Bakke, nordre gnr. 49 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bakke, nordre gnr. 49 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Bakke er den vestre delen av den opphavlege garden Bakke. I tida 1846 til 1870 var garden delt i to bruk. Etter samanslåinga av bnr. 2 og 4 vart tunet flytta opp om lag 100 til noverande stad. Dei gamle tuftene er fjerna.
    Areal 1865: åker 20 mål, naturleg eng 56 mål, utslått 37 mål. Avling 18 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 45 da og anna jbr. 60 mål som vert leigd bort, prod. skog ca. 200 mål, bjørkeskog og anna utm. 214 mål. Våningshus bygt 1905, stabbur og loft omkr. 1750, loftet vart rest. omkr. 1950, eldhus omkr. 1750, fjøs 1911, låve rest. 1920.
    Stølar: heimstøl i Bakkedokken, langstøl på Briskeset. Tidlegare heimstøl, Oppåstølen, vart frådelt som eige bruk i 1821.
    Nokre stadnamn: Gommoeikra og Gamlemannåkeren (kårstykke); Humlegarden; Helgegjerda (i hamnehagen); Kallegjerda (truleg etter kalling på dyra, nemnt fyrste gong i 1748).
   

{2779} År: 1775c

Ola Amundson Bakke 15.08. 1745-1824
Foreldre: Amund Olson Gunhildgard Bakke og Kari Persdtr. ... .
Gm Haldis Torkjellsdtr. Kvelprud Bakke 01.01. 1753-1818
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og 2.g Guri Sveinsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Bakke 17.02. 1771-
2. Torkjell Olson Bakke Karlsvik 26.01. 1772-1835
G 1816 m Margit Larsdtr. Myrland. Barn: Ingeborg 1817- g 1846 m Marcus Simensen (4 barn); Haldis 1820- til Bud i 1849; Birgit 1825- g 1853 m Knut Arnesen MalmeStranden (3 barn). Truleg også ein son Oliver ....-1917. (1772)
    Torkjell og familien reiste til Fræna i Romsdal i 1826, og for neste år til Hustad i Bud pr. gj. i Romsdal. Dei budde på ein plass under Karlsvik i Bud til Torkjell døydde alt i 1835. (Brev frå Knut Reidar Sande.)
3. Amund Olson Bakke 13.03. 1774-1840
Amund var på legd i over 30 år før han døydde hjå Lars Torsteinson Svarteberg i 1840.
4. Håkon Olson Bakke 08.10. 1775-1775
5. Halvor Olson Bakke Øygard 29.09. 1776-____
G 1807 m Margit Johannesdtr. Gunhildgardbakken. Sjå inderstar.
6. Guri Olsdtr. Bakke Bråtalien 09.09. 1781-1861
G 1807 m Lars Herbrandson Bråtalien, gnr. 4/1. G 1813 m Botolv Embrikson Rotneim Bråtalien.
7. Kari Olsdtr. Bakke 22.09. 1782-
8. Kari Olsdtr. Bakke 1785-
9. Birgit Olsdtr. Bakke Djupedal 25.05. 1788-1871
Ug. Barn med Tor Eivindson Stranden - Dokken i Hol: Ola 1818- til Djupedal. Birgit døydde på legd i Opheim.
10. Håkon Olson Bakke 28.10. 1792-
11. Ingeborg Olsdtr. Bakke Opheimsrudningen 1794-1868
G 1835 m Mons Hansson Bråten (i Hemsedal) Opheimsrudningen 22/93. Ingeborg var tenestejente på Fornebu i 1819.
12. Ågot Olsdtr. Bakke 02.07. 1797-

Ola Amundson overtok garden etter foreldra. Han fekk skøyte på Bakke i 1788 for 695 rd og kår til foreldra og 'synløs broder', dvs. Ola Amundson d.y. Ola måtte låne 396 rd til gardhandelen. (1221) s 68
    I 1792 selde dei garden til Embrik Olson for 630 rd. Heretter skulle dei bruke søre Bakkejordet m.m. på livstid.
    Ola og Haldis sat i stor armod 1795 med mange småe barn og stor gjeld. Haldis arva 214 rd etter mora. Det kom nok vel med. Utan denne arven hadde familien måtta 'med stor sorg gribe til betle-stien', skreiv Ola Amundson.
    I 1801 var han husmann med jord.

