Glomsletten gnr. 54 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Glomsletten gnr. 54 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Glomsletten var husmannsplass under myljo Svarteberg. Namnet kan koma av 'glåmå' som tyder å glime. Ei betre forklaring kan ligge i 'glym' som Ivar Aasen overset med bulder, drøn eller gjenlyd. Det vil då gå på atterljomen frå Svarteberga. (Påpeika av Knut H. Skrindo.)
    NB. Også under Trintrud ligg eit bruk med namnet Glomsletten.
    I 1664 vart Glomsletten seld av Ola Gurigard til Torkjell Halvorson på Svarteberg. Sidan vart det husmannsplass her. I 1807 vart Glomsletten utvida ved at også heimstølen Nystølen bnr. 3 under Svarteberg vart bygsla av Ola Oleivson. Tufter og steingjerde etter Nystølen var godt synlege fram til oppdyrking i 1939.
    I 1864 vart Glomsletten frådelt som eige bruk.
    Areal 1865: dyrka jord 2 1/2 mål, naturleg eng 8 mål. Avling 2 tunner bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 33 mål, anna jbr. 28 mål, prod. skog 119 mål, anna utm. 74 mål. Buskap: 6 ammekyr (Hereford), 8 ungdyr, 90 sølvrevtisper. Det var mjølkekyr og tradisjonell stølsdrift til 1984.
    Våningshus bygt 1921, stabbur 1925, driftsbygning 1986, pelsdyrfarm 1988.
    Stølar: bruket har langstøl i Lyserbotnen. Den vart kjøpt ved hjelp av jordlova i 1954.
   
   

{2970} År: 1805

Ola Oleivson ... Arnegard 1775c-
Foreldre: Oleiv ... ... . Fadderar 1808: Oleiv Trintrud, Margit ib. Birgit Løkensgard, Torstein Svarteberg.
Gm Birgit Eilevsdtr. Strand Glomsletten 02.07. 1775-1857
Foreldre: Eilev Olson husmann u/Strand/Hagabakkane-Huse og Turid Nilsdtr. Holto.
*Barn
1. Oleiv Olson Glomsletten 01.01. 1805-1805
2. Oleiv Olson Glomsletten 26.12. 1805-
3. Oleiv Olson Glomsletten Haugen 18.04. 1808-1864
G 1842 m Guri Embriksdtr. Roen. Sjå Glomshaugen. Det namnet tok Oleiv med seg.
4. Anne Olsdtr. Glomsletten Sirebråten 27.09. 1810-
G 1834 m Ola Syverson Sirebråten. Sjå Borkhusbråten, gnr. 4/28a.

Ola og Birgit fekk fire barn. Me veit enno ikkje kvar Ola kom frå. Han er også kalla 'Bergsgard'.
    Ungane var delvis på legd i Vats 1816-1836 under namnet "Glomsrud".
    I 1807 bygsla Ola heimstølen Nystølen bnr. 3 under myljo Svarteberg.
    Ola døydde mellom 1809 og 1815. Og Birgit vart attgift 1815 med Syver Olson Skjerping. Sjå neste hushald.

{2971} År: 1810c

Syver Olson Løkengen Glomsletten 23.11. 1755-1823
Foreldre: truleg Ola Syverson Lappegard Kyrkjedeld Løkengen og Sissel Olsdtr. Arnegard.

Ugift i 1801. Død 1823 som husmann i Glomsletten under Svarteberg.

{2972} År: 1815

Birgit Eilevsdtr. Strand Glomsletten 02.07. 1775-1857
Foreldre: Eilev Olson husmann under Strand/Nosseplassen (Huse) og Turid Nilsdtr. Holto.
Gm Syver Olson Storedal Glomsletten 08.06. 1756-1823
Foreldre: Ola Olson Øyen Storedal Skjerping og Margit Eilevsdtr. Rotneim/Eilevmoen (Gol).
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Syversdtr. Glomsletten 01.06. 1814-
Ikkje funnen død eller utflytt.

Syver og Birgit gifte seg i 1815. Syver hadde vore husmann i Perstølen og var enkjemann etter Torand Torkjellsdtr. Hagen.
    Det står berre 'Sortebergplads' i kyrkjeboka under barnedåpane i Birgit sitt fyrste ekteskap. Men i husmannsmanntalet 1839 står sonen til Syver på 'Glomsletten under Sorteberg'.
    Birgit vart attgift 1824 med Ola Eivindson Stranden. Sidan ser me ikkje meir til nokon av dei to.
    Neste brukar i Glomsletten vart Halvor Syverson, ein son til Syver Olson.

