Gunhildgard, søre gnr. 44 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gunhildgard, søre gnr. 44 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Gunhildgard vart frådelt øvre (opphavleg 'nordre') Gunhildgard i 1806. Landskyld 6 13/20 laupsbol. Garden hadde storrslått i Kroko ved Lya og ved Langetjønn på Heimåsen. Denne slåtten vart nytta fram til 1940 omlag.
    Frådelte bruk og plassar: Frankrike og Aslegjerda.
    Areal 1865: åker 12 mål, naturleg eng 12 mål, utslått 44 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna areal 35 mål, produktiv skog 30 mål, anna utmark 80 mål.
    Våningshusa er gamle, rest. i 1935, låve, fjøs og stall 1920, loftet vart flytta i 1930.
    Stølar: heimstøl i Trugeholu. Tidlegare langstøl på Hellebu ligg til Halvorsgard. Gunhildgard vart fråflytta i 1982, men husa er bortleigde.
   
   

{2586} År: 1806

Svein Ivarson Gunhildgard 1782-1857
Foreldre: Ivar Asleson Gunhildgard og Randi Sveinsdtr. Brattåker.
Gm Margit Halvorsdtr. Sehl Gunhildgard 1785-1853
Foreldre: Halvor Person Sehl og Dordei Olsdtr. Sire.
*Barn
1. Randi Sveinsdtr. Gunhildgard 18.11. 1807-____
Truleg død liten.
2. Randi Sveinsdtr. Gunhildgard 16.02. 1811-1824
Død i 1824.
3. Ivar Sveinson Gunhildgard 01.10. 1814-1879
G 1848 m Ingrid Torkjellsdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
4. Margit Sveinsdtr. Gunhildgard Gjerdet 16.07. 1818-1910
G 1846 m Håkon Eirikson Skjervheim .. Øygardsjordet 1815- . Barn: Anne 1848- ; Eirik 1850- ; Margit 1855- ; Svein 1859-1903 ug . dirigent, urmakar, juveler m.m. Han trykte fyrste avisa i Spring Grove i 1880; Nils 1862-1955 ; Randi 1865-1934 til Spring Grove, MN gm ... Johnsrud; Alfred. (1345) 311
    Til Am. i 1858: Spring Grove, MN.
5. Helge Sveinsdtr. Gunhildgard Medhushaugen 11.01. 1822-1910
G 1855 m Eirik Tolleivson Mehushaugen, gnr. 21/13.
6. Helge Sveinsdtr. Gunhildgard 11.01. 1822-1822
Tvilling, døydde før ho kom til kyrkja.
7. Halvor Sveinson Gunhildgard Nupestølen 26.08. 1825-1891
G 1858 m Sissel Tolleivsdtr. Opsata. Sjå Nupestølen, gnr. 40/9 og Eilevstølen, gnr. 105/7.

Svein fekk overta søre delen av nordre Gunhildgard hjå broren i 1806. Svein og Margit gifte seg i 1807. Dei bygde opp garden. I 1822 selde dei frå Gunhildgardjordet (Frankrike), og i 1854 selde dei garden til sonen Ivar.

{2587} År: 1854

Ivar Sveinson Gunhildgard 01.10. 1814-1879
Foreldre: Svein Ivarson Gunhildgard og Margit Halvorsdtr. Sehl.
Gm Ingrid Torkjellsdtr. Opheim Gunhildgard 23.06. 1818-
Foreldre: Torkjell Olson Tistilsgard Opheim Vesledalstugu og Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim Vesledalstugu.
*Barn
1. Margit Ivarsdtr. Gunhildgard 30.12. 1848-
Barn m/Borgar Asmundson, Vestfossen: Ingrid 1879- . Ho var på Norderhov i 1879.
2. Ingeborg Ivarsdtr. Gunhildgard 29.04. 1852-1900
Ug. på Norderhov i 1879. 'Intet å skifte' i 1900.
3. Svein Ivarson Gunhildgard 23.12. 1855-____
Sjå neste hushald.
4. Rangdi Ivarsdtr. Gunhildgard Sehl 02.02. 1858-1933
G 1888 m Halvor Tolleivson Sehl. Sjå Smiubakken.

Ivar og Ingrid gifte seg i 1848. Ivar pantsette garden til syskena sine og selde frå Aslegjerda, jordstykket Gunhildgardgjerda og eit skogstykke. Ivar makeskifta til seg Fekjastølen og 130 spd mot langstølen på Hellebu.
    Ingrid reiste til Holmestrand då Ivar var død. Truleg flytta ho til dottera Margit.

{2588} År: 1870c

Svein Ivarson Gunhildgard 23.12. 1855-____
Foreldre: Ivar Sveinson Gunhildgard og Ingrid Torkjellsdtr. Opheim.

Ivar Sveinson var ugift. Han fekk omgjort bytet av langstølar i 1875. Då kom Hellebu attende til garden. Ivar sat med garden i mange år utan heimel. Fyrst i 1912 fekk han skøyte hjå syskena.