Frankrike gnr. 44 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Frankrike gnr. 44 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Frankrike eller Gjerden. Opphavleg var bruket ein heimstøl og namnet var Gunhildgardjordet. Men det namnet vart også nytta om Aslegjerda.
    Frankrike er eit småbruk i oppe i bakkane vest for Nupestølen. Namnet skal ha kome til i 1822 under skylddeling av nokre jordstykke i 'Undelåndo' nedanfor Bakke og Øygardane. Her fekk eit jordstykke namnet 'Nederlandene' istadenfor 'Undelåndo' som var daglegtale. Då denne eigedomen skulle delast frå Gunhildgard, var det då nærliggande å bruke namnet 'Frankrike'.
    Areal 1865: åker 4 mål, naturleg eng 6 mål. Avling 3 tunner bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål, anna jbr. 27 mål, prod. skog 12 mål, anna utm. 12 mål, 15 mål bjørkeskog ved Svartetjern. Beitene vert leigde bort. Gml våningshus og stabbur, driftsbygning 1959.
    Buskap: 14 vinterfora sauer fram til 1992.
   

{2592} År: 1822

Eilev Ørjansson Holo Gunhildgardjordet 08.03. 1795-1848
Foreldre: Ørjans Larsson Holo og Anne Kortsdtr. Styrkestad.
Gm Guri Johannesdtr. Lå Gunhildgardjordet 1784-1869
Foreldre: Johannes Larsson Sundre ØvreLå og Turid Tolleivsdtr. Huus Bjella.

I 1822 kjøpte Eilev Ørjansson ein støl kalla Gunhildgardjordet med 1/4 lb. skyld til ein pris av 50 spd. Eilev og Guri gifte seg i 1827.
    Dei hadde ingen barn. Då Guri selde bruket til Ola Larsson i 1850 var namnet 'Gunhildgard eller Frankrige'.

{2593} År: 1850

Ola Larsson Holeplass Gunhildgardsjordet 08.04. 1818-1886
Foreldre: Lars Ørjansson Holeplass og Guri Olsdtr. Sata.
Gm Mari Sveinsdtr. Halvorsgard Gunhildgardsjordet 26.01. 1815-1870.
Foreldre: Svein Olson Halvorsgard og Guri Olsdtr. Skjerping.

Ola og Mari gifte seg i 1848. Dei hadde ein dødfødt son i 1854. I 1850 kjøpte han Frankrike hjå enkja Guri Johannesdtr. Ola hadde mølle, sagbruk og stampe samt tomt og vannfall på Holo. I 1854 kjøpte han jordstykket Gunhildgardjordet.

{2594} År: 1878

Svein Mikkelson Halvorsgard 13.10. 1853-1926
Foreldre: Mikkel Knutson Skjervheim Halvorsgard Odden og Gunhild Sveinsdtr. Halvorsgard.
Gm Margit Andersdtr. Underåsen Gjerden 17.09. 1859-1951
Foreldre: Anders Olson Billehuset Underåsen og Marte Olsdtr. Opheim.
*Barn
1. Mikkel Sveinson Halvorsgard 15.01. 1878-1951
Til Am. 1881.
2. Ola Sveinson Halvorsgard 29.06. 1879-1961
Til Am. 1881: Lincoln, SD.
   
    Barn i USA: Martha Gunhilda 1882-1974; Anna Marie 1884-1980; Andrew 1885-1973; Birgitte/Betsy 1892-1965 gm Bernard Dice. (Martha eller Anna vart gm ein Pederson.)

Svein og Margit gifte seg i 1876. Svein arbeidde på sagbruk og var lærar. Ei ulykke på saga førte til at høgre leggen vart skadd og han fekk trefot. Så gjekk han på Vossevangen lærarskule og var lærar nokre år før han reiste til Amerika: Canton, Lincoln SD våren 1881. Billettane var betalte på forskot.
    Dei budde i Lyman Co. Svein held religions-skule, vart ein dyktig farmar og forretningsmann, står det i Hallingen. Han skreiv små vers og sende til Hallingen.
    E veit eit stæ, som e alder gløyme
    Nei alder dæ or hugen går;
    Men altid e på dæi minne gøyme
    som grodde inn i dei unge år.
    Svein har skildra gjætsla og skulegonga m.m. Han kom på skulen fyrste dagen med ei tiur-fjør og ein fjølastubb. Det var skrivesakene den tid. Sjå Hallingen nr. 57 s 52.

{2595} År: 1883

Lars Larsson Ørjansplass Holeplass 07.10. 1835-1922
G 1866 m Birgit Johannesdtr. Bakke. Foreldre: Lars Ørjansson Holeplass og Guri Olsdtr. Sata.

Lars Larsson kjøpte Gjerden i 1880. Sjå Holeplass, 50/4.