Vesleengen gnr. 54 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vesleengen gnr. 54 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Vesleengen var opphavleg slåttemark og heimstøl til myljogarden Svarteberg. Truleg har Vesleengen også vore husmannsplass ei tid. Men det har ikkje lukkast å stadfeste folk før 1874. Bruket ligg ved nordre Svarteberg.
    I daglegtale vert bruket kalla "Engji eller på Engen."
    Areal 1995: dyrka jord 37 mål som vert leigd bort, prod. skog 150 mål, anna utm. 530 mål. Buskap: 50 blå- og sølvrevtisper.
    Våningshus bygt 1923, påbygt 1966 og 1982, loft 1904, fjøs 1939 - ombygd til verkstad, pelsdyrfarm med pelsehus, garasje. Støl i Lauvdalen.
   

{2984} År: 1874

Arne Jakopson Tveito Svarteberg 30.08. 1827-1905
G 1853 m Ågot Larsdtr. Svarteberg. Sjå myljogarden Svarteberg år 1857. Foreldre: Jakop Arneson Sehl Arnegard Tveito og Birgit Embriksdtr. Arnegard.

Arne held attende Vesleengen, to skogremmar, hamn i Skålen då han selde myljogarden Svarteberg i 1874.
    Skridene i 1876 øydela jord i Vesleengen, og dermed vart skylda på eigedomen nedsett.
    Noko av eigedomen skal vera kome attende til myljogarden i 1905. Arne selde Vesleengen til svigersonen Sevat Knutson i 1893.

{2985} År: 1880c

Lars Tomasson BukkeHaugen Vesleengen 17.09. 1849-1885
Foreldre: Tomas Larsson SataBakken Bukkehaugen og Guri Sevatsdtr. Bukkehaugen.
Gm Margit Knutsdtr. Medgard Vesleengen 18.05. 1839-1885
Foreldre: Knut Embrikson Thon Medgarden og Ågot Tolleivsdtr. Løkensgard Medgarden.
*Barn
1. Guri Larsdtr. Bukkehaugen 12.04. 1863-____
2. Guri Larsdtr. Bukkehaugen 27.09. 1868-1870

Lars og Margit gifte seg i 1864. Ei tid bygsla dei ein plass under Gudbrandsgard. Frå 1868 var dei inderstar på Krosshaug. Lars døydde som bygselmann på Vesleengen i 1885. Ingen av ungane vaks opp, det vart syskena som arva etter Lars.

{2986} År: 1893

Sevat Knutson Hjallo Svarteberg 15.01. 1847-1918
G 1874 m Birgit Arnesdtr.Tveito Svarteberg. Foreldre: Knut Sevatson Svarteberg Hjallo og Anne Knutsdtr. Vareberg.

Sevat og Birgit gifte seg i 1874. Sjå meir om familien på myljo Svarteberg. I 1893 overtok dei Vesleengen etter far hennar. Sonen Sevat overtok bruket i 1915.