Skrindo gnr. 47 bnr. 13
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Skrindo gnr. 47 bnr. 13-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Skrindo heiter i matrikkelen Brattebø og Solås. Denne Skrindogarden er eit bureisarbruk som vart frådelt Systugu Skrindo i 1928. Eigedomen er samanslegen med Solås bnr. 12.
    Bruket ligg opp for søre Skrindo. Innmarka var på 55 mål med om lag 15 mål dyrka. Ivar Skrindo har dyrka opp noko meir jord. Bruket har hamnerett på Kråkhamar. Ein åker heiter Samuelåkeren, og ein haug heiter Kampelhaug.
    Husa på garden er timrastugu og driftsbygning. Det var husdyr på garden fram til omlag 1995. Sidan har jorda vore bortleigd.