Oppåstølen gnr. 49 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Oppåstølen gnr. 49 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Oppåstølen, Bakkestølen eller Stølen var opphavleg heimstøl under nordre Bakke. Bruket vart selt i 1821 og ligg no under Bakkeplass. Bruket har rettar til beite og skog.
    Oppåstølen ligg ovanfor nordre Bakke, og er det høgastliggjande bruket i grenda.
    Areal 1865: åker 3 mål, naturleg eng 16 mål. Avling 2 tunner bygg.
    Husa er ei stugu frå 1890-åra (no feriestad), loft frå 1880, og uthus frå 1956.
    Bruket har heimstøl i Hello. Den er komen frå Gunhildgard.
   
   

{2789} År: 1821

Lars Torsteinson Sundrelien Bakkeplass 24.09. 1775-1849
Foreldre: Torstein Larsson Sundrelien/Larslien (ungkar) og Marte Embriksdtr. ... (Truleg syster til Gunhild Embriksdtr. Uppistugu Torset på søre Opheim.)
Gm Guri Johannesdtr. Gunhildgard Bakkeplass 1776-1857
Foreldre: Johannes Knutson Breie Gunhildgard og 2.g Margit Persdtr. Skrindo.
*Barn
1. Marte Larsdtr. Bakkeplass 18.07. 1802-
2. Margit Larsdtr. Bakkeplass Trintrud 01.06. 1804-1888
G 1840 m Torkjell Arneson Trintrud-eie. Sjå Inderstar Trintrud.
3. Torstein Larsson Bakkeplass 21.06. 1807-1810
4. Margit Larsdtr. Bakkeplass SørbøensMoen 05.09. 1810-1895
G 1838 m Svein Asleson Sundrebråten Krosshaug. Sjå Nedre Moen.
5. Torstein Larsson Bakkeplass 24.03. 1816-1816
6. Anne Larsdtr. Bakkeplass Teigen 20.09. 1817-1889
G 1879 m Embrik Embrikson Tveito Teigen.
7. Torstein Larsson Bakkeplass 29.12. 1820-1890
G 1850 m Birgit Jakopsdtr. Tveito. Sjå neste hushald.

Lars og Guri gifte seg i 1801. Sjå Larslien år 1798. Med Guri kom truleg heimstølen i Hello. Dei budde på Gunhildgard frå 1807 fram til Lars kjøpte Oppåstølen eller Stølen hjå Ola Embrikson Bakke i 1821.
    Nokre av ungane vaks opp på legd i Votndalen 1816-1836.

{2790} År: 1850c

Torstein Larsson Bakkeplass 29.12. 1820-1890
Foreldre: Lars Torsteinson Larslien Bakkeplass og Guri Johannesdtr. Gunhildgard.
Gm Birgit Jakopsdtr. Tveito Bakkeplass 03.07. 1825-1900
Foreldre: Jakop Arneson Sehl Arnegard Tveito og Birgit Embriksdtr. Arnegard.
*Barn
1. Lars Torsteinson Bakkeplass 08.07. 1851-1931
Sjå neste hushald.
2. Jakop Torsteinson Stølen Bakkeplass 11.02. 1853-1927
G 1882 m Ingebjørg Torsteinsdtr. Huus. Sjå Bakkeplass år 1882.
3. Guri Torsteinsdtr. Bakkeplass Karlsen 23.11. 1854-1932
Gm Peder Laurits Karlsen, Vestre Aker 1858-.... . Barn: Karl Torvald 1879-ung; Ole Torvald 1881- g 1902 m Helga Stensrud (2 barn); Karoline 1883- gm Sigurd Thorleif Undhjem; Borghild 1888-1956 gm kjøpmann Arnt Stensrud; Christian 1890- gm Helga Kristiansen (1 son); Ågot 1892- gm Reidar karlsen Kristiansen; Magda Otilie 1894- gm ... ..., Drammen; Thora Lovise 1899-1994 gm Hans Erling Wego; Gunda Elise 1899-ung. (1579), (A. Styrkestad.)
    Guri var i tenest hjå Fredrik Bay i Pilestredet 85 i 1875. Peder var møllar og vognmann i Vestre Aker.
4. Birgit Torsteinsdtr. Bakkeplass Bjerke 25.12. 1856-1933
Gm Hans Johan Hansen Bjerke 1859-1941. Barn: Hans 1878- gm Anna Maria Hansen (2 barn); Marie 1881- gm Bertolf Karlsen (2 barn); Torvald 1883-1970 gm Borghild Halvorsen (2 barn); Bernt 1885- gm Klara Ovidia Løken (5 barn); Jakop 1887- gm Magda Louise Larsen (4 barn); Gustav 1890-1964 gm Karoline Helgesen (6 barn); Tora 1891-1993 gm Martin Amundsen (4 barn); Otto 1894- ; Johan Bernhard 1897-1982 kjøpte Bjerkeplassen, gm Hjørdis Berger (4 barn); Ågot 1901-1986 gm Oskar Haugen, Bærum (1 son). (1579) (Oppl. Arne Styrkestad og Kjell Bjerke)
    Hans var husmann på Bjerke under Voksen i Vestre Aker.
5. Torstein Torsteinson Bakkeplass 23.03. 1859-
Ug. Torstein var i Am. i åtte år. Kom heim att, reiste til Am. att og døydde etter eit år.
6. Guri Torsteinsdtr. Stølen Stuserud 16.10. 1862-
Gm Karl Stuserud frå Høland. Ho reiste til Am. i lag med bror sin.
7. Arne Torsteinson Stølen Solheim 27.04. 1865-1951
G 1893 m Barbro Torsdtr. Tveito. Sjå Styrkestad, gnr. 103/1.
8. Marte Torsteinsdtr. Stølen Langeland 16.01. 1871-1936
G 1910 m Embrik Olson Langeland. Sjå eige hushald.
9. Embrik Torsteinson Bakkeplass Stølen 21.05. 1874-1956
G 1900 m Ambjørg Olsdtr. Gunhildgard. Sjå Stølen.

Torstein var fyrst trulova med Guri Arnesdtr. Bakke (1809-1844). På veg til kyrkja for vigsling, vart ho sjuk og fall i barselseng. Både Guri og barnet døydde. Torstein arva eignelutane og farsarven, det var hennar siste vilje.
    Torstein og Birgit gifte seg i 1850. Torstein brukte Oppåstølen eller Stølen utan heimel.

{2791} År: 1890c

Lars Torsteinson Bakkeplass Stølen 08.07. 1851-1931
Foreldre: Torstein Larsson Bakkeplass og Birgit Jakopsdtr. Tveito.

Ug. I unge år var Lars soldat ved garnisonen i Kr.ania. Ein gong var han uheldig med ein av sine overordna og fekk nokre dagar i kakebua. Men Lars hadde det etter måten bra. Kameraten Eilev Ruud var kokk, og han ordna det slik at Lars fekk fløyte med sukker på i staden for te!
    Lars hadde Oppåstølen utan heimel ei tid. På auksjonen etter han kjøpte brordottera bruket.
    Lars budde på nordre Stølen og skreiv seg 'Stølen'. Han var timremann og snikkar.