Skrindo søre, Nordistugu gnr. 47 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skrindo søre, Nordistugu gnr. 47 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Skrindo vart delt frå Skrindo i 1598 som ein halvpart med 12 laupsbol i landskyld. Men når Amund Skrindo tok den 'søre tufta på Skrindo, som var utan hus kring 1618, og bygde der', så syner nok det at også søre Skrindo har vore eige bruk frå tida før 1598. Men den soga ligg i historisk mørke. Det ser ut som dei to systrene brukte sine delar av garden jamsides i mange år før 1598. Sjå år 1560 her og nordre Skrindo bnr. 5. Søre Skrindo vart skattlagt som halvgard.
    Sidan vart søre Skrindo delt med 6 laupsbol på kvar lut i 1853, og kalla Nordistugu og Systugu Skrindo (sjå bnr. 2.) Dette er den 'nordre' (geografisk vestre) delen av søre Skrindo, dvs. Nordistugu. Ved desse delingane vart skipa greie gardar og tun.
    Andre frådelte bruk og plassar: Samuelplassen og Brattebø (bnr. 13.)
    Garden Skrindo ligg høgt i Votndalen med grensar til Gunhildgard i aust, til Bergsgard i sør og mot Øygarden i vest. I nord ligg utmarka til garden.
    Areal 1865: åker 22 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 100 mål. Avling 23 tunner bygg og 24 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna jbr. 50 mål, prod. skog 150 mål, bjørkeskog 350 mål.
    Våningshus bygt 1892, gamalt loft og stolphus 1850, fjøs 1880, stall 1890. Husa vart selde sist i 1990-åra.
    Stølar: heimstøl Skrindekinn på Åsetno. Langstøl på Kråkhamar med stølsbu, fjøs og løe.
    Garden vert no nytta som underbruk til Krosshaug (gnr. 33/1), der eigaren bur.
   

{2686} År: 1753

Håkon Herbrandson Skrindo 1718-1805
Foreldre: Herbrand Person Skrindo og Ågot Arnesdtr. Geilo (Hol).
Gm Ågot Knutsdtr. Tveito Skrindo 1693-1761
Foreldre: Knut Person nordre Tveito. Sjå nordre Kongstveito.
Gm Guri Sveinsdtr. Ulshagen Kvelprud 22.06. 1726-1810
Foreldre: Svein Olson søre Ulshagen og Haldis Aslesdtr. Lå.
*Barn i andre ekteskap
1. Ågot Håkonsdtr. Skrindo 17.06. 1764-1764
2. Ågot Håkonsdtr. Skrindo 09.06. 1765-1765
3. ... Håkonsdtr. Skrindo 1768-1768
4. Ågot Håkonsdtr. Skrindo 15.01. 1769-1853
G 1785 m Ola Sevatson Tveito Skrindo. Sjå neste hushald.
5. Håkon Håkonson Skrindo 30.08. 1772-1772

Ågot var enkje etter Ola Torkjellson Tveito på KongsTveito. Håkon og Ågot fekk ingen barn.
    Håkon vart attgift 1763 med Guri Sveinsdtr. som var enkje etter Torkjell Person Kvelprud. Dei fekk fem barn, men berre eit vaks opp.
    Håkon kjøpte 1752 Gunhildgard, 13 1/2 laupsbol, hjå Ola og Asle Olsøner. Ved makeskifte med broren Per i 1753 fekk Håkon garden Skrindo og 300 rd, medan broren fekk nedre Gunhildgard. Håkon tok på seg kåret til mora. Same året selde Håkon 1/3 i garden til broren Torstein for 295 rd. I 1764 kjøpte han attende dette, dvs. 4 lb. i Skrindo, for 300 rd.
    Håkon overtok bygsla av ein plass under søre Skrindo etter broren, Torstein, i 1772. Pris: 200 rd.

