Lund gnr. 51 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Lund gnr. 51 bnr. 8-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Lund er eit småbruk som vart frådelt søre Svillegarden i 1918. Til bruket høyrer heimstølen Holestølen oppi Hago.
    Lund ligg nedst i jordet på søre Svillegarden, Nordbygdvegen går midt over eigedomen.
    Areal 1960: dyrka jord 6 mål.
    Areal 1995: dyrka jord 6 da og anna jbr. 6 mål, produktiv skog 29 mål. Medrekna skogeigedomen Eikreremmen (Gnr. 40/27). Jordvegen er bortleigd. Her var husdyr fram til 1963.
    Våningshus bygd 1913, ombygd i 1963, driftsbygning frå 1919. Snikkarverkstad.