Holo søre gnr. 50 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Holo søre gnr. 50 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Namnet Holo har vore skrive 'Hoelo, Hoelen, Holland, Hole og Holo'. I 1588 var 'Holland' skattlagt som slottelende under nordre Skrindo. Sjå år 1615.
    Namnet Holo skal koma av 'hola', dvs. ei senking i landskapet. Søre Holo grensar til nordre Bakke i aust, i sør til Votna, mot vest til nordre Holo/Svillegarden, og mot nord til skog og utmark.
    Søre Holo vart skattlagd som halv øydegard, og hadde ei landskyld på 3 laupsbol. Ein har ikkje funne opplysning om når den opphavlege Holo-garden vart delt i Holo og Svillegarden.
    Oldfunn. Under jordarbeid har ein funne ein kniv og ein ring, og ei øks og nokre piler. (På Drammen Museum.)
    Stølar: heimstøl er Torandstølen, langstøl er Einarset (som fylgde nedre Holo 1918-1961, men deretter kom attende til hovudbølet). Einarset var tilkjøpt frå Ulshagen i 1859. Gaukelie var støl frå 1918 om lag. Den vart selt.
    Plassar og frådelte bruk: nedre Holo bnr. 4, Holeplassen/Stølen bnr. 2. Bruksnummer 1 vert no kalla øvre Holo. Torandstølen vart fråselt 1949 som feriestad. Her er samla fleire gamle hus.
    Areal 1865: dyrka jord 21 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 21 mål. Avling 20 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna jbr, 50 mål, prod. skog 100 mål, anna utm. 100 mål.
    Våningshus bygt 1987, kårhus 1926, stabbur 1890, gamalt eldhus, låve og fjøs 1887, rest. 1986. Buskap 40 vinterfora sauer.
   
   

{2819} År: 1762

Ola Olson Holo Holeplassen 1737-1814
Foreldre: Ola Olson Holo og Ragnhild Herbrandsdtr. Skrindo.
Gm Birgit Hermannsdtr. Krosshaug Holo 1738-1807
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Astrid Larsdtr. Sata.
*Barn
1. Ola Olson Holo Halvorsgardhagen 1763-1834
G 1789 m Ragnhild Sveinsdtr. ... . Husmann i Skrejordet under Halvorsgard. Sjå Halvorsgardhagen.
2. Hermann Olson Holo 05.08. 1764-
Truleg død liten.
3. Ragnhild Olsdtr. Holo 18.08. 1765-
Barn: Syver Torson 1798- . Sjå barnebarn. I 1801 var ho ugift losjerande dagarbeidar busett på Opsata.
4. Astrid Olsdtr. Holo 03.12. 1769-
5. Guri Olsdtr. Holo 05.04. 1772-1833
Gm ... ... . 'Myndige og umyndige barn. ... ' Død som kårenkje '70 år' gamal i 1833. 'Langvarig sinnsvak'.
6. Anne Olsdtr. Holo 26.12. 1774-1806
Ugift. Losjerande vanfør almisse-lem. Krøpling på legd.
7. Ågot Olsdtr. Holo 16.05. 1779-1844
Gm ... ... ... . Truleg tenestjente på Skrindo i 1801. Død som kårenkje i Holeplass i 1844. 'Myndige og umyndige arvinger'. Meir står det ikkje. Og neste folketeljing kom i 1865.
8. Hermann Olson Holo Brattegard 26.10. 1783-1845
G 1812 m Gunhild Larsdtr. ... 1777-1825. G 1834 m Sissel Olsdtr. Holo 1798-1853. Sjå Brattegard-slåtta.
9. Ola Olson Holo 09.12. 1787-
G 1822 Bragernes m Ingeborg Kristensdtr. Eidsvoll/Smedsgard. Uviss lagnad. Soldat. Truleg var det han som skreiv heimatt og fortalde frå felten. Ein gong soldatane hadde slege leir og sett på kjøtgryter til koking, då kom svenskane og tok alt saman. (L.B. Sehl s 397). I 1865 var Ingeborg enkje og fattiglem busett på Åssida i Drammen.
*Barnebarn
1. Syver Torson Holo/Krosshaug 28.05. 1798-1850?
G 1824 Aker m Marte Larsdtr. Bogstadeie, Aker. Barn: Tor 1825c ; Carl Johan 1831-1915 gm Pauline Nilsdtr. ....-1917 salmakar; Hans Fredrik 1833- ; Anne Gurine ....- ; Nicoline 1837- spinnerske ved Mesna.
    Syver var skomakarsvein. Dei budde fyrst på Enerhaugen. I 1828 flytta dei til Lillehammer. I 1849 budde dei på Bjørge i Gausdal, Lillehammer. (1143), (1157)
    Foreldre: Tor Syverson Krosshaug (ungkar) og Ragnhild Olsdtr. Holo.

