Sandelien nedre gnr. 52 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sandelien nedre gnr. 52 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I fylgje 'Grågås', den gamle jordeboka for Stavanger bispedøme frå 1626, står det om eigedomane under Ål prestebol: 'et lidet slottelende Anfindsgaard som ligger i Nersetlien som skylder årlig en meele korn'.
    NB. Dette er ikkje den noverande Anfinngarden som vart frådelt søre Helling kring 1860. Dette er eit eldre bruk som vart skattlagt som slottelende sist på 1500-talet, og som nok var rydda av ein Arnfinn. Truleg skriv denne garden seg frå høgmellomalderen. (K. O. Solhjell: 1989)
    Anfinnlien kom i eiga til prestebolet i Ål, uvisst når og korleis. Som såkalla benefisert gods under prestebolet vart garden lenge bygsla bort av presten til bønder på Helling, Hove og Svarteberg. I denne tida er det uvisst om det var fastbuande folk på garden. Truleg vart Anfinnlien nytta som støl og slåttemark under gardar i Øvre Ål. Stundom vart bruket kalla 'Anfinnslåtten'.
    Men i 1824 vart Anfinnlien selt på auksjon og frå den tid finn me fast busetnad att på garden. Men det var to bruk. Alt i 1688 var Anfinnlien delt i to, då bygsla Asle Tomasson Hove 'halve' Anfinnlien'. Sidan er bruka nemde som Anfinnlien 'ova eller nedanfor ålmannvegen' fram til 1888 då eigaren av nedre delen kjøpte den øvre. Og før det, i 1879, hadde eigaren av øvre bruket kjøpt den noverande Anfinngarden.
    Namnet Anfinnlien vart endra til Sandelien etterkvart. Frå 1725 var det bonden på Sando som bygsla Anfinnlien. Og då enkja på Sando vart attgift i 1798, då flytta ho til garden. (Sjå bnr. 2 år 1798.) Sidan har namnet vore Sandelien på både øvre og nedre bruket. Landskyld 2 2/5 laupsbol.
    Frådelte plassar og under bruk: øvre Sandelien, Smedplassen og Slåtta.
    Sandelien ligg på sørsida av Votna i lia aust for Svarteberg. Frå 1814 om lag gjekk fyrste køyrevegen til Nordbygdene midt over eigedomen. Då Nordbygdvegen vart lagt om måtte det byggast bru over Votna.
    Areal 1865 (nedre Sandelien): dyrka jord 12 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 24 mål. Avling 7 1/2 tunne bygg og 6 tunner potet. Sjå også øvre Sandelien.
    Areal 1995: dyrka jord 36 mål, anna jbr. 26 mål, skog og beite 300 mål. Buskap 7 mjølkekyr, 2 ungdyr, 20 vinterfora sauer, 1 hest. Det var dyr på garden fram til 1998.
    Våningshus bygt 1958, stabbur 1882, flytta og restaurert 1983, låve og fjøs 1925, fjøset ombygt i 1979, stallar og reiskapshus påbygt 1946.
    Stølar: langstøl på Kråkhamar (i bruk).
   

{2894} År: 1793


I 1793 bygsla Torjus Olson Helling Varaberg plassen Anfinnlien hjå presten på livstid. Årleg leige 24 skilling og '3. års take' (ei avgift) 24 sk.

