Bruteigen gnr. 55 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bruteigen gnr. 55 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bruteigen var også kalla Tveite-eie av øvrigheita. Her husmannsplass under søre Tveito fram til 1881. Namnet kjem av at her var (og er) bru over Votna. Plassen vart også kalla Klemme-plassen og Vosseplassen.
    Areal 1865: ikkje oppgjeve. Buskap: 3 kyr og 6 geiter geiter. Utsæd 1 settung bygg og 1/2 settung potet.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål som vert leigd bort, prod. skog 60 mål.
    Våningshus bygt 1956, loft, låve med fjøs, skåle.
   
   

{3046} År: 1828

Eirik Asleson Holto Bruteigen 1788-1868
Foreldre: Asle Nilsson Holto og Gro Eiriksdtr. Holto.
Gm Birgit Ivarsdtr. Tangeviken Foss Bruteigen 1780-1864
Foreldre: Asgrim Ivarson Rue Tangane og Randi Olsdtr. Breiehagen.
*Barn
1. Gro Eiriksdtr. Foss-slåtta Bruteigen 1816-1817c
2. Ola Eirikson Bruteigen 17.09. 1817-1876
Gm Brita Jonsdtr. Rogne. Sjå neste hushald.
3. Asle Eirikson Bruteigen 27.10. 1820-1838
Asle fraus i hel på fjellet mellom Hardanger og Hol i 1838.
4. Gro Eiriksdtr. Bruteigen 05.01. 1823-1842
Ugift.
5. Eirik Eirikson Bruteigen Løkjordet 18.08. 1828-1886
G 1873 m Guri Persdtr. Turkarstad Løken. Sjå Løkjordet, "Turke-stugu".
    I 1864 sa skifteforvaltaren om Eirik: "en ytterst enfoldig person".

Eirik Asleson vart kalla Klemme-Eirik. Det kom av at foreldra hans hadde vore på garden Klemmestad i Lier. Bruteigen i Votndalen vart også kalla Klemme-plassen.
    Barn med Jørand Knutsdtr. Sandåker: Asle 1814-1903, budde på Klemmitplassen i Hol, g 1846 m Kari Knutsdtr. Gyrihaugo (6 barn).
    Eirik var sterk som ein bjørn, stor og førleg og glad i å slåst. Han sat ved peisen og gnidde seg inn med talg så han skulle vera vanskeleg å få tak på.
    Eirik var ute i krigen 1807-14. Det vart fortalt om at han laga seg kloter av blod ein gong det vart slakta ei ku. Nett då kloteret kokte, vart det slege alarm. Eirik måtte hive den rykande maten i ein sekk og smette inn i geleddet! (1618)1
    Birgit var enkje etter Ola Ivarson Lybekk Foss-slåtta. I 1816 budde Eirik og kona som nygifte på Foss-slåtta i Hol. Eirik var smed og husmann i 1816. Sidan var dei på TrintrudRudningen 1822-1829 og på Bruteigen i 1828. Bygsla vart fornya i 1845.
    Eirik prøvde å ta att Holto på odel, men let kravet falle for 80 rd etter eit forlik i 1812. I 1835 dreiv Eirik broren Ola av garden Holshagen. Sidan leigde han bort Holshagen til andre og flytta attende til Tveito. Broren Ola svara med tjuve-søksmål i 1838, og Eirik stevna broren Ola for å ha teke ei ku i 1839.
    Eirik reiste kring på gardane og smidde for folk. Han kunne ymse rådgjerder, m.a. fekk han kyr til å laupe når det høvde best. Han gav dyra nokre 'kuler' som han fann i jorda.
    I 1865 hadde Eirik og sonen Eirik enkja Gunhild Halvorsdtr. Glomsletten som hushalderske.
    Eirik skifta i levande live i 1868. Sonen Ola skulle overta Bruteigen m/kvernbruk og utstyr og ei gjeld på 10 1/2 spd, og dessutan yte eit årleg kår. Kverna i Tveitofossen er avbilda i Ål Bygdesoge III s 576.

