Hjallo gnr. 54 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hjallo gnr. 54 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hjallo vart frådelt nordigarden Svarteberg i 1812. Namnet kjem av 'hjall', dvs. ei hylle i terrenget.
    Det heiter at det skal ha budd folk på øvre Hjallo. Ei forklaring kan vera at her var det opphavlege tunet på Hjallo.
    Noverande tun vart teke i bruk etter skridene i 1876.
    Areal 1865: dyrka jord 8 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 10 mål. Avling: 6 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna jbr. 26 mål, prod. skog 30 mål, anna utm. 50 mål. Leigd jord 10 mål. Buskap: 33 vinterfora sauer, 44 revetisper.
    Våningshus bygt 1912 påbygd i 1982, driftsbygning 1914, ombygd 1978, reiskapshus 1979, nytt reiskapshus 1993, pelsdyrhall 1994.
    Stølar: langstøl på Varaldset vart tilkjøpt frå Nestegard i 1920. Ei tid støla dei på Hjallestølen vest for Versjøen. Frå 1907-1920 hadde Hjallo Tormodsgardgjerda på Tormodset. Hjalleslåtta kan ha vore heimstøl ein gong.
   

{2992} År: 1812

Sevat Olson Løkensgard Hjallo 26.06. 1785-1868
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunvor Sevatsdtr. Tveito.
Gm Birgit Knutsdtr. Gurigard Hjallo 22.06. 1788-1835
Foreldre: Knut Torsteinson Svarteberg nedre Gurigard og Sigrid Larsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Ola Sevatson Hjallo Slåtten 28.08. 1809-1841
Gm Guro Sveinsdtr. Myreslåtta, Hol. Barn: Birgit 1839-1920 gm Jens Jonsson Kvamshaugen Sletto i Hol (7 barn, derav mor til forfattaren Olav Sletto.) (Hol III s 333)
    Han tok med seg skrivesaker ein gong då han skulle stå vakt på arresthuset på Sundre. Då vakta var over, gløymde han att blekkhorn og penn. Dette førte til mistanke om "rets-stridigt forhold". (1348) s 21
    Ola var skulehaldar i 1835. Han vart kalla Jalle-skulen. Dei budde på Myreslåtta i 1839. Ola døydde på Gulsvik på veg til Kongsberg sjukehus.
2. Gunvor Sevatsdtr. Hjallo Løkensgard 19.06. 1812-1895
G 1836 m Ola Knutson Feten Løkensgardslåtta.
3. Knut Sevatson Hjallo #Svarteberg 13.06. 1816-1907
G 1846 m Anne Knutsdtr. Varaberg. Sjå neste hushald.
4. Lars Sevatson Hjallo Braaten 14.01. 1819-1906
G 1861 m Ambjørg Olsdtr. Håkonsgard 1833-1920. Barn: Birgit 1861-1940 g 1904 m Knut Torkjellson Larsbråten; Ola 1862-1907 farmar ved Hatton ND, gm Mary Stenseth (4 barn); Sevat 1864-1927 farma ved Sisselton, SD, g 1892 m Julianna Margaret Vennes (Trøndelag) (10 barn);
    Barn fødde i Gol: Borghild 1866-1957gm Ola Knutson Gautehaugen Svartebråten; Ola 1868- ug. vart borte i Am.; Botolv/Bernt 1874-1945 ug. farmar i Roberts Co, SD.
    Dei var inderstar på Håkonsgard før dei flytte til Svartebråten i Gol i 1865. Dei skreiv seg Braaten.
5. Sigrid Sevatsdtr. Hjallo Haugen 14.08. 1821-1881
Ugift. Barn m/Hans Eliassen Lisleøen, Torvestad på Karmøy: Mari Hansdtr. 1845-1925 gm Arne Larsson Nordre Steinset i Etnedal (10 barn), til Amerika som enkje; Birgit 1855-1917 g 1874 m Knut Eirikson Tollehaug i Etnedal (11 barn).
    I 1865 var Sigrid og dottera Birgit losjerande hjå gardbrukar Kristen Anderson på Snortum i Vestre Slidre. Sigrid var framleis i Valdres då faren gjekk bort i 1868.
    Sigrid kjøpte Tollehaugen i Etnedal i 1869. Sigrid døydde i 1881. (Oppl. frå Digitalarkivet og Dorothy Sørlie.)
    Sigrid døydde i 1881.
6. Mari Sevatsdtr. Hjallo 11.03. 1824-1826
7. Ola Sevatson Hjallo 11.02. 1827-1832
8. Ola Sevatson Hjallo 16.02. 1833-1862
Ugift.

