Gunhildgard, nedre gnr. 44 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gunhildgard, nedre gnr. 44 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I daglegtale vert Nedre Gunhildgard kalla 'I bakken'. Frå gamalt var dette 'søre' Gunhildgard.
    Den gamle garden Gunhildgard var opphavleg skattlagt som fullgard. I 1664 vart gardklassen endra frå fullgard til halvgard. Garden var då nyleg delt. Men den vart likevel skattlagt som ein halvgard til saman.
    Gamalt landskyld var 1 skippund og 2 1/2 laupsbol. Seinare landskyld for heile garden var 26 1/2 laupsbol. Etter delinga mellom nordre og søre garden i 1651, hadde denne garden 13 2/5 lb. Og etter frådelinga av Gunhildgardbakken i 1778 med 4 4/5 lb, hadde nedre Gunhildgard att 8 2/5 lb.
    Nord-aust for tunet låg det gamle hustufter, truleg etter gardeparten frå 1778. Sjå bnr. 3.
    Frådelte bruk og plassar: Gunhildgard bnr. 9 og Bakkegjerda.
    Stølar: Juvsjordstølen på Åsetno frå 1792.
    Areal 1865: åker 18 1/2 mål, naturleg eng 34 mål, utslått 64 mål. Avling 18 tunner bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna jbr. 10 mål, prod. skog 30 mål, anna utm. 80 mål.
    Våningshus bygt 1966, loft 1890, låve og fjøs 1946. Buskap 10 vinterfora sauer til 1990.
   

{2561} År: 1753

Per Herbrandson Skrindo Gunhildgard 1715c-
Foreldre: Herbrand Person søre Skrindo og Ågot Arnesdtr. Geilo (Hol).
Gm Margit Olsdtr. Tveito Skrindo 1705c-____
Foreldre: Ola Olson Løkensgard Tveito og Ambjørg Sevatsdtr. Tveito.
*Barn
1. Ambjørg Persdtr. Gunhildgard Arnegard 1737-1815
G 1761 m Ola Olson Arnegard. Sjå Arnegard 40/1.
2. Ragnhild Persdtr. Gunhildgard Juven 1739-1820
Gm Torkjell Guttormson Bergsgard Juven.
3. Herbrand Person Gunhildgard Baggegard 07.06. 1744-1817
G 1776 m Ingeborg Knutsdtr. Tuftedokken. Sjå Baggegarden.
4. Margit Persdtr. Gunhildgard 20.08. 1747-1826
Gm enkjemann Johannes Knutson Breie Gunhildgard Bakken.
5. Ola Person Skrindo Gunhildgard 30.03. 1750-____
G 1777 m Birgit Sveinsdtr. Brattåker. Sjå neste hushald.
6. Per Person Gunhildgard Lappegard 31.03. 1752-1844
G 1794 m Margit Eiriksdtr. Lappegard. Sjå Lappegard i Leveld.
7. Oleiv Person Gunhildgard 02.07. 1754-1755
8. Ågot Persdtr. Gunhildgard 18.07. 1756-1757

I 1753 makeskifte Per til seg Gunhildgard hjå broren Håkon. Håkon sat med odelsretten til Gunhildgard frå 1752. Sjå søre øvre Gunhildgard år 1731 og 1751.
    Per selde skyldgods i søre Kongstveito på vegne av kona i 1741. (1099) s 86a
    Per hadde også søre Skrindo ei tid. Herbrand og Margit er fødde på Skrindo. Sjå der.
    I 1754 pantsette Per halve Gunhildgard for 99 rd. I 1759 makeskifta Per noko åker og eng og ein skogrem med Ola Knutson Juvsjord og fekk att eit jordstykke ved Gunhildgard-olda og 40 rd i mellomlag. (1190) s 303

