Holeplassen gnr. 50 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Holeplassen gnr. 50 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Holeplassen vart eige bruk i 1787 då Ola Olson Holo selde søre Holo og held att Holeplassen. Ein kjenner ikkje husmenn, men etter namnet å døma så har det nok budde folk her før 1787.
    Bnr. 2 var og er Holeplassen, som låg sør-opp (bygdaretning) for husa på nedre Holo. NB. Også gnr. 51/4 heiter Holeplass.
    Bruket ligg mellom Holo og bakke. Ved oppdyrking og tilkjøp har denne plassen vorte ein gard. Det gamle tunet var nedst i jordet fram til 1850-åra. Då vart tunet flytta opp om lag 200 m til noverande stad av Ola Mikkelson som kalla seg 'Stølen'. Slektsnamnet i nyare tid har vore 'Stølen'.
    Areal 1865: dyrka jord 7 mål, naturleg eng 56 mål. Avling 5 tunner korn og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 80 mål, anna jbr. 70 mål, prod. skog 100 mål, anna utm. 250 mål.
    Våningshus bygt 1973, gamalt kårhus, 2 gamle stolphus, uthus 1932, påbygd 1950 og 1977, rest. 1977, reiskapshus 1978. Buskap: 10 mjølkekyr og 16 ungdyr.
    Stølar: heimstøl i Hello. Langstøl på Tormodset. Frå gamalt hadde bruket støl i fjellet inne i Hol. Den vart selt. Så støla dei 'I Hytto' vest for Fekjastølane på Votndalsåsen ei tid. (Denne stølen er komen unna Oleivsgard.)
    (NB. I tillegg til det innsamla kjeldestoffet har Ottar Stølen sendt eit notat om garden og folka.)
   

{2829} År: 1783

Ola Olson Holo Holeplassen 1737-1814
Gm Birgit Hermannsdtr. Krosshaug. Foreldre: Ola Olson Holo og Ragnhild Herbrandsdtr. Skrindo.

Sjå meir om Ola og familien på søre Holo år 1762.
    Ola Olson vart kalla 'Lakamann', han byrja som gardmann og enda som husmann. Men når Ola overtok halve garden med fleire kår, og dertil måtte leige den andre halvparten, så vart det hardt å sitja med garden. I 1787 selde han garden for 550 rd og eit lite kår til Ragnhild Olsdtr. Sjølv heldt han att plassen 'Holojordet' eller Holeplassen. (Det vart sett 7 dele-steinar opp langs søre kanten av inngjerdet.) Holojordet skulle ha skog aust for "Mydketjørnbakken". (?) Plassen skulle svara for 1/3 av skattane på Søre Holo.
    Dei selde Holeplassen i 1799 for 499 rd, men tok av til bruk på livstid eit jordstykke med rettar til skog og beite 'etter fornødenhed'.

{2830} År: 1799

Ola Olson Viskeplassen Holeplass 24.02. 1768-1832
Foreldre: Ola Amundson Granhagen Viskeplass og Gjertrud Torsteinsdtr. Noss.
Gm Rangdi Gunvaldsdtr. Sundrehagen Holeplass 12.07. 1767-1839
Foreldre: Gunvald Johanson Sundrehagen Bomberud og Guri Olsdtr. nordre Rue (Hol).
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Holeplass 31.08. 1794-
Truleg død før 1801.
2. Ola Olson Holeplass 01.01. 1801-1802
3. Guri Olsdtr. Holeplass Sataslåtten 07.11. 1802-
G 1829 m Eirik Eirikson Mykingplassen Sataslåtten. Sjå Sataslåtten.
4. Ola Olson Holeplass 21.05. 1804-
Ikkje konfirmert. Truleg død liten.
5. Gunvald Olson Holeplass 23.02. 1806-
Ikkje konfirmert. Truleg død liten. .
6. Gjertrud Olsdtr. Holeplass Haugo 18.12. 1807-1856
G 1837 m Syver Torson Haugo under Torpo. Sjå Torpehaugen.
7. Birgit Olsdtr. Holeplass Torpehagen 06.12. 1808-
G 1839 m Ola Halvorson Torpehagen. Sjå 'Inderstar' under Torpehagen. Birgit var enkje 1876. Ho reiste til dottera Randi i Am. i 1877.

