Svarteberg, søre gnr. 53 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Svarteberg, søre gnr. 53 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I dei eldste dokumenta vart Håkongarden eller søre Svarteberg kalla 'Lille Sorteberg'. I 1588 vart garden skattlagd som slottelende, truleg brukt under Gjeldokk. Seinare vart garden skattlagt som halv øygard med ei landskyld 1 2/5 laupsbol. I 1723 hadde garden flaumkvern.
    I daglegtale har garden vore kalla 'Håkongarden'. Garden fekk namnet etter ei rekkje med bønder med namnet Håkon. (NB. Håkonsgarden (med s) ligg i Leveld.)
    Frådelte plassar: Vesleskrøyva og Håplassen bnr. 2 og Veslestølen bnr. 6.
    Areal 1865: dyrka jord 24 mål, naturleg eng 106 mål, utslått 82 mål. Avling: 19 1/2 tunne bygg og 15 tunner potet.
    I 1960-åra var det dyrka om lag 30 mål, kulturbeite 40 mål, annan innmark om lag 36 mål.
    Stølar: heimstøl Haraslettane. Tidlegare langstøl på Kråkhamar vart fråselt i 1883.
    I 1920-åra var det makeskifte mellom Håkongarden og Gjeldokksgarden. Dei bytte slik at Gjeldokksgarden fekk nedre delen av innmarka, og Håkongarden fekk att eit stykke på austsida av ei eiga innmark.
    Søre Svarteberg vart seld til Ål Skisenter i 1973. Skiheisane i Svarteberg er utbygd oppover lia heilt opp i åsbrotet. Ål Skisenter har vorte eit mykje nytta alpinanlegg.

{2919} År: 1750c

Håkon Tolleivson Svarteberg 1717-1809s
Foreldre: Tolleiv Person Svarteberg og ... ... ... .
Gm Gunvor Torsteinsdtr. Svarteberg Svarteberg Håkonsgard 1723.-1751s
Foreldre: Torstein Olson nordre Svarteberg og Liv Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Margit Ottarsdtr. Rotneim Svarteberg 1721-
Foreldre: Ottar Anderson Ottargarden Rotneim og Birgit Jonsdtr. Jonsgarden, Gol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Tolleiv Håkonson Svarteberg 01.03. 1750-
2. Tolleiv Håkonson Svarteberg 06.02. 1751-
Tolleiv var tvilling med Gunvor. Truleg død ung.
3. Gunvor Håkonsdtr. Svarteberg Huus 06.02. 1751-
Gm enkjemann Tor Henrikson Huus. Truleg finn me henne 1801 som enkje og tenestjente på Gjerdrum prestegard. I 1809 var Gunvor enkje og busett 2 mil utanfor Kr.ania.
*Barn i andre ekteskap
1. Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg Ruud 28.08. 1757-1833
Gm Eirik Olson Ruud. Sjå Ruud i Kvinnegardslia.
2. Knut Håkonson Svarteberg 01.01. 1762-1818
Gm Birgit Torkjellsdtr. Kvelprud. G 1791 m Guri Knutsdtr. Helling/Rotneim. Sjå neste hushald.

Gunvor døydde i barselseng etter å ha fødd tvillingar. På skiftet i 1751 var det 91 rd å dele. Gods: skyldpartar i Svarteberg, Skrindo og Tveito. Dette hadde Gunvor fått på skiftet etter mor hennar.
    Håkon hadde arva 1 1/2 laupsbol i søre Svarteberg Lille som var hans odel og åsete. Men i 1751 var garden pantsett til svigerfar hans for 120 rd, og meir var ikkje garden verdt. Håkon vart attgift med Margit Ottarsdtr. Rotneim. I 1762 budde også Syver Ottarson på Svarteberg. Det var bror hennar Margit. Han kom til Turkarstad.
    I 1773 var Håkon militær legdsmann. På skiftet etter Håkon 28. juni 1811 var buet på 8 rd.

