Sandelien øvre gnr. 52 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sandelien øvre gnr. 52 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Anfinnlie eller øvre Sandelien låg ovanfor den gamle ålmannvegen. Anfinnlie var delt i øvre og nedre alt frå før 1688. Også dette bruket låg under prestebolet, og vart bygsla bort til bønder i Øvre Ål. Sjå innleiinga under bnr.1
    Dette bruket vart også kalla 'Hite' i seinare tid. Ein kjenner ikkje bakgrunnen for dette, men ei 'hit' er ein skinnsekk som vart nytta til ymse oppbevaring, særleg korn og mjøl. Om 'Sylkjihite' sjå år 1818.
    Øvre Sandelien vart kjøpt opp og slege saman med nedre Sandelien i 1888. Av husa i øvre Sandelien er berre tuftene att. Det er to stugutufter her. Sjå foto.
    Areal 1865: dyrka jord 3 1/2 mål, naturleg eng 18 mål. Avling 2 1/2 tunne bygg og 1 1/2 tunne potet.
   

{2904} År: 1755


Ola Torjusson Helling var handelskar og bonde på Helling i Øvre Ål. (Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove.)
    Ola overtok bygsla etter mora av halve Anfinnlien hjå presten i 1755. I 1768 vart Ola stevna av grannane for å ha jaga krøtera deira ved Nysetdokken og Anfinnlien.

{2905} År: 1761


Halvor Torsteinson på øvre Sando overtok bygsla av 'ei slåtte i Anfinnlien' hjå stefaren, Torstein Torson Sata Sando, i 1761.

{2906} År: 1780c


Torstein Halvorson Sando og Margit Torkjellsdtr bygsla Anfinnlie under prestebolet.
    Om familien til Margit og Torstein sjå øvre Sando år 1791. Margit vart attgift 1798 med Per Amundson Bakke Sandelien. Sjå neste hushald.

{2907} År: 1798

Margit Torkjellsdtr. Tveito Sandelien 16.02. 1755-1838
Foreldre: Torkjell Olson nordre Tveito og Borghild Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Per Amundson Bakke Sandelien 30.05. 1757-1818
Foreldre: Amund Olson Bakke og Kari Persdtr. ... .
*Barn
1. Amund Person Sandelien Kveno 01.03. 1801-1893
G 1845 m enkje Ågot Holgesdtr. Sæte Dokken. Sjå Tuftedokken gnr. 76/1 og Kveno.

Per og Margit gifte seg i 1798. Dei fekk ein son. I 1801 var også Margit sine fire barn frå ekteskapet med Torstein Halvorson Sando i Sandelien. Sjå førre hushald.
    I folketeljinga 1801 var han "gardmann på Sandelien eller Anfinnlien". Men han var vel eigentleg 'bygselmann'.

