap
1. Liv Steingrimsdtr. Juvsjord 16.08. 1817-1910
G 1836 m Nils Nilsson Holto Juvsjord. Sjå neste hushald.

I 1814 vart Juvsjord selt til buet etter Helge Olson Sletto i Hol. Det vart enkja hans, Sissel Olsdtr. som overtok garden. Ho hadde to døtre i det ekteskapet, Kari Helgesdtr. gm Knut Olson Reiersgard, sjå Reiersgard år 1831; og Margit Helgesdtr. gm Embrik Larsson Springgard. Fyrste ekteskapet hennar Sissel var i 1806 med Lars Person nordre Berg i Hovet. (Sjå Hol V s 26).
    Sissel Olsdtr. vart attgift 1815 med Steingrim Embrikson. I 1820 selde Steingrim og Sissel ein del av stølen Holedokken og eit jordstykke på Baklie på Bergsgardstølen og ein halv skogrem for 100 spd. Steingrim var skulemeister i unge år.

{2511} År: 1838

Liv Steingrimsdtr. Juvsjord 16.08. 1817-1910
Foreldre: Steingrim Embrikson Syversgarden Rotneim Juvsjord og Sissel Olsdtr. Kyrkjedeld Juvsjord.
Gm Nils Nilsson Holto Juvsjord 26.05. 1806-1892
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Gro Nilsdtr. Juvsjord Opheim 23.04. 1837-1887
G 1866 m Eirik Syverson Opheim. Sjå Embriksgarden Opheim.
2. Sissel Nilsdtr. Juvsjord Håkonsgard 19.02. 1840-
Gm Arne Olson Håkonsgard.
3. Nils Nilsson Juvsjord 16.02. 1843-1927
G 1883 m Dordei Nilsdtr. Sundrehagen. Sjå neste hushald.
4. Guri Nilsdtr. Juvsjord 17.12. 1845-1859
Guri døydde 14 år gamal.
5. Steingrim Nilsson Juvsjord Arnegard 17.12. 1848-1921
G 1884 m Guri Olsdtr. Skrindo. G 1898 m Guri Mikkelsdtr. Stølen. Sjå nedre Arnegard.
6. Gro Nilsdtr. Juvsjord Noss 04.12. 1851-1890
G 1889 m Ivar Olson Noss. Sjå Ivarsgarden Noss.
7. Margit Nilsdtr. Juvsjord 02.07. 1854-____
Ug. i 1904. Ukjent lagnad.
8. Anne Nilsdtr. Juvsjord 05.03. 1858-1867
Anne døydde 8 år gamal.
9. Ola Nilsson Juvsjord SataRoen 30.06. 1861-1935
G 1884 m Birgit Bjørnsdtr. Sataroen. Sjå Roen.

Nils og Liv gifte seg i 1836. I 1848 kjøpte Nils ein del av Arnegard gnr. 40/1: Gigger-åkeren, engeland og del
    av stølen Buset og hamn.

{2512} År: 1883

Nils Nilsson Juvsjord 16.02. 1843-1927
Foreldre: Nils Nilson Holto Juvsjord og Liv Steingrimsdtr. Juvsjord.
Gm Dordei Nilsdtr. Sundrehago Juvsjord 25.12. 1853-1940
Foreldre: Nils Sveinson Holto Sundrehago og Gunhild Andersdtr. Hago.
*Barn
1. Nils Nilsson Juvsjord 10.10. 1884-1910
Nils døydde 1910 på Midtstuen sanatorium i Kr.ania.
2. Nils Nilsson Juvsjord 18.05. 1888-1888
3. Svein Nilsson Juvsjord 18.05. 1888-1888
4. Liv Nilsdtr. Juvsjord 19.09. 1890-1932
Ug. Liv var sjuk.
5. Steingrim Nilsson Juvsjord 29.01. 1895-1935
Ugift arbeidar. Budde på garden.

Nils og Dordei gifte seg i 1883. Same året overtok han garden etter foreldra. Nils var sauehandlar og av dei fyrste som dreiv sauen til byen og slakta der. Tidlegare hadde dei slakta heime om hausten og selt kjøtet om vinteren.
    Nils vart etter kvart sjuk. Dei siste åra var han i pleie på garden Røed i Lier. Dordei fekk skøyte i 1907 og sat med garden fram til 1936 då ho selde til Nils Hago. Ho selde frå Bringejordet, Hjallestølen (ved Versjøen) og langstølen på Hellebu. Hjallestølen vart seld til ein hemsedøl. Som ei fylgje av dette vart kommunegrensa mellom Ål og Hemsedal justert.