{2973} År: 1825

Halvor Syverson Glomsletten 14.09. 1800-
Foreldre: Syver Olson Glomsletten og 1.g Torand Torkjellsdtr. Hagen.
Gm Turid Botolvsdtr. Trintrud GlomSletten 12.09. 1802-1879
Foreldre: Botolv Pålson Trintrud og Anne Eilevsdtr. Noss.
*Barn
1. Syver Halvorson Glomsletten 15.12. 1823-1830
2. Anne Halvorsdtr. Glomsletten 19.07. 1825-1859
Barn: Johannes 1853- m/Arne Johanneson Hølet i Hol.
    I 1855 fekk Anne 5 dagar på vatn og brød som straff for å vera ugift mor. Då kravde mora Turid barnefaren for bidrag for underhald av sonen Johannes. Stefaren Knut Halvorson Bjella på Brenno under Håvelmoen kravde likeeins bidrag hjå Arne då Anne var død i 1859.
3. Torand Halvorsdtr. Glomsletten 19.01. 1828-1829
4. Torand Halvorsdtr. Glomsletten Bakkestølen 20.05. 1830-1907
G 1860 m Knut Hallsteinson Hjalmen u/Røo - Bakkestølen i Hol 1830-1913. Barn: Hallstein 1857-1944 bonde på Fossgardmyre-Hjalmen, gm Kari Tomasdtr. søre Slåtto (7 barn); Gro 1860- g 1886 m Pål Martinson Smedplassen-Trøo (3 barn); Ivar 1864- .
    Torand vart kalla "Skjerping-Torand". Etter å ha budd ymse stader kring Geilo, kjøpte dei i 1894 Bakkestølen, ein heimstøl til Verpe og flytta dit. Bakkestølen ligg på vestsida av Ustedalsfjorden. Knut leigde fjell-hamner og dreiv med hamnefe.
5. Margit Halvorsdtr. Glomsletten 14.01. 1832-1912
Barn m/Martin Anderson Rustad: Anne 1855- gm Torkjell Olson Borkhusbråten. Sjå der.
    Barn m/Johan Person Glomsletten: Anne 1858-1950 g 1881 m Hans Olson Rosholm frå Hole. Budde på Glaserud i Norderhov. Barn: 8.
    Margit budde hjå Ola Syverson Borkhusbråten på Torpo. Ho var losjerande jordbruksarbeiderske i 1900.
    Margit døydde 1912 hjå ei dotter på Hønefoss.
6. Syver Halvorson Tveitehagen 16.05. 1833-1858
Ugift. Som barn vart Syver Glomsletten sett på legd. (1846)
    Syver hadde tilhald hjå Ola Halvorson Sandelien i mange år. Han vart sett i arrest på Sundre etter drapet på Lars Torsteinson Svarteberg i 1858. Saman med Lars Larsson Ørjansplassen gjekk dei laus med slag og spark inntil Lars var død. Syver døydde i arresten i 1858. Han dreiv med noko skoarbeid og stakk seg i låret. (1016)
7. Turid Halvorsdtr. Vestenfor Glomsletten 20.03. 1835-1915
Ugift. Ho var på legd som barn frå ca 1846. Sidan var ho på Hansemoen. I 1900 budde ho på Eilevmoen i Gol.
8. Botolv Halvorson Kanafetmyrane 06.04. 1837-
Barn m/Kristi Knutsdtr. Dokken, Gol: Knut 1862-1929 dreiv krambu og budde i Øylo i Vang, g 1898 m Ingebjørg Knutsdtr. Dokken. Barn m/Kjersti Kristensdtr. Rotneims-eie: Turid 1861- .
    Botolv var på Gol ei tid før han reiste til Am. Botolv vart truleg gm Mette Persdtr. ... 1851-.... . Barn: Tilda 1874- ; Henrik 1875- ; Pauline Marie 1876- ; Mina 1877- . (Gol V s 88 og IV s 189)
    I Wanamingo Luth. church frå 1874-1878. (1351)

