Øygarden gnr. 48 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Øygarden gnr. 48 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Haug i Votndalen eller Øygarden. Garden grensar mot Skrindo og Bergsgard i aust og til Bakke i vest.
    Haug var krongods frå gamalt. Kongen hadde 1 1/2 bismarpund smør i garden fram til 1663. Garden dukkar opp i skattelistene som underbruk til Bergsgard i 1640-åra. Då krongodset vart selt til Ola Bergsgard heitte det at ingen av gardens besiddere ville by på garden. Ut frå dette må det ha vore andre 'besiddere' på garden i tida fram mot 1663. I 1620 er nemnt ein leiglending som heitte 'Klemet Haug'. Han kan ha vore på denne garden eller på Haug i Leveld.
    Haug vart skattlagd som øygard i 1647. Landskyld 12 3/5 laupsbol.
    Utpå 1700-talet gjekk namnet Haug or bruk, og sidan har garden vore kalla Øygarden. Slektsnamnet er gjerne 'Øygard'.
    Ved delinga av garden i 1831 vart det 'nordre og søre' Øygarden. (Geografisk 'vestre og austre'.) Garden vart delt med ei line, dvs. det var ingen teigblanding som det ofte kunne bli. Men øvre delen av eigedomen vart delt slik at 'nordre' delen høyrde til 'søre' garden og omvendt. Det opphavlege tunet skal ha ligge på den høge haugen vest for tunet i søre Øygarden.
    Plassen Øvre Luten vart bygsla av Fingar Asleson og kona på livstid i 1788. (Men to år seinare kom Fingar til Baklien.) Øvre Luten vart målt opp til '14 stangmål'. Eigedomen grensa i sør til Knut skrindo og stølsvegen, på nedsida mot allfarvegen i delet mellom Øygarden og Bakke. Fingar fekk løyve til å bryte åker i ein haug sunna husa på Øygarden. Fingar fekk også løyve til å rydde seg stølar på eit jordstykke ved Stølen, i Stolpelien og ved langstølen Fekjastølen. Plassen hadde vanlege rettar til beite, ved og gjerdesfang i gardsskogen. Venteleg fekk ikkje Fingar gjort så mykje i Luten. Etter dette har nok Lutane vore brukt under garden.
    I 1723 skatta garden av ei flomkvern.
    Stadnamn: Kvednastøe ; Buabakkjin (høg haug nord for tunet, der gamle tunet var til 1851), Kalvetræet, Vasstråe Øvst på jordet, Grobakkjin, Øvre Luten (husmannsplass i fylgje kontrakt frå 1788).
    Stølar: heimstøl Øygardsdokki (før Stolpelidokkji)), Bakkedokkji, heimstøl kome frå Bakke.
    Areal 1865: åker 8 mål, naturleg eng 56 mål, utslått 23 mål. Avling 8 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål og anna jbr. 30 mål som vert leigd bort, produktiv skog 210 mål, anna utmark 35 mål. Våningshus bygt 1940, rest. og påbygt 1980, kårhus 1902, påbygt 1968, driftsbygning 1972. Det var husdyr på garden fram til 1967. (7 kyr og 7 ungdyr.)

{2740} År: 1751

Tor Ørjansson Underåsen Øygarden 1723.-1765s
Foreldre: Ørjans Torson Underåsen og Guri Embriksdtr. Sehl.
Gm Anne Persdtr. Bakke? Øygarden 1732.-1801
Foreldre: truleg Per Halvorson Bakke og ... ... .
*Barn
1. Guri Torsdtr. Øygarden Løken 22.08. 1751-1839
G 1789 m Svein Ellingson Løken, sjå Øyen, gnr. 2/1.
2. Per Torson Øygarden 18.08. 1754-1755
3. Sigrid Torsdtr. Øygarden Jegleim 29.09. 1756-1835
G 1791 m Tolleiv Herbrandson Jegleim. Barn: Tor 1794-1801c; Tolleiv 1797-1810 (Gol V s 504)
4. Anne Torsdtr. Øygarden Petterbråten 01.11. 1759-
G 1806 m Torkjell Kristenson Eidsvall-Bakken 1776-1827, Gol. Ingen barn.
    Dei budde i Petterbråten i Gol.
5. Per Torson Øygarden Haugen 14.02. 1762-1823
G 1801 m Åse Nilsdtr. Arnegard Noss. Dei overtok Haugen under Skøro i 1801. Ingen barn.