{2895} År: 1824

Ivar Halvorson Kvinnegard Tveitehaug-Eie 1792-1870
Foreldre: Halvor Ivarson Kvinnegard og Birgit Olsdtr. Tveito.
Gm Birgit Knutsdtr. Svarteberg Sandelien 1799-____
Foreldre: Knut Håkonson Svarteberg og Guri Knutsdtr. Helling/Rotneim.
*Barn
1. Birgit Ivarsdtr. Tveito 16.12. 1820-1823
Truleg død 1823 som 'Iver Tvetes barn'.
2. Guri Ivarsdtr. Tveitehaugen 01.09. 1822-1829
3. Guri Ivarsdtr. Teigen 20.09. 1828-____
Truleg til Am.
4. Margit Ivarsdtr. Nupestølen 16.02. 1831-____
Truleg til Am.
5. Gro Ivarsdtr. Bergsgards-eie 21.02. 1834-
Truleg til Am.
6. Haldis Ivarsdtr. Tveitehaugen 22.09. 1836-
Til Am. i 1872.
7. Knut Ivarson Tveitehaugen 05.04. 1840-
Til Hardanger, seinare til Amerika. Han fekk utflyttingsattest i 1872.

'Birgit Larsdtr.' kjøpte Sandelien på auksjon for 200 spd, står det i Ål III s 551. I 1824 vart bruket kalla 'Anfind-slåtten eller -flåten'. Det skulle enno svarast årleg avgift til presten. Birgit pantsette bruket til Opplysningsvesenets Fond i 1824, men i 1830 selde ho nedre Sandelien til Ola Halvorson for 300 spd.
    Det har ikkje lukkast å finna nokon høveleg 'Birgit Larsdtr'. Det viste seg at det skulle stått 'Birgit Knutsdtr'. Ho var gift med Ivar Halvorson som var bror til neste eigar. Denne familien flytta mykje. Dei var i Sandelien i 1824, i Teigen under Bakke, 'Bergsgardseie', på Nupestølen og i Tveitehaugen i 1839. Med unntak av handelen i 1824, så har dei nok vore inderstar på dei andre bustadane. Når det var Birgit som handla på auksjonen i 1824, så kan det forklarast ved ei opplysning om Ivar Halvorson. Han var tidvis på arbeid i Bergen stift.
    Ivar og Birgit gifte seg i 1820. Ungane var delvis på legd i oppveksten. To av ungane havna i Amerika, truleg har også Guri, Margit og Gro reist dit.

{2896} År: 1830

Ola Halvorson Kvinnegard Sandelien 19.01. 1806-1879
Foreldre: Halvor Ivarson nordre Kvinnegard og Birgit Olsdtr. Tveito.
Gm Kari Ivarsdtr. Bjella Sandelien 17.06. 1804-1893
Foreldre: Ivar Knutson Langeland Bjella og Kristi Holgesdtr. Sundrelien.
*Barn
1. Halvor Olson Sandelien 13.01. 1839-1914
G 1867 m Kristi Kolbjørnsdtr. Sando. Sjå neste hushald.
2. Ivar Olson Sandelien 18.07. 1843-1853

Ola kjøpte Sandelien i 1830 for 300 spd.
    Ola og Margit gifte seg i 1837. Ola hadde fire barn før han gifte seg: Gunnar 1832- m/Astrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjorde; hans 2. legemål: 'et pikebarn i Hemsedal'; Halvor 1834- m/Guri Bjørnsdtr. Sataroen; Ola 1834- m/Turid Tolleivsdtr. Varaberg. Men Ola nekta for det siste legemålet ved eid. (Og venteleg slapp han unna forpliktelsane!) I 1863 var sonen Ola inderst i Sandelien saman med kona Guri Embriksdtr. Svillegarden og to døtrer. Dei reiste sidan til Gol. Sjå meir på Varaberg og Svillegarden gnr. 51/1.
    I 1839 bygsla Ola bort øvre Sandelien og ein plass ved Baklivegen. Og i 1843 (med skøyte i 1851) vart øvre Sandelien fråselt. Margit vart stanga av ein kalv og fekk skadd synet.