{2908} År: 1818

Torjus Olson Arnegard Noss Sandelien 11.10. 1778-1850
Foreldre: truleg Ola Olson Arnegard Noss Svillegarden og Margit Botolvsdtr. Bakketeigen. (BB)
Gm Kristi Torsdtr. Huus Sandelien 25.07. 1784-1857
Foreldre: Tor Eilevson Helling Huus Stavehaugen og Astrid Holgesdtr. Gåsterud.
*Barn
1. Astrid Torjusdtr. Sandelien Korsmo 15.10. 1809-1874
G 1836 m sjølveigar Ole Pedersen Korsmo Ullerhoug i Sør Odal 1800-1868. Barn: Peder 1836- ; Inger Marie 1840-1925 overtok Ullerhaug, g 1868 m Martin Pedersen; Karen 1843- ; Oline 1850- .
    Ole Pedersen kjøpte bruket Ullerhaug i Sør Odal.
    Astrid flytta til Odalen i 1830. I Sør Odal bygdebok nr. 7 på side 208 (+408) står det: 'Det fortelles at da sokneprest Sigholt flyttet hit til Sør Odal fra Hallingdal med innbo og mange husdyr, hadde han også med to unge jenter. Den ene hette Astrid og ble gift til Ullerhaugen.'
    No har ikkje Sigholt vore prest i Ål, men Astrid har nok vore tenestjente hjå han i eit av dei andre prestegjelda. (epost frå Terje Bjørndal.)
2. Ola Torjusson Sandelien 01.10. 1814-
3. Tor Torjusson Sandelien 19.02. 1817-1901
G 1857 m Margit Andersdtr. Hove. Sjå neste hushald.
4. Ola Torjusson Sandelien Vangen 23.12. 1818-1852
Gm Birgit Larsdtr. Øvrelå. 'Sjølveigarhusmann' på Vangen under Rime, gnr. 115/5.
5. Margit Torjusdtr. Sandelien Sletto 08.05. 1821-1905
G 1846 m Ola Olson Sletto i Hol 1816-1866. Barn: Ola 1846- til Sletto (Hol) gm Anne Knutsdtr. Liabergstølen; Torjus 1850-ung; Ola 1854- til Am.; Ola 1859- til Am. gm ... ... ; Helge 1862- til Bryslåtta.
    I 1860-åra arbeidde Ola i 'Hol eller Nordenfjelds' og Margit budde med 5 barn i ein plass under Bråtalien.
    Dei budde på Sletto, Bry-eie( 1850), Sletto (1854), Øvrejords-eie (1857), Tomasgards-eie (1862) Død på Sletto i 1905. Ho vart kalla "Sylkjihite" (oppnamn) avdi ho hadde lagt seg til fine klesvanar etter å ha vore uttafor på tenest. Ho kledde seg i kjøpeklede og ty, og fekk nok merke Jantelova. Sonen Ola overtok Sletto i 1875 og var gm Anne Knutsdtr. øvre Liabergstølen. (Hol V s 260.)
6. Birgit Torjusdtr. Svarteberg Sandelien 20.06. 1825-
Birgit flytta ut kring 1850. Ukjent opphaldstad i 1901. Er dette B. T. som reiste til Vestfold.?
7. Anne Torjusdtr. Sandelien 08.07. 1828-1851
Anne var ugift tenestjente hjå Johan Hansen i Røyken. Ho var der i 'mange år' og døydde i 1851.

Torjus og Kristi gifte seg i 1814. Dei overtok bygsla i Sandelien etter Per Amundson i 1818. Nokre av ungane var som barn på legd i ØvreÅl og Kvinnegardslia fjerding.

{2909} År: 1843

Tor Torjusson Sandelien 19.02. 1817-1901
Foreldre: Torjus Olson Svillegarden Varaberg øvre Sandelien og Kristi Torsdtr. Helling.
Gm Margit Andersdtr. Hove Sandelien 29.04. 1811-1863
Foreldre: Anders Olson Torsgard/Hove og Anne Sevatsdtr. Thon.

Tor fekk skøyte i 1843, men måtte vente med å ta plassen i bruk til mora hadde gått bort. Ho hadde nok kår på livstid. Tor og Margit gifte seg i 1857. Dei fekk (som venteleg) ingen livsarvingar, men Margit hadde ein son Anders f. 1836. Han var son til soldat Anders Anderson, gift 1881 m Sissel Andersdtr. Sundre, og reist til Amerika kring 1870.
    Tor og Margit hadde ein fosterson Ola Ivarson Glomsletten f. 1859. (Foreldre: Ivar Ivarson ... og Sissel Olsdtr. inderst på Glomsletten.) Ola vart gift i Hardanger, han reiste til Amerika som gift mann i 1887.
    Tor Torjusson var enkjemann og kårmann hjå Botolv og Haldis i 1875.

{2910} År: 1868

Botolv Torson Lislelien Sandelien 14.08. 1817-1901
Foreldre: Tor Olson Lislelien og Kristi Botolvsdtr. Espegard.
Gm Haldis Aslesdtr. Gudbrandsgard Sandelien 20.01. 1823-1902
Foreldre: Asle Sevatson Gudbrandsgard og 2.g Anne Knutsdtr. Kolsrud.

Botolv og Haldis gifte seg i 1866. Dei fekk ein dødfødd son i 1867.
    I 1879 kjøpt Botolv Anfinngarden for 640 kr hjå Knut Knutson Haug Anfinngarden. Anfinngarden var heilt øydelagt av skriene i 1876. Sjå gnr. 106/9.
    Botolv og Haldis selde Sandelien i 1888. Haldis døydde i legd hjå broren i Ola i Svarteberg i 1902. Dei hadde pleiedottera Astrid Martinsdtr. Vangen (1868-1960) hjå seg i 1875.

{2911} År: 1888


I 1888 vart øvre Sandelien kjøpt av Halvor Olson i nedre Sandelien. Sidan har eigedomen vore samla.