{2920} År: 1774

Knut Håkonson Svarteberg 01.01. 1762-1818
Foreldre: Håkon Tolleivson Svarteberg og Gunvor Torsteinsdtr. Svarteberg.
Gm Birgit Torkjellsdtr. Kvelprud Svarteberg 28.05. 1758-1787
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og 2.g Guri Sveinsdtr. Ulshagen.
Gm Guri Knutsdtr. Helling Svarteberg 09.08. 1771-1841
Foreldre: Knut Solveson Helling i Opheim og Birgit Ivarsdtr. Rotneim.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Håkon Knutson Svarteberg 08.02. 1784-
Gm Birgit Andersdtr. Gjeldokk. Sjå neste hushald.
2. Torkjell Knutson Svarteberg Gåsterud 10.09. 1786-1873
Barn: Birgit m/Birgit Olsdtr. Håkonsgard.
    G 1835 m enkje Guri Olsdtr. Gåsterud/Torpeslåtta. Rosemålaren. Sjå Teigen under Bakke.
*Barn i andre ekteskap
1. Ivar Knutson Svarteberg 1793-1845
Ugift. Han var lenge inderst hjå kårmannen Rasmus Steingrimson Opheim. (Stefaren.)
2. Knut Knutson Svarteberg Teigen 22.04. 1796-1878
G 1829 m Guri Arnesdtr. Arnegard. Gm ... ... ?
    Som smågut fekk han øydelagt tommelen i dørgåtten. Mora reiste til doktor i Kr.ania, og han amputerte handa. Han vart kalla "Einhendingen".
    Knut var sersjant ei tid. Ein sermerkt kar, stor, sterk og spretten. Knut var ein dugande arbeidskar. På orvet sette han ein ring som feste for høgre-armen, og så var han slåttekar like god som dei hine. Knut vann ry som den beste ski-makaren i bygda, skiene var best i laus snø. Som skiløypar kunne han setja utfor Svarteberg-jordet med ei halvtunne-hit (ca 75 kg) korn på ryggen, og avslutte med ein bråsving ved Tveite-brue.
    Sjå Teigen under Arnegard i nordre Votndalen.
3. Birgit Knutsdtr. Svarteberg Sandelien 1799-____
G 1820 m Ivar Halvorson Kvinnegard. Sjå nedre Sandelien.

Knut overtok garden søre Svarteberg (1 1/2 lb.) etter far sin i 1774 for 200 rd og kår. Han kjøpte seg ein Holo-støl på Kråkhamar i 1782. Og han kjøpte jordstykket 'Juvebakken' under Tveito i 1813.
    Knut fekk to barn med Birgit Torkjellsdtr. På skiftet etter Birgit 29. juni 1787 var det 336 rd å dele. Døydde ho i barselseng? Knut vart attgift 1791 med Guri Knutsdtr.
    Buet etter Knut i 1818 var på 790 spd. Sonen Håkon fekk garden og den vanføre sonen Knut fekk eit slags kår. Guri Knutsdtr. vart attgift med enkjemannen Rasmus Steingrimson Opheim. ('Rike-Rasmus') Sjå Rasmusgarden.

{2921} År: 1810

Håkon Knutson Svarteberg 08.02. 1784-
Foreldre: Knut Håkonson Svarteberg og Birgit Olsdtr. Kvelprud.
Gm Birgit Andersdtr. Gjeldokk Svarteberg 1798-1869
Foreldre: Anders Ivarson Gjeldokk og Birgit Sveinsdtr. Sata.
*Barn
1. Knut Håkonson Svarteberg 07.03. 1829-1894
G 1853 m Gunhild Larsdtr. Holo 1828-1911. Sjå neste hushald.
2. Birgit Håkonsdtr. Svarteberg 09.03. 1831-1880
Ugift. Barn: Birgit 1863-1889. Sjå barnebarn. På skiftet etter Birgit i 1880 stod det 400 kr i Fredriksminne. Ho var inderst på Svarteberg i 1880.
3. Håkon Håkonson Svarteberg 10.02. 1834-1834
4. Margit Håkonsdtr. Svarteberg 12.08. 1835-1835
5. Håkon Håkonson Svarteberg 02.11. 1836-1856
Håkon døydde av nervefeber.(tyfoidfeber - salmonella.)
6. Anders Håkonson Svarteberg Leksvol 12.07. 1840-1886
G 1871 m Kristi Knutsdtr. Leksvol. Sjå søre Leksvol, gnr. 113/1.
*Barnebarn
1. Birgit Olsdtr. Svarteberg 11.06. 1863-1889
Ugift. Foreldre: Ola Sveinson Noss Svarteberg (ungkar) og Birgit Håkonsdtr. Svarteberg. Birgit var på Svarteberg i 1880.

Håkon kjøpte garden 1810 hjå faren for 1000 rd og kår. Så vart det krigstenest. Håkon var ved Fredrikshald (Halden) i 1812.
    Håkon og Birgit gifte seg i 1828. Ho hadde sonen Svein f. 1825 med Ola Eirikson Sundrehagen. Sjå på Gjeldokk.

