Samuelsplassen gnr. 47 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Samuelsplassen gnr. 47 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opphavleg var Samuelsplassen ein heimstøl under søre Skrindo. Den vart kalla Hagen og sidan Samuelsplassen eller 'Sammel-stølen'. Tuftene etter plassen syner i ein tett skogholt oppunder Stølsberget. ('Øygardsberget.')
    Grensene var slik: frå søre gjerdesgarden, etter vegen til øvre Sehl, nordover til eit gamalt gjerdesstøe, derfrå like opp i øvre gjerdesgaden oppunder Øygardsberget, derfrå til gjerdesgarden på sørsida og ned i vegen til øvre Sehl.
    Samuelsplassen har nok falle attende til garden kring 1800. Stadnamn etter denne plassen: Samuelåkeren på bnr. 13; Samuelkjolva: attlagt åker under bnr. 2.
   

{2695} År: 1764

Torstein Herbrandson Skrindo 1723-1782
Foreldre: Herbrand Person søre Skrindo og Ågot Arnesdtr. Geilo (Hol).
Gm Sigrid Olsdtr. Medgard Skrindo 1736-
Foreldre: Ola Asleson Medgard i Leveld og Margit Gunnarsdtr. Ødelien.
*Barn
1. Ågot Torsteinsdtr. Skrindo 02.02. 1758-1758
2. Margit Torsteinsdtr. Skrindo Ringdal 30.08. 1761-1831
G 1796 m em Anders Sørensen Reinemo sidan Ringdal, Hedrum ....-1817. Barn: Torstein 1790c- . Margit vart attgift med Jan Hanssen, husmann under Melau i Hedrum. (FT 1801)
3. Herbrand Torsteinson Skrindo 15.01. 1764-
Gm ... ... . Herbrand tente på nedre Svelvik i Sande i 1801.
4. Arne Torsteinson Skrindo 01.03. 1767-
Ug. Truleg død før 1791.
5. Ola Torsteinson Skrindo 1771-1809
G 1793 m Anna Torine Mikkelsdtr. ... 1765-1809. Barn: Lene Maria 1795- ; Torgeir 1797- ; Mathis 1803- ; Anders 1806- . Ola var husmann på Svenrød under Østre Ringdal i Hedrum i 1801.

Torstein og Sigrid gifte seg i 1756. Torstein var lagrettemann 1761.
    Torstein bygsla hjå broren Håkon i 1764: tre mål åker; slåttelandet Tor-slåtta; stølen "Granhold" (Grønoldhaugen); ein skogrem i tre stenger breidde; sin tidlegare støl på Fossestølen; vanlege rettar i utmarka til dei dyr han kan fø på plassen. Årleg leige var 1 rd. Jordstykkene skulle falle attende til Skrindo etter deira levetid. (1194) s 16b
    Torstein lånte 300 rd i 1764. Så selde han 'en bygselplass' under Skrindo for 200 rd i 1772, og kjøpte Tronsgardlie i Grønlio i Gol. Sonen Herbrand skøytte bruket til Svein Ellingson Løken i 1791. Fleire av ungane her reiste til Hedrum i Vestfold.
   
   

{2696} År: 1775

Samuel Nilsson ... Samuelplassen 1737-1815
Foreldre: Nils
Gm Ågot Larsdtr. Gjeldokk Samuelplassen 1743-1800f
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og ... ... ... .

Samuel og Ågot hadde ingen livsarvingar. Ålmogen vitna på vintertinget 1769: Samuel Nilsson 'Sørbøen' var så fattig at han ikkje kunne betale pålagt lausgjengar- eller handels-skatt.
    I 1775 bygsla Samuel og hustru plassen Hagen hjå Håkon Skrindo. Med plassen fylgde jord og åker samt slåttene Tord-gjerda og Grønholhaugen. Samuel fekk lovnad på eit måls åkrebrot nedst i jordet. Vidare var det vanlege rettar i skog og utmark, og dessutan ein skogrem i 3 målestengers breidde. Husa var stugu, bu og loft, (i øvre garden) låvehus, fehus, eldhus (i plassen nedst i jordet). Desse husa skulle Samuel flytte og føre opp på eigen kostnad på den bygsla jorda, og vidare betale 6 rd årleg leige. Plassen skulle falle attende til garden utan vederlag då Samuel og kona var døde. Og likeeins dersom ein av dei gifta seg pånytt. (1203) s 114
    I Ål III s 514 har Lars Skrindo ei soge om Samuel og Ågot: Ein gong rauk dei uvener desse to. Då tok Samuel og kasta ut Ågot og stengde døra. Om eit bel kom Ågot krypande inn att gjennom ein glugge på øvre stuguveggen. "Eg kjem innat her, eg", sa ho og var like blid.
    I 1801 hadde Samuel kår på Holo. Då var Ågot død. Men ho er ikkje funnen mellom gravlagte. Kyrkjebøkene for 1790-åra er mangelfullt førte.