Aslegjerda gnr. 44 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Aslegjerda gnr. 44 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Gjerden eller Aslegjerda. Asle-namnet kjem truleg av at Asle Person Gunhildgard som nok har brukt denne stølen. Bruket var støl fram til 1854 då Håkon Eirikson kjøpte. I 1892 vart bruket kalla Stettegjerda. Sjå år 1857.
    Areal 1865: 8 mål utslått.
    Areal 1995: dyrka jord 12 mål, anna jbr. 6 mål, prod. skog 12 da. Våningshus bygt 1960, garasje 1978.
    Støl: Eikreslettane gnr. 40/18. Den er ikkje i bruk. Aslegjerda vart brukt under Snogsrud frå 1971. Huset er leigd bort.
   
{2600} År: 1854
Håkon Eirikson Nedreskorr Gjerden Ellestad 26.09. 1814-1902
Foreldre: Eirik Nilson Krosshaug Nedreskorr og Anne Håkonsdtr. Skjervheim.
Gm Margit Sveinsdtr. Gunhildgard Gjerden 16.07. 1818-1910
Foreldre: Svein Ivarson Gunhildgard og Margit Halvorsdtr. Sehl.
*Barn
1. Anne Håkonsdtr. Gjerden Stenehjem 22.10. 1847-1936
G 1870 m Ole Amundsen Stenehjem (Sogndal). Barn: Karen 1871-1953 gm Hans Trehus; Henry 1872-1915 gm Emma Nelson; Edward 1875-1875; Emma Julia 1877- gm Helmer Habberstad; Peter Olaf 1880-1973 gm Anna Woyan; Clara Amanda 1883-1947; Haakon 1883-1922 gm Rhoda Onstad; Anna Caroline 1886- gm Olaf Drovdal; Inga Olydia 1889-1990 gm Adolph solum; John Selmer 1891- gm Millie Thorson, Georgianna Nelson.
    Anne og Ole budde i Black Hammer, Houston, MN.
2. Eirik Håkonson Gjerden Ellestad 16.12. 1850-1905
G 1875 m Guri Torkjellsdtr. Sando 1855-1931. Barn: Henry Theodore 1876-1926; Tollef 1877-1949 gm Theoline Solum; Amalia 1879-1969 gm Andrew Wisness; Gerhart Marius 1882-1940 gm Harriet Alzina Gould; Carl Emil 1885-1944; Emma 1886-1910 gm Gerhart Gilbertson; Clara Sophie 1889-1964; Nelius 1892-1967 gm Oliver Nohre; Gina Bergitte 1893-1893. Til Am. i 1857.
3. Margit Håkonsdtr. Gjerden Johnsrud 08.10. 1854-1922
G 1876 m Lars Haavelson Johnsrud 1853-1932. Barn: Hulda Marie ....-ung; Henry 1877- gm Georgiana Bush; William Rupert 1879-1954 gm Lavena Helena Doely; Peder 1881-1949 gm Florence Merrill; Maria Louise 1882-1952 gm William Torvik; Hulda Emila 1884-1929 gm Ole S. Hagen; Clara Cecilia 1888-1939 gm Andrew Torvik; Alfred Langdon 1891-1971 gm Eleanor Mershon. Til Am. i 1857.
   
    Håkon og Margit sine barn i USA: Sven 1859-1903 ugift dirigent, urmakar, juveler m.m., gav ut fyrste avisa i Spring Grove; Nils 1862-1957 farmar, gm Emma Tweito (3 barn); Randi 1866-1934 gm Olaus Johnsrud (13 barn). (Brev frå Kirsten Johnsrud) (1345) 311
Håkon og Margit gifte seg i 1846. I 1854 kjøpte Håkon stølen Aslegjerden og Gunhildgardjordet saman med Ola Larsson (Frankrike) for 50 spd.
    Håkon vart stundom skriven 'Gjerdet under Bergsgard' og Øygardsjordet. Aslegjerda låg under Øygardsslåtta (Bergsgardgjerden) på den tida.
    Håkon og Margit reiste til Amerika våren 1858: Spring Grove, MN. Håkon kjøpte farmen etter G. Ellestad utanfor Spring Grove, MN. Etter skikken heimanfrå så tok han namnet Ellestad etter farmen.
{2601} År: 1857c
Ola Botolvson Trintrud Gunhildgardjorde 21.10. 1804-1892
Foreldre: Botolv Pålson Trintrud og Anne Eilevsdtr. Noss.
Gm Birgit Olsdtr. Ulshagen Gunhildgardjorde 22.03. 1810-1897
Foreldre: Ola Olson Bakke (ungkar) og Gunhild Knutsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Botolv Olson Gunhildsgardsjordet Baklien 14.03. 1832-1919
G 1864 m Guri Embriksdtr. Arnegard. G 1869 m Anne Olsdtr. Baklien. Sjå nedre Arnegard og Baklien.
2. Anne Olsdtr. Gunhildsgardsjordet Sletto 10.09. 1834-1893
G 1869 m Torstein Person Skjerpingmoen Saueslettane.
3. Gunhild Olsdtr. Gunhildsgardsjordet 09.04. 1837-1883
Ugift.
4. Ola Olson Gunhildsgardsjordet Teigen 14.02. 1840-1926
G 1875 m Jørna Eivindsdtr. Vaset, Barn: 3 derav Anne 1887- . Dei bygsla Teigen i søre Hålandsdalen, Fusa i Hardanger. (966)
5. Guri Olsdtr. Gunhildgardsjordet Gilhus 26.06. 1842-1899
G 1865 m Johan Johanson Hertzberg. Barn: Olaf ; Jørgen; Gunnerius; Johan. Dei budde i Sande. Død som sjømanns-enkje Guri Gilhus i 1899.
6. Birgit Olsdtr. Gunhildsgardsjordet 05.08. 1845-
Gm ... ... . Til Buffalo (Wisc./Iowa?) i 1868 saman med systera Olaug.
    Då ho fekk utflyttingsattest i 1868 heitte det:" Ug. Har hatt eit uekte barn." Sidan er ho ikkje spurt.
7. Olaug Olsdtr. Gunhildsgardsjordet 07.06. 1848-
Gm ... ... . Til Am. 1867: Buffalo, Wisc./Iowa ? Utflyttingsattest saman med systera.
8. Haldis Olsdtr. Gunhildsgardsjordet Smedplassen 23.05. 1852-1929
G 1873 m Ivar Person Skjerpingmoen Smedplassen.
9. Guri Olsdtr. Gunhildgardsjordet 27.03. 1855-1901
Ugift. Barn: Botolv 1880-1888 m Guttorm Isakson Gudmundsrud.
Ola og Birgit gifte seg i 1832. Nokon bygselbrev er ikkje kjent, men han var husmann med jord i 'Gjerden' i 1865 og 1875. I 1875 budde også svigersonen Ivar Person og dottera Haldis i Gjerden.
    Birgit spedde på innkoma, ho laga brennevin for sal. I deira tid vart bruket kalla Stette-gjerda. Tre av døtrene budde i Harahaugen under Ulshagen ei tid. Dei vart kalla Stette-jentene. Det var Stette-Guri og Stette-Haldis. Då Ola var død i 1892 vart han også kalla 'Stetten'. Laga han stettefat?