Bakkeplass gnr. 49 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bakkeplass gnr. 49 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bakkeplass eller Haugen var opphavleg ei slåtte under Bakke. Fyrste bygselmannen er nemnt i 1749.
    Bakkeplass ligg rett opp for søre Bakke. Oppåstølen bnr. 3 vart slege saman med Bakkeplass i 1979.
    Garden grensar mot Øygarden i aust, Bakke i sør og Oppåstølen i vest.
    Areal 1865: åker 6 1/2 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 12 mål. Avling 5 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, anna jbr. 44 mål, prod. skog 36 mål, anna utm. 157 mål.
    Våningshus bygt 1984, loft omkr. 1880, driftsbygning 1980. Buskap 70 vinterfora sauer.
    Stølar: heimstøl i Hello, langstøl på Hellebu. Hagoteigen 42/13 er smf. med eigedomen. (skogteig?)
   

{2803} År: 1771

Ola Syverson Bakke Bakkeplass 07.06. 1744-1788s
Foreldre: Syver Asleson Bakke og Liv Aslesdtr. Lå.
Gm Birgit Larsdtr. Rabbestølen Bakkeplass 01.01. 1753-1809
Foreldre: Lars Isakson Skøro Rabbestølen og Sunnev Knutsdtr. Nedrejorde, Hol.
*Barn
1. Lars Olson Bakkeplass SørbøenStølen 1783c-1847
Gm Liv Embriksdtr. Opheim. Sjå Sørbøenstølen, gnr. 23/1c.

Ola og Birgit gifte seg i 1782. Ola fekk skøyte på Bakkehaugen/Bakkeplass i 1771 for 140 rd hjå Arne Torkjellson Bakke. Med plassen fylgde: åker 1 1/2 mål samt noko engeland som far hans hadde brukt; hus; ein skogrem i 6 stengers breidde, dvs. 1/4 av heimrasta; del i utrast i "østre åsen". Det var høve til å opprette støl på Stolpelidokken og på ein annan stad. Dessutan skulle Ola ha lov til å rydde støl ved Fekjastølen. (1194) s 474b
    På skiftet etter Ola 28.06.1788 var det 72 rd å dele på enkja og sonen. Birgit vart attgift med Eivind Olson Håheim. Sjå neste hushald.

{2804} År: 1790

Birgit Larsdtr. Rabbestølen Bakkeplass 01.01. 1753-1809
Foreldre: Lars Isakson Skøro Rabbestølen og Sunnev Knutsdtr. Nedrejorde, Hol.
Gm Eivind Olson Snogsrud Bakkeplass 10.03. 1753-1804
Foreldre: Ola Torson Håheim Snogsrud og Gjertrud Eivindsdtr. Dokken.
*Barn
1. Ola Eivindson Bakkeplass 26.12. 1793-1832f
Ola døydde som inderst i Juvsjord 'lengre tid før' 1832. Buet var på 3 spd og arvingane var fullsyster Mari Eivindsdtr. og halvbror Lars Olson Sørbøens-eie.
2. Mari Eivindsdtr. Bakkeplass Øyen 1798-
G 1832 m Ola Olson Slettemoen Øyen, Hol. Barn: Turid 1822- gm Ola Knutson Gudbrandsgard til Am.; Birgit 1832- gm Svein Olson Kvamshaugen til Am.; Ola 1835- overtok Vestre Øyne, gm Birgit Olsdtr. Klemmitplassen (Sandåkerøyen); Eivind 1840-ung; Ola 1843- til Am. i 1878.

Birgit vart attgift med Eivind kring 1790. I 1790 selde Eivind plassen Bakkeplass med lausøyre til Ola S. Skrindo, men skulle sjølv bruke plassen så lenge han kunne greie renta.
    I 1797 var Eivind og Ola T. Arnegard i forlikskommisjonen vedr. Holeplassen. Saka vart vist til retten. (1407) s27
    Det var 221 rd å dele etter Birgit i 1809.

{2805} År: 1817

Lars Torsteinson Sundrelien Bakkeplass 24.09. 1775-1849
G 1801 m Guri Johannesdtr. Gunhildgard. Foreldre: Torstein Larsson Sundrelien/Larslien (ungkar) og Marte Embriksdtr. ... (Truleg syster til Gunhild Embriksdtr. Uppistugu Torset på søre Opheim.)

Lars fekk skøyte på bruket i 1817. Sjå også Gunhildgardbakken og Oppåstølen, gnr. 49/3.

{2806} År: 1842


Embrik Olson Ulshagen Bakke fekk skøyte på Bakkeplass i 1842. Sjå søre Bakke år 1822 og nordre Ulshagen år 1800. Embrik selde bruket til sonen Mikkel i 1845.

{2807} År: 1845

Mikkel Embrikson Ulshagen Bakkeplass 08.05. 1810-1885
Foreldre: Embrik Olson Ulshagen Bakkeplass og Margit Mikkelsdtr. Hove.

Mikkel var ugift. Han hadde Bakkeplass frå 1845 til 1855 då han selde til Eirik Olson Skjerping. Eirik selde att to år seinare til systera hans Mikkel, Borghild Olsdtr. Ulshagen Strand.

{2808} År: 1857

Borghild Embriksdtr. Ulshagen Strand 02.02. 1817-1896
Foreldre: Embrik Olson Ulshagen Bakkeplass og Margit Mikkelsdtr. Hove.
Gm Tor Olson Bjella Storeteig 29.04. 1827-1902
Foreldre: Ola Olson Bjella Strand og Mari Olsdtr. Lå.

Borghild gifte seg med enkjemannen Tor Olson Strand i 1873. Meir om han på Storeteig. Tor og Borghild hadde ingen barn. Dei selde Bakkeplass i 1879 til Embrik Embrikson.

{2809} År: 1882

Jakop Torsteinson Stølen Bakkeplass 11.02. 1853-1927
Foreldre: Torstein Larsson Oppåstølen-Bakkeplass og Birgit Jakopsdtr. Tveito.
Gm Ingeborg Torsteinsdtr. Huus Bakkeplass 07.09. 1851-____
Foreldre: Torstein Olson Stave søre Huus og Birgit Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Torstein Jakopson Bakkeplass 04.11. 1882-1884
2. Birgit Jakopsdtr. Bakkeplass 07.04. 1885-1945
G 1909 m Ola Ivarson Thon (Sørbøenston). Sjå Oppåstølen.
3. Birgit Jakopsdtr. Bakkeplass 29.09. 1887-1975
Ugift. Ho vart kalla 'Vetle' avdi ho hadde ei storesyster med same namn. Birgit budde saman med broren Torstein. Sjå neste hushald.
4. Guri Jakopsdtr. Bakkeplass 03.03. 1890-1961
Ugift. Kva dreiv ho med???
5. Torstein Jakopson Bakkeplass 09.01. 1896-1971
Sjå neste hushald.

Jakop og Ingeborg gifte seg i 1882. I vel 30 år var Jakop slaktar av drifte-fe på Ekeberg eller ved Grefsen. Og om vintrane var han skreddar. Når han slakta over 50 fe om dagen, rekna han at løna var som hjå ein stortingsmann! (Mehlum 1906)
    Jakop kjøpte Bakkeplassen i 1882. Dei kjøpte langstøl på Hellebu, dyrka og bygde opp garden.