Sehl Uppistugu gnr. 45 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sehl Uppistugu gnr. 45 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sjå innleiinga til søre Sehl. Uppistugu Sehl vart frådelt søre Sehl i 1742 med ei landskyld på 6 laupsbol.
    Grensene er beskrivi år 1740 på bnr. 1. Av stølane fekk Arne heimstøl Øyestølen, halve stølen "Slettemoen", Langstølen og Nystølen. Arne fekk desse husa: øvre stugu, loftet, norde fehuset, nordre stallen, saustall, kvigestallen, halve låven, halvpart i "størhuset", tørkehuset, kvernhuset, to utluer, 1/4 part i kverna i Grytegroven. (1099) s 234a
    Kring 1778 vart Nordistugu frådelt. Og i 1948 vart garden slege saman med Nordistugu, og husa rivne. Viser tuftene ???
    Areal 1865: åker 9 1/2 mål, naturleg eng 8 mål, utslått 23 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 9 tunner potet.
   

{2653} År: 1781

Torkjell Person Sehl Storlien 21.10. 1753-1831
Gm Barbro Tolleivsdtr. Huus. Foreldre: Per Halvorson Garden Opheim Sehl og Margit Embriksdtr. søre Sehl.

Sjå Øvre Storlien og Træet. Torkjell ob Barbro budde i Sehl fram til ca 1785, kom så til Storlien omlag 1800, og var sidan i Træet. Torkjell selde Sehl til bror sin Ola fyrst i 1802. (?)

{2654} År: 1802

Ola Person Sehl 23.11. 1766-1821
Foreldre: Per Halvorson Garden Opheim søre Sehl og Margit Embriksdtr. søre Sehl.
Gm Gro Olsdtr. Arnegard Sehl 13.03. 1763-1853
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Ambjørg Persdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Sehl Ruud 09.05. 1800-1864
G 1824 m Ola Olson Ruud. Sjå Løyte.
2. Ambjørg Olsdtr. Sehl Øygardslåtta 05.12. 1802-1873
G 1829 m Håkon Olson Bergsgard Øygardslåtta.
3. Embrik Olson Sehl 01.01. 1805-1859
G 1834 m Kari Olsdtr. Løyte. Sjå neste hushald.
4. Haldis Olsdtr. Sehl Bergsgard 12.11. 1808-1885
Barn: Margit 1837-1903, sjå barnebarn. G 1842 m Arne Arneson Arnegard Bergsgard.
*Barnebarn
1. Margit Sevatsdtr. Sehl Opheimsjordet 31.03. 1837-1903
G 1860 m Ola Olson søre Skrindo, Sjå Smedjorde eller Voll, gnr. 22/103.
    Foreldre: Sevat Bjørnson Roen (ungkar) og Haldis Olsdtr. Sehl.

Ola og Gro gifte seg i 1799. Ola kjøpte garden hjå broren Torkjell i 1802. Lars Opsata har ei soge om barnedåpen i 1805. Då kom det på Sehl ei kone som nett hadde mist mannen sin. Ho ville så gjerne ha mannen oppattkalla med ein gong. Ola og Gro fekk ein kalv for å gjera henne den tenesta. Såleis fekk sonen namnet Embrik istadenfor Per som ville vore skikken.

{2655} År: 1829

Embrik Olson Sehl 01.01. 1805-1859
Foreldre: Ola Person Sehl og Gro Olsdtr. Arnegard.
Gm Kari Olsdtr. Løyte Sehl 02.11. 1812-1876
Foreldre: Ola Olson Løyte og Margit Herbrandsdtr. Brennhovd.
*Barn
1. Gro Embriksdtr. Sehl 15.12. 1834-1913
Ug. Myndig arving i 1876.
2. Ola Embrikson Sehl 12.03. 1837-1904
G 1867 m Birgit Nilsdtr. myljo Skjervheim. Sjå neste hushald.
3. Ola Embrikson Sehl SkjervheimsTeigen 28.08. 1839-1928
G 1884 m Margit Arnesdtr. Bøygard. Sjå Teigo.
4. Margit Embriksdtr. Sehl Skjervheim 28.12. 1841-
G 1869 m Syver Nilsson Skjervheim 1842- . Barn: Nils og Albert (døydde småe); Birgit gm Ole Peterson (3 barn). (1345)
    1868 utfl.attest. Busett i Westbrook, Cottonwood Co., MN.
5. Nils Embrikson Sehl 01.10. 1844-
Gm Anna Marie Mathison, Oslo. Barn: Embrik gm ... ; Caroline gm Ole Svenson Løken; Randi gm ... ... . (826),(epost B. Milton)
    1866 utfl.attest. Budde i Westbrook, Cotton Wood Co., MN.
6. Torkjell Embrikson Sehl 27.01. 1847-1851
7. Halvor Embrikson Sehl 01.10. 1849-1928
Ugift. Farmar i Oklee, Espetvedt, Palk Co. MN. (826) Sidan reiste han attende til Noreg. (epost Bruce S. Milton). Død i Polk Co.
8. Birgit Embriksdtr. Sehl 18.07. 1852-1906
Gm Ola Nilsson nordre Sehl 1840-1900. Ingen barn. Til Am. 1880: farm i Montevideo, MN. Birgit donerte eit fond på 24000 kr til Ål i 1905. (826)
9. Torkjell Embrikson Sehl 18.08. 1856-
Gm Otilie Kjeldås, Lier. Barn: Kirsten 1893- gm ... (barn: Trygve Sehl)
    Til Lier i 1888. Busett i Øvre Storgt. 21 Drammen. Torkjell var gardsfullmektig hjå bankbestyrar Peter Emil Jensen i Drammen i 1900. Frå 1913 var Torkjell Sehl tilsett som bygartnar i Drammen.