Halvor og Turid gifte seg i 1825. Dei budde på Glomsletten til 1832, i Tveitehagen 1833, i Vestenfor 1835, og på Kanafetmyrane frå 1837.
    Syver arbeidde hjå prokurator E. Bergh på Eiker i 1840. Halvor døydde 'for mange år siden' i Drammen.
    Turid vart attgift 1845 med Knut Halvorson Bjella 1804-1881 på plassen Skallhus/Brenno under Håvelmoen. (Gol V s 86)

{2974} År: 1840c

Ola Olson ØvreLå Glomsletten __.01. 1799-
Foreldre: Ola Olson Kvinnegard (?) ØvreLå og Birgit Olsdtr. ØvreLå.
Gm Gunhild Halvorsdtr. Bjella Glomsletten 1798-1867
Foreldre: Halvor Eirikson nordre Bjella og Ragnhild Holgesdtr. Sundrelien.
*Barn
1. Ola Olson Glomsletten Tveito 24.09. 1826-1869
G 1865 m Guri Jakopsdtr. Tveito. Sjå Tveito gnr. 55/11.
2. Birgit Olsdtr. Glomsletten 24.03. 1829-
Barn: Olaug Trulsdtr. 1856-1857 (m/Truls Olson Rotneim); Tilla Torgeirsdtr. 1859- m/Torgeir Øysteinson ... Jevnaker ; Halvor Olson ... Perplassen.
    Birgit budde 1856 på Rotneim hjå systera. Då fekk ho barnet Olaug. I 1865 var dottera Tilla Torgeirsdtr. fosterdotter hjå bestemora Gunhild Halvorsdtr. Sjå barnebarn.
3. Ragne Olsdtr. Glomsletten Botten 07.12. 1831-1917
G 1857 m Torstein Olson Ivarslien Botten, Gol. Barn: Ola 1857-1857;Ola 1858-1858; Randi 1858-1935 ugift og busett i Drammen, Gunhild 1861-1938 g 1903 m Jon Jonsen Rognejord, Tinn, busett i Drammen; Anne 1864-1910 g 1896 m Hans Olaus Andresson Hansen, g 1922 m Ernst Osvald Hulbak, Drammen; Kari 1867-1900 gm Tom Vigen, farma i ND; Birgit 1870-1941 g 1896 m John Goodrie i Am. (5 barn); Ola 1873-1917 g 1910 m Sigrid Olsdtr. Lyngdal, til Treholt i Skoger, sonen deira: Torstein Treholt (statsråden); Ingebjørg 1873-1939 gm Axel Skjønholt, busett Oslo. (Gol V s 109 og 311)
4. Gro Olsdtr. Glomsletten Hansemoen 19.02. 1835-1900
Barn: Gunhild 1861-1884 m Sevat Olson Kjellargard (gm Asle Knutson Bråten). Sjå Dølaminne 1983 s 30
    Gro budde lenge i eit eldhus i Botten hjå systera. Dei onna til ei ku. Siste tida budde ho i ei stugu på Hansemoen i Gol saman med 'SkalleTurid'.
5. Halvor Olson Glomsletten 02.12. 1838-1839
6. Halvor Olson Glomsletten Tangerås 24.01. 1841-1911
G 1871 m Anna Akselsdtr. Kisa 1846- . Barn: Ola 1876-1941 gråsteinsmurar, gm Anna Andersdtr. Rongve, Voss (4 barn); Aksel 1879- jungmann, g 1902 m Synneva Hallsteinsdtr. Viki (10 barn), gm Hildur J. Risa; Gunhild 1872- gm Ola L. Haugen, Herand (11 barn); Gjertrud 1875- ug; Anders Egelis 1883- skomakar, til USA/Voss gm Sigrid Rongve; Hans Olai 1866- til USA; Johannes 1890- (1076)
    I 1865 var Halvor losjerande murar på Tangeraastykke i Strandebarm. Halvor var gråsteinsmurar og bygde ei mengd husmurar og skorsteinar i Strandebarm. Busett på garden Tangerås. (1076),(1639)
*Barnebarn
1. Otilie Torgeirsdtr. Glomsletten Sataøyen 24.07. 1857-1954
=Tilla. G 1886 m Sevat Olson Veslegardsgjøta Sataøyen. Sjå nordre Lie gnr 32/7.
    Foreldre: landhandlar Torgeir Øysteinson ... , Jevnaker og Birgit Olsdtr. Glomsletten.

