Tveito gnr. 55 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveito gnr. 55 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gardsbruket Grinde eller Jorde eller Tveitojorde vart frådelt søre Tveito i 1810. Landskyld 3 laupsbol.
    Areal 1865: dyrka jord 9 1/2 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 20 mål. Avling 8 1/2 tunne bygg 5 1/2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 35 da, anna jbr. 25 da, prod. skog 150 da, anna utm. 80 da. Buskap: 35 vinterfora sauer. 43 revetisper til 1993.
    Stadnamn: Krokåkeren, Skrunkegjerda, Hermannåkeren,
    Våningshus bygt 1980, kårhus 1940, fjøs, låve og stall, gamalt loft og sidebygning.
    Stølar: langstøl på Kråkhamar, heimstølane Lislelia og Skrunkegjerda er attlagde.
   
   

{3021} År: 1810

Sevat Olson Tveito 1775-1854
Foreldre: Ola Sevatson Tveito og Guri Olsdtr. Løkensgard.
Gm Anne Olsdtr. Arnegard Tveito 1773-1859
Foreldre: Ola Arnegard ...
*Barn
1. Ola Sevatson Tveito Stranden 23.03. 1800-1867
G 1838 m Gunhild Torsteinsdtr. Gurigard. Sjå Stranden. Det vart den yngre broren som overtok garden om ein skal tru på kjeldene.
2. Guri Sevatsdtr. Tveito 14.03. 1802-1874
Ug. Ho var på Svarteberg i 1858. I 1865 ho sjuk og innkjøpt av fattigkassa. Ho budde i Grinden. Død i legd.
3. Ola Sevatson Tveito 29.07. 1804-1880
G 1844 m Gunhild Larsdtr. Trintrud. Sjå neste hushald.
4. Anders Sevatson Tveito 21.09. 1806-1822
5. Ambjørg Sevatsdtr. Tveito Ulshagaplassen 08.10. 1808-1876
G 1836 m Ola Olson Ulshagaplassen, gnr. 109/1d.
6. Sevat Sevatson Tveito 16.12. 1811-1812
7. Sevat Sevatson Tveito 08.10. 1814-1815
8. Sevat Sevatson Tveito 18.08. 1817-1842
Ugift dreng.

Sevat og Anne gifte seg i 1800. (Ingen foreldre er oppgjevne ved vigsla.) Sevat var bødker i 1801.
    Då farsgarden vart delt i 1810 fekk Sevat ein del, og systera Ågot den andre. Mor hans skulle ha eit kår til 60 rd årleg verde. Denne garden vart kalla 'Grinde'. Sevat selde frå eit jordstykke til bnr. 1.

{3022} År: 1851

Ola Bjørnson Tveito Bergaplass __.__. 1816-1908
G 1840 m Ågot Olsdtr. Trintrud Gurigard. G 1891 m Birgit Viggersdtr. Preinsrud. Foreldre: Bjørn Nilsson Krosshaug Tveito og Kari Olsdtr. Tveito

Ola Bjørnson kjøpte Tveito i 1856, men selde att same år til Ola Sevatson.

