Holedokken gnr. 42 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Holedokken gnr. 42 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Holedokken var opphavleg heimstøl under Juvsjordet. Frå 1819 til 1954 var Holedokken sjølvstendigt bruk. Bruket grensar opp til Holo, og har nok namnet av den grunn.
    Areal 1865: åker 3 1/2 mål, naturleg eng 19 mål, utslått 7 mål. Avling: 2 3/4 tunne bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1960: 16 mål innmark, av det 6 mål dyrka.
    Husa er stall, låve, loft, stugu, eldhus og lu. Alle er bygde sist på 1800-talet. I dag vert Holedokken brukt som tilleggsjord til Holo.
   

{2515} År: 1814

Ola Knutson Juvsjord 15.10. 1769-1848
Foreldre: Knut Olson Juvsjord og Ågot Torkjellsdtr. Tveito.

Ola Knutson Juvsjord heldt att Holedokken då Juvsjord vart selt i 1814. Som eldste bror har han truleg hatt ei avtale om Holedokken då broren Torkjell overtok Juvsjord i 1802. Men bruket har falle attende til Juvsjord. I 1847 var han i legd på Strand.

{2516} År: 1819

Lars Knutson Leksvol Holedokken 1791-1842
Gm Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud. Foreldre: Knut Larsson Torkjellsgard og Sigrid Knutsdtr. Leksvol.

Lars Knutson vart idømt tukthusarbeid i 1809. Grunnen var den at han var arbeidsledig. Lars var korporal og budde på Huus i 1816. Så kjøpte han Holedokken hjå Steingrim Embrikson Juvsjord i 1819.
    I 1820 kjøpte han Baklistølen på Bergsgardstølen hjå Asle Olson Bergsgard for 40 rdlr. Sjå meir om denne familien på TrintrudRudningen.

{2517} År: 1830

Ola Oleivson Settungsgard Holedokken 26.12. 1780-1849
Foreldre: Oleiv Embrikson Kyrkjedeld Settungsgard og Guri Knutsdtr. Håkonsgard.
Gm Ingeborg Larsdtr. Ursdalen Holedokken 1790-1865
Foreldre: Lars Torsteinson Grov Ursdalen og Gunhild Anfinnsdtr. Hersgard, Gol.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1820. Dei hadde ingen barn. Men Ola hadde dottera Sigrid 1812-1907 (Til Lauvdokken) med Sigrid Olsdtr. Brattegardsslåtta. Ingeborg hadde dottera Torand 1816-1852 med Knut Olson Langeland. Sjå neste hushald. Ingeborg selde Holedokken 1853 til svigersonen. Ho vart attgift 1856 med Tor Olson Øygard. Sjå år 1860.

{2518} År: 1853

Ørjans Larsson Ørjansplass Holedokken 05.08. 1821-1898
Foreldre: Lars Ørjansson Holeplass og Guri Olsdtr. Sata.
Gm Torand Knutsdtr. Holedokken 12.07. 1816-1852
Foreldre: Knut Olson Langeland (ungkar) og Ingebjørg Larsdtr. Ursdalen Holedokken.
Gm Gjese Bjørnsdtr. Løken Holedokken 29.06. 1832-1906
Foreldre: Bjørn Løken og Mari Olsdtr. Ødegard-Holedokken, Hemsedal.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Ørjansdtr. Holedokken 26.04. 1850-1901
G 1871 m Ola Olson Skrindo Holedokken. Sjå neste hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Lars Ørjansson Holeplass Holedokken 21.07. 1857-1926
G 1884 m Helga Mikkelsen Mandt (Telemark) 1859-1951. Barn: 9.
    Lars var farmar ved Silver Lake, Worth Co, Iowa.
2. Bjørn Ørjansson Holedokken 08.03. 1859-1934
G 1883 m Rannie Erikson Rodakker, Lærdal 1864-1952. Barn: 7 .
    Bjørn skreiv seg Ben Løkken og var farmar i Hartland, Worth Co, Iowa.
3. Mari Ørjansdtr. Holedokken 26.05. 1860-____
Mari døydde liten.
   
