Teigen gnr. 49 bnr. 5
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Teigen gnr. 49 bnr. 5-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Teigen er eit småbruk som ligg på austre kanten av søre Bakke. Teigen vart frådelt søre Bakke i 1809 og gjekk i fleire handlar i tida fram til 1842. Bruket hadde opphavleg rett til å rydde heimstøl ved Rauna.
    I 1835 var Torkjell Knutson Svarteberg og kona på 'Bakketeigen i Votndalen'. Deretter vart bruket attkjøpt av bonden på Bakke. I folketeljingane 1865, 1875 og 1891 vart Teigen brukt under Bakke.
    Areal 1865: åker 3 mål, naturleg eng 20 mål. Avling 3 tunner bygg og 3 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 37 mål, prod. skog 199 mål, bjørkeskog 89 mål, anna utm. 34 mål.
    Våningshus påbygt 1943, stabbur 1790, uthus 1938. Det var husdyr på bruket fram til 1950. Nytt hus på garden???
   
{2796} År: 1835
Torkjell Knutson Svarteberg Gåsterud 10.09. 1786-1873
G 1835 m enkje Guri Olsdtr. Gåsterud/Torpeslåtta. Ingen barn.
Foreldre: Knut Håkonson Svarteberg og Birgit Torkjellsdtr. Skrindo.
Torkjell var furer og sersjant under krigen 1807-14. Etter to år på Torpeslåtta kjøpte dei 'Bakketeigen i Votndalen' kring 1835. Han var ein flink rosemålar. (Sjå Rosemåling i Hallingdal ved N. Ellingsgard s 174-177)
    Dei makeskifte Teigen mot myljo Tveito i 1840. Sjå også Rasmusplassen under Tveito.
{2797} År: 1840
Ola Olson Tveito 26.12. 1793-1864
G 1818 m Ingeborg Andersdtr. Rotneim, Gol.
Foreldre: Ola Olson myljo Tveito og Ragnhild Larsdtr. Løyte.
Ola måtte gå frå Tveito, gnr. 55/10 grunna gjeld. Ved makeskifte i 1840 overtok han Teigen.
    Sidan budde han m.a. 18 år på Sata og hadde dagarbeid rundt på gardane. Det vart både livnæring og ein opplagt kapital på 100 spd tilslutt.