Sehl, nordre gnr. 46 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sehl, nordre gnr. 46 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Om Sehl, sjå innleiinga til søre Sehl. Nordre Sehl er nemnt i jordebøkene frå 1577 og framover. Frå 1588 til 1608 skatta Sehl som slåttelending, nemnt etter Bøygard i skattelista. Garden skatta etterkvart som 'øygard' og har ei landskyld på 6 laupsbol.
    Garden grensar til Gunhildgard i sør og vest, og til søre Sehl i aust. Også nordre Sehl ligg i bratt terreng, men øvre delen av eigedomen er mindre bratt enn på søre Sehl.
    I 1592 selde ein Erlend Torsteinson gods etter far sin til Per Ellingson Skrindo. Det var gods m.a. i nordre Sehl. Sjå år 1613 på søre Sehl.
    Oldfunn. I ei urd like opp for tunet fann Nils Nilsson nokre pilespissar ein gong. Dei er bortkomne. Av innleverte oldfunn frå Sehl (nordre/søre) er ei miniatyrøks og eit lite økseblad.
    Garden har ikkje hatt nokon husmannsplass eller underbruk.
    Areal 1865: åker 24 mål, naturleg eng 50 mål, utslått 32 mål. Avling: 23 tunner bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: innmark 109 mål, delvis tilgrodd, delvis bortleigd til slått og beite. Produktiv skog 229 mål, anna areal 383 mål.
    På garden er ei gamal stugu (med rosemåla tak av Kr. Aanstad), ombygd 1936, restaurert 1986, kårhus 1890, uthus 1937, loft (flytta og ombygt 1940). På nordre Sehl var dessutan eit gamalt stolphus som brann opp saman med uthusa i 1933.
    Stølar: Heimstølar på 'Uppå støle' (nedlagt) og Hyttestølen (nedlagt og utskift). Langstøl på Fekjastølen.

{2670} År: 1759

Ola Nilsson Sehl 1700.-1781
Foreldre: Nils Torson Kvinnegard Sehl og 1.g Kari Olsdtr. ... .
Gm Lukris Olsdtr. Halvorsgard Sehl 1710c-1773s
Foreldre: Ola Sveinson Halvorsgard og Guri Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Sehl Skrindo 23.10. 1746-1803
Gm Johannes Knutson nordre Skrindo, gnr. 47/5.
2. Nils Olson Sehl 07.04. 1749-1829
G 1775 m Anne Amundsdtr. Bakke. Sjå neste hushald.
3. Ola Olson Sehl Gudbrandsgard 17.12. 1752-1824
Gm Rønnaug Nubsdtr. Arnegard. Sjå Gudbrandsgard.

Ola Nilsson fekk skøyte på nordre Sehl i 1759 for 450 rd. Lukris var fadder til Astrid Olsdtr. Gullhagen i 1750.

{2671} År: 1777

Nils Olson Sehl 07.04. 1749-1829
Foreldre: Ola Nilsson Sehl og Lukris Olsdtr. Halvorsgard.
Gm Anne Amundsdtr. Bakke Sehl 28.01. 1748-1809
Foreldre: Amund Olson Gunhildgard Bakke og Kari Persdtr. ... .
*Barn
1. Guri Nilsdtr. Sehl Baklien 10.09. 1775-1846
G 1803 m Arne Olson Baklien.
2. Ola Nilsson Sehl 31.03. 1777-1846
G 1806 m Birgit Eiriksdtr. Ruud eller Sundre.
3. Kari Nilsdtr. Sehl 16.04. 1780-____
4. Kari Nilsdtr. Sehl 09.09. 1781-
5. Kari Nilsdtr. Sehl Baklien 26.12. 1783-
G 1803 m Anders Olson Baklien. Sjå søre Baklien.
6. Kari Nilsdtr. Sehl 1784-
Truleg død liten.
7. Tor Nilsson Sehl Ulhagamyrane 09.05. 1789-1878
G 1824 m Kari Olsdtr. Moen. Sjå Ulshagamyrane, gnr. 109/2f.
8. Amund Nilsson Sehl 30.10. 1791-
Død før 1801.
9. Amund Nilsson Sehl 03.10. 1793-

Nils og Anne gifte seg i 1775. Nils vart oppnemnd til lagrettemann i 1776.
    Nils behandla haugafolk som andre grannar, han prata med dei. På sine gamle dagar kunne Nils fortelja korleis han hadde fått rettleiing og hjelp under fisking m.m. (Mehlum 1906/50)
    Nils og Anne fekk 1777 skøyte på garden for 360 rd + kår til foreldra. Lånte 299 rd i 1780 mot pant i Sehl 6 løb. (Avl. 1794)
    Det var 209 rd å dele etter Anne. Både Nils og eldste sonen Ola sa frå seg arven, slik at alt vart å dele på dei 4 yngste ungane.