{2897} År: 1871

Halvor Olson Sandelien 13.01. 1839-1914
Foreldre: Ola Halvorson Kvinnegard Sandelien og Kari Ivarsdtr. Bjella.
Gm Kristi Kolbjørnsdtr. Sando Sandelien 23.01. 1848-1935
Foreldre: Kolbjørn Olson Sørbøen Sando og Mari Eiriksdtr. Sando.
*Barn
1. Ola Halvorson Sandelien __.__. 1867-1867
2. Kari Halvorsdtr. Sandelien Stavehaugen 19.10. 1868-1954
Barn m/Asle Knutson Gurigard: Sissel 1888-1995. Sjå barnebarn og Stavehaugen, gnr. 114/11.
    G 1889 m Halvor Asleson Stave Stavehaugen. Kari var skuleflink og far hennar hadde tinga plass på amtskulen på Nes. Det var nok eit særsyn for ei gardsjente den tida. Men då Kari stod reiseklar fekk ho beskjed frå mora: "Du får bia heime." Og slik vart det. (1692)
3. Ola Halvorson Sandelien 12.06. 1871-1933
Barn m Margit Sevatsdtr. Espegard: Kristi 1905-1989 ugift.
    G 1912 m Sina Marie Johansdtr. Komnes, Høland 1871-1959. Ingen barn.
    Ola var hestehandlar i unge år. I 1897 kjøpte han ei storrslette ('Svartebergsletta') og hamnerett på Kråkhamar frå Hoffplass. Desse rettane selde Ola til bror sin i Ivar i 1906.
    Han flytta til Høland i 1906. Ola dreiv skogsdrift og trelasthandel, og kjøpte garden Knoll i Høland. Der kjøpte han skog og ei dampsag. Sidan kjøpte han to bygardar og flytta til Oslo.
4. Mari Halvorsdtr. Sandelien Sehl 09.06. 1873-1962
G 1894 m Embrik Olson Sehl. Barn: Birgit 1894-1983 g 1924 m John Joseph Otto (8 barn); Ola 1895-1979; Kristi 1897-1979 hadde manufaktur-forretning, gm Bjarne Haslestad (1 son); Kari 1900-1994 dreiv Bergahagen i Votndalen; Halvor 1902- gm Klara ... (ingen barn); Nils Kolbjørn 1904-1979 dreiv pelsdyroppdrett; Peder 1906-1970 kjøpmann, gm Randi Laure (1 dotter); Mari 1908-1991 gm Olav Bråten; Sidsel 1910-1991 1 son m/Henrik Støren; Gro 1913-1983 hadde manufakturforretning, gm Bjarne Jentoft; Olav Erik 1916- lastebileigar, gm Aslaug Seberg (3 barn). (1244), (1692).
    Mari og Embrik reiste til Østre Aker i 1895. Sidan kjøpte dei ein gard på Grorud ved Oslo. (1032)
5. Kolbjørn Halvorson Sandelien 04.06. 1875-1915
Gm Ambjørg Andersdtr. Leksvol 1875-1915. Sjå Slåtta, gnr. 36/3.
6. Eirik Halvorson Sandelien 29.10. 1877-1952
Gm Ingeborg Olsdtr. Hallsteinsgard (Hol) 1883-1916. Barn: Halvor død liten; Mabel Christien 1909- gm ... ... (ingen barn), gm apotekar James Anderson; Anna 1912-1933c; Halvor 1912- død liten; Halvor 1913-1918c; ... 1916-1916 saman med mora. (1692)
    Eirik reiste til Am. i 1902. (Hol IV s 474)
7. Halvor Halvorson Sandelien 17.05. 1880-1957
Ugift. Til Petersburg, ND. Farmar ved Wheelock ND.
8. Ivar Halvorson Sandelien 31.08. 1882-1961
G 1923 m enkje Barbro Olsdtr. Skjerping Strand 1889-1977. Sjå neste hushald.
9. Kristi Halvorsdtr. Sandelien 31.08. 1882-1902
Kristi utvandra til Am. i 1902. Ho fødde eit barn på Amerikabåten, men det er uvisst om det vaks opp. Det vert fortalt både at barnet døydde, og at det vaks opp. (1692) Kristi døydde same år.
10. Sissel Halvorsdtr. Sandelien 05.01. 1885-1885
11. Hallgrim Halvorson Sandelien 29.07. 1887-1972
Gm Margit Sehl 1900-1997. Sjå Bakka Strand.
12. Olaf Halvorson Sandelien 07.08. 1890-1961
Gm Eli Fredrikke Winsnes 1898-1995. Barn: Halvard 1923-1984 dyrlege m/dyreklinikk på Kongsvinger, gm Marit Moren, Sverige, gm Berit Lundervoll, Oslo (1 son), gm Gerd Lybekk Hedin; Joakim Fredrik 1927- maskiningeniør i Am., var gm Norma ... (2 døtre); Olav Kolbjørn 1930- reknskapsførar i Oslo (1547), (1692)
    Olaf tok underoffiserskule og lærarskule. Han var lærar på Eidskog/Kongsvinger frå 1913.
    Olaf og Eli var firmenningar, men det visste dei ikkje før bryllaupet. (Mor hennar er dotter til Jørgen Svenkerud.)
    Olaf bar løytnantsgrad i 1940. Han førte eit mitraljøse-tropp under kampane i Valdres våren 1940. I 1942 vart han sendt til Kirkenes 1942 saman med andre lærarar som ikkje ville samarbeide med okkupasjonsmakta. Som pensjonist var han lærar i Kvinnegardslia.
*Barnebarn
1. Sissel Aslesdtr. Sandelien Halvorson 25.12. 1888-1995
Gm ... Halvorson. Barn: Sverre Henning 1927- siviløkonom, var gm Lene Borring (2 barn), g 1966 m Olaug Hjelle (2 barn); Kjell Willy 1928-1990 var gm Helga Fønnebø (2 barn). (1692)
    Foreldre: Asle Knutson Gurigard (ungkar) og Kari Halvorsdtr. Sandelien.