Ola og Rangdi gifte seg i 1799. Ola var soldat og budde i Røyse, (dvs. Sataslåtten eller 'Røyseplass'), i 1799 då han fekk skøyte på Holeplassen for 499 rd.
    På skiftet etter Ola i 1832 var det berre Guri, Gjertrud og Birgit som arva. Husdyr: 1 ku, 1 geit m killing, 1 geit og 1 sau med lam.
    Rangdi fekk slikt kår: framfødd 1 ku og 3 småkrytyr, 25 settung bygg og ein settung rug, bruksrett til eit træe (1/2 mål) ova eldhuset. Dessutan skulle ho ha ein liten åker som ho skulle så og hauste, medan eigaren av plassen skulle ha på gjødsel.

{2831} År: 1832c

Arne Olson Tveito Bakke 01.09. 1771-1837
Gm Ingrid Torkjellsdtr. Bakke. G 1806 m enkje Ågot Olsdtr. Medgarden. Foreldre: Ola Olson myljo Tveito og Guri Olsdtr. Gullhagen.
Gm Ågot Olsdtr. Medgard Håheim Holeplass 02.04. 1775-1844
Foreldre: Ola Asleson Medgard og Liv Olsdtr. Thon.
*Barn i andre ekteskap
1. Ingrid Arnesdtr. Bakke 1816-____
Død før 1837, ikkje konfirmert.
2. Liv Arnesdtr. Bakke Storedalsjorde 28.08. 1819-1857
G 1849 m Knut Botolvson Storedalsjorde, gnr. 6/6.

Arne var snikkar, soldat og husmann. Han var fyrst gift med Ingrid Torkjellsdtr. Bakke. Sjå Bakke år 1806.
    Arne vart attgift 1816 med Ågot. (Ho var enkje etter Arne Olson Lislelien Håheim.)
    Arne og Ågot budde i Holeplass til 1837, utan heimel. Då overtok sonen Torkjell Arneson, men han vart berre verande to år.

{2832} År: 1839

Ola Mikkelson Bomberud Holeplass 30.10. 1803-1864.
Foreldre: Mikkel Larsson Gjeldokk Bomberud og Anne Gunvaldsdtr. Sundrehagen.
Gm Guri Vebjørnsdtr. HivjuBakken Holeplass 28.09. 1812-1873
Foreldre: Vebjørn Holgeson HivjuBakken og Torand Arnesdtr. Arnegard, Hol.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Holeplass Verpe 18.02. 1835-
G 1864 m Embrik Halvorson Nestegard Verpe i Hol. Barn: Halvor 1864- ; Guri 1866- g 1895 m Ola S. Hellehaugen- Verpe; Ola 1867-1891; Kirsti 1869-1938 gm Ola Larsson Åker; Halvor 1871- til Grønhola, gm Ambjørg Persdtr. Villand; Embrik 1873-1875; Sissel 1876- ug. ; Jørand 1878- gm Simon Olson Pukerud.
2. Mikkel Olson Holeplass Stølen 17.07. 1836-1925
G 1868 m Sissel Eiriksdtr. Skjerping. Sjå neste hushald.
3. Vebjørn Olson Holeplass Gjerden 06.08. 1838-1895
G 1874 m Kari Larsdtr. Holeplass. Sjå Øygardsslåtta.
4. Torand Olsdtr. Holeplass Hagen 12.02. 1840-1872
G 1864 m Håkon Halvorson Torpehagen. Sjå Piperplassen, gnr. 8/3a.
5. Torjus Olson Holeplass Løkensgardteigen 26.04. 1844-
G 1866 m Guri Olsdtr. Løkensgardteigen. Sjå Løkensgardsteigen. I 1880 kom dei til nordre Pukerud i Lio (Hol). Men garden gjekk på auksjon i 1883, og Torjus og familie reiste til Am. i 1881 eller 1885. Sjå Hol V s 357, VI s 752 og 757.
6. Ola Olson Holeplass Heggedalen 06.10. 1846-1884
Gm Birgit Pålsdtr. Nygard, Skurdalen 1839-1880. G 1880 m Gunvor Johannesdtr. Myren under Skøro (Hol). Barn: Birgit 1882-1882. Dei budde på Trøen frå 1873, kom seinare til Heggedalen i Hol. Gunvor reiste til Amerika i 1887.
7. Eilev Olson Holeplass Hallingstad 11.04. 1851-1886
Gm Anne Ellingsdtr. Rueberget (Hol). Dei hadde søre Hallingstad i Hol.
8. Randi Olsdtr. Holeplass 13.11. 1853-
Til Am. 1881. Truleg 'Randi Olsdtr. Holeplass f. 1854-' mor til Ola 1878- som reiste saman med Anders Eirikson.