    Ørjans og Torand sine barn i Amerika: Ola 'Løken' 1864-1936 g 1895 m Sirina Moe (ingen barn), attgift med Elene Solland (ingen barn); Marie 1867-1946 g 1886 m Knut Leegaard (12 barn); Gurina 1869-1944 g 1893 m Knut Solland (9 barn); Tollef Lucken 1872-1935 farmar g 1897 m Johanna Peterson Loberg (7 barn); Jens Løken 1874-1906 g 1897 m Emma Moe (4 barn). (Oppl. v/Carolyn Rushton)

Ørjans og Torand gifte seg i 1849. Torand døydde på Ringerike. Ørjans gifte seg opp att med Gjese i 1857. Men kåret til svigermora (mor til Torand) var så trykkande at Ørjans let henne bruke plassen og betale avgiftene. Ørjans pantsette bruket til Tor Olson Øygard.
    Ørjans, Gjese og ungane reiste 1862 til Amerika: Winneshiek Co, Ossian i Iowa. Dei farma aust for State line Lake og i Emmons, MN. Dei brukte namnet Larsson fyrste tida. Men det var mange som hadde det namnet. Etterkvart skifta dei namn til Løken, Løkken eller Lucken.
    Frå amerika-brev i 1899: 'Ørjans er død, var velståande'. (Oppl. v/Ola Hagen)

{2519} År: 1860

Ingeborg Larsdtr. Ursdalen Holedokken 1790-1865
Foreldre: Lars Torsteinson Grov Ursdalen og Gunhild Anfinnsdtr. Hersgard, Gol.
Gm Tor Olson Øygarden Holedokken 29.10. 1807-1883
Foreldre: Ola Johanneson Myking Øygarden og enkje Åse Olsdtr. Øygarden.

Ingeborg vart attgift 1856 med Tor Olson. Sjå år 1830.
    Tor Olson hadde pant i Holedokken, og slo på seg bruket på auksjon i 1860. Tor Olson Øygarden gav eit legat på 5400 kr i 1880. Det skulle gå til 'trengende i Ål sogn.' Ål kommune fekk Holedokken og selde vidare 1894 til Ola Olson Skrindo Holedokken.

{2520} År: 1894

Guri Ørjansdtr. Holedokken 26.04. 1850-1901
Foreldre: Ørjans Larsson og 1.g. Torand Knutsdtr. Holeplass.
Gm Ola Olson Skrindo Holedokken 13.06. 1834-1902
Foreldre: Ola Olson Skrindo og Mari Olsdtr. Håkonsgard.
*Barn
1. Ola Olson Holedokken 03.07. 1872-1876
2. Mari Olsdtr. Holedokken 04.11. 1876-1901
Ugift.
3. Ingebjørg Olsdtr. Holedokken 07.03. 1879-1881
4. Ola Olson Holedokken 19.05. 1881-1968
G 1906 m Anne Olson Bonslund i Am. (Frå Eidsvoll). Barn: Selma ....- gm ... Temanson (Av Valdres-slekt) (3 barn).
    Ola fekk dottera Guri f. 1901 med Anne Syversdtr. Logsengard. Dei fekk ikkje gifte seg, men Ola skreiv med dottera og sende pakker til barnebarn. Sjå Bråten, gnr. 110/44.
    Ola utvandra til Am. i 1904. Ola og Anne dreiv restaurant i Williston, ND. Ola var giktbroten og held senga dei siste 23 åra.
5. Torand Olsdtr. Holedokken 24.12. 1883-1950
=Thora? Ug. I tenest på Blekstad på Romerike i 1902.
    Torand kjøpte ei stugu som Margit Myregard hadde på Sundre. Torand var daghjelp på Sundre i mange år. (Oppl. H. Ulshagen.)
6. Sevat Olson Holedokken 24.09. 1886-1965
Ugift. Til Am. 1905: Montana, Williston, ND. Sevat var soldat i Frankrike under 1. v. krigen. Han tok land i Malta, Montana.
7. Ågot Olsdtr. Holedokken 01.06. 1889-1891
8. Ågot Olsdtr. Holedokken Øyen 03.04. 1892-
Gm Olav Torson BreieØyen. Barn: Torleiv ....- ; Bjarne ....- ; Gullborg ....- ; Borghild ....- .
    Olav vart attgift med Anne ... frå Vik i Sogn. Barn: Øyvind ....- ; Birgit ....- ; ... . (1636)
    Olav var murar ved jernbanen og busett på Heggedal.
    Ågot reiste til Asker i 1909. I 1914 heitte det berre: " Ukjent oph.sted".
9. Guri Olsdtr. Holedokken 08.03. 1896-
I 1914 var Guri i tenest på Sætrang ved Hønefoss. Til Ringerike eller Sandvika. (1912)

Ola og Guri gifte seg i 1871.