Gunhildgard, øvre gnr. 44 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gunhildgard, øvre gnr. 44 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Gunhildgard går i daglegtale som 'På bakken'. Eigedomen var opphavleg bnr. 3. Så vart bnr. 9 tilkjøpt i 1830. Kring 1870 vart tunet flytta til noverande stad. Og sidan der var ei flat oppå ein bakke, så vart garden etterkvart kalla 'På Bakken'.
    Frådelte bruk og plassar: Baggegarden og Stølen.
    Areal 1865: åker 13 1/2 mål, naturleg 13 mål, utslått 44 mål. Avling 11 1/2 tunne bygg og 9 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål som vert leigd bort, prod. skog 50 mål, anna utm. 300 mål.
    Gml våningshus rest. 1916 og i slutten av 1940-åra, nytt våningshus frå 1980, påbygt 1991, gamla låve.
    Støl på Åsetno.
   

{2574} År: 1751

Håkon Herbrandson Skrindo 1718-1805
G 1741c m enkje Ågot Knutsdtr. Medgard nordre Tveito. G 1763 m enkje Guri Sveinsdtr. Ulshagen Kvelprud. Foreldre: Herbrand Person Skrindo og Ågot Arnesdtr. Geilo.

Ved avtale i 1751 fekk Håkon att garden som faren hadde selt i 1731. Håkon fekk no stadfesta odelsretten til Gunhildgard. (1174) s 283
    Neste år kjøpte Håkon 13 1/2 laupsbol i nordre Gunhildgard for 418 rd hjå Ola og Asle Olsøner Gunhildgard. Men dette kjøpte må ha vorte omgjort. Asle Olson vart sitjande med garden fram til 1777, då sonen Ivar Asleson overtok.

{2575} År: 1756

Asle Olson Gunhildgard 1715c-
Foreldre: Ola Torson Gunhildgard og Ingeborg Ivarsdtr. Dusegard.
Gm Helge Olsdtr. Sand Gunhildgard 1721-1760
Foreldre: Ola Asleson Øvre Sand og Anne Bjørnsdtr. Kvamen, Hol.
Gm Margit Knutsdtr. Sindrol Gunhildgard 1700c-____
Foreldre: Knut Levorson Sindrol og Birgit Pålsdtr. Nedremyr, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ivar Asleson Gunhildgard Øygarden 1740c-1814
G 1777 m enkje Gunvor Knutsdtr. Øygard. Tambur og bonde på Øygarden.
2. Ivar Asleson Gunhildgard 15.05. 1746-1801s
G 1777 m Randi Sveinsdtr. Brattåker. Sjå år 1777.
   
3. Anne Aslesdtr. Gunhildgard 26.12. 1749-
Ukjent lagnad.
4. Ambjørg Aslesdtr. Gunhildgard 1749-1749
5. Anne Aslesdtr. Gunhildgard Opheimsjorde 17.10. 1751-1832
Gm Ola Olson Opheimsjorde. Sjå 22/42.
6. Ingeborg Aslesdtr. Gunhildgard 26.12. 1754-1755
Ingeborg døydde av barnekopper.
7. Ola Asleson Gunhildgard 12.09. 1756-

Asle held gardsyn på Gunhildgard i 1747. Husa var: ei stugu 19 rd, ei bu med loft over 16 rd, ein låve med tre luer - må vølast, ei lu - i god stand, eit gamalt eldhus, eit gamalt fehus, ei turkestugu, heststall, ei lu oppe i rudningen, ei lu på Baggegarden, stølsbu og lu på "Tougisletten", ei stølsbu på Åsetno - nedrotna, ei lu på Hellebustølen, ei forfallen bu i 'øyn nord i hagen'. Garden kunne tole ei årleg leige på 8 rd. (1099) s 450b
    1745 dreiv han handel med slaktefe. I 1748 budde dei på Kvinnegard.
    I 1752 selde Asle og broren Ola Gunhildgard 13 1/2 laupsbol til Håkon Herbrandson Skrindo for 318 rd. Dertil fekk Asle 100 rd for påkostningar på garden. Men handelen må ha vorte omgjort. Asle vart på garden.
    Etter ei rettssak med broren Truge i 1756 skulle Asle få skøyte på garden mot å dekke gjelda som Truge hadde til Tolleiv Opsata (39 rd). Men det var ikkje pengar til å løyse godset, så summen stod ute heilt til i 1767. Truge såg seg nøydd til å gje skøyte til Asle på Gunhildgard. (1194) s 203 b
    På skiftet etter Helge i 1760 vart Gunhildgard utlagt til kreditorane for 500 rd. (1297) s 33
    Asle vart attgift 1761 med Margit Knutsdtr. Sindrol frå Hol. Dei overførte garden til Ivar 1777 og tok seg slikt kår: 4 tunner korn, 1 tunne lettkorn, framfødd 3 kyr og 6 småfe, åker m.a. til 2 settung hamp, hesteskyss, ved og oppvarting. Margit vart enkje før 30. juni 1789.

