Håplass og Vesleskrøyva gnr. 53 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Håplass og Vesleskrøyva gnr. 53 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Håplassen var husmannsplass under Svarteberg. Håplassen kan ha namn etter lægjet, den ligg høgt oppe i lia ovanfor Svarteberg. NB. Slektsnamnet har vore 'Hofplass'. I dokumenta vert bruket kalla 'Håplass og Vesleskrøyva'. Tydinga av 'å skrøyve' er noko som ruver, tek plass. Namnet 'Vesleskrøyva' kan ha vore meint som ein spøk. Skrøyva ligg oppå ei romsleg hylle i terrenget.
    Plassen var ikkje bebudd i folketeljingane 1865 til 1891. Våningshuset vart bygt kring 1890, det er påbygt fleire gonger. Fyrst i 1900 finn me atter fastbuande folk på bruket etter at fyrste husmannen var her i 1790-åra.
    I 1879 vart Håplass og Vesle-Skrøyva frådelt og selt av Knut Håkonson Svarteberg.
    Areal 1995: overflatedyrka mark 20 mål og skog 60 mål.
    I 1993 vart garden delt: tunet vart frådelt som bnr. 21. Resten av eigedomen kom under Håheim i Leveld (gnr. 72/1). Jorda vert leigd ut til Ål Skisenter.
   
{2928} År: 1790c
Ørjans Sevatson Håheim 1736-1815
Foreldre: Sevat ... ... og ...
Gm Birgit Torsdtr. .
Gm Sigrid Olsdtr. ... Medgard 1740c-1789c
Foreldre: Ola ... ...
Gm Birgit Toresdtr. Håheim Feten 1755-1834
Foreldre: Tore eller Tor ...
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Ørjansson Håheim Dokkmoen 1789-1875
G 1825 m Guri Olsdtr. Lappegard i Leveld 1777-1872. Sjå Dokkmoen.
*Barn i tredje ekteskap
1. Sevat Ørjansson Håplassen 26.12. 1790-
Heimedøypt. Sevat var med i FT 1801, men er ikkje spurt sidan.
1. Sevat Ørjansson Håplassen Låi 08.12. 1793-1855
G 1823 m Elsa Hansdtr. Hillestad 1800-1873. Barn: Brita 1823- gm Sjugurd Karlson Rødningen, Nes; Ingrid 1825-1854; Ingrid 1825-1854 ugift, ein son; Ørjans 1827-1912 husmann i Enden, felespelar, gm Anna Johannesdtr./Jakopsdtr. Rå, busett på Låi/Gram i Borgund; Hans 1829- g 1862 m Gjertrud Olsdtr. NesseTræet; Anders 1831- gm Gjertrud Lassesdtr., Leikanger; Ola 1833-.... . (1242)
    Sevat og Elsa budde på fleire husmannsplassar i Borgund og Lærdal: 1) Rå, 2) under Kvenshagen, 3) under Låi frå 1833: Sevatgjerda under Låi Lærdal/Borgund. Det meste av familien reiste til Am. (1015 s 695 ),( Lærdal I s 531)
1. Sevat Ørjansson Håheim Låi 1794-1855
Sevat fortalde i eit avhøyr i 1810 at han gjekk på bygda og betla i barndomen saman med mora. Faren var fattiglem i 1810. Sevat vart sendt til tukthuset i Kr.ania i 1811. Og sidan vart han ikkje meir spurt i Ål. Men han kan vera forveksla med Sevat Ørjanson Håplass som kom til ein plass i Lærdal.
I 1761 fekk 'Ørjans Sevatson Lappegard' sonen Eilev med Turid Halvorsdtr. Breie. Neste år fekk han 12 rd i legemålsbot saman med Guro Knutsdtr. Myren. Ørjans var oppført mellom "fattige 1780-1800".
    Me kjenner ikkje namnet på fyrste kona hans. Men Ørjans var husmann i tredje ekteskap og almisse lem utan jord i 1801.
    I 1784 vart Ørjans attgift med Sigrid Olsdtr. Ho døydde truleg i barsel kring 1789. Birgit Toresdtr. var tredje kona til Ørjans. Ho hadde eit barn med Herbrand Pålson Kyrkjedeld Holo Reinton: Syver 1780- .
    NB. Sonen Sevat sa at halvbror hans var Syver Herbrandson Pletten. Det står også at Birgit Tomasdtr. Gunhildgard var mor til Syver Herbrandson f. 1780. 'Tomasdtr.' er nok feilsskrift sidan me finn 'Birgit Torsdtr. Laa død som Ørjans-Birgit' på legd i Øvre Ål i 1834.
    Ørjans var i Juvsjord i 1789, i Håplassen 1790, på Håheim i 1801. Seinare budde dei på Feten og Viggersholet i Leveld. Han var fattiglem i 1810. Han døydde som Ørjans Haugen i 1815.
   
{2929} År: 1845c
Ola Halvorson Sundreøyen Håplass 26.12. 1777-1858
Foreldre: Halvor Birgerson Nosseplass Sundrehagen og Astrid Knutsdtr. ... .
Gm Margit Arnesdtr. Bøygard Håplass 05.09. 1784-1873
Foreldre: Arne Knutson søre Bøygard og Liv Guttormsdtr. Bergsgard.
Ola og Margit gifte seg i 1829. Dei fekk ingen barn. Margit hadde ein son Ola 1812-1900 med soldat Ola Olson Holeplass som fall i krigen 1807-12. (Meir om han, sjå søre Bøygard og Sagen.) Det fortelst at 'Hå-kjerringi' syrgde mykje over Holo-guten.
    Me veit ikkje kvar Ola og Margit budde dei fyrste åra. Etterkvart vart det 'Svartebergeie', dvs. Håplassen. Hit må dei vera komne etter 1841, elles skulle han stått i husmanns-manntalet 1832-1841.
    Også Ola hadde vore ute i krigen 1807-14. Han var ein slags ordonans, kunne ikkje skrive, men overførte rapportar muntleg. Ola var mykje brukt som fyritalsmann i lag og likferd. Han var ordhitten og ein 'uppe' kar.
    Ola var avskjediga korporal i 1829. På skiftet etter Ola heitte det at "Arvingene skal nedstamme fra en familie i Bergen Stift". (?) Dødsfallet var anmeldt av Ola Olson Sagen.
    Margit døydde som legslem på Bøygard i 1873.
{2930} År: 1879
Etter Ola og Margit vart nok Håplassen brukt under myljogarden Svarteberg.
    Knut Håkonson Svarteberg selde bruket til Tolleiv Levorson Vangen i 1879, og han selde det vidare 1880 til Embrik T. Svarteberg.
{2931} År: 1890
Embrik T. Svarteberg selde bruket til Håkon Olson Veslestølen i 1890. Sjå søre Tveito.
{2932} År: 1900
Ola Sevatson Hagen Håplass 22.05. 1873-1957
Gm Anne Botolvsdtr. Baklien. Sjå nedre Reiersgard og søre Svarteberg.
Foreldre: Sevat Olson Kjellargard Håkonsgardhagen Feten og Birgit Syversdtr. Sørbøenston.
Ola Sevatson Hagen kjøpte Håplassen i 1900. Han selde til Ola Olson Håheim i 1914.