Etter ein dom av 12. okt. 1751 hadde Tor halve Øygarden til brukeleg pant for eit lån på 146 rd. Vidare skulle han bruke halve heimstølen Øygardstølen og annekvart år øvre luten av Utlu-slåtta. (årebyte) Han var lagrettemann 1761.
    Anne hadde Ola Tomasson Haug=Øygarden som verge for barna. Ho vart attgift med enkjemann Ola Knutson Haugen under Skøro i Sudndalen. Ingen barn.

{2741} År: 1765

Gunvor Knutsdtr. Øygarden 1734-
Foreldre: Knut Torson Øygard og Åse Arnfnnsdtr. Veslehaugen.
Gm Ola Tomasson Skrattegard 1730.-1776s
Foreldre: Tomas ... og ... .
Gm Ivar Asleson Gunhildgard 1740c-1814
Foreldre: Asle Olson Gunhildgard og Helge Olsdtr. Sand (Hol).
*Barn i fyrste ekteskap
1. Åse Olsdtr. Øygarden 12.01. 1766-1830
G 1790 m Ola Olson Ellingsgard Øygarden. G 1807 m Ola Johanneson Myking Øygarden. Sjå neste hushald.
2. Gunhild Olsdtr. Øygarden 03.12. 1769-
Barn: Nils 1796- sjå barnebarn. Gunhild levde i 1790. Ho skulle ha 100 rd av oppgjeret då mora og stefaren selde garden i 1790.
3. Mari Olsdtr. Øygarden 26.12. 1772-
Truleg død før 1801.
*Barnebarn
1. Nub Olson Øygarden 12.06. 1796-
I 1801 var han 'konens dattersøn'. Sidan ser me ikkje meir til han.
    Foreldre: Ola Nubson Arnegard (ungkar) og Gunhild Olsdtr. Øygarden.

Ola og Gunvor gifte seg i 1765. Gunvor var enkje, men me kjenner ikkje fyrste mannen hennar.
    Ola var tambur og bonde. Dei hadde halve Øygarden den fyrste tida. Ola kjøpte skyldgods i garden i 1765 for 12 rd.
    På skiftet 27. juni 1776 vart garden lagt ut for gjeld (210 rd) til Lars Olson Rime. Gunvor vart attgift med Ivar Asleson Gunhildgard, og sat i enkjesete på Øygarden.
    Ein hestehandel mellom Ivar og A. Skjefstad på Toten fekk etterspel på tinget i 1778. I 1790 selde Ivar og Gunvor garden til svigersonen 'Ola O. Dokk' og dottera Åse for 498 rd og slikt årleg kår: 2 kyr framfødd og mjølka; 6 småfe framfødd; 3 tunner korn, ein haug sunna groven til oppdyrking, 1 settung hamp, 1 pund salt, 1 mark humle. (1221) s 271
    I 1801 vart kåravtalen frå 1790 vurdert på nytt. Det heitte då at nokre av grannane hadde klaga til øvrigheita over Ivar og Gunvor for "uordentligheter". Men no hadde dei mekla og vortne samde om at "unødig trette, klammeri eller disputt" ikkje skulle finne stad, korkje innbyrdes, mot bonden eller mot grannane. (1259) s 512
    Ivar Øygarden var lagrettemann i 1789. Dei var kårfolk på Øygarden i 1810.

{2742} År: 1790c

Åse Olsdtr. Øygarden 12.01. 1766-1830
Foreldre: Ola Tomasson Skrattegard Øygarden og Gunvor Knutsdtr. Øygarden.
Gm Ola Olson Ellingsgard Øygarden 1753-1805
Foreldre: Ola Asleson Ellingsgard og ... ... ... .
*Barn
1. Torand Olsdtr. Øygarden 05.02. 1792-
Truleg død før 1801.
2. Ola Olson Øygarden 26.12. 1793-
Truleg død i 1790-åra.
3. Mari Olsdtr. Øygarden Løken 03.11. 1799-1872
G 1831 m Bjørn Tolleivson Løken i Hemsedal. Barn: Tolleiv 1834-1895; Ola 18.. til Am. gm ... ... , (2 barn); Gjese 1832- gm Ørjans Larsson Holedokken, til Am.; Åse 1838-1901 gm Anders Intelhusbakken.
    G 1842 m Ola Anderson Skarshaugen Løken. Barn: Anne 1842- til Am. gm Nils Vilhelmson Haugen frå Herad i Gol; Margit 1844- gm Tore Henrikson Bø, Ulnes. (Hemsedal s 152)
4. Ola Olson Øygarden 03.07. 1803-1884
G 1831 m Sissel Torsdtr. Lappegard. Sjå år 1830 og nordre Øygarden/Haug.