{2576} År: 1777

Ivar Asleson Gunhildgard 15.05. 1746-1801s
Foreldre: Asle Olson Gunhildgard og Helge Olsdtr. Sand.
Gm Randi Sveinsdtr. Brattåker? Gunhildgard 1745-1822
Foreldre truleg: Svein Olson Brattåker og Åse Hermannsdtr. Nedrejorde, Hol. (Påvist av B. Baklien.)
*Barn
1. Asle Ivarson Gunhildgard 1778-1848
Ug. Asle fekk støtte frå fattigkassa og var busett i ØvreÅl eller Kvinnegardslia 1816-1836. Død i legd på Gunhildgard i 1848.
2. Svein Ivarson Gunhildgard 1782-1857
G 1807 m Margit Halvorsdtr. Sehl. Sjå søre Gunhildgard, bnr. 4.
3. Holge Ivarson Gunhildgard 1786-
Truleg død i 1790-åra.

Ivar Asleson og Rangdi gifte seg i 1777. Han døydde truleg i 1800, men er lett å forveksle med broren på Øygard med same namn som var gift med Gunvor Knutsdtr. Øygard.
    På skiftet etter Ivar i 1801 let Rangdi eiga gå til deling mot at eldste sonen Asle gav henne kår. Halve arvekapitalen skulle få stå i rentefritt i garden så lenge ho levde.

{2577} År: 1806

Asle Ivarson Gunhildgard 1778-1848
Foreldre: Ivar Asleson Gunhildgard og Randi Sveinsdtr. Brattåker (Hol).

Asle delte garden i to i 1806 og selde 'Søre Gunhildgard' (no bnr. 4) til broren Svein for 750 rd. Resten av garden selde han same år til Jakop Olson Rukke frå Nes for 1000 rd.
    Asle fekk støtte frå fattigkassa og var busett i ØvreÅl eller Kvinnegardslia 1816-1836. Død i legd på Gunhildgard i 1848.

{2578} År: 1807


Frå 1806 og utover var ein periode med mange eigarskifte i Gunhildgard. Ingen vart sitjande meir enn tre år.
    Jakop Olson Rukke makeskifta garden til Asle Guttormson Bergsgard i 1808. (NB. Sonen Halvor Jakopson Rukke vart gift med dottera til Håkon Bjørnson Sata Medgarden Gunhildgard og Birgit Håkonsdtr. Sjå Kristmoen. )
    Asle selde til Svein Knutson Tjønndalen i 1811. Og han makeskifta garden same år med handelskaren Lars Tolleivson Noss Skottebøl.
    I 1814 var Håkon Bjørnson Sata kome på garden. Truleg etter ein handel med Lars Tolleivson.

{2579} År: 1814

Håkon Bjørnson Sando Gunhildgard 04.08. 1771-1819
Gm Birgit Håkonsdtr. Underåsen. Foreldre: Bjørn Olson Gullhagen Sando og Guri Håkonsdtr. Arnegard.

Håkon var i nedre Medgard, der står ungane. Håkon var i Juvsjord før han kom til Gunhildgard kring 1814.
    Håkon kjøpte inntil Øvre Gunhildgard bnr. 9 i 1830.
    Det var 383 spd å dele på skiftet etter Håkon. Enkja løyste inn jordegods i Gunhildgard og Holeplass.