{2562} År: 1770

Ola Person Skrindo Gunhildgard 30.03. 1750-____
Foreldre: Per Herbrandson Skrindo Gunhildgard og Margit Olsdtr. Gunhildgard.
Gm Birgit Sveinsdtr. Brattåker? Gunhildgard 1745-1824
Foreldre truleg: Svein Olson Brattåker og Åse Hermannsdtr. Nedrejorde, Hol. (Påvist av B. Baklien)
*Barn
1. Per Olson Gunhildgard 05.12. 1778-1849
G 1810 m Ingrid Aslesdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.
2. Svein Olson Gunhildgard 25.06. 1780-
Truleg død i 1790-åra.
3. Svein Olson Gunhildgard Hestebrekk 06.07. 1783-1857
G 1811 m Birgit Olsdtr. Tveito. Sjå Hestebrekk, gnr. 32/33 og Tveitejordet, gnr. 55/17.

Ola og Birgit gifte seg i 1777. Ola overtok Gunhildgard ved skøyte i 1773. Prisen var 300 rd og kår. Hjå Herbrand bror kjøpte han odels-retten for 50 rd, samt 1 mål åker i brukeleg pant. I 1792 kjøpte Ola Juvsjordstølen på Åsetno for 49 rd.

{2563} År: 1806

Per Olson Gunhildgard 05.12. 1778-1849
Foreldre: Ola Person Gunhildgard og Birgit Sveinsdtr. Brattåker (?).
Gm Ingrid Aslesdtr. Arnegard Gunhildgard 06.12. 1772-1846
Foreldre: Asle Håkonson Arnegard og Guri Arnesdtr. Sehl.
*Barn
1. Ola Person Gunhildgard 12.08. 1811-
G 1834 m Margit Embriksdtr. Ulshagen. Barn: Per 1838- , Ingrid 1835- , sjå under barnebarn.
    Ola flytta til Børtnesbakken i Nes før 1853 og Margit drog til Amerika. Ho var enkje i Wisconsin i 1888.
2. Asle Person Gunhildgard 16.09. 1815-1888
G 1851 m Guri Håkonsdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Ingrid Olsdtr. Gunhildgard 03.02. 1835-
Til Am. 1861: Wisc. Død i Chicago.
    Foreldre: Ola Person Gunhildgard og Margit Embriksdtr. Bakke.
2. Per Olson Gunhildgard Bakkeplass 07.06. 1838-1914
G 1861 USA m Gunvor Johannesdtr. Egeland frå Stord. Barn: Margit 1862-1915 gm Daniel Thompson; Ragnhild 1866-1952 gm Edmen Larsson Skaar; Jon 1869-1948 gm Catherine Erfurth; William 1872-1955 gm Lena Schetler; Albert 1874-1964 gm Elisabeth Erfurth, gm Berta Bowers Skov; George 1877-1917 gm Anna Kubly; Alvin 1884-1899; Orvin 1889-1973 gm Mary Lee, gm Bertha Sanderson. (863)
    Foreldre: Ola Person Gunhildgard og Margit Embriksdtr. Bakke.
    Per og Gunvor budde i Dane Co. Wisc.

Per og Ingrid gifte seg i 1810. Per overtok garden hjå faren i 1806 for 650 rd.

{2564} År: 1847

Asle Person Gunhildgard 16.09. 1815-1888
Foreldre: Per Olson Gunhildsgard og Ingrid Aslesdtr. Arnegard.
Gm Guri Håkonsdtr. Arnegard Gunhildgard 05.02. 1809-1883
Foreldre: Håkon Asleson Arnegard Storlien og Guri Håkonsdtr. Sørbøen.

Asle og Guri gifte seg i 1851. Dei hadde ingen barn. Syskena hennar Guri arva 5734 kr i 1883.

{2565} År: 1889

Lars Person Baklien Gunhildgard 03.01. 1846-1922
Foreldre: Per Anderson Nupestølen Baklien og Anne Larsdtr. Svarteberg.
Gm Liv Arnesdtr. Bøygard Gunhildgard 27.04. 1857-1948
Foreldre: Arne Guttormson Bøygard og Anne Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Per Larsson Gunhildgard 30.05. 1891-1892

Lars og Liv gifte seg i 1891. Han kjøpte garden i 1889 og sette den i god stand. Lars selde frå langstølen.