Sevat og Birgit gifte seg i 1809. Sevat kjøpte Hjallo med 1 laupsbol for 640 rd i 1812.
    Det var nervefeber (tyfoidfeber - salmonella) på garden i 1835. Birgit døydde truleg av dette.

{2993} År: 1848

Knut Sevatson Hjallo Svarteberg 13.06. 1816-1907
Foreldre: Sevat Olson Løkensgard Hjallo og Birgit Knutsdtr. Gurigard.
Gm Anne Knutsdtr. Vareberg Hjallo 14.08. 1819-1903
Foreldre: Knut Nilsson søre Strand Vareberg og Birgit Tolleivsdtr. Huus -Vareberg
*Barn
1. Sevat Knutson Hjallo Svarteberg 15.01. 1847-1918
G 1874 m Birgit Arnesdtr. Tveito myljo Svarteberg. Sjå der og Vesleengen.
2. Knut Knutson Hjallo Sorteberg 06.02. 1849-1921
G 1880 m Randi Andersdtr. Hansebråten. Barn: Karoline 1881-1956 g 1912 m Nils O. Huseby, farmar ved Withman, ND (1 barn); Albert Knut 1884-1976 farmar ved Dahlen, ND, g 1908 m Julia Wiste (15 barn), g 1919 m Olga Wiste (11 barn); Anna Louise 1887-1969 g 1914 m Edward Huseby (2 barn); Oscar 1891-1965 g 1921 m Lillian Johnson (2 barn); Theodore 1894-1954 g 1915 m Clarice Everson (8 barn). (1574)
    Til Quebec i 1869 som 'Sorteberg'. (BB) Busett i Dakota.
3. Ola Knutson Hjallo 27.06. 1851-
Ug. Ola vart lam i eine foten som liten. Sidan han ikkje var særleg før til gardsarbeid, måtte han finne på noko anna. Han vart ein dugande skreddar.
    I 1913 reiste han til Am., men treivst ikkje. Ola reiste attende til Ål, bygde seg hus i Hol og dreiv handverket sitt. (1406)
4. Tolleiv Knutson Hjallo 19.11. 1853-1926
G 1879 m Jørand Arnesdtr. Svarteberg 1851-1937. Barn: Knut 1879-1967 ug.; Albert 1882-1960 farmar i Montana, gm ... ... (ingen barn); Anne 1884- gm John A. Johnson (ingen barn); Agnes 1886-1940 gm Markus Lauritsen; Lina 1889-1987 forretningsdrivande i Middle River, g 1910 m Richard Sjøberg, Sverige (2 barn); Oscar 1892-1918 ug.; Teodor 1895-1918 soldat, død i ei skyttargrav ved St. Michel i Frankrike i sept. 1918. (1408); Olaf 1896- gm Martha ... 1903-1934 (2 barn), gm Eva Armstrong (2 barn); John 1902-1984 gm Mabel Matson (ingen barn). (1406), (1650)
    Til Am. i 1880: farmar i Roseau Co MN. Tolleiv dreiv med hestehandel og brennevinssal. Det fortelst at han reid seg i hel på heimveg frå byen. Hesten flaug ut. (1802) s 462
5. Ola Knutson Hjallo 26.04. 1856-1918
G 1883 m Sigrid Olsdtr. Sire, Am. 1862-1921. Barn: Carl 1883-1899; Anne 1884- gm Elmer Eliasson (ingen barn);
    Regina 1885-1885; Rudolf 1887-1977 farmar busett Appleton Swift Co MN, g 1911 m Anne Eystad (5 barn); Ida/Ada 1890-1982 ug.; Ola 1892- gm ... (1 son); Sanna 1895-1909; Carl 1906- farmar, gm Hazel Felt. (1668)