Halvor og Kristi gifte seg i 1867. Halvor kjøpte nedre Sandelien hjå far sin i 1871. Prisen var 390 spd. Men garden var mykje øydelagt etter skriene i 1876.
    Kristi var aleine heime då jordskriene byrja. Ho la ungane i senga, og låg sjølv på kne framfor senga medan ho venta at stugu skulle reise. Men ei steinrøys ovanfor stugu bremsa skriene såpass at stugu vart berga. Men fjøset og jordvegen vart skadd. Ved 'Høieste Resolution' av 1877 fekk bruket avslag i skylda på 8 skilling eller 1/3.
    Halvor bygde nye hus på heime og på stølane. Han kjøpte inntil Anfinnliskogen, og i 1888 kjøpte han øvre Sandelien. Halvor Olson og sonen har dyrka det meste av jorda. Som kårmann braut han eit jordstykke som heiter Halvorbakken. Saman med Sevat A. Svarteberg hadde Halvor mølle i Tveitofossen, og i Eilevstølgroven hadde dei sag.
    Halvor var kunnskapsrik og gløgg, og hadde ei 'makelaus formell evne'. (Sjå Ål II s 310-311.)
    Halvor var lærar alt før 1865, og han fekk eksamen på ein spesiell måte. Han kom for seint i prestgarden den dagen biskopen og prost Søren Latiner skulle eksaminere han som lærar. Istaden måtte han svara for seg i karjolen til dei høge herrar som då var på veg til Nes. Halvor overnatta i ein låve på Nes, og etter ein ny spørsmålsrunde neste morgon, fekk han god attest som lærar.
    I 1858 vart han lærar i Sato og Liagardane, og det vervet hadde han i 26 år. Halvor var ordførar i Ål i 20 år. Forliks-kommisær i 27 år frå 1884. Halvor sat 44 år i forstanderskapet for banken. Oppmann i amts-utvalet i 9 år m.m. (1405)
    Halvor var varamann til stortinget i 1885. Posten til Sandelien vart sendt på løypestreng over juvet.