{3047} År: 1868

Ola Eirikson Bruteigen 17.09. 1817-1876
Foreldre: Eirik Asleson Holto Bruteigen og Birgit Ivarsdtr. Tangeviken Foss-slåtta.
Gm Brita Johannesdtr. Rogne Bruteigen 1821c-1880
Foreldre: Johannes Rogne frå Voss
*Barn
1. Eirik Olson Bruteigen 1843-1917
G 1881 m Gro Hermundsdtr. Gudbrandsgard. Sjå neste hushald.
2. Jon Olson Bruteigen 1845c-
Til Am.: Pele... Lake, Beckers Co., MN før 1880. Dvs. same stad som broren Asle. Einaste opplysning om han skriv seg frå dødsmeldinga til Brita. Asle er nok fødd på Voss som broren Eirik.
3. Asle Olson Tveitejordet Bruteigen? 25.01. 1848-
I Becker Co., MN før 1880. Saman med broren Jon.

Ola Eirikson overtok bygsla av Bruteigen 1868 med kvernbruk og utstyr. Han tok på seg gjelda for faren på 10 1/2 spd, og skulle dessutan svara han eit årleg kår på to tunner korn a 20 settung a 19 merker. Ola Eirikson hadde også Sveinjordet/Tveitejordet under Tveito. Sjå gnr. 55/17.
    Ola Eirikson vart kalla Klemme-guten. Han var rosemålar og for vide rundt og måla. Særleg på Vestlandet. Han måla med friske farger, roser, hestar og dyr. Ola Eirikson var svært oppfinnsam med utforminga av røsene, og hadde ei stødig hand. (Sjå Hol VI s 425 og Nils Ellingsgard: Rosemåling i Hallingdal s 189)
    Då Brita vart kjent med Ola Eirikson, var det lydande til at han hadde to store gardar heime i Hallingdal. I god tru fylgde ho han til Ål, men til nærare dei kom, til mindre vart gardane. Då dei kom fram synte det seg at han fødde berre ei ku på dei to 'gardane', og at husa berre var ei liten hytte og eit steinfjøs i Sveinjordet.
    Då Ola seinare måtte på straff, sat ho att med 3 små ungar, men held motet oppe likevel. Brita var kringom på gardane og baka. Ho vart kalla 'Vossa'.
    Ola budde på Rokne på Voss kring 1854. Ein gong kopierte han eit gjeldsbrev og fekk dom for falskneri. Ein gong rota han seg opp i eit uføre i ei ølstugu på Vossevangen. Det enda med at Ola drap ein mann frå Levanger, og så havna han i fengsel. Straffa er oppgjeve på ulike måtar: 7 år, '15 år på Akershus' og '3 1/2 års tukthus i Bergens straffeanstalt' etter ein dom frå 1860. Det siste er truleg rettast. Truleg fekk han dom på 7 år og slapp etter halv soning.
    På tukthuset i Bergen måla han mykje. Ein dag kom forstandaren til han og spurde om han kunne noko handverk. 'Jau, eg kan måle lite', sa Ola. Så kom dei med plog og horv til han, og han bad om sinober og pariserblått m.m. Og bad om å få vera åleine ei stund. Då dei kom att, hadde han rosemåla 'heile smørju'. Sidan fekk han finare gjenstandar å måle. Då straffa var ferdig, kom forstandaren med 60 dalar for målararbeidet. "Du er vel glad for å reise? Då svara han: 'Å, e har det no godt her, e!'
    Bruteigen/Sveinjordet vart kalla Vosseplassen etter Brita.

{3048} År: 1881

Eirik Olson Bruteigen 1843-1917
Foreldre: Ola Eirikson Bruteigen og Brita Rogne (Voss).
Gm Gro Hermundsdtr. Gudbrandsgard Bruteigen 26.05. 1836-1914
Foreldre: Hermund Olson Ellingsgard (ungkar