{2672} År: 1801

Ola Nilsson Sehl 31.03. 1777-1846
Foreldre: Nils Olson Sehl og Anne Amundsdtr. Bakke.
Gm Birgit Eiriksdtr. Ruud Sehl 1788-____
Foreldre: Eirik Olson Ruud og Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Sehl Grov 10.08. 1806-1844
G 1836 m Svein Ivarson FlateGrov i Gol. Ingen barn. Men Anne vart sjuk og sengeliggande. Med samtykke frå Svein Ivarson vart Anne sendt heim att til foreldra. Og der døydde ho 38 år gamal.
2. Nils Olson Sehl 28.07. 1809-1810
3. Ingeborg Olsdtr. Sehl 25.08. 1811-____
4. Nils Olson Sehl 28.01. 1815-1818
5. Eirik Olson Sehl 28.01. 1815-1891
Ugift. Tvilling.
6. Nils Olson Sehl 24.10. 1818-1887
G 1841 m Margit Olsdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.
7. Eirik Olson Sehl 05.02. 1822-____
Tvilling. Ukjent lagnad.

Ola og Birgit gifte seg i 1806. Ola pantsette garden i 1841 for 100 spd. Same året selde han garden til sonen Nils for 400 spd.

{2673} År: 1841

Nils Olson Sehl 24.10. 1818-1887
Foreldre: Ola Nilsson Sehl og Birgit Eiriksdtr. Sundre.
Gm Margit Olsdtr. Svarteberg Sehl 28.08. 1822-1900s
Foreldre: Ola Torsteinson Svarteberg og Birgit Rasmusdtr. Opheim.
*Barn
1. Ola Nilsson Sehl 31.03. 1842-1900
Gm Birgit Embriksdtr. Sehl 1852-1906. Barn: ....
    Sersjant og farmar i Minnesota.
2. Birgit Nilsdtr. Sehl Røysen 06.07. 1844-1924
G 1868 m Thore Halvorson Røysen frå Gol, 1838-1904. Barn: Kari 1867-1899 gm Knut Bessarud (Minst 1 barn), gm Tor Kvammen (?); Rier 1869-1960 gm Pauline Wold (6 barn); Nels 1873-1928 gm Anne Aune,Trondhjem (3 barn); Henry 1875-1958 gm Elise Wold, Stange (2 barn); Mathilda "Tila" 1878-1915 ug; Bertine "Bertha" 1880-1968 gm Robert Roberts (3 barn); Bennie ___-1966 gm Emma Wold, Stange (3 barn);Lena Marie 1888-1963 gm Halvor Stavn, Flå (4 barn); Emma __-1965 gm William Evans (3 barn; Albert Olaf 1885-1965 ug; Ole Halvorson 1891-1927 ug; .
    Utvandra til Amerika in 1869: Illinois, sidan i Montevideo, MN. Deretter farma dei 4 miles sør for Tolna, ND. Dei skreiv seg 'Halvorson'. (J. Marler)
3. Ola Nilsson Sehl 11.05. 1848-1905
Ug. Han var sjukleg og budde heime på Sehl.
4. Nils Nilsson Sehl 12.11. 1850-1937
Sjå neste hushald.
5. Birgit Nilsdtr. Sehl Gilbertson 30.08. 1853-
Gm Gilbert Gilbertson i ND. Reiste til Amerika våren 1878.
6. Anne Nilsdtr. Sehl 25.03. 1857-
Til Am. omlag 1892: Portland ved Stillehavet.
7. Ågot Nilsdtr. Sehl Kinney 25.11. 1861-
Gm J.W. Kinney, Idaho. Budde i Portland ved Stillehavet.
    Gm ... Litlienburg, Montana.
8. Torstein Nilsson Sehl Sahl 24.01. 1865-1945
G 1900 m Birgit Halvorsen ....-1903c. Ingen barn.
    G 1910 i Bragernes m Kari Olsdtr. Sehl. Barn: Nils Teodor 1910-1912; Nels 1912- advokat og songar, ug.; Margareth Bertha 1914- lærar, busett i Sacramento, g 1942 m Robert Loring Saunderson Sanders (2 barn); Olga Caroline 1916- lærar busett i Rawlins, Carbon Wyoming, gm Joseph Henry Kaspar (2 barn); Agnes Theresa 1918- stenograf busett i Cheyenne, Laramie, Wyoming, gm Delton E. Severtson Bagne (4 barn). (1345)
    Etter 4 årig militærtenest reiste Torstein til Am. like etter 1900. Han arbeidde hjå slektningar i Montana i fleire år, og kom sidan til Nord Dakota. Torstein reiste heim att som enkjemann i 1906, arbeidde i butikk ei tid.
    Torstein gifte seg pånytt i 1910 og reiste attende til Amerika. Dei dreiv forretning i Brocket, ND og skreiv seg "Sahl".
9. Margit Nilsdtr. Sehl 09.06. 1868-1907
Margit var sjukleg og døydde tidleg.

Nils og Margit gifte seg i 1841. Han overtok garden etter foreldra same året. Som enkje selde Margit garden til sonen Nils i 1891. Pris 2800 kr og kår.

{2674} År: 1891

Nils Nilsson Sehl 12.11. 1850-1937
Foreldre: Nils Olson Sehl og Margit Olsdtr. Svarteberg.

Ug. Nils hadde garden frå 1891-1921. I 1912 selde han til broren Torstein, men neste år kjøpte Nils garden attende for same pris, 12000 kr.