Skrindo søre, Systugu gnr. 47 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skrindo søre, Systugu gnr. 47 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Systugu Skindo vart frådelt søre Skrindo i 1853. Landskyld 6 laupsbol. Garden fekk løpenr. 133 b og sidan bnr. 2.
    Areal 1865: åker 23 mål, naturleg eng 128 mål, utslått 59 mål. Avling 19 tunner bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna jbr. 20 mål, prod. skog 85 mål, anna utm. 165 mål. Leigd jord 10 da og beite 5 da.
    Våningshus bygt 1978, driftsbygningar 1983, reidskapshus/garasje 1981. Gardstunet vart kring 1978 flytta ca. 100 m. høgare opp. Det gamle tunet vårt frådelt og selt i 1998. Av dei gamle husa står att eit gamalt stolphus og ei lu.
    Garden har heimstøl på Skrindehaugen (Grønorhaugen) og langstøl på Kråkhamar. Buskap: 60 vinterfora sauer, 2 hestar.
   
   

{2697} År: 1853

Ola Olson Skrindo 22.06. 1806-1888
Foreldre: Ola Sevatson Tveito Skrindo og Ågot Håkonsdtr. søre Skrindo.
Gm Mari Olsdtr. Håkonsgard Skrindo 05.12. 1802-1853
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og Liv Embriksdtr. Espegard Kolbjørnstølen.
*Barn
1. Knut Olson Skrindo 25.09. 1829-1913
G 1853 m Margit Knutsdtr. Trintrud. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Skrindo Opheimsjorde 13.08. 1831-1905
Gm Margit Sevatsdtr. Bergsgard. Han var kjerremakar. Sjå Voll, gnr. 22/103.
3. Ola Olson Skrindo Holedokken 13.06. 1834-1902
G 1871 m Guri Ørjansdtr. Holedokken.
4. Sevat Olson Skrindo 07.10. 1837-1840
5. Sevat Olson Skrindo Nupestølen 06.09. 1841-1914
G 1891 m enkje Guri Jakopsdtr. Tveito Nupestølen. Sjå år 1875 og Nupestølen.
6. Embrik Olson Skrindo 13.06. 1844-1845
7. Birgit Olsdtr. Skrindo Rimeslåtta 07.10. 1847-1894
G 1875 m Per Person Stakegarden Rimeslåtta, gnr. 97/1.
8. Ågot Olsdtr. Skrindo 24.03. 1851-
I 1903 skreiv A. Mehlum om ei Ågot Skrindo som var lam frå fødselen av. (NU 1903/57)

Ola og Mari gifte seg i 1829. Då Mari døydde i 1853, vart det opplyst at garden som Ola hadde brukt og eigd i mange år, ikkje var skilt frå den andre garden Skrindo som broren Håkon hadde. Ola fekk skøyte på gardparten 'Systugu' fyrst på skiftet etter mora i 1853. Pris: 750 spd. Meir om garddelinga, sjå bnr. 1 Nordistugu.
    Husdyr på garden i 1853: 1 hest, 8 kyr, 4 kviger, 12 sauer, 5 geiter, 4 bukkar, lam og killingar.
   

{2698} År: 1863

Knut Olson Skrindo 25.09. 1829-1913
Foreldre: Ola Olson Skrindo og Mari Olsdtr. Håkonsgard.
Gm Margit Knutsdtr. Trintrud Skrindo 08.12. 1830-1902
Foreldre: Knut Knutson Trintrud og Kari Torsdtr. Tveito.
*Barn
1. Mari Knutsdtr. Skrindo Helling 04.09. 1853-1905s
G 1880 m Helge Olson Helling i Øvre Ål.
2. Kari Knutsdtr. Skrindo Rimeslåtten 08.09. 1855-1932
G 1897 m Ola Embrikson Bjella Rimeslåtten, gnr. 115/8.
3. Ola Knutson Skrindo 02.07. 1858-1892
Ug. skomakar på Helling i 1891. Der døydde han neste år.
4. Knut Knutson Skrindo 22.05. 1861-
Ugift. Utvandra til Kr.ania og så til Am. Busett i Washington.
5. Margit Knutsdtr. Skrindo Løken 03.07. 1863-1942
G 1888 m Oleiv O. Løken 1857-1938. Ingen barn. Dei farma 20 år i Cleveland, seinare busett i Medford ND.
6. Ågot Knutsdtr. Skrindo Berntson 30.12. 1865-
Gm Tom Berntson, Becanville ND. Barn: Bertha; Carl.
7. Ågot Knutsdtr. Skrindo Stendall 18.01. 1871-
Gm O. Stendall. Busett i Opstead MN.
8. Birgit Knutsdtr. Skrindo 26.09. 1874-
Budde i Bedleville Nelson Co. ND i 1914. Truleg ugift.
9. Nils Knutson Skrindo 20.05. 1878-1870