Ola og Guri gifte seg i 1834. Ola Mikkelson flytte husa frå Holeplassen og opp på Stølen.
    Han tok til å rydde seg støl ved Nykketjern, og hadde gjort ferdig tomta. Attmed ein stor stein vart Ola funnen død. Det vart ingen ny støl. Men denne steinen har vorte kalla Stølmannstugu. (Notat v/Ottar Stølen)
    På skiftet etter Guri i 1873 delte døtrene gangkleda 'in natura'. På same vis hadde sønene delt faren sine gangklede.

{2833} År: 1872

Mikkel Olson Holeplass Stølen 17.07. 1836-1925
Foreldre: Ola Mikkelson Holeplass og Guri Vebjørnsdtr. Bakken (Hol).
Gm Sissel Eiriksdtr. Skjerping Stølen 07.03. 1844-1928
Foreldre: Eirik Olson Skjerping og Sissel Knutsdtr. Kolsrud.
*Barn
1. Ola Mikkelson Holeplass 29.01. 1869-1869
2. Guri Mikkelsdtr. Stølen Arnegard 23.02. 1870-1947
G 1898 m enkjemann Steingrim Nilsson Juvsjord Arnegard. Øygardslåtta, gnr. 40/8.
3. Ola Mikkelson Holeplass Stølen 13.01. 1872-1931
Gm Sigrid Aslesdtr. Kortgarden. Sjå neste hushald.
4. Eirik Mikkelson Holeplass 29.03. 1873-1873
5. Eirik Mikkelson Holeplass Stølen 17.08. 1875-
G 1903 m Rangdi Henriksdtr. Helling Nyehuso. Sjå Løkensgardslåtta. Eirik Stølen kjøpte eigedomen Norli ved Egge i Lier kring 1917.
6. Knut Mikkelson Holeplass Stølen 13.05. 1877-1921.
Gm ... ... . Han starta som handelsmann i ei av buene i Stenersgt. i Kr.ania. Så selde han og starta kolonial- og manufaktur-forretning i Solbergelva. (1553)1921
7. Mikkel Mikkelson Holeplass Nupestølen 15.07. 1880-1933
Gm Birgit Embriksdtr. Nupestølen. Sjå Nupestølen.
8. Lars Mikkelson Holeplass Lå 11.11. 1882-1958
G 1905 m Kristi Eilevsdtr. Solberg. Sjå søre Lå, gnr. 101/1.
9. Ola Mikkelson Holeplass Mikkelsen 08.04. 1885-1950
G 1907 m Margit Hansdtr. Bekkestad. Adotivbarn: Solveig Mikkelsen 1926- var gm Leif Solhaug (2 barn).
    Ola var sjølveigar i Svarteberglien i 1907. Var sidan i Solbergelva fram til 1917, då han bygde nytt hus på Geilo. Ola var byggmeister og dreiv med rev.
10. Sissel Mikkelsdtr. Holeplass Halden 17.05. 1888-1952
G 1912 m Ola Larsson Halden frå Dagali 1885-1977. Barn: Ragnar Olaf 1912- gm Marie Hoff (4 barn); Solveig Marie 1914-1997 gm gm Eivind Sværen (2 barn); Ragnhild 1921- gm Rolf Lium (2 barn); Leif 1923- gm Solveig Kjos (3 barn og hytte på Tormodset)
    Sissel og Ola var gardfolk på Strøm i Skoger. Kring 1920 flytta dei til Kr.ania og dreiv dreiv bruktbutikk og skraphandel i Stenersgata, sidan i Vognmannsgata. Sissel dreiv ei tid mjølkeutsal.

Mikkel og Sissel gifte seg i 1868. Mikkel var skomakar. Han fekk skøyte på Stølen hjå mora i 1872.
    Mikkel dreiv sauehandel, og hadde sauer på fjellbeite om sumrane. Ungane Guri og Ola gjætte på Hjallestølen i 8-12-årsalderen. Då fann dei på råd for å vakne tidsnok om morgonen. Dei batt bjellesøya i sengestolpen, og ho fekk vekt gjætarane når saueflokken elles tok til 'å ruple seg' om morgonen.
    Mikkel kjøpte gamlestugu på Hjallo og sette opp som kårstugu. (1811)