{2580} År: 1842

Bjørn Håkonson Medgarden Gunhildgard 26.12. 1797-1864
Foreldre: Håkon Bjørnson Sata Medgarden og Birgit Håkonsdtr. Opheimsåsen.
Gm Ambjørg Olsdtr. Arnegard Gunhildgard 12.10. 1800-1876
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Anne Torsteinsdtr. Sundre.
*Barn
1. Ola Bjørnson Gunhildgard 05.03. 1821-1821
2. Håkon Bjørnson Gunhildgard 14.07. 1822-1822
3. Håkon Bjørnson Gunhildgard 06.06. 1823-1823
4. Håkon Bjørnson Gunhildgard Øygard 09.07. 1824-1884
G 1858 m Gunvor Kitilsdtr. søre Barskrind 1828-1918. Barn: Ambjørg 1858-1928 g 1884 m Asle Knutson Hjelmen Øygarden; Bjørn 1861 til Am. gm Karoline Jonson, Harstad; Barbro 1864-1866; Barbro 1867-1956 g 1892 m Ola Bjørnson Gjerdene; Birgit 1870- gm Rasmus Jonson Harstad; Kitil 1873- ug. busett i Fargo og Chicago.
    Til Øygarden i Gol i 1869. Dottera Ambjørg og versonen overtok garden utan heimel.
5. Anne Bjørnsdtr. Gunhildgard Tveito 16.11. 1826-1905
G 1865 m Tostein Levorson Gurigard Tveito.
6. Birgit Bjørnsdtr. Gunhildgard 01.09. 1829-1829
7. Birgit Bjørnsdtr. Gunhildgard 28.06. 1830-1830
8. Birgit Bjørnsdtr. Gunhildgard 22.05. 1831-1831
9. Ola Bjørnson Gunhildgard 03.08. 1832-1832
Ola døydde før han kom i kyrkja. 3 veker.
10. Ola Bjørnson Gunhildgard 25.05. 1833-1833
Ola døydde før han kom i kyrkja. 8 dagar.
11. Ola Bjørnson Gunhildgard Taraldplassen 21.05. 1834-1919
G 1872 m Anne Olsdtr. Ulshagen. Inderst og slaktar i Taraldplassen i Ulshagen.
12. Bjørn Bjørnson Gunhildgard 21.02. 1837-1893
G 1868 m Gunhild Herbrandsdtr. Høgset. G 1872 m Anne Herbrandsdtr. Høgset. Sjå neste hushald.
13. Ola Bjørnson Gunhildgard 24.02. 1841-1841
14. Birgit Bjørnsdtr. Gunhildgard 22.08. 1842-1842
15. Ola Bjørnson Gunhildgard 10.08. 1843-1843

Bjørn og Ambjørg gifte seg i 1821. Av 15 barn vaks berre 4 opp.

{2581} År: 1873

Bjørn Bjørnson Gunhildgard 21.02. 1837-1893
Foreldre: Bjørn Håkonson Medgard Gunhildgard og Ambjørg Olsdtr. Arnegard.
Gm Gunhild Herbrandsdtr. Høgset Gunhildgard 20.03. 1835-1870
Foreldre: Herbrand Olson Høgset og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
Gm Anne Herbrandsdtr. Høgset Gunhildgard 06.03. 1847-1909
Foreldre: Herbrand Olson Høgset og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Herbrand Bjørnson Gunhildgard 25.10. 1870-1934
Ug. Han dreiv med køyring i 1900. Sjå Øygardsslåtta år 1912.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Bjørnson Gunhildgard 26.04. 1872-1918
Ug. Sjå Øygardsslåtta år 1912.
2. Bjørn Bjørnson Gunhildgard 09.12. 1876-1876
3. Ola Bjørnson Gunhildgard 07.05. 1879-
Ola Bjørnson var ein spreking. Det er fortalt at han kunne gå på hendene frå Gunhildgard til Bergsgard. Han emigrerte til Canada.
4. Anne Bjørnsdtr. Gunhildgard 12.01. 1882-1882
5. Hermann Bjørnson Gunhildgard 05.11. 1883-
Hermann dreiv gardsarbeid i 1900. Ukjent lagnad.
6. Håkon Bjørnson Gunhildgard 08.11. 1886-1968
Gm Lukris Embriksdtr. Lerberg. Sjå neste hushald.
7. Herbrand Bjørnson Gunhildgard 07.02. 1891-1891

Bjørn og Gunhild gifte seg i 1868. Gunhild døydde i 1870 og Bjørn vart attgift i 1872 med systera Anne Herbrandsdtr. Høgset.