Gunhildgardbakken gnr. 44 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gunhildgardbakken gnr. 44 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gunhildgardbakken vart frådelt Gunhildgard med 4 4/5 lb. i 1778. I 1830 vart dette bruket samanslege med Øvre Gunhildgard. Ein kjenner ikkje detaljar om denne garden, men truleg låg tunet i bakken nordaust for tunet i nedre Gunhildgard. Der var gamle tufter.
   

{2605} År: 1778

Johannes Knutson Breie Juvsjord 1737-1825
Foreldre: Knut ... Breie og ... ... .
Gm Margit Persdtr. Skrindo Gunhildgardbakken 20.08. 1747-1826
Foreldre: Per Herbrandson Skrindo Gunhildgard og Margit Olsdtr. Gunhildgard.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Johannesdtr. Gunhildgard Bakkeplass 1776-1857
Gm Lars Torsteinson Larslien Bakkeplass. Sjå neste hushald og Bakkeplass.
2. Margit Johannesdtr. Gunhildgard Øygard 1782-1862
G 1807 m Halvor Olson Bakke Øygard. Sjå inderstar.
3. Ågot Johannesdtr. Gunhildgard Olaguthaugen 07.01. 1787-1863
Barn: Eivind 1812- sjå barnebarn.
    G 1827 m Ola Håkonson Ruud Olaguthaugen, gnr. 32/46.
4. Gunhild Johannesdtr. Gunhildgard Bakkeplass 1789-1834
Ugift. Død i legd på Skrindo.
*Barnebarn
1. Eivind Torson Medgard RudsGjøta 12.03. 1812-1856
G 1844 m Astrid Håkonsdtr. Torsteinsletthaugen. Sjå Rudsgjøta, gnr. 18/13.
    Foreldre: Tor Eivindson Stranden (ungkar) og Ågot Johannesdtr. Gunhildgard.

Johannes vart attgift 1775 med Margit Persdtr. (Fyrste kona var enkja Guri Steinsdtr. Hamarsbøen Juvsjord. Ungane, sjå Juvsjord. )
    Johannes kjøpte Gunhildgardbakken 4 4/5 lb for 244 rd i 1778. Unntak: plassen Baggegarden. Seljar var Ola Person og prisen var 244 rd. Unnateke var plassen Bakkegarden. I 1777 selde Johannes kåret han hadde i Juvsjord til stesonen der.

{2606} År: 1804

Lars Torsteinson Sundrelien Bakkeplass 24.09. 1775-1849
G 1801 m Guri Johannesdtr. Gunhildgard. Foreldre: Torstein Larsson Sundrelien/Larslien (ungkar) og Marte Embriksdtr. ... (Truleg syster til Gunhild Embriksdtr. Uppistugu Torset på søre Opheim.)

Lars Torstein kjøpte Gunhildgard i 1804. Sjå meir om han på Bakkeplass.

{2607} År: 1817

Jakop Olson Rukke Gunhildgard 1766.-
Foreldre: Ola ... Rukke og ... ... , Nes.
Gm Margit Fingarsdtr. ... Bakkeplass 1770.-
Foreldre: Fingar ... ... og ... ... ..., Nes.
*Barn
1. Fingar Jakopson ... 1795-
2. Ola Jakopson Gunhildgard 1796-
Ola reiste til Kr.ania som arbeidskar i 1816.
3. Daniel Jakopson ... 1797-
4. Halvor Jakopson Rukke Skjerpingmoen 10.04. 1802-1867
G 1834 m Guri Håkonsdtr. Gunhildgard d.y. Sjå Kristmoen. Omgangs-skulelærar frå 1832.
5. Guri Jakopsdtr. Gunhildgard 21.09. 1806-
Gm Asle Erikson ... , Krødsherad 1820- . Asle var teglverksarbeidar/ forpaktar på Skjerpholt i Skoger i 1875 FT.
    Truleg den same som den '40 årige Guri Jakopsdtr, binderske med tre barn som fekk pass i 1840 for å reise til Botne. (999)
6. Åse Jakopsdtr. Bakkeplass? 1808-
Åse var på legd i Votndalen 1816-1836.
7. Margit Jakopsdtr. Gunhildgard Bakkeplass 29.02. 1811-
Margit reiste til Bragernes i Drammen i 1824. Truleg attgift ('enke') 1843 m Peder Eriksen Hulleberg f. 1810. Nes på Hedmarken.
8. Halvor Jakopson Bakkeplass 26.02. 1813-

Jakop var husmann utan jord på Rukke i Nes i 1801. Han kjøpte Gunhildgard 1806.
    Jakop og Asle G. Leikvoll held makeskifte i 1808: Jakop fekk Leikvoll og Asle fekk Gunhildgard og 690 rd. På båe gardane var det kår som den nye eigaren skulle ta over. (1536)525b

{2608} År: 1830


I 1830 kjøpte Bjørn Håkonson på Øvre Gunhildgard denne garden og slo han saman med bnr. 3.