{2687} År: 1801

Ågot Håkonsdtr. Skrindo 15.01. 1769-1853
Foreldre: Håkon Herbrandson Skrindo og Guri Sveinsdtr. Ulshagen Kvelprud.
Gm Ola Sevatson Tveito Skrindo 20.06. 1756-1821
Foreldre: Sevat Olson Holo søre Tveito og Margit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Håkon Olson Skrindo 21.05. 1786-
Truleg død i 1790-åra.
2. Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud 26.10. 1788-1860
G 1806 m Knut Eirikson Trintrud. G 1809 m Tolleiv Nilsson søre Opsata.
3. Håkon Olson Skrindo 20.02. 1791-
Truleg død før 1801.
4. Guri Olsdtr. Skrindo Reinton 30.06. 1793-1882
G 1818 m Syver Olson Reinton, Hol. Barn: Ola 1820-1911 gm Margit O. nedre Reinton, gm Anne L. Lauvdokken, Gol; Ola 1822-1856 treskjerar, rosemålar, sylvsmed til Am.; Margit 1825- gm Johannes K. Brye; Ågot 1827-1914 gm Ola O. nedre Reinton; Syver 1830-1912 til Åker i Hol, gm Gro Mikkelsdtr. Slettemoen.
5. Ågot Olsdtr. Skrindo 13.09. 1795-1802
6. Håkon Olson Skrindo 08.10. 1797-1859
G 1822 m Guri Olsdtr. Myking. Sjå neste hushald.
7. Birgit Olsdtr. Skrindo 06.10. 1799-1802
8. Sevat Olson Skrindo 14.03. 1802-1810
Sevat døydde sju år gamal i januar 1810.
9. Ågot Olsdtr. Skrindo Myking 00.03. 1804-1901
G 1821 m em Knut Olson Myking, gnr. 93/1.
10. Ola Olson Skrindo Håkonsgard 22.06. 1806-
G 1829 m Mari Olsdtr. Håkonsgard. Sjå Systugu Skrindo år 1853 og Håkonsgard år 1842.
11. Knut Olson Skrindo 05.10. 1808-1808
12. Birgit Olsdtr. Skrindo Løkensgard 02.09. 1812-1840
G 1832 m Ola Olson Løkensgard.

Ola og Ågot gifte seg i 1785. I 1793 stilte Ola Sevatson kausjon saman med fem andre 'vederheftige menn'. Då fekk Kongen garanti for 100 rd av futen sine innkomer i Ål. (1221) s 424
    Ågot vart kalla 'Skrindekjerringi' og det gjekk mange soger om ho. I yngre år var ho glad i det sterke. I jula tok ho tok seg gjerne eit ras på bygda slik som karane gjorde. "At ho drikk fær so vera, det har ho råd til", sa han Ola mannen hennar, "Men at ho fer gardemyljo med hug og skrik, det likar eg ikkje!"
    Ågot reid til kyrkje 8 dagar etter ho hadde 'lege nedpå'. Prestefrua og lensmannskona kom springande og lurte på koss ho kunne greie det. Då svara Ågot: "De kunn eta rummegraut og drikke brennevin når de liggji på sengen, so bli de like so spræke". Ved eit anna høve kom Ågot nedi åkeren til skurdfolket på søre Skrindo. Medan ho stod der, og skurdkjeringane retta ryggen, så kom det frå Ågot: 'E æ noko urven i dag. E fekk ein ungi i nått!'
    Då Ågot kom opp i åra, vart det andre juleskikkar på Skrindo. Ho vart haugianar. Barnebarna vart høyrde i katekisma, og deretter fekk dei leike.
    Ein gong hadde det vore ein tjuv i stolphuset på Skrindo. Og ho Ågot hadde fått snusen i kven det var. Ho bad tjuven til seg og sette fram mat, sa ingen ting om tjuveriet. Mannen fekk seg ikkje til å gå frå Skrindo før han hadde tilstade. (Sjå Hol III s 71)
    På skiftet etter Ola i 1821 vart garden var taksert til 1600 spd. Før han døydde hadde Ola avgjort at garden skulle delast mellom sønene Ola og Håkon. I 1823 vart det sett dele både heime og på stølane.
    Men Ågot var spræk i mange år enno. I staden for å sitja med halve garden som enkjesete som skikken var, sat Ågot med heile garden heilt til ho døydde. Sønene stod for gardsarbeidet i mange år. Fyrst i 1853 fekk dei skøyte på Nordistugu (bnr. 1) og Systugu (bnr. 2).