Ola Olson vart kalla 'Lakamann'. Ettertida har kalla han slik sidan han rakla bort ættegarden og vart sitjande som husmann og knapt nok det. Men korleis var eigentleg stoda?
    Ola fekk skøyte på søre Holo i 1762 for 60 rd og kår til mor og bestemor. Så overtok han halve garden på skiftet etter stemora i 1771. Han skulle yte kår til faren og den vanføre systera Ragnhild. Resten av garden måtte han leige hjå pantemannen Håkon Svarteberg. Dette gjev litt bakgrunn for at Ola måtte låne pengar.
    Han lånte 298 rd i 1783 mot pant i Holo. Unntak: plassen Holojordet som var sett i brukeleg pant til Kitil Halvorson Kitilplassen. I 1787 selde han garden for 550 rd og eit lite kår til Ragnhild Olsdtr. Sjølv held han att plassen 'Holojordet'. Sjå Holeplassen. I 1773 gjorde han tenest ved Øvre Hallingdals Skiløyparkompani.

{2820} År: 1787


Eirik Olson Ruud frå Kvinnegardslia kjøpte Holo i 1787 og selde att i 1789.

{2821} År: 1789

Sevat Larsson Gjeldokk Holo 07.11. 1756-1810
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og Helge Mikkelsdtr. Hove.
Gm Unn Eiriksdtr. Bjella Holo 11.05. 1761-1784
Foreldre: Eirik Endreson Bjella og 2.g Gro Knutsdtr. Medgard.
Gm Birgit Olsdtr. Sundre Holo 09.02. 1766-1840
Foreldre: Ola Larsson Sundre og Lukris Larsdtr. Rime.
*Barn i andre ekteskap
1. Unn Sevatsdtr. Holo Sundrehago 19.08. 1787-1867
G 1826 m Anders Mikkelson Gudmundsrud Hago.
2. Lars Sevatson Holo 18.10. 1789-1867
G 1816 m Borghild Nilsdtr. Veslehaugen. Sjå neste hushald.
3. Ola Sevatson Holo Håkonsgardshagen 22.04. 1792-1874
G 1828 m Margit Olsdtr. Håkonsgard. Sjå Håkonsgardshagen.
4. Helge Sevatsdtr. Holo Skriudalen 11.05. 1794-1872
Gm Ola Olson Bjørøyen Skriudalen, gnr. 33/3.
   
5. Lars Sevatson Holo Espegard 30.10. 1796-1873
G 1834 m Margit Mikkelsdtr. Veslegard. Gm Gunhild Botolvsdtr. Ødelien. Sjå nedre Espegard år 1838.
6. Lukris Sevatsdtr. Holo Satalien 25.03. 1799-1880
G 1828 m Herbrand Knutson Vestaforplassen Satalien. Sjå Nordre Lie.
7. Ågot Sevatsdtr. Holo Brennehaugen 05.07. 1801-1875
G 1823 m Knut Olson Moen Brennehaugen, gnr. 123/10.
8. Mikkel Sevatson Holo Veslehaugen 03.03. 1804-1867
G 1836 m Sissel Torsteinsdtr. Holo. Sjå Veslehaugen.
9. Sevat Sevatson Holo 26.12. 1806-1895
G 1840 m Kari Botolvsdtr. Kyrkjedeld. G 1848 m enkje Guri Holgesdtr. Hove. Sjå nordre Holo.
10. Birgit Sevatsdtr. Holo 06.06. 1809-1894
G 1834 m Eirik Tolleivson Sundrehago Presteikrene Svillegarden.

Sevat og Unn gifte seg i 1782. Ho døydde i barselseng. Ingen barn. Sevat vart attgift med Birgit Olsdtr.
    Sevat kjøpte garden Holo i 1789 for 597 rd inkl. odel. Seljar var Eirik Olson Ruud. Etter eit odelssøksmål som enda med forlik, kjøpte han odelsretten til Holo hjå ungane etter Ola O. Holo for 108 rd.
    Samuel Nilsson ... Holo var inderst på Holo. Han var inderst, gift med Ågot Larsdtr. Gjeldokk, og hadde lånt ut 100 rd til Sevat Larsson. Sjå Samuelsplassen under Skrindo.
    På skiftet etter Sevat i 1811 var det 817 rd å dele.
   