Ola og Åse gifte seg i 1790.
    Ola arbeidde ei tid på Kongsberg, han døydde og vart gravlagt der våren 1805. Då skifteregistreringa skulle haldast hadde Åse lagt seg sjuk bak læste dørar. Ola Nilsson kom med eit skriv som synte at han hadde kjøpt Øygarden hjå Ola i 1804. Kontrakta var ugyldig og handelen vart oppattgjort. Åse var uviljug til samarbeid med skifteretten, men til sist vart det halde auksjon over lausøyre og gard. Netto eige vart 114 rd. Då kom enkja m/verge og ville kjøpe att garden for 652 rd, og det godtok kjøparen Ola L. Ulshagen.
    Åse vart attgift med Ola Johanneson Myking Øygarden. Sjå år 1809.

{2743} År: 1798

Aslak Larsson Svarteberg Holto 08.06. 1767-1824
G 1797 m Margit Ivarsdtr. Espegard. G 1817 m Ambjørg Knutsdtr. Jøto. Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.
Ola Larsson Svarteberg Ulshagen 04.07. 1779-1830
G 1802 m Haldis Knutsdtr. Ulshagen. Foreldre: Lars Torsteinson nordre Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.

Aslak kjøpte 1798 Øygarden eller Haug på auksjon for 670 rd. Han selde til Per Arneson Sire Moslåtten i 1800. Då Per var død, gjekk garden på auksjon att i 1801.
    Då fekk Ola Larsson Svarteberg tilslaget. Han selde til Ola Johanneson i 1809. Sjå meir om familien hans i søre Ulshagen. Ola kom til Haustteigen i Nord-Hovet i 1823. (Sjå Hol V s 273-74).

{2744} År: 1809

Åse Olsdtr. Øygarden 12.01. 1766-1830
Foreldre: Ola Tomasson Skrattegard Øygarden og Gunvor Knutsdtr. Øygarden.
Gm Ola Johannesson Myking Øygarden 1770-1838
Foreldre: Johannes Guttormson Holo Råen (ungkar) og Ågot Torsdtr. Myking.
*Barn
1. Tor Olson Øygarden 29.10. 1807-1883
G 1856 m enkje Ingeborg Larsdtr. Ursdalen (Gol) Tuftedokken. Sjå neste hushald.

Åse vart attgift 1807 med Ola Johanneson Myking. Øygarden vart selt på auksjonen etter fyrste mannen hennar i 1806. Tre år seinare kjøpte Ola Johanneson Øygarden for 700 rd.

{2745} År: 1830

Tor Olson Øygarden 29.10. 1807-1883
Foreldre: Ola Johanneson Myking Øygarden og Åse Olsdtr. Øygarden.
Gm Ingeborg Larsdtr. Ursdalen Tuftedokken 1790-1865
Foreldre: Lars Torsteinson Grov Ursdalen og Gunhild Anfinnsdtr. Hersgard, Gol.

Tor og Ingeborg gifte seg i 1856. Ho var enkje etter Ola Oleivson Settungsgard Tuftedokken.
    Tor overtok halve Øygarden, dvs. den søre delen, etter delinga. Far hans delte Øygarden mellom han og halvbroren Ola. Men båe ville ha garden udelt, og det vart mykje ufred. Ved grannehjelp fekk Ola betalt Tor noko gjeld.
    Tor ville ikkje ha pengar, - han ynskte helst Ola på auksjon. Våren 1844 hadde Tor og halvbroren Ola (i nordre garden) eit stygt slagsmål på Ormehaugen nedst i jordet. Karane låg og slåst i ei steinrøys medan Sissel brukte staur for å få ende på striden. Så trilla dei ned av røysa,- båe var skadde og lensmannen vart kopla inn. Tor hadde brukt kniv, og det stod om livet for Ola. Tor kom i arresten etter dette slagsmålet.
    Tor selde garden i 1859 til Eggert Tuftedokken. Tor Øygarden gav 1880 eit legat på 5400 kr til 'trengende i Ål sogn'.