{2688} År: 1825c

Håkon Olson Skrindo 08.10. 1797-1859
Foreldre: Ola Sevatson søre Tveito Skrindo og Ågot Håkonsdtr. Skrindo.
Gm Guri Olsdtr. Myking Skrindo 1798-1855
Foreldre: Ola Olson Hove Myking og Birgit Knutsdtr. Myking.
*Barn
1. Ola Håkonson Skrindo 11.04. 1823-1883
G 1857 m Sissel Knutsdtr. Trintrud. Sjå 1853-hushaldet.
2. Ågot Håkonsdtr. Skrindo Stave 01.12. 1825-1917
G 1854 m Tolleiv Olson Stave. Gm Ola Olson Sehl Bæra 1820-1906.
3. Birgit Håkonsdtr. Skrindo 26.09. 1828-1861
Ugift. Barn: Håkon 1860-1944. Sjå barnebarn.
4. Anne Håkonsdtr. Skrindo 11.01. 1831-1887
G 1852 m Ola Knutson Skrindo. Sjå nordre Skrindo, gnr. 47/5.
5. Sigrid Håkonsdtr. Skrindo Holo 07.01. 1836-1911
G 1866 m Sevat Sevatson Holo.
6. Guri Håkonsdtr. Skrindo Bergsgard 06.02. 1839-1926
G 1873 m Arne Arneson Arnegard Bergsgard.
7. Margit Håkonsdtr. Skrindo 06.02. 1839-1840
8. Margit Håkonsdtr. Skrindo 20.01. 1842-1852
Margit døydde ti år gamal.
9. Tolleiv Håkonson Skrindo Stranden 27.06. 1845-1917
G 1888 m Ingebjørg Halvorsdtr. Sehl. Sjå Stranden.
*Barnebarn
1. Håkon Olson Skrindo Veslestølen 25.11. 1860-1944
G 1887 m Margit Eilevsdtr. Moen u/Bråten.
    Foreldre: Ola Knutson Leksvol (ungkar) og Birgit Håkonsdtr. Skrindo.
    Faren var gift og reist til Amerika i 1861. Same år døydde mora og, så Håkon vaks opp hjå Sevat Olson Veslestølen og Ingebjørg. Dei var barnlause etter at sonen deira døydde 7 mnd gamal. (906)
    Sjå Veslestølen og søre Tveito.

Håkon og Guri gifte seg i 1822. Håkon var skulehaldar i 1822. Garden vart delt i 1823, men Håkon fekk skøyte fyrst i 1853. Same året skøytte han garden vidare til sonen. Truleg hadde han då brukt garden lenge saman med mora. På skiftet etter han i 1859 var lausøyret 69 rd, ingen gjeld.

{2689} År: 1853

Ola Håkonson Skrindo 11.04. 1823-1883
Foreldre: Håkon Olson Skrindo og Guri Olsdtr. Myking.
Gm Sissel Knutsdtr. Trintrud Skrindo 13.06. 1829-1882
Foreldre: Knut Knutson Trintrud og Kari Torsdtr. Tveito.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Skrindo 02.07. 1858-1887
G 1884 m Steingrim Nilsson Juvsjord. Sjå neste hushald.
2. Kari Olsdtr. Skrindo 08.03. 1860-1883
Ugift.
3. Ågot Olsdtr. Skrindo Skjervheim 23.09. 1862-1949
Gm Ola Halgrimson Skjervheim. Barn: Ragnhild 1889-1986 g 1927 m Clarence Swendseid; Henry Oscar 1890-1981 dreiv maskinforretning, g 1920 m Marie Olson (3 barn); Oscar Clarence 1892- salsmann; Edvin 1894- farmar, gm Melvina Enerson; Carl George 1897-1946 veteran frå 1. verds krigen, gm Evelyn Hagen; Sophie 1899- gm farmar Andy Anderson; Alma 1905-1908; Clara 1905- ug.
    Til Am. i 1887: Mayville, ND. Dei farma i Nelson Co.
4. Håkon Olson Skrindo 01.02. 1866-1866
5. Margit Olsdtr. Skrindo Sorteberg 19.09. 1867-1907
Gm Lars Arneson Sorteberg. Barn: Alma; ... Til Am. 1888.
6. Håkon Olson Skrindo 23.03. 1870-1872
7. Birgit Olsdtr. Skrindo Torsteinsrud 14.04. 1872-1952
G 1900 m Knut Knutson Torsteinsrud.
8. Håkon Olson Skrindo Sletten 22.01. 1876-1943
G 1905 m Guri Olsdtr. Sollien Helling. Sjå Glomsletten.

