Smiubakken gnr. 45 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Smiubakken gnr. 45 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Smiubakken er eit småbruk som ligg mellom Selsberga og Tolleivsgarden Sehl. Bruket vart frådelt Tolleivsgarden med slike rettar: Stuguåkeren, Hjallen, støl på Sletto, storrslått ved Grytegroven og på Tormodset. skog på Bergo og hamnerett for 2 laupsbol.
    I 1933 vart garden slege saman med Tolleivsgarden Sehl.
   

{2659} År: 1889

Halvor Tolleivson Sehl 16.02. 1854-1935
Foreldre: Tolleiv Olson søre Sehl og Birgit Larsdtr. Springgard.
Gm Rangdi Ivarsdtr. Gunhildgard 02.02. 1858-1933
Foreldre: Ivar Sveinson Gunhildgard og Ingrid Torkjellsdtr. Opheim.
*Barn
1. Birgit Halvorsdtr. Sehl Tveitehaug 25.05. 1888-1933
Gm Nils Jonson Tveitehaugen 1884-1937. Barn: John Elmer 1913-1974 g 1937 m Evelyn Rotaas; Hilmar 1914- g 1940 m Grace Tate; Rudolf 1916- g 1942 m Lova Buxton; Ruth Mary 1918- g 1937 m Eberharte G. Didrikson; Hannah Bertha 1920- g 1937 m Howard Solbak; Samuel Rubin 1924-1975 gm Laura Nelson.
    Birgit og Nils farma ved Camrose i Canada.
2. Ingrid Halvorsdtr. Sehl Johnson 27.08. 1889-1978
G 1914 m Sevat Jonson Tveitehaugen. Barn: Gina ....- gm Bjarne Myhre (2 barn); Ruby ....- ug. skulestyrar.
    Dei skreiv seg for "Johnson". Dei farma i Canada, nær systera Birgit.
3. Haldis Halvorsdtr. Sehl Kristiansen 27.09. 1891-1981
Gm Johan Kristiansen, Østfold 1893-1967. Barn: Odd død liten. Til Kr.ania i 1912. Dei farma ei tid i Canada og i ND. Dei kom attende til Ål og bygde seg hus på Sundre. (1345)
4. Tolleiv Halvorson Sehl 20.08. 1894-1964
Ug. Anleggsarbeidar. Tolleiv arbeidde m.a. på Nore-dammen. Han var gjerne slåttekar heime på Sehl om sumrane. Tolleiv budde i Sørkedalen. Han flytta sidan til ei hytte i Voksenåsen som han arva etter Svarte-Carl. Død i Oslo 1964.
5. Lars Halvorson Sehl 13.06. 1897-1911
Lars var døvstum.
6. Margit Halvorsdtr. Sehl Sandelien 07.06. 1900-1997
Gm Halgrim Sandelien. Var i Am. til 1937. Sjå Bakka Strand.
7. Kari Halvorsdtr. Sehl Kleivstøl 17.06. 1904-1991
G 1929 m Torkjell Syverson Kleivstøl. Sjå neste hushald.

Halvor og Rangdi gifte seg i 1888. Halvor fekk skøyte på bruket Smiubakken som vart frådelt 1889 av mor hans. Halvor og Rangdi bygde opp bruket frå botnen av. Stugu kjøpte dei på Opsata, den såkalla Timann-stugu, skriv Lars Opsata.
    Dei selde garden til dotterdotter Rangdi og svigersonen i skøyte 1932.