{2746} År: 1860

Eggert Rasmusson Tuftedokken Myro 28.12. 1818-1903
G 1842 m Gro Eiriksdtr. Underberget. Foreldre: Rasmus Eggertson Sollien i Hol m/ Birgit Olsdtr. Brenna.
Ivar Botolvson Gjeldokk Myregard 29.11. 1834-1911
G 1866 m Guri Knutsdtr. Myregard. Foreldre: Botolv Botolvson Espegard Gjeldokk og Birgit Olsdtr. Underberg Gjeldokk.

Eggert Rasmusson kjøpte Øygarden i 1859. Sjå meir om han på Eggertmyrane. Eggert selde att på auksjon i 1860 til Ivar.
    Og Ivar selde vidare til Tor Olson Øygard. (Sjå år 1830.) Tor selde garden i 1863 til Knut Larsson for 550 spd og kår.

{2747} År: 1863

Knut Larsson Holo Øygarden 07.11. 1835-____
Foreldre: Lars Sevatson Holo og Borghild Nilsdtr. Veslehaugen.
Gm Haldis Tolleivsdtr. Opsata Øygarden 15.01. 1842-1911
Foreldre: Tolleiv Larsson Opsata og Borghild Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Lars Knutson Øygarden 12.01. 1863-
Gm Barbro Julia Roen 1873-1944. Barn: Helen Ingvalda 1898-1967; Inga Sofie 1900-1984.
    Lars og Barbro vart gift i Blue Mound Luth. church 1897. (J. Marler)
2. Borghild Knutsdtr. Øygarden 06.06. 1864-1902
Gm Paul Kittelson. Budde i Blue Mound, Luverne MN.
3. Tolleiv Knutson Øygarden 12.09. 1869-
4. Borghild Knutsdtr. Øygarden 26.09. 1871-
5. Nils Knutson Øygarden 29.05. 1875-1891
Død 14 år gamal. Truleg dreng hjå Per Person Rimeslåtta som melde dødsfallet.
6. Lars Knutson Øygarden 22.10. 1877-
Konfirmert i Blue Mound 1891.
7. Gunhild Knutsdtr. Øygarden Sandbo 21.06. 1879-1944
Gm Harold Sandbo. Barn: Mabel Henrietta 1906-1907; Carl Johan 1907-1907; Ruth Viola 1908- ; Henry Gerhard 1910-1982 gm Agnes Bergeson (3 barn); Marian 1912- ; Lillie 1914- gm Kermit Huseby (1 barn); John Melvin 1916-1987 gm Alice Larson (2 barn); Bernice 1924- . (1634)
8. Ola Knutson Øygarden 31.12. 1881-
Gm Paul Kitilson Barn i USA: Ole K. 1884- gm Margret Nelson (5 barn); Tilda Sofia 1887- . (1634)

Knut og Haldis gifte seg i 1862. Knut bygde ny stugu (no hytte på Nystølen). Knut tok opp fleire lån og gjekk konkurs i 1879.
    Knut delte frå langstølen på Fekjastølen og makeskifte den bort. Så selde han stølen han fekk. Han forpakta Gjeldokkslåtta frå 1881.
    Dei reiste til Amerika 1883: Clermont i Fayette County i Iowa. De bodde i Fayette til 1889 då de flytte til Rock County i Minnesota. (epost Harald Lorentzen)

