Øygarden nordre gnr. 48 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Øygarden nordre gnr. 48 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sjå innleiinga til søre Øygarden. Dette er vestre delen av Øygarden etter delinga i 1831.
    Slektsnamnet er Øygard eller Ødegård.
    Areal 1865: åker 10 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 26 mål. Avling 8 1/2 tunne bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 150 mål, anna utmark 250 mål. Beitene og litt av jorda vert leigd bort.
    Våningshus bygt 1900, påbygd i 1950-åra og rest. 1983, uthus 1896, loft 1914.
    Stølar: heimstøl i Dokken/Stolpelidokken, langstøl på Fekjastølen.

{2753} År: 1831

Ola Olson Øygarden 03.07. 1803-1884
Foreldre: Ola Olson Ellingsgard Øygarden og Åse Olsdtr. Øygarden.
Gm Sissel Torsdtr. Tistilsgard Øygarden 11.08. 1793-1885
Foreldre: Tor Eirikson Tistilsgard-Lappegard og Mari Oleivsdtr. Settungsgard.
*Barn
1. Ola Olson Øygarden 06.03. 1833-1908
Ugift, døydde som kårmann på Øygarden.
2. Åse Olsdtr. Øygarden 28.02. 1836-1905
G 1858 m Torkjell Olson Opheimsjorde Øygarden. Sjå neste hushald.

Ola og Sissel gifte seg i 1831. Ola og halvbroren fekk kvar sin del av garden i 1831. Men dei to gjekk dårleg i hop. Våren 1844 var Ola nær ved å bli drepen av halvbroren. Sissel svarpa og slo med staur slik at slagsmålet stogga og Ola kunne få sårbehandling. Sjå meir under søre Øygarden.
    Ola var vaktmann ved arresten på Sundre. Det var ikkje alltid like greitt. I 1835 vart han sjølv dømt til fem døgn på vatn og brød. Grunnen var denne: "for med Skjødesløshet at have givet anledning til Arrestantene Reier Bjørnsen og Syver Aslaksen's Undvigelse fra Arresten."

{2754} År: 1859

Åse Olsdtr. Øygarden 28.02. 1836-1905
Foreldre: Ola Olson Øygarden og Sissel Torsdtr. Tistilsgard.
Gm Torkjell Olson Opheimsjorde Øygarden 25.03. 1830-1913
Foreldre: Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde og Birgit Olsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Birgit Torkjellsdtr. Øygarden 02.04. 1863-1932
G 1892 m Knut Larsson Sundrebråten Øygarden. Sjå neste hushald.

Torkjell og Åse gifte seg i 1858.