Ola og Gunhild gifte seg i 1827. Dei budde på Bjella og i Tveitehagen før dei kom til Glomsletten.
    Ola vart kalla Fuggeln og det kom av alle påfunn han dreiv med. Det kunne vera småstrekar og prakli som t.d. å flytte på redskap/hestar for folk. Så stod Ola og gapstkratta i ein låveglugg medan folk gjekk og leita. Det vart eit uttrykk når noko var borte: " Å , det er denne fuggeln her oppe!" Fuggle-namnet vart hengande ved fleire av etterkomarane hans.
    I 1846 skal Nystølen bnr. 3 ha vorte selt frå Glomsletten og til Torstein Olson Svarteberg. Han selde eigedomen attende til Embrik Botolvson i 1858. Sjå neste hushald.
    Ola var fordufta til Bergen Stift, ingen hadde høyrt frå han på fleire år, heitte det i 1855. I 1865 skulle han vera død for mange år sidan i Bergen stift. 1 barn heime, 4 barn utanbygdes.

{2975} År: 1850c

Embrik Botolvson Trintrud Glomsletten 04.03. 1814-1898
Foreldre: Botolv Pålson Trintrud og Anne Eilevsdtr. Noss/Granhagen.
Gm Sissel Eivindsdtr. Gurigard Glomsletten 15.04. 1818-1899
Foreldre: Eivind Olson Trintrud og Ågot Knutsdtr. Gurigard.
*Barn
1. Anne Embriksdtr. Glomsletten 10.03. 1839-1839
2. Botolv Embrikson Glomsletten 04.10. 1840-1867
Botolv arbeidde i ei svovelkisgruve på Varildøyne i Hardanger. I 1867 kom han oppi eit lag med drikk og kortspel. Botolv og sambygdingen Pål-Ivar rauk uklar om spelet. Dei slåst, og brått fekk Botolv fekk ein stein i hovudet så han døydde på staden.
3. Eivind Embrikson GlomSletten 23.08. 1843-1903
G 1871 m Ragne Knutsdtr. Bjella Vermåker 1842-1887. Sjå neste hushald. Til Am. i 1870: Goodhue Co, MN.
4. Anne Embriksdtr. Glomsletten 13.01. 1846-
G 1870 m Eirik Olson Bleikfet/Svello frå Gol. Sjå år 1870.
5. Ola Embrikson Glomsletten 20.08. 1848-1926
G 1871 Tysnes m Jørunda Hansine Johannesdtr. Humlevik, Tysnes i Hordaland 1847-1905. Ingen barn, men dei hadde fleire fosterbarn: Peter Ole; Anne Sesilie 1871- g 1893 m Edward Gundersen Hammer; Magna 1880- . (1358)
    Gm enkje Marie ... Raaen 1858-1959.
    Til Am. i 1871. Dei budde i Wanamingo, MN. (1226) V s 518
6. Knut Embrikson Glomsletten 24.12. 1850-1851
7. Knut Embrikson Glomsletten 18.12. 1852-
G 1873 Askøy m Siri Larsdtr. Vikøer Berven 1845- . Verksarbeidar og sjømann. Busett i Stavanger i 1873.
8. Ågot Embriksdtr. Glomsletten 21.08. 1855-1857
9. Ågot Embriksdtr. GlomSletten 24.09. 1861-
Utvandra til Am. i 1875. Busett Red Wing, MN.
10. Guri Embriksdtr. Glomsletten 25.01. 1865-
Til Am.

Embrik og Sissel gifte seg i 1838. Dei fekk visst 11 barn, men det vantar registrering på eit barn som døydde tidleg.
    Embrik og Sissel reiste til Am. 1875: Redving, MN. Med på reisa var dei tre minste barna. Billettane var betalte frå Am. Dei eldste ungane hadde reist føre. I 1895 budde han i Roscoe, Goodhue County, MN. (J. Marler)
    Embrik var ein dugande treskjærar og felemaker. Av arbeida hans er eit flott skatoll nyleg innkjøpt av Vesterheim museum i Minnesota. Skatollet er dekorert med heraldiske løver og litt perlemor. Det er avbilda i boka 'Norwegian folk Art' av Marion Nelson. (1490)324

{2976} År: 1864

Eivind Embrikson GlomSletten 23.08. 1843-1903
Foreldre: Embrik Botolvson Trintrud Glomsletten og Sissel Eivindsdtr. Trintrud.

