Holeplass gnr. 51 bnr. 4
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Holeplass gnr. 51 bnr. 4-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Holeplass ligg opp for søre Holo. Holeplass heitte opphavleg Ørjansplass, dvs. var oppkalla etter rudningsmannen Ørjans Larsson. Ørjans var ein yngre bror på søre Holo, og han starta ryddinga kring 1776.
    Holeplass var sjølveigarbruk frå 1793 trass i plasse-namnet. Namnet på bruket gjekk gradvis over til Holeplass fyrst på 1800-talet. NB. Også gnr. 50/2 heiter Holeplassen.
    Areal 1865: dyrka jord 8 1/2 mål, naturleg eng 8 mål, utslått 15 mål. Avling 7 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 41 mål, prod. skog 15 mål, anna utm. 200 mål.
    Våningshus bygt 1984, kårhus 1942, gamalt loft, driftsbygning 1982.
    Stølar: heimstølar Holeplassstølen og Veslestølen, langstøl på Hellebu (tilkjøpt frå Halvorsgard i 1883.) Buskap 35 vinterfora sauer.
   
{2879} År: 1776c
Ørjans Larsson Holo Ørjansplass 13.01. 1746-1821
Foreldre: Lars Olson Holo-Svillegarden og Ambjørg Ørjansdtr. Kaslegard.
Gm Anne Kortsdtr. Styrkestad Ørjansplass 15.04. 1756-1825
Foreldre: Kort Eilevson Kortgarden og Liv Tolleivsdtr. Breie(?)
*Barn
1. Lars Ørjansson Ørjansplass 11.11. 1792-1857
G 1817 m Guri Olsdtr. Sata. Sjå år 1813.
2. Eilev Ørjansson Ørjansplass Gunhildgardjordet 08.03. 1795-1848
G 1827 m Guri Johannesdtr. Øvrelå. Sjå Frankrike.
Ørjans og Anne gifte seg i 1792. 'Ørjans Holo' saman med to andre hadde bråka i Borgstugu i Prestgarden. Dei fekk tukthusstraff i 1777 for 'uanstendig oppførsel'.
    Så var der eit samvær i mars 1784. Ørjans var litt uheldig med nokre av gjestene sine. Utpå natta byrja dei 'av munterhet' å danse på bordet. Då henta Ørjans ein avbroten ljå for å rydde huset sitt. Det vart noko oppstyr før folk fekk fjerna ljåen, og tre karar vart skadde. Ørjans måtte bøte 3 lodd sylv for dette. Men Ørjans gjorde sitt ytterste under rettssaka: 'Han dømmes til tross for alle opfundne Kunstgrep, hans ublue og tildels selvmotsigende Benegtelser.' (1436) s 55
    I 1793 fekk Ørjans skøyte på Ørjansplassen for 49 rd hjå broren Ola Larsson. Med plassen fylgde Veslestølen, ein skogrem, rett til å rydde langstøl og vanlege rettar i skog og beite. I 1793 heitte det at skøytet bygger på ein avtale frå meir enn 16 år sidan. No var plassen opprydda, og husa bygde. (1221) s 463
    Ørjans bygde opp husmannsplassen Ørjans-plassen på eigen kostnad 'i øde mark'.
   
{2880} År: 1813
Lars Ørjansson Ørjansplass 11.11. 1792-1857
Foreldre: Ørjans Larsson Holo og Anne Kortsdtr. Styrkestad.
Gm Guri Olsdtr. Løkensgard Ørjansplass 09.06. 1794-1882
Foreldre: Ola Bjørnson Sata (ungkar) og Kari Torgeirsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Ola Larsson Holeplass Gunhildgardsjordet 08.04. 1818-1886
G 1848 m Mari Sveinsdtr. Halvorsgard. Sjå neste hushald.
2. Ørjans Larsson Ørjansplass Holedokken 05.08. 1821-1898
G 1849 m Torand Knutsdtr. Holeplass. G 1857 m Gjese Bjørnsdtr. Løken. Sjå Holedokken under Juvsjord. Til Am. i 1861.
3. Ola Larsson Ørjansplass Bakke 23.05. 1825-1874
G 1864 m Margit Johannesdtr. Bakke. Sjå nordre Bakke.