{2922} År: 1859

Knut Håkonson Svarteberg 07.03. 1829-1894
Foreldre: Håkon Knutson Svarteberg og Birgit Andersdtr. Gjeldokk.
Gm Gunhild Larsdtr. Holo Svarteberg 20.11. 1828-1911
Foreldre: Lars Sevatson søre Holo og Borghild Nilsdtr. Veslehaugen.
*Barn
1. Birgit Knutsdtr. Svarteberg Levorson 17.09. 1850-
G 1877 m Tolleiv Levorson Vangen Minna Styrkestad. Barn: Levor 1877-1950 gm ... ... ... (minst 2 barn); Gunhild/Julia 1879- g 1901 m Anders K. Sorteberg (onkelen)(1 barn), g 1907 m Joseph Stephen Rennie (.. barn); Kristi 1882- ; Anne 1884-1884 ; Anne 1885-1886; Anne 1886- ; Carl 1889-1984; Borghild 1892- . (epost Pat Sorteberg)
    NB. Sonen Levor opplyste at han kom til Am. kring 1887 saman med foreldra. Dei andre ungane er ukjende.
2. Håkon Knutson Svarteberg 18.05. 1854-1936
G 1883 m enkje Ingeborg Gjertrud Øvrebø 'Overby' frå Hafslo til Am. 1858-1930. Barn: Gunhild 1882-1891; Ingeborg "Belle" 1886-1944; Carl 1886-1946 gm Jennie ... , gm Marie Mundal Hendricks; Edward 1891-1961. (1276)
    Håkon og Ingeborg vart skilde ca 1893.
    G 1896 m Emma Johnson, Wisc. 1873-1901. Barn: Henry 1896-1900; Gerty Marie 1898-1936 gm Martin Avelsgard; Alma 1900-1993 gm Melvin Skordal; Alfred 1900-1956 telegrafist g 1921 m Clara Ovidia Knutson (2 barn); Henry 1901-1901. (1656)
    Håkon fekk utflyttingsattest i 1875. Håkon tykte han hadde arbeidd nok med køyring av reine-jord i oppveksten. Han ville ikkje bli farmar. I staden opna han ein kornsilo, og han handla med møblar i Bellington. I 1920 budde han i Appleton i USA hjå ei av døtrene.
3. Borghild Knutsdtr. Svarteberg Odelien 24.05. 1856-
G 1879 m Ola Eirikson Ødelien. Barn: Carl Edwin 1879- ; Maria 1883- ; Lewis 1886- ; Gunhild 1890- .
    Busett Janesville, MN. Budde i Rosholt, SD i 1936.
4. Lars Knutson Svarteberg 12.02. 1859-1956
G 1885 m Hansina Overby, Hafslo 1866-1927. (Syster til kona til Håkon bror.) Adoptivbarn: Carl Albert 1883-1971 g 1918 m Lena Skoien, gm Emma Johanna Zuelke.
    Barn: Edward 1886-1921 g 1916 m Coleen Mork; Louis 1888-1889; Gunhild 'Gertie' 1889- g 1914 m Anton Mork; Ingeborg 1892-1989 gm Oscar Mork; Lewis 1893-1970 g 1923 m Pauline Mork; Bertha 1896-1978 gm Gustave Nesvold; Lena 1898-1990 g 1921 m Ed. P. Diebold; Clarence 1900-1978 ug.; Ida 1902-1995 gm Raymond Baker; Mary 1904-1996 g 1930 m John H. Femrite; Andrew 1906-1959 soldat i 2. verdskrigen; Helen Luella 1909-1911. (1656)
    Lars og Hansine farma i Perry township, Lac que Parle Co. MN.
5. Knut Knutson Svarteberg 23.08. 1861-1939
G 1886 m Kirsti K. TrintrudRudningen. Ingen barn.
    Utvandra 1882. Busett MonteVideo, MN. Også Fordville, ND.
6. Gunhild Knutsdtr. Svarteberg Olson 22.03. 1864-1947
=Julia. G 1884 m Norman Olson 1857-1935. Barn: Carl ....- gm Alice Akre; Bertha 1887- g 1915 m Carl Lindahl; Henry død ung; Oscar ....- gm Ruby Baker; Alfred ....- gm Anne Maehren; Ruth ....- gm Emil Keehn; William ....- gm Mary Morrow; Edward ....- gm Helen Ligthfoot; Lila ....- gm Edward B. Crary; Gladys ....- gm Kermit L. Peterson.
    Til Am. i 1879: Benson, MN. I 1936: Appleton.
7. Anders Knutson Svarteberg 16.05. 1867-1905
Gm Julia Levorson 1879-1954 (niesa). Barn: Helen 1902- gm Frank Joseph Pearson, gm Cleo Wyatt. Truleg hadde Anders sonen Carl Albert Sorteberg "with a Jallo girl".
    1879 utfl.attest. Sidan ikkje spurt. Han farma i SD. Julia vart attgift 1907. Anders selde farmen i SD og reiste vestover.
8. Birgit Knutsdtr. Svarteberg Lillejord 01.06. 1870-
G 1892 m Nils Hansson Lillejord 1859- . Barn: Hans Clarence 1893- ; Martin Oscar 1895-1981; Gertie Agnete 1897- ; Leonora 1901- ; Arthur 1905-1983.
    Til Am. i 1879: Benson, MN. Nils var handelsmann i Lac Qui Parle Co, MN. Birgit budde i Minneapolis i 1936.
9. Margit Knutsdtr. Svarteberg Harstad 01.07. 1873-
Gm Iver E. Harstad. Barn: Clarence Edwin 1898- ; Gertie 1900- ; Myrtle 1902- ; Gladys Lillian 1911- .
    Barna fødde i Lac Qui Parle Co, MN.
    Til Am. i 1879: Benson, MN. Budde i Appleton i 1936.