{2822} År: 1811

Lars Sevatson Holo 18.10. 1789-1867
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk Holo og 2.g Birgit Olsdtr. Holo.
Gm Borghild Nilsdtr. Veslehaug Holo 27.01. 1793-1861
Foreldre: Nils Knutson Veslehaug og Gunhild Syversdtr. Ødelien.
*Barn
1. Sevat Larsson Holo 26.07. 1819-1908
G 1846 m Guri Andersdtr. Hago. Sjå neste hushald.
2. Birgit Larsdtr. Holo Svarteberg 06.06. 1822-
G 1842 m Knut Arneson Arnegard Svarteberg, gnr. 105/3. Til Kr.ania.
3. Nils Larsson Holo 09.06. 1825-1896
G 1851 m Randi Steingrimsdtr. Ruud. Sjå myljo Svillegarden år 1851.
4. Gunhild Larsdtr. Holo Svarteberg 20.11. 1828-1911
G 1853 m Knut Håkonson Svarteberg. Sjå søre Svarteberg/Håkongarden år 1859. Dei reiste til Amerika: Benson, MN.
5. Helge Larsdtr. Holo Tveito 07.11. 1832-1898
G 1858 m Oleiv Ivarson Sehl Tveito. Sjå søre Tveito år 1859.
6. Knut Larsson Holo Øygarden 07.11. 1835-____
G 1862 m Haldis Tolleivsdtr. Opsata. Sjå Øygarden, 48/1.

Lars og Borghild gifte seg i 1816. Lars var ute i krigen 1807-14, og tok del i det kjende slaget ved Matrand.

{2823} År: 1847

Sevat Larsson Holo 26.07. 1819-1908
Foreldre: Lars Sevatson Holo og Borghild Nilsdtr. Veslehaugen.
Gm Guri Andersdtr. Hago Holo ??.04. 1827-1904
Foreldre: Anders Mikkelson Gudmundsrud Hago og Unn Sevatsdtr. Holo.
*Barn
1. Borghild Sevatsdtr. Holo 07.03. 1847-1921
Ug. Ho var heime på garden i 1900. Ho stelte foreldra sine, og ho hadde tre geiter sjølv som ho rispla og onna til. I unge år var ho på tenest nedanfor, og hadde ein kjærest i Lier. Men ekteskap vart det aldri då ho 'måtte' heim att og stelle foreldra.
2. Lars Sevatson Holo 27.11. 1849-1878
3. Mikkel Sevatson Holo 24.07. 1852-1924
G 1880 m Ingrid Embriksdtr. Haug. Sjå neste hushald.
4. Unn Sevatsdtr. Holo Tveitehaugen 30.01. 1855-1915
G 1876 m Jon Torsteinson Tveitehaugen.
5. Birgit Sevatsdtr. Holo Halvorsgard 27.04. 1861-1922
G 1891 m Solve Olson Langero Halvorsgard.
6. Gunhild Sevatsdtr. Holo Opheim 25.04. 1864-1954
G 1890 m Sevat Olson Opheimsjordet. Barn: Ola 1890-1969 g 1928 m Lydia Davidsen; Maria 1892- g 1921 m ... Norby; Gina 1895- lærarinne, g 1919 m Herman Thorstenson (4 barn), g 1960 m Teodor Johnson; Emma 1879-1974 g 1927 m Harold Kohler; Sankey 1899- g 1941 m Marion Thompson; Lars 1902- g 1927 m Gunilda Johnson; Aston Olai 1906- g 1929 m Edith Hoffman.
    Gunhild og Sevat vigde seg i Kristiania før utreise til Am. 1890. Dei hadde med seg ei kiste og ein rokk. Dei fekk seg farm ved Selby, SD. Fyrste vinteren var i ei jordhytte. Etterkvart bygde dei opp ei fin farm.
7. Guri Sevatsdtr. Holo Halleset 13.10. 1868-1937
G 1893 m Elling Olson Halleset.

Sevat og Guri gifte seg i 1846. Sevat fekk skøyte på garden i 1847 for 500 spd og kår.

{2824} År: 1892

Mikkel Sevatson Holo 24.07. 1852-1924
Foreldre: Sevat Larsson Holo og Guri Andersdtr. Hago.
Gm Ingrid Embriksdtr. Haug Holo 14.02. 1856-1934
Foreldre: Embrik Embrikson Kyrkjedeld søre Haug og Guri Larsdtr. nordre Haug.
*Barn
1. Guri Mikkelsdtr. Holo 18.11. 1882-1882
2. Guri Mikkelsdtr. Holo Hagen 28.11. 1887-1964
G 1917 m Eirik Tidemannson BøygardsHagen. Sjå neste hushald.
3. Sevat Mikkelson Holo 09.06. 1889-1964
Ugift. Sevat var sengeliggande etter at han fekk eit spark av ein gris i unge år.
4. Embrik Mikkelson Holo 27.08. 1894-1894
5. Guri Mikkelsdtr. Holo Reiersgard 22.08. 1897-1990
G 1916 m Ivar Eilevson Reiersgard. Sjå år 1952 og nedre Holo, gnr. 50/4.

Mikkel og Ingrid gifte seg i 1880. Mikkel fekk skøyte på garden i 1892 for 3800 kr og kår.
    Mikkel og Ingrid delte garden i 1918: nedre Holo bnr. 4 vart frådelt til dottera Guri d.y. medan Guri d.e. overtok bnr. 1.