4. Anne Larsdtr. Ørjansplass Bakke 06.06. 1828-____
Ugift. Anne var losjerende og dreiv spinning og veving på nordre Bakke i 1891. Sjå barnebarn.
5. Kari Larsdtr. Holeplass Gjerden 11.11. 1831-1896
G 1874 m Vebjørn Olson Holeplass Gjerden. Sjå Øygardsslåtta.
6. Lars Larsson Holeplass 19.10. 1834-1834
7. Lars Larsson Holeplass 07.10. 1835-1922
G 1866 m Birgit Johannesdtr. Bakke. Sjå år 1883.
8. Gro Larsdtr. Holeplass 27.12. 1838-1840
*Barnebarn
1. Guri Larsdtr. Holeplass 28.03. 1855-
Gm Jens Anton Hanssen, bygselmann og smed frå Bærum 1852- . Barn: Anne Helene 1887- .
    Mor til Guri budde hjå dei i "Gata" i Norderhov i 1900.
    Foreldre: Lars Embrikson Thon Kaslegard (enkjemann) og Anne Larsdtr. Holeplass.
Lars og Guri gifte seg i 1817. Alt i deira tid gjekk namnet på bruket gradvis over til Holeplass. Guri selde bruket til sonen Ola i 1858.
{2881} År: 1858
Ola Larsson Holeplass Gunhildgardsjordet 08.04. 1818-1886
G 1848 m Mari Sveinsdtr. Halvorsgard. Ingen barn.
Foreldre: Lars Ørjansson Holeplass og Guri Olsdtr. Sata.
Ola hadde mølle, sagbruk og stampe samt tomt og vannfall på Holo. Sjå også Frankrike gnr. 44/5.
    Ola vart kalla "Stamparen". Han selde bruket til broren i 1883.
{2882} År: 1883
Lars Larsson Ørjansplass Holeplass 07.10. 1835-1922
Foreldre: Lars Ørjansson Holeplass og Guri Olsdtr. Sata.
Gm Birgit Johannesdtr. Bakke Holeplass 22.09. 1842-1895
Foreldre: Johannes Steingrimson Rudningen Bakke og Sissel Knutsdtr. Bergadekko.
*Barn
1. Guri Larsdtr. Holeplass Wang 04.04. 1865-
Til Amerika i 1882. G 1886 m Viktor Alexander Wang, London 1852- . Barn: 7 . Dei budde i Chicago.
2. Sissel Larsdtr. Holeplass Phelps 02.02. 1869-1949
Gm ... ... . Gm em Francis Marion Phelps (3 barn). Budde i Indiana.
3. Anne Larsdtr. Holeplass 29.08. 1870-
Gm Amund Sigfried Vangen, Nordmarka 1860- . Barn: 12 stk . Busett i Harvey, ND.
4. Lars Larsson Holeplass 02.04. 1872-
Ugift. Lars var myndig på skiftet 31.07.1886.
5. Margit Larsdtr. Holeplass Nilsedalen 31.01. 1875-1905
Gm Gudbrand Gudbrandsen Nilsedalen i Ådalen. (Son til Gudbrand Palmesen og Inger Bjørnsdtr.) Barn: Inga 1898- , Emma .
    Gudbrand og Margit reiste til Am. i 1903. Dei budde i Harvey, ND. Margit døydde i barnseng i 1905. Då reiste Gudbrand og dottera Inga attende til Noreg, medan Emma vart adoptert bort i Canada. (979)
6. Gro Larsdtr. Holeplass 03.08. 1878-1896
Ugift.
7. Ola Larsson Holeplass Ørjansplass 24.05. 1882-1926
G 1906 m Guri Håkonsdtr. Gjøta. Sjå neste hushald.
Lars og Birgit gifte seg i 1866. Med Birgit Knutsdtr. Huus fekk Lars dottera Gunhild 1859-1900. (Ho vart gm Sevat Underberget og reiste til Am.)
    Lars og Birgit var inderstar i Løkhuset i 1869. Lars kjøpte Holeplass hjå broren i 1883. Lars kjøpte langstølen Oddegjerda på Hellebu. (Amerika opplysningar frå Gro Thoen.)