    Utvandra til Am. i 1878 og vart farmar i Stevens Co. MN. Han overlet farmen til to søner i 1910.
6. Birgit Knutsdtr. Hjallo Helgeson 30.10. 1859-1938
G 1891 m Ola Helgeson ... , Valdres 1858-1928. Barn: Inga 1896-1918 ug.; Alma 1897- gm Julius Johnson; Henry 1899-1983 farmar g 1924 m Carolyn Medgard; Clara gm Joe Fredrickson; Oscar gm Louise ... . (1406), (1577)
    Birgit reiste til Am. i 1882. Etter 16 veker i sjøen, stygt ver og fare for forlis kom Birgit fram til broren Ola. Ho tok seg homestead i nærleiken og gjekk 20 mil for å få dokument på farmen. Etter 8 år aleine som farmar, gifte ho seg med Ola Helgeson. Busett i Hatton ND. Sidan i Walsh Co.
7. Birgit Knutsdtr. Hjallo Moen 12.07. 1862-1939
Gm Østen T. Moen, Valdres 1871-1937. Barn: Ida gm Elling Ellingsen (2 barn); Torbeen 1899-1976 ug. (1406)
    Dei farma ved Fordville, Grand Forks, ND. (1577)
8. Nils Knutson Hjallo 29.12. 1865-1951
Ugift. Til Am. i 1880. Han arbeidde ymse stader inntil han kjøpte seg farm i Minnesota.
    "Sender en hilsen til Venner og Slegtninge og til Laesere av Decorah-Posten. Dette Blad, som jeg har holdt i mange Aar, liker jeg meget godt, og det har vaeret uundvaerlig for mig, og ikke mindst nu, naar jeg er sengeliggende og har tilbragt en Tid paa hospitalet.
    En speciel Hilsen to Hallingerne og de mange hallinger som jeg pleiet at traeff paa Hallinglagets Stevner. Jeg er fodt i Hallingdal in 1865 og kom til Amerika in 1880. Nels K. Jallo. (Decorah Posten, May 3, 1951)
    Nils døydde 5. November 1951 i Swift County.
9. Anne Knutsdtr. Hjallo Myking 10.01. 1869-1961
G 1910 m Tore Myking. Ingen barn. Adoptivson: Norman.
    Til Am. i 1892, busett Brinsmade ND. I 1899 reiste ho heim att til Ål. I 1901 la ho i veg att for andre gong.
    Ho dreiv restaurant i Fordville saman med Berte Skrinde ei tid.

Knut og Anne gifte seg i 1846. Han fekk skøyte på garden i 1848.
    Skridene i 1876 tok alle hus på Hjallo så nær som stugu. Men lausmassar låg opp til dørklinka så folka var innestengde. Kl. 2 om natta kom der hjelp til og fekk folket ut. Då gjekk eit nytt ras like bak dei.
    Etter dette flytta dei tunet frå øvre Hjallo og ned til noverande stad. Skylda vart 1877 nedsett til det halve grunna skadene etter skridene. Gamlestugu frå Hjallo står no på Stølen (gnr. 50/2.)

{2994} År: 1894


Sevat Knutson Svarteberg på myljogarden kjøpte Hjallo i 1894. Men han og kona budde på garden alt i 1891. Sevat bygde nye hus på eigedomen, og selde bruket til sonen i 1914.