Myset gnr. 55 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Myset gnr. 55 bnr. 1b
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Myset ligg i skogkanten ovanfor gardane. Her var slottelende, bruk eller buplass alt på 1600-talet. I fylgje ein diplom frå 1579 hadde Margit Olsdtr. Skrindo odelgods i mellom anna 'halve Myset' . Altså var Myset delt. Utfrå desse opplysningane er det mogleg at Myset var eit eige bruk i høgmellomalderen. Myset er nemnt som slottelende, men er ikkje nemnt i dei eldste skattelistene.
    I 1625 vart stølen "Myse" (Myset) dømt til heretter å ligge under under Bøygard. Ein av Bøygardsønene havna på Myset. Etter å ha fått eigedomsretten til Myset ved dom i 1625, selde Olbjørn Syverson Bøygard Myset til Ola Johanneson Espegard i 1626 for 20 rd
    Gaute Olson Gunhildgard vitna om Myset 10. jan. 1634. Embrik Sehl brukte 'Myset slottelende i Leveld' og betalte 1 skilling i frelse i 1641.
    Ola Bøygard stevna 1704 Knut Skrindo til å legge fram to dommar om Myset. Knut hadde Myset i pant hjå Gjermund Myset, men eigentleg låg Myset under Bøygard.
    Sidan har Myset vore bruka som heimstøl.