Tråo gnr. 43 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tråo gnr. 43 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I Tråo under Bergsgard budde Guttorm Olson Bergsgard og familien. Ein kjenner ingen andre bygselfolk her, men i 1801 budde det to husmenn med jord i Bergsgard. Stugu vart flytta til Bergsgard som eldhus. Tuftene etter tunet syner enno.
   

{2539} År: 1798c

Ola Guttormson Bergsgard 27.10. 1765-1805
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og 1.g Haldis Olsdtr. Barskrind.
Gm Kari Knutsdtr. Sire Skjervheim 01.06. 1777-1847
Foreldre: Knut Solveson Helling d.y. Byggjargarden Sire og Randi Torjusdtr. Svarvargarden.
*Barn
1. Guttorm Olson Bergsgard Toteigen 30.09. 1798-1871
G 1840 m Margit Olsdtr. Holo Hovdegard. Sjå Toteigen, gnr. 74/1 b.
2. Knut Olson Bergsgard Håkonsetplassen 09.02. 1800-1889
Gm enkje Birgit Pålsdtr. Eggen Håkonset i Hovet 1795-1853. Ingen barn.
    G 1854 m Birgit Eiriksdtr. Rotebakkdokken 1801-1878. Ingen barn.
    NB. I Hol V s 8 er han kalla 'Knut Olson Luksengard'. Knut fekk festebrev på Håkonsetplassen i 1842. Ei tid var han husmann under Søre Berg i Hol. Som enkjemann budde han på Håkonsetplassen til 1881. Knut døydde som legslem på Trettestølen i 1889.
3. Haldis Olsdtr. Bergsgard Sundbreihaugen 26.12. 1802-1864
G 1829 m Ola Asleson Sundrebråten Sundbreihaugen, gnr. 125/7a.
4. Ola Olson Bergsgard 20.10. 1805-1810

Ola og Kari gifte seg i 1798. Dei budde på Bergsgard hjå broren. Ola var soldat, dagarbeidar og husmann utan jord i Bergsgard. Truleg budde dei i Tråo. Etter Ola og Kari kom brorsonen Guttorm Olson til Tråo.
    Kari vart attgift med Syver Embrikson Skjervheim i 1818 og Per Knutson Arnegard GurigutMoen i 1830. Sjå myljo Skjervheim og Gurigutmoen.

{2540} År: 1829

Guttorm Olson Bergsgard Tråo 21.01. 1798-1872
Foreldre: Ola Guttormson Bergsgard og Gunhild Aslesdtr. Arnegard.
Gm Birgit Persdtr. Brattegard Tråo 03.04. 1803-
Foreldre: Per Olson Brattegard og Borghild Olbjørnsdtr. Dokk Logsengard.
*Barn
1. Gunhild Guttormsdtr. Bergsgard 14.11. 1825-
Gm ... ... . Til Am. og gift før 1902.
2. Borghild Guttormsdtr. Bergsgard Tveito 23.02. 1829-
G 1854 m Herbrand Larsson Baggegard Tveito. Sjå inderstar. Til Am.
3. Ola Guttormson Bergsgard 06.08. 1833-
Til Am.
4. Per Guttormson Bergsgard 05.05. 1837-
Truleg til Am.

Guttorm og Birgit gifte seg i 1825. Dei budde mange stader, i Tråo 1829 og 1833, på Brattegard 1825 og 1832 og på Kaslegard 1837. Frå 1839 var Guttorm på Brattegard (sy stugu'n). Sjå Brattegard, bnr. 83/1 år 1841. Han selde Brattegard i 1847.
    Guttorm og Birgit var i Tråen då dei vart overfalle av bror hans, Asle, i 1829. Guttorm var skuldig 3/4 tunne korn, og Asle hadde kravd kornet att tidlegare på dagen. Guttorm gjekk beint på låven og treska, men det vart berre 1/2 tunne før Asle kom. Han var full og avsindig. Medan mor deira og Birgit såg på, stakk Asle kniven i brystet på Guttorm. Eit fat med kokande velling fekk han også tømt utover seg. Guttorm rømde ut or eit glas og gøymde seg i snøhaugen. Birgit greip det nyfødde barnet og sprang på bygda etter hjelp. Og mora tok med seg Gunhild og gøymde seg i stolphuset på Bergsgard til neste dag.
    Guttorm kom seg att etter knivstikkinga og vart forlikt med broren Asle. Asle betalte 5 rd i bot og gav fri bruk av Tråo i tre år. Men Birgit vart sjuk etter denne opprivande hendinga.
    På sine gamle dagar flytta Guttorm til broren Arne i Hovet og døydde som inderst i Skuledokken i Hol i 1872. Guttorm gjekk og selde sild og vart kalla "Silde-Guttorm" eller "Guttorm ved Grinden".