{3023} År: 1856

Ola Sevatson Tveito 29.07. 1804-1880
Foreldre: Sevat Olson søre Tveito og Anne Olsdtr. Arnegard.
Gm Gunhild Larsdtr. Trintrud Tveito 15.10. 1822-1911
Foreldre: Lars Knutson Huus Holedokken Trintrud og Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Tveito Mathiesen 05.05. 1844-1900
Gm Jonas Didrik Mathiesen, Gudbrandsdalen 1847-1923. Barn: Ingvald 1878-1966 bakar i Oslo, gm Konstanse ... (1 son); Gunhild 1883- dreiv sportsforretning saman med mannen, gm Hans A. Tannum (2 barn); Hans 1890- til Am. , gm ... ... (1 adoptiv barn); Jonas 1886-1923 gm Marie Kristensen (2 barn). (Oppl. av oldebarnet Bjørg A. Klyve)
    Anne bar med seg eiga si i ei tine då ho reiste frå Ål for å få seg tenest. I 1865 tente Anne på nordre Flåten i Modum. Anne hadde sonen Erik Colban 1870- til Am. , (ukjent far).
    Jonas og Anne budde på Hammersborg i Oslo. Jonas var skomakar.
2. Guri Olsdtr. Tveito Skrattegard 10.04. 1846-1880
G 1871 m Lars Larsson Skrattegard 1848- . Barn: Ole 1873-1944 g 1899 m Anna Catharine Johnson; Alina Lena 1875-1936 gm Theodore Olstad; Gina 1878- gm Charles Skogan; Louis 1877-1888.
    Dei gifte seg i St. Ansgar, Iowa.
3. Borghild Olsdtr. Tveito Holto 16.06. 1850-1923
G 1874 m Svein Nilsson Holto, gnr. 94/5.
4. Sevat Olson Tveito 24.12. 1852-1935
G 1889 m Birgit Nilsdtr. Holo. Sjå neste hushald.
5. Astrid Olsdtr. Tveito Kjus 23.09. 1858-1935
G 1886 m Martin Kjus 1855-1947. Barn: George 1886-1955 gm Olla Mae Short; Johanna Olava 1888-1966 gm Allen Stockwell, gm Halvor Qvamme; Maria 1889-1963 gm Charles Svaleson; Olai 1891-1965 gm Rose Thoreson ; Netta 1894-1991 gm Edward Rowley; Clara Matilda 1897-1983; Martin 1899-1976 gm Dorothy Hofer; Gunhild 1902-1992 gm John George King; Alfred 1905-1970 gm Elsie Spencer. (1635)
    Til Am.: Mayville, ND.
6. Lars Olson Tveito 04.09. 1862-1938
Lars Olson Tveito hadde vore 6 turar over Atlanteren. Han reiste til Am. i 1882 18 år gamal (stemmer nesten), kom heim att 1887- ut att neste år, heim att i 1896, ut att 1897 via Stockholm - London - Am. Han kom heim att for godt i 1899.
    På dette viset hadde han lagt seg opp sine 7000 kr "saa nu kan han leve rolig". (Mehlum) (1553)1902
7. Knut Olson Tveito Holte 16.09. 1866-1941
G 1906 m Ada Johnsdtr. Skogstrøm, Oslo 1883-1960. Barn: Clarice 1907-1994 g 1930 m Ernest Deslasuries; Gunhild 1909-1986 g 1930 m Melvin Heramb; Olaf 1911- g 1936 m Janice Aarhus; Kenneth 1914- g 1948 m Marguerite Brown; Lilly 1915-1993 g 1951 Leroy Ellingson; Alice 1918- g 1938 m Rubin Erdman; Leona 1921- g 1941 m Rubin Olson. (1635)
    Til Am. Dei skreiv seg "Holte".

Ola og Gunhild gifte seg i 1844. Ola Sevatson overtok Tveito i 1856.

{3024} År: 1888

Sevat Olson Tveito 24.12. 1852-1935
Foreldre: Ola Sevatson Tveito Tveitojordet og Gunhild Larsdtr. Trintrud.
Gm Birgit Nilsdtr. Holo Tveito 02.02. 1864-1953
Foreldre: Nils Larsson Holo Svillegarden og Randi Steingrimsdtr. Ruud.
*Barn
1. Ola Sevatson Tveito 20.03. 1890-1890
2. Gunhild Sevatsdtr. Tveito Halvorsgard 03.08. 1891-1968
G 1919 m Botolv Botolvson Ødelien Halvorsgard. Sjå der.
3. Rangdi Sevatsdtr. Tveito Ruud 07.09. 1897-1983
G 1919 m Nils O. Ruud (-myren) 1891-1954. Barn: Klara Beate 1920- gm Knut Reidar Bergwitz-Larsen (2 barn); Sverre 1923- bonde på Gunnarsrød, gm Esther Andresen (1 barn); Odd Kåre 1934-1962 gm Liv Helene Valdeland (1 barn). (1597)82 (1024)
    Randi reiste til Notodden i 1919. Til Tjøme 1920. Dei forpakta tre gardar før dei fekk kjøpt Gunnarsrød på Tjøme.
4. Ola Sevatson Tveito 09.06. 1901-1992
G 1939 m Gro Halvorsdtr. Ødelien. Sjå neste hushald.

Sevat og Birgit gifte seg i 1889. Sevat overtok garden etter mora i 1888.