{2748} År: 1882

Ola Arneson Bergsgard Øygard 10.07. 1844-1916
Foreldre: Arne Arneson Arnegard Bergsgard og Haldis Olsdtr. Sehl.
Gm Sissel Henriksdtr. Huus Øygard 30.08. 1842-1929
Foreldre: Henrik Eilevson Huus og Guri Syversdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Øygard 03.10. 1869-1895
G 1890 m Eirik Mikkelson Veslehaug. Barn: Michael 1892-1967 gm Borghild Kjemperud (3 barn); Guri 1894-1989 gm Olav Vebjørnson Kaupang, (Hol) (5 barn). (1647)158
    Eirik og Guri hadde garden Sandaker på Modum.
2. Arne Olson Øygard 18.07. 1871-1910
G 1902 m Olga Josefine Andersen, Fredrikstad 1877-1959. Barn: Arne Ola 1903-1979 gm Ellen Andrea Thorsen, tilsett ved polet i Fredrikstad (ingen barn); Haldis 1904-1984 fullmektig, fekk kongeleg fortenestmedalje; Margit 1907-2002 gm Petter Stensgård, busett Fredrikstad (ingen barn); Ragnhild 1909-ung; Ludvig Henrik 1910-1973 gm Åse Marie Nygren, dreiv bensinstasjon (2 barn).
    Som 9-åring var Arne tilstades på overhøyringa av konfirmantar. Han gav svar der konfirmantane stod fast, og fekk då 25 øre hjå presten. Som gjætargut på Olset fekk han bjørn etter saueflokken ein dag. Eit lam og ein killing vart teken. Då var det ei stor raudkolla ku som 'tok seg belg' på bjørnen og jaga han. Ved eit anna høve skræmde dei bjørnen med lurblåsing ei haustnatt på stølen. (1770)
    Arne var utdanna agronom frå Sem, sjukehusforvaltar ved Ullevoll og Rotvold. Sidan busett i Fredrikstad. Olga var oversyster på sjukehuset.
3. Henrik Olson Øygard 03.03. 1873-1904
G 1901 m Rangdi Olsdtr. øvre Arnegard 1874-1966. Ingen barn.
    Henrik var skomakar. Dei sette seg opp ei kvitmåla stugu i Øygarden.
4. Haldis Olsdtr. Øygard Lien 17.02. 1875-1936
G 1902 m Ola Person Lien, Hemsedal. Barn: Petter Olav 1903-1967 g 1937 m Gudrun Larsen, likningsfullmektig (1 barn).
    Haldis og Ola dreiv lenge hotell 'Kong Sverre' i Drammen, og åtte eit småbruk i utkanten av byen.
5. Birgit Olsdtr. Øygard Baklien 09.03. 1877-1968
G 1904 m Asle Botolvson Baklien. Bnr. 41/1.
6. Ola Olson Øygard 01.04. 1879-1879
7. Ola Olson Øygard 29.12. 1880-1966
G 1909 m Margit Botolvsdtr. Baklien. Sjå neste hushald.
8. Syver Olson Øygard Odegard 11.12. 1882-1972
Barn m Birgit Larsdtr. Bomberud: Haldis 1902-1998 gm Asle Hermannson Vestenfor.
    G 1907 m Anna Elise Kristiansen. Barn: Ole Carl 1907-1936 gm Alma G. Tweeten (1 barn); Syver Arnold 1908-1994 gm Inez Mae Tweeten (1 barn); Klara Sidsel 1912-1987 gm Adolph Edward Holritz (2 barn); Rolf Bernhardt 1915-1965 gm Eleanor ... (5 barn); Carmen Lucille 1924- gm Ola Olson Nyhusmoen (Soneson til Syver O. Nyhusmoen 1843-1892) (3 barn). (962)
    Syver budde i Drammen i 1900. Reiste til Am. 21. mars 1902. Han skreiv seg Odegard i Am.
9. Arne Olson Øygard Odegard 17.08. 1885-1967
G 1912 m Alma Louise Bergh. Barn: Orris Arnold 1914-1914; Adeline Christine 1916-1980 gm Ernest Manford Peterson, busett i Great Falls Montana (4 barn); Norman 1920-1990 gm Doris Cowell Hampton, busett Laurel, Montana (3 barn).
    G 1948 m Rose Lambert 1899-1970. Ingen barn. Han skreiv seg Odegard i Am.
    Dei budde fyrst i Cheyenne ND, frå 1922 i Harlem i Montana. Arne var snikkar og tømmermeister. (962)
10. Kari Olsdtr. Øygard Sollien 21.06. 1888-1963
G 1915 m Ola Olson Sollien. Sjå Hellingteigen, gnr. 20/15.

Ola og Sissel gifte seg i 1870. Dei pakta ein Skrindo-gard i 1879, Gunhildgardsgjerda i 1880 og kjøpte Øygarden på auksjon for 2000 kr i 1882.
    Sissel var svært så vakker i unge år. Av lynne var ho munter, open og beintfram. Sissel tok hand om ei gamal legdekjering som mange andre jaga frå seg. Den gamle fekk halde til på Øygarden til ho døydde.
    Sissel var svært flink med bunadsaum. Og ho hadde fin handskrift. (Frå eit slektshefte av L. Reinton.) I 1900 heitte det at ho var 'Gaardmandskone og linsyerske.'