Embrik kjøpte Glomsletten i 1864. Ugift gardbrukar og sjølveigar i 1865. Foreldra og fire sysken budde hjå han då.
    Han reiste til Am. i 1870: Goodhue Co, MN og hadde friplass på Amerika-båten.
    G 1871 m Ragne Knutsdtr. Bjella Vermåker (sjå Branesberget) 1842-1887. Barn: Ingebrikt 1872-1929 g 1907 m Lena Moen; Mathilda Cecilie ("Tilla") 1874-1939 gm Ole A. Hatle, gm pastor Angle Watland Hanson; Karl Bortinus 1877-1883; Sarah Sessle 1880-1974 g 1904 m Bendick L. Bendickson; Anna 1882-1909 g 1901 m Charles Laurentsen; Clara Bertina 1884-1964 gm John Carlson. (1358)

{2977} År: 1870

Anne Embriksdtr. Glomsletten Bakke 13.01. 1846-
Foreldre: Embrik Botolvson Trintrud Glomsletten og Sissel Eivindsdtr. Trintrud.
Gm Eirik Olson Bleikfet/Svello Bakke 1837-
Foreldre: Ola Eirikson Ruud (Kvinnegardslia) til Bleikfet/Kroken (under Svello i Gol) og Margit Ivarsdtr. Styrkestad.
*Barn
1. Botolv Eirikson Glomsletten 14.09. 1870-
Gm ... ... som døde i 1943. 3 søner og 2 døtre. Botolv kom truleg til Willow City, ND i 1897. Død 1916? (1044)
2. Ola Eirikson Svarteberg 1875c-1945
Gm Bertha Highland ....-1913. Barn: Oliver 1904- gm ... ... (2 barn); Gladys 1908- gm Richard Oppen, Minot ND. (1047)
    Ola reiste til Am. i 1889: Fairview, SD. Seinare i Minot. Han er truleg ein son til Eirik og Anne Glomsletten under Svarteberg. Er nok fødd i Kr.ania.
3. Embrik Eirikson Glomsletten 19.10. 1877-1910
G 1904 m Helga Kristine Andersdtr. Austad, Modum. Embrik var vognmann i Kr.ania.

Eirik og Anne gifte seg i 1870.
    Denne familien flytta til Kr.ania før 1875 og skreiv seg 'Bakke'. I 1875 folketeljinga var Eirik forpaktar og busett i Aasengade 20, Kr.ania. Eirik vart attgift 1894 med Birgit Jonsdtr. Fladalen, Nes 1852-1904. (Gol VIIa s 129 og dig.ark)

{2978} År: 1872c

Ola Helgeson Holgelien Glomsletten 24.09. 1823-
Foreldre: Helge Olson Holgelien og Eli Trondsdtr. Sundre.
Gm Birgit Aslesdtr. Hovdegard Glomsletten 03.10. 1823-1904
Foreldre: Asle Olson Hovdegard og Kristi Olbjørnsdtr. Kaslegard.

Ola og Birgit gifte seg i 1870. Ho hadde barna Ola f. 1846 m/Torkjell Olson Kjellargard og Ola f. 1853 m/Ivar Olson Hesla. Ola og Birgit var inderstar og levde av 'fattigunderstøttelse'.
    I 1875 var desse omstreiferane i Glomsletten hjå Ola og Birgit: Ola Olson Ulshageplassen saman med fylgjet sitt: Lina Pedersdtr. ug. 'hans følge f 1854 i Lysters pg.'; mor hennar Lina: Stina Albertsdtr. og bestemor hennar Lina: Berte Christensdtr, f. 1790. Alle var omstreiferar. Sjå meir om Ola Olson i Ulshagaplassen.
    Om dessa omstreifarane skreiv Eilert Sundt i 1865: 'Christiansdatter, Berte Christine kalles også Berte Tambur. Hun skal være av bonde herkomst i Bergen. Har datteren Stina Johanne med Johannes Albrigt. Johannes Er av reisende slekt i Bergen.'

{2979} År: 1879

Nils Sveinson Lappegard Glomsletten 09.10. 1837-1919
Foreldre: Svein Nilsson Randigarden Strand Lappegard og Turid Tolleivsdtr. Varaberg.

Nils Sveinson overtok Glomsletten i 1879. Han budde saman med mora i 1891 som 'grdbr. selveier og skomaker'.
    I 1900 budde ei ugift jente hjå han: 'Birgit Knutsdtr. Varalseng f. 1830'. (Dette kan vera B.K. Vareberg 1824-1913.) Nils selde Glomsletten i 1908.