Smedplassen gnr. 52 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Smedplassen gnr. 52 bnr. 2a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sandelie-eie eller Smedplassen låg 'nødre-øvre' hjørne av øvre Sandelien. Her var husmannsplass ei tid midt på 1800-talet. I 1865 hadde dei to kyr i søre Sandelien.
    Enno syner tydeleg to tufter som er grave inn i ein jordbakke. Sjå foto. Stugutufta vart kalla 'Huser-tufte' og ligg om lag 100 m aust for dei to tuftene. Sjølve stugu skal ha vorte flytta til Holo.
    NB. I 1865 var det folk også i 'søndre Sandelien'. Det kan vera den plassen som er kalla 'Slåtta' og som låg 'synst-nedst' under Sandelien, med grenser til Nersetbekken og Votna. Her viser ingen tufter, området er dyrka. (Jfr. 'Husmannsplassar i Votndalen' av Ola Ellingsgard.) Også denne huslyden er ført opp under Smedplassen.
   

{2912} År: 1839

Syver Arneson Løkensgardsplass SmedSlåtta 10.03. 1805-1868
Foreldre: Arne Ivarson Løkensgardslåtta og Rangdi Syversdtr.
Gm Ågot Olsdtr. Lappegard Smedslåtta 1781-1878
Foreldre: Ola Larson Lappegard i Leveld og Astrid Olsdtr. Gullhagen.

Syver og Ågot gifte seg i 1828. Ingen barn. Fyrste åra var dei på Smedslåtta under Løkensgard.
    I fylgje Ål III s 552 fekk Syver Arneson bygselsetel i 1839 på eit jordstykke under Sandelien. I husmanns-manntalet for 1839 hadde Syver Arneson på 'Grønnebakken' under Skrindo betalt 1 ort og 8 skilling. Grønebakken er eit ukjent plassenamn i Votndalen. (Under Lien i Torpo var det ein plass Grønebakken.)
    Syver Arneson 'Hagen' døydde i 1868, og Ola Torsteinson Svarteberg melde dødsfallet.

{2913} År: 1840

Jon Tomasson Helling? Smedplassen 1804c-1872
Foreldre: truleg Tomas Torsteinson Helling/Viskebråten og Mari Jonsdtr. Hyl under Garen i Eidfjord. (Eidfjord s 25)
Gm Sissel Olsdtr. Thon Fivilstølen Smedplassen 05.07. 1812-1843
Foreldre: Ola Sevatson Thon Fivilstølen og Anne Olsdtr. Helling.
*Barn
1. Ola Jonson €Hove Smedplassen 10.10. 1841-
Gm ... ... . Truleg 'Ola J. Thon', tenar hjå landhandlar Halvor Halvorsen på Storebø i Austevoll i FT 1900.
2. Anne Jonsdtr. Smedplassen Ellingsgards-eie 02.07. 1843-
G 1875 m Embrik Olson Hove Kjellargardsjøta. Inderstar på Ellingsgard. Utflytte?

Jon og Sissel gifte seg i 1841. Jon var inderst på Hove før han kom til Smedplassen. Anne hadde eit barn med soldaten Embrik Olson Kjellargard: Sevat Embrikson .... til Am før 1883.
    Då Sissel var død som 'inderstkone' i 1843 skreiv Jon seg 'John Tomassen Hagen'. Jon var inderst og murmester i nordre Ulshagen i 1865. Og der budde han til han gjekk bort i 1872.

{2914} År: 1860

Torstein Torsteinson Ødelien Holo 14.10. 1787-1867
Foreldre: Torstein Larsson Svarteberg (ungkar) og Kari Ødelien.
Gm Kari Knutsdtr. Torsteinsrud Svillegarden 1799-1866
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og 2.g Astrid Nilsdtr. Krosshaug.

I søre Sandelien eller 'Slåtta' budde Torstein og Kari i 1865. Sjå meir familien deira år 1816 på søre Holo gnr. 51/3. Om Kari sitt fyrste ekteskap med Torgeir Olson Svillegarden, sjå år 1811 på gnr. 51/1.
    I 1865 var Torstein husmann med jord og hadde budd på plassen sidan 1859. Det var eit bebudd hus på 'Søndre Sandelien bygselplass' i 1865.

{2915} År: 1873

Ivar Person Skjerpingmoen Smedplassen 11.04. 1839-1922
Foreldre: Per Ivarson Opheimsjorde Kristmoen og Borghild Torsteinsdtr. Sandelien.
Gm Haldis Olsdtr. Gunhildsgardsjordet Smedplassen 23.05. 1852-1929
Foreldre: Ola Botolvson Trintrud Gunhildgardjorde og Birgit Olsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Ola Ivarson Smedplassen 09.06. 1874-1875
2. Borghild Ivarsdtr. Smedplassen 29.08. 1875-1877
3. Per Ivarson Smedplassen 27.03. 1877-1877
4. Borghild Ivarsdtr. Smedplassen 18.10. 1878-1879
5. Borghild Ivarsdtr. Smedplassen Fjell 23.12. 1880-
Gm Gustav Gulbransen Fjell. Barn: Georg ....- ; Håkon ....- målar, busett på Lørenskog; Borghild ....- busett i Larvik; Haldis ....- busett i Tønsberg; Olaf Henry 1913- gm ... , busett på Mysen; Simon 1916- omkom under 2. verdskrigen.
    Borghild reiste til 'Branes' på arbeid som 16-åring. Sidan kom ho til Ullensaker, dreiv "husgjerning" på Lodding i Ullensaker i 1900. Ei tid budde Borghild og Gustav på Huus-jordet. Så kjøpte Gustav Gulbransen Skomakarmoen. (1560)
6. Ola Ivarson Smedplassen 08.03. 1884-1884?
7. Birgit Ivarsdtr. Smedplassen 05.06. 1886-1918
Ugift i 1918: 'bondedatter, etterlater intet'.
8. Gunhild Ivarsdtr. Smedplassen 22.03. 1894-1939
Kva dreiv Gunhild med???

Ivar og Haldis gifte seg i 1873. I 1900 budde Ivar og Haldis og døtrene Gunhild og Birgit i Holedokkeie. (Husmannsplass.) Ivar og Haldis er oldeforeldre til ordførar Einar Nilsson Evensen, Kløfta. (966)
    Ivar mista helsa og kunne ikkje gå i vanleg arbeid, men han var flink til å spikke sleiver m.m. Han rissa mønster og selde til Husfliden og levde av det, - såvidt. Ei tid budde dei på Hus-jorde og då vart han kalla Huser-Ivar.
    Ho Haldis vart kalla Stette-Haldis. Det er mogleg at namnet kom av at far hennar laga stettefat. Sjå Aslegjerda. (1560)