Knut og Margit gifte seg i 1853. Knut var smed. Han overtok garden etter faren i 1863.
    Knut delte frå og selde heimstølen på Åsetno i 1870. I 1872 selde han garden til Knut Larsson Rudningen. Sidan var han inderst på Gjeldokkslåtta og så husmann i Løkensgardsteigen. Han døydde på Rimeslåtta i 1913.

{2699} År: 1872

Knut Larsson Trintrud Gullhagen 23.11. 1826-1917
G 1854 m Ambjørg Botolvsdtr. Ødelien. Foreldre: Lars Knutson Huus Holedokken Trintrud og Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud.

Knut vart ute for odelsløysing fem gonger og måtte kjøpe seg ny gard. Men han tente litt pengar kvar gong. Knut held att langstølen på Kråkhamar. Sjå meir i Gullhagen år 1877. (1553)1902/13

{2700} År: 1875

Sevat Olson Skrindo Nupestølen 06.09. 1841-1914
G 1891 m enkje Guri Jakopsdtr. Tveito Nupestølen. Foreldre: Ola Olson Skrindo og Mari Olsdtr. Håkonsgard.

Sevat prøvde å ta att farsgarden på odel, men det vart for tungt. Dei kom til Nupestølen.

{2701} År: 1885

Borghild Oleivsdtr. Tveito Skrindo 22.12. 1863-1939
Foreldre: Oleiv Ivarson Sehl søre Tveito og Helge Larsdtr. Holo.
Gm Nils Knutson Holo Skrindo 02.09. 1847-1891
Foreldre: Knut Torgeirson Holo (ungkar) og Mari Nilsdtr. Holo.
Gm Lars Knutson Ellingsgard Skrindo 07.06. 1865-1950
Foreldre: Knut Olson Lofthus Ellingsgard og 2.g Haldis Olsdtr. Torkjellsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Oleiv Nilsson Skrindo 08.07. 1888-1969
G 1915 m Rønnaug Olsdtr. Dekko. Sjå Øygarden.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Larsson Skrindo 26.04. 1892-1966
G 1922 m Dordei Ivarsdtr. Thon. Sjå Skrindo bnr. 13.
2. Nils Larsson Skrindo 09.01. 1894-1986
Gm Haldis Torgeirsdtr. SkjervheimSlåtta. Sjå Slåtto.
3. Haldis Larsdtr. Skrindo Bergsgard 23.02. 1897-1980
G 1925 m Håkon Arneson Bergsgard. G 1944 m Olav Eilevson Ruud Reiersgard 1890- .
4. Olaf Larsson Skrindo 05.02. 1899-1982
G 1933 m Birgit Tolleivsdtr. Stave. Sjå neste hushald.
5. Lars Larsson Skrindo 24.04. 1901-1973
G 1935 Tysfjord m Julie Ellingsen, Tysfjord. Lærar. Sjå eige hushald.

Nils og Borghild gifte seg i 1885. Nils var handelskar. Han kjøpte langstølen Kråkhamar og bygde nye stallar. Han stod midt oppi stugubygging då han omkom i ei køyreulykke.
    Borghild fekk auksjonsskøyte på garden i 1891 og vart attgift med Lars Knutson i 1892. Han delte frå bureisarbruket Brattebø til sonen Knut, og selde resten av garden til sonen Olav i 1928.