Embrik og Kari gifte seg i 1834. Embrik Olson fekk skøyte på garden i 1831, men dreiv garden frå 1829.

{2656} År: 1874

Ola Embrikson Sehl 12.03. 1837-1904
Foreldre: Embrik Olson Sehl og Kari Olsdtr. Løyte.
Gm Birgit Nilsdtr. Skjervheim Sehl 11.01. 1846-1920
Foreldre: Nils Olson Skjervheim og Birgit Eiriksdtr. Gullhagen Sando.
*Barn
1. Embrik Olson Sehl 06.10. 1867-1928
G 1894 m Mari Halvorsdtr. Sandelien. Barn: Birgit 1894-1983 g 1924 m John Joseph Otto (8 barn); Ola 1895-1979; Kristi 1897-1979 hadde manufaktur-forretning, gm Bjarne Haslestad (1 son); Kari 1900-1994 dreiv Bergahagen i Votndalen; Halvor 1902- ; Nils Kolbjørn 1904-1979 dreiv pelsdyroppdrett; Peder 1906-1970 kjøpmann, gm Randi ... (1 dotter); Mari 1908-1991 gm Olav Bråten; Sidsel 1910-1991 var gm Henrik Støren (1 son); Gro 1913-1983 hadde manufakturforretning, gm Bjarne Jentoft; Olav Erik 1916- gm Aslaug Seberg (3 barn). (1244), (1692).
    Ola var handelskar og hestehandlar. Dei kjøpte garden Haraldrud på Grorud. (1400)
2. Nils Olson Sehl 11.11. 1871-
Nils reiste til Am. i 1893: seminarist, reisemål Lamberton. Eller: Til Am. like etter 1. verdskrigen - budde i Oregon. (1345)
3. Kari Olsdtr. Sehl 25.02. 1879-1966
G 1910 Bragernes m em Torstein Nilson Sehl. Barn: Nils Teodor 1910-1912; Nels 1912- advokat og songar, ug.; Margareth Bertha 1914- lærar, busett i Sacramento g 1942 m Robert Loring Saunderson Sanders (2 barn); Olga Caroline 1916- lærar busett i Rawlins, Carbon Wyoming, gm Joseph Henry Kaspar (2 barn); Agnes Theresa 1918- stenograf busett i Cheyenne, Laramie, Wyoming gm Delton E. Severtson Bagne (4 barn). (1345)
    Til Am. i 1910: Brocket, ND. Torstein var farmar og forretningsmann. Kari har levert mange stubbar 'folkeminne' til Hallingen. Ho skreiv m.a. at 'på nordre Sehl var et gammelt loft. Det brann opp for nogen år siden.
    Kari Sehl hadde "ei syster, gm ein frå Åsgardane og reist til Am. Barn: 1 son som deltok i borgarkrigen. Porto på Am. brev måtte betalast i Noreg den tida. Familien heime mottok eit brev som det kosta 4 daler å løyse ut. Det vart ikkje gjort. Dei miste kontakten .."
4. Olav Olson Sehl 05.05. 1883-1885
5. Birgit Olsdtr. Sehl 31.01. 1887-1958
Ug. Sjå neste hushald.

Ola og Birgit gifte seg i 1867. Han overtok garden etter mora i 1874.
    Ola var den fyrste i Sehl-gardane som kjøpte seg parafinlampe. Grannane kom då for å sjå vidunderet, dei likte ikkje parafinlukta, men lyset var godt.