Knut og Gunhild gifte seg i 1853. Knut overtok garden hjå mora i 1859. Knut delte frå og selde Håplassen og Vesleskrøyva i 1879. Så reiste dei til Amerika med heile familien: Perry township, Lac qui Parle Co. MN. (Opplysningar ved Pat Sorteberg.)

{2923} År: 1879


I 1879 kjøpte kjøpmann Embrik T. Svarteberg og lensmann Falch søre Svarteberg. To år seinare vart garden makeskifta til Ola Torson.

{2924} År: 1881

Ola Torson Lislelien Sorteberg 21.05. 1827-1926
Foreldre: Tor Olson Lislelien og Kristi Botolvsdtr. Espegard.
Gm Anne Hansdtr. Liåsen Sorteberg 03.04. 1848-1910
Foreldre: Hans Olson Liåsen og Olea Kristiansdtr. Bjørnstad, Eidskog (E. II s 337), (1547)
*Barn
1. Olava Olsdtr. Sorteberg Engh 23.04. 1873-1955
G 1903 m Gunnar Engh, Åmli. Barn: Arnljot 1906- kinodirektør, FN-repr. i Irak, gm Ragnhild ... ; Aslaug; Olav ....- gm Berit ... ; Tordis ....- gm Alf Dagrød.
    Olava var fødd i Eidskog. 8 år gamal kom ho til søre Svarteberg og vaks opp der. Ho gjekk på Elverum lærarskule, og fekk fyrste posten i Eidskog. Så underviste ho på Gol frå 1894 til 1906. Der møtte ho ein annan lærar, det var Gunnar. (1553)1911/26
    Båe var lærarar, busette i Oslo. (Tøyen folkeskole). Ho var ein flittig skribent i kvinnebladet Urd. Diktsamlinga "Dikt og draum" vart gjeve ut av vener i 1943. (1449)
2. Tor Olson Sorteberg Myro 02.07. 1875-1951
Gm Kristi Rugland, Sigdal 1882-1939. Barn: Olav 1907-1975 gm Astrid Solheim (2 barn).
    Tor dreiv landhandel i Nilsebua på Sundre, sidan på Galleberg frå 1903. (1242)
3. Alma Olsdtr. Sorteberg Gussgard 1879-1946
Gm Johannes Gudbrandson Gussgard. Landhandel på Sundre. Sjå eige hushald.
4. Hartvig Olson Sorteberg 1879-1956
Ug. Hartvig var heime på garden i 1911. Han kjøpte eit jordstykke av faren, og sette opp ei stugu.
    Hartvig var aktiv i ungdomslagarbeid. Han kjøpte Gjeldokksgardslåtta i 1931. Sjå Slåtta gnr. 105/6.
5. Margit Olsdtr. Sorteberg Tvete 02.11. 1881-1961
G 1907 m Ola Torson Tveito 1876-1957. Barn: Thor 1908-1998 ug. farmar ved Petersburg, ND; Olaf 1909- ; Selma 1916- gm Everett Nash (2 barn); Myrtel 1927-1969 gm Loyd Anderson (3 barn). (944) (1335)
    Margit reiste til Am. 1914: Petersburg, ND.
6. Olaf Olson Sorteberg 16.11. 1883-1970
Gm Olava ... ... . Handelsmann. Sjå neste hushald.
7. Kristi Olsdtr. Sorteberg 21.01. 1887-1893
Kristi døydde av difteri, 7 år gamal.
8. Hans Olson Sorteberg 16.02. 1889-1937
Gm Jørand T. Sundre, Hol 1887-.... . Barn: Alfhild død liten; Alf Torleif 1916- busett i Oslo gm Randi Nilsen; Alfhild 1922- ug. sjukesyster i Oslo.
    Hans var lærar og skulestyrar i Hurum. Han sat på stortinget 1922-24. (1040), (1044)
9. Birgit Olsdtr. Sorteberg Hefte 25.07. 1893-1982
G 1919 m Anders Knutson Hefte. Ho hadde kafe på Sundre. Sjå 'Hefte' under jarnbanen.

Ola flytta ut for å gifte seg. I 1871 budde han på Haug i Eidskog prestegjeld. Dei flytta til Ål kring 1880. Ola kjøpte Håkonsgarden Svarteberg i 1881.