Ola og Sissel gifte seg i 1857. Ola overtok garden i 1853 etter faren. Garden var då delt, og denne eigedomen vart kalla Nordistugu. Husdyr 1883: 7 kyr, 1 okse, 2 kviger, 5 geiter, 4 sauer og 2 hestar.
    I daglegtale vart Ola kalla 'Håkon-Ola'.
    Ola og Sissel var sjuke av tuberkulose og døydde i 1882-3. Dottera Guri og mannen overtok garden, men ho vart ikkje gamal. Sjå neste hushald.

{2690} År: 1884

Guri Olsdtr. Skrindo 02.07. 1858-1887
Foreldre: Ola Håkonson Skrindo og Sissel Knutsdtr. Trintrud.
Gm Steingrim Nilsson Juvsjord Arnegard 17.12. 1848-1921
Foreldre: Nils Nilsson Holto Juvsjord og Liv Steingrimsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Liv Steingrimsdtr. Skrindo 08.05. 1885-1886

Steingrim og Guri gifte seg i 1884. Steingrim selde garden til Anders Torset frå Hemsedal kring 1888. Anders kjøpte garden til dottera og svigersonen. Men skøytet vart fyrst skrive i 1905 til Knut Knutson.
    Steingrim vart attgift 1898 med Guri Mikkelsdtr. Stølen. Sjå nedre Arnegard.

{2691} År: 1890c

Knut Knutson Holde Skrindo 1864-1953
Foreldre: Knut Jakopson nordre Holde og Ingrid Knutsdtr. Torset, Hemsedal.
Gm Kari Andersdtr. Torset Skrindo 04.06. 1866-1945
Foreldre: Anders Knutson Torset og Birgit Eiriksdtr. Bjøbergo, Hemsedal.
*Barn
1. Ingrid Knutsdtr. Skrindo Gunhildgard 30.07. 1885-1968
G 1914 m Tor Olson Håkonsgardshagen Gunhildgard. Sjå søre Gunhildgard.
2. Birgit Knutsdtr. Skrindo Loksengard 22.02. 1887-1965
G 1911 m Syver Knutson Logsengard, gnr. 82/1.
3. Knut Knutson Skrindo 17.11. 1888-1978
G 1916 m Margit Nilsdtr. Krosshaug. Sjå neste hushald.
4. Anders Knutson Skrindo 08.10. 1890-1968
Ug. Anders og broren dreiv fiske på Stillehavskysten om sumrane. Om vintrane budde dei i Vancouver og 'tok verden med ro'. (Oppl. frå amerika-brev v/Ola Hagen)
5. Eirik Knutson Skrindo Solheim 14.01. 1893-1965
G 1922 m Birgit Tolleivsdtr. Hove. Barn: Knut 1923- , Torleiv Arvid 1925- ; Kjærlaug 1928- . Eirik var snikkar og arbeidde på Langeland trevarefabrikk. Dei budde på Sundre.
6. Jakop Knutson Skrindo 12.07. 1895-1964
Jakop vart tilsett som møllar ved Ål mølle i 1922. Han reiste til Canada i 1924. Han kjøpte båt og dreiv fiske. Budde i Vancouver saman med broren Anders. (sjå meir der).
7. Olaf Knutson Skrindo 16.12. 1896-1977
Ug. Olaf var ein dugande timremann. Han budde i nordre stugu på Skrindo, og var kjent for sitt gode humør. Olaf var barnekjær.
8. Margit Knutsdtr. Skrindo Skrattegard 05.09. 1898-1978
G 1922 m Ola Larsson søre Skrattegard, gnr. 107/17.
9. Ingebjørg Knutsdtr. Skrindo 21.02. 1901-1982
Ug. Avdelingssyster på Ullevoll sjukehus.
10. Kristian Knutson Skrindo 23.09. 1903-1986
Ugift. Kristian forpakta fleire gardar. Til sist kom han til Vestringsbygda i Valdres der han kjøpte Nedre Brøtin. (Sør-Aurdal A s 188)
11. Karoline Knutsdtr. Skrindo Høgset 05.11. 1911-2002
G 1944 m Ola Torkjellson Høgset, gnr. 26/1.

Knut og Kari gifte seg i 1885. Knut hadde ikkje heimel på garden. Han overtok garden etter svigerfar sin, Anders Torset kring 1890.
    Knut vart kalla Dølen. (dvs. 'ein frå Hemsedal'.) Han dreiv handel med fe og hestar ved sida av garden. Om haustane låg han gjerne i fjellet på fisking. Knut hadde svært godt lag med ungar. Knut og Kari bygde stugu som står på garden.