{2780} År: 1788


Torkjell Olson Tistilsgard Vesledalstugu Opheim kjøpte ein part i Bakke i 1788. Han selde til Embrik Olson i 1794, og kom nok ikkje til å bu på Bakke.

{2781} År: 1792

Embrik Olson Håheim Bakke 27.06. 1756-1845
Foreldre: Ola Sevatson Thon Håheim og Birgit Embriksdtr. Tveito.
Gm Borghild Gunvaldsdtr. Sundrehagen Bakke 1765-1831
Foreldre: Gunvald Johanson Sundrehagen Bomberud og Guri Olsdtr. nordre Rue (Hol).
*Barn
1. Ola Embrikson Bakke 20.02. 1791-1871
G 1822 m Mari Olsdtr. Haug. Sjå neste hushald.
2. Birgit Embriksdtr. Bakke Tveito 20.05. 1793-1882
G 1837 m Lars Embrikson Tveito.
3. Guri Embriksdtr. Bakke Glomshaugen 1797-1899
G 1842 m Oleiv Olson Glomshaugen. Ho budde i Glomshaugen i 1845. Ho kom heim att påskemorgon 1845 etter ei vake-natt hjå ein sjuk, då låg Bråta-Per og sov på ein krakk i stugu hennar. Ho spurde om han kom sunnanfrå, og Per svara "Ja". Meir vart ikkje sagt. (1513)
4. Anne Embriksdtr. Bakke Haugen 1799-1845
G 1843 m Syver Botolvson Botolvshuset Opheimshaugen, gnr. 22/74
5. Ola Embrikson Bakke Grasstauren 05.12. 1802-1892
G 1830 m Helge Larsdtr. SataBakken. Sjå Sandbø.
6. Sevat Embrikson Bakke 18.06. 1805-____
Død liten.

Embrik fekk skøyte på Bakke i 1792 for 630 rd og 2 kår. (Det var: Margit Persdtr. Bakke og sonen hennar Ola Amundson Bakke som skulle bruke søre Bakkejordet m.m. på livstid.) (1221) s 530b
    Embrik makeskifta langstølen Fekjastølen i 1811 og fekk att Briskeset på Nystølane. Same året selde han garden til sonen. Buet etter Borghild i 1831 var tomt.

{2782} År: 1811

Ola Embrikson Bakke 20.02. 1791-1871
Foreldre: Embrik Olson Bakke og Borghild Gunvaldsdtr. Sundrehagen.
Gm Mari Olsdtr. Haug Bakke 03.09. 1780-1861
Foreldre: Ola Larsson Kvinnegard Haug og Mari Knutsdtr. Noss Haug.

Ola Embrikson var ute i krigen 1807-14. Ola og Mari gifte seg i 1822.
    Han selde frå Oppåstølen i 1821, og delte garden i to i 1846. Deretter selde han båe delane, og tok kår i 4 punkt m.a. årleg 1 1/2 tunne bygg á 20 settung og 18 mark pr. settung.
    Mari låg sjuk i mange år, og det var såleis ei ubetydeleg eige i 1861. 'Han geskjeftigelse har for det meste været at opvarte hende', skreiv skifteretten.

{2783} År: 1845

Ola Sevatson Tune Bakke 02.06. 1800-1849
Foreldre: Sevat Eirikson myljo Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberg.
Gm Kristi Olsdtr. Strand Bakke 06.10. 1805-1845
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl Strand Larsstugu og Kristi Larsdtr. Strand.
*Barn
1. Ola Olson Tune Bakke 31.10. 1833-1914
G 1861 m Sigrid Ellingsdtr. Nerolseie i Hol 1842-1873. Barn: Kristina 1863- g 1891 m Edvart Ivarson Kulaas (Skogn); Ole 1865- ;Ole 1866- ; Ole Johan 1866-1941 g 1893 m Olga Norli; Elling 1869-1953 gm Ida Lunde; Inga Beata 1871- , g 1894 m O. K. Bakken; Lina 1873- .
    G 1875 m enkje Anna Knutsdtr. ... 1842-1917. Barn: Anette 1876- g 1901 m Hans Bjugan.
    Familien var i Minneola både 1870 og 1880. (1344) Etterkomarar i Benford, ND.
2. Sevat Olson Bakke 23.10. 1836-1939
3. Borghild Olsdtr. Bakke Bråtan 06.11. 1839-1932
G 1867 m Otter Evensen Hanevold, Asker ....-1913. Barn: Emilie 1868-1931 g 1890 m bonde Andreas Sørbye (7 barn); Even 1872-1947 snikker og gardbrukar på Holt i Skoger, gm Helma Johansen (2 barn). (1674)
    Borghild reiste til Skoger 1866. Otter var snikkar og gardbrukar. Dei dreiv bruket Bråtan i Skoger. "Usedvanlige strevsomme folk" står det i Skogerboka.
4. Kristi Olsdtr. Bakke 11.01. 1843-
Barn m/Eilev Sevatson: Kristi 1883- , ho vaks opp på Lå.
    Kristi reiste til Skoger 1866. Ho tente på østre Solberg i Borre i 1883.
5. Sevat Olson Bakke 03.08. 1845-
*Barnebarn
1. Kristi Eilevsdtr. Bakke Lå 21.03. 1883-____
G 1905 m Lars Mikkelson Stølen søre Lå, gnr. 101/1.
    Foreldre: Eilev Sevatson Ruud (ungkar) og Kristi Olsdtr. Bakke Vangen.

Ola og Kristi gifte seg i 1833. Kristi hadde dottera Lukris Knutsdtr. f. 1827.
    Ola hadde kjøpt halve garden Bakke for 200 spd, men hadde ikkje fått skøyte i 1846. Den tidlegare eigaren av garden, Ola Embrikson, sat med skøytet, og hadde stor gjeld. M.a. held kjøpmann Bruun i Drammen eksekusjonforretning og reiste med to års avling a 100 spd. På skiftet etter Kristi i 1845 var det difor uvisst kva verdiar Ola hadde i garden. Lausøyret var 9 spd (ingen husdyr), og der var uteståande krav på 120 spd. Johannes Steingrimson overtok Ola Sevatson sin del i garden Bakke.
    På skiftet etter Ola i 1849 vart dei foreldrelause ungane sette bort slik: Sevat (3 år) til Eirik Opheimsjorde; Borghild (9 år) til Ola Håkonson Bæra; Kristi (6 år) til Guttorm Johanneson Hansebråten. Netto eige var 61 spd.

{2784} År: 1846

Johannes Steingrimson Rudningen Bakke 02.07. 1797-1858
Foreldre: Steingrim Johannesson Rudningen-Noss og Margit Eilevsdtr. Granhagen.
Gm Sissel Knutsdtr. Bergadekko Bakke __.__. 1811-1887
Foreldre: Knut Torgeirson Tuftedokken Bergadekko og Guro Eiriksdtr. Lappegard. Født i Drammen.
*Barn
1. Margit Johannesdtr. Bakke 27.01. 1840-1918
Gm Ola Larsson Holeplass Bakke. Sjå neste hushald.
2. Guro Johannesdtr. Bakke Tuhusbakken 17.03. 1841-1927
G 1870 Bærum m/arbeidar Erik Jørgensen Horni-eie 1846- . (1034)
    G 1877 m Arne Larsen Strømstad under Trandem,1849-1883. Barn: Carl Hjalmar 1874- ; Laura Sofie 1877-1942 g 1903 m Karl Hagbart Hansen Børrud (2 barn); Mens August 1879- ; Sigurd Gerhart 1882-1884.
    Arne og Guro budde på Tuhusbakken, Skotterud i Eidskog. Arne var skomakar, Guro sydame. (Brev K. Børrud)
3. Birgit Johannesdtr. Bakke Holeplass 22.09. 1842-1895
G 1866 m Lars Larsson Holeplass.
4. Sissel Johannesdtr. Bakke Gjerden 20.09. 1845-1926
G 1879 m Knut Knutson Haug Anfinngarden Gjerden. Sjå Øygardsslåtta.
5. Knut Johannesson Bakke 06.10. 1847-1862
Knut og ein kamerat skulle sjå til med rypesnarene sine i Kinnhovdene i februar 1862. Då losna eit snøras og Knut omkom. Men kameraten berga livet. (1016)

Johannes og Sissel gifte seg i 1839. Johannes kjøpte halve nordre Bakke i 1846, men hadde budd på garden frå 1840 om lag. I 1840 leigde Johannes stølen Ruudstølen hjå Eirik Olson.
    Dottera Margit Johannesdtr. gjætte buskapen oppe ved Urdevollane kring 1852. Ho gjætte saman med Ola Embrikson Sehl. Brått kom det tre ulvar farande, gjekk laus på ei kvige og beit ho sundt i svangen. Gjætsleungane skreik og svinga stavane slik at ulvane rømde. (Ål III s 530)
    I oppgjeret låg også kårkontrakt i to punkt for Ola Sevatson Bakke og kona: 1/2 mål åker med 3 lass gjødsel, og 1 mål engeland. Det var heile kåret. Sjå år 1845.

{2785} År: 1870

Margit Johannesdtr. Bakke 27.01. 1840-1918
Foreldre: Johannes Steingrimson Rudningen Noss Bakke og Sissel Knutsdtr. Bergadekko.
Gm Ola Larsson Ørjansplass Bakke 23.05. 1825-1874
Foreldre: Lars Ørjansson Ørjansplass/Holeplass og Guri Olsdtr. Sata.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Bakke Holo 26.12. 1864-1895
Gm Eirik Syverson Holo.
2. Sissel Olsdtr. Bakke Haugen 29.07. 1866-1910
G 1888 m Ola Tomasson Bergahagen Skjerpinghaugen. Sjå Bergahagen og Skjerpinghaugen, gnr. 12/14. Til Am. 1894: Zumbrota, MN.
3. Lars Olson Bakke 27.12. 1873-1960
G 1895 m Birgit Syversdtr. Holo. Sjå neste hushald.

Ola og Margit gifte seg i 1864. Ola vart drepen 1874 i eit samvær i ein plass under Holo. Det var ikkje uvenskap som førte til drapet. Gjerningsmannen hadde fått "øl-kveisa", vart det sagt. (Delirium?)

{2786} År: 1900

Lars Olson Bakke 27.12. 1873-1960
Foreldre: Ola Larsson Holeplass Bakke og Margit Johannesdtr. Bakke.
Gm Birgit Syversdtr. Holo Bakke 28.10. 1869-1931
Foreldre: Syver Torkjellson Haugo Holo og Margit Eiriksdtr. Presteikrene Holo.
*Barn
1. Ola Larsson Bakke 16.12. 1895-1976
G 1922 m Rangdi Mikkelsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
2. Syver Larsson Bakke 16.12. 1895-1982
G 1923 m Kari Nilsdtr. Skrindo 1900-1990. Barn: Lars 1924- gm Ragnhild Kihlen Larsen (3 barn); Ragnar 1926- gm Gullbjørg Ihlen (2 barn), gm Bjørg Grøterud (2 barn); Birger 1932- ugift ingeniør, busett i Sverige; Kjell Sverre 1935- gm Margrete Bjerga (3 barn).
    Syver og Kari flytta til Skoger. Dei kjøpte ein Granstad-gard i Sande.
3. Margit Larsdtr. Bakke 22.01. 1899-1928
Ugift. Ho vart kalla Store-Margit. Ho hadde sukkersjuke.
4. Guri Larsdtr. Bakke Brekke 04.01. 1902-1992
Gm Ludvig Brekke, Oslo. Ingen barn.
5. Torkjell Larsson Bakke 28.02. 1906-1924
Torkjell hadde sukkersjuke.
6. Margit Larsdtr. Bakke Tveito 06.02. 1912-2005
G 1934 m Ola Sveinson Tveito. Sjå eige hushald.

Lars og Birgit gifte seg i 1895. Dei fekk tvillingar same året, men jordmora passa målsnora så det ikkje skulle vera tvil om kven som var odelsguten.
    Lars miste far sin i fyrste leveåret. Han starta som bonde i 13-års alderen, og fekk skøyte på garden hjå mora i 1900. Han var ein seig arbeidskar. Det fortelst at han kunne arbeide i åkrebrotet på juleftan.