Skrindo nordre gnr. 47 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skrindo nordre gnr. 47 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Skrindo bnr. 6 er den nordre av dei to 'Nordre Skrindo-gardane'. Landskyld 6 laupsbol.
    Areal 1865: åker 22 1/2 mål, utslått 51 mål. Avling 22 tunner bygg og 17 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 76 mål, anna jbr. 35 mål, prod. skog 168 mål, anna utm. 281 mål, bjørkeskog 82 mål.
    Stugu frå 1855, flytta 1988, ombygd og restaurert, stolphus frå 1736, smiu og skåle 1830, låve 1830, ombygd 1933, påbygd fjøs og forrom 1952, stallar med trev 1830, 2 luer, garasje 1965, ny driftsbygning 2000.
    Stølar: heimstøl på Åsetno. Langstøl på Kråkhamar.
   
   

{2722} År: 1828

Nils Embrikson Skrindo 03.11. 1802-1886
Foreldre: Embrik Knutson nordre Skrindo (bnr. 5) og Randi Nilsdtr. søre Opsata.
Gm Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Skrindo 29.07. 1804-1867
Foreldre: Embrik Olson Ulshagen Bakkeplass og Margit Mikkelsdtr. Hove.
*Barn
1. Rangdi Nilsdtr. Skrindo Strand Bakka 19.07. 1830-1915
G 1860 m Ola Olson Oppigarden Noss Bakken Strand, gnr. 123/58.
2. Embrik Nilsson Skrindo 24.03. 1833-1923
G 1862 m Birgit Olsdtr. Løkensgard. Sjå neste hushald.
3. Ola Nilsson Skrindo Bakke 27.05. 1835-1915
G 1875 m Helge Torsteinsdtr. Skjerping. Sjå søre Bakke.
4. Margit Nilsdtr. Skrindo Breen 14.02. 1838-1929
G 1861 m Elling Ellingson Dokken (Sudndalen) Breie. Barn: Ragnhild 1862-1894; Birgit 1863-1933 gm Ola S. Rue; Ingeborg 1866-1950 ug.; Marie 1867-1900 gm Eliam Nystuen (2 barn); Ingeborg 1866-1950 ug.; Turid 1868-1872; Elling 1871-1970 farmar, gm Maren Cathrine Rue; Nels 1873-1899 gm Mattie Samuelson; Thea 1875-1930 gm Peter C. Holt; Louis 1877-1881; Martin 1880-1880. (Barn i live i 1929: Mrs O. Rue; Mrs P. Holt; Miss Bell Breen; Elling.)
    Elling og Margit kjøpte land i Silverlake, Worth Co. Iowa og bygde opp farm der. Dei skreiv seg 'Breen'. Elling døydde i 1900. (809)
5. Knut Nilsson Skrindo 20.11. 1840-1923
Knut var medlem i Jarlsbergske Frimenighet i Horten i 1877. Til Am. 1877: Mason City, Iowa. Reiste attende til Noreg i 1922. (809) (1367)
6. Embrik Nilsson Skrindo Svarteberg 20.11. 1840-1929
G 1869 m Birgit Torsteinsdtr. Svarteberg. Sjå nordre Svarteberg bnr. 2. Sidan til Amerika.
7. Astrid Nilsdtr. Skrindo Noss Oppigarden 01.05. 1843-1931
G 1869 m Mikkel Olson Strand Oppigarden Noss.
8. Mikkel Nilsson Skrindo 28.01. 1847-1925
G 1882 m Guri Johannesdtr. Løkensgard. Sjå nordre Skrindo bnr. 5.

Nils og Ragnhild gifte seg i 1828. Nils overtok halve nordre Skrindo etter delinga i 1828. Nils og Ragnhild bygde opp ei ny gard.
    Nils skal ha vore ein allsidig og dugande handverkar: tømmermann, snikkar, smed og skraddar. Han laga sledar som var namngjetne. I Ål III s 519 står soga om korleis Nils gjekk til sonen på nordre Svarteberg kvar dag sumaren etter skridene i 1876. Der måtte det byggast ny stugu etter at den gamle var øydelagt.
    Nils bygde den store stugubygnaden som no er restaurert av noverande eigar. Opphavleg hadde stugu 1 1/2 høgd.

{2723} År: 1869

Embrik Nilsson Skrindo 24.03. 1833-1923
Foreldre: Nils Embrikson Skrindo og Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Bakkeplass.
Gm Birgit Olsdtr. Løkensgard Skrindo 14.01. 1842-1920
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunhild Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Ragnhild Embriksdtr. Skrindo Skrindo 22.03. 1863-1906
Ragnhild var 'ug. kjøkkenpike i Gjetemyrsv. 41 Kristiania' i FT 1900.
2. Gunhild Embriksdtr. Skrindo Sundre 10.05. 1865-1951
G 1895 m Ola Holgeson Sundre. Sjå Larsgarden Sundre.
3. Ola Embrikson Skrindo 31.01. 1867-1868
4. Rangdi Embriksdtr. Skrindo 03.03. 1869-1895
Ug.
5. Margit Embriksdtr. Skrindo 20.10. 1874-1957
Ug. Sjå Kvernhusteigen, Skrindo bnr. 9.
6. Nils Embrikson Skrindo 03.04. 1877-1954
Gm Maren Eiriksdtr. Furuvold, Skoger 1889-1977. Barn: Birgit (?); Ragnhild Marie 1913-1952 gm Olaf Olson, Mjøndalen (1 barn); Gudrun Emilie 1916-1932; Einar Kristian 1920- gm Reidun Pedersen, Glomfjord, busett på Raufoss (4 barn); Rolf Martin 1922-1989 skipsinspektør gm Gunvor Amundsen, Drammen (2 barn); Sverre 1925- kaptein, busett Drøbak var gm Inge Bossen Møller, Danmark (3 barn); Knut Erik 1928-1929; Astrid 1931- bokholdar, var gm Leif Asmund Gundersen (1 barn). (944) (1195) s 4 (1354)
    Nils og Maren budde i Drammen. Nils arbeidde fyrst ved jernbanen, sidan var han snikkar og byggmeister.
7. Ola Embrikson Skrindo 30.04. 1879-1881

Embrik og Birgit gifte seg i 1862. Dei var på Løkensgard frå 1864-1868. Neste år kjøpte dei Skrindo hjå foreldra hans. Husa på garden vart taksert til 850 spd i 1871. Den nye stugu som faren bygde vart aleine sett til 490 spd. Embrik delte frå heimstølen Oppihagen i 1876 og kjøpte stølen Skrindekinn i 1893.
    I 1901 selde han garden til Nils Hago, men held attende Kvernhuseigen og bygde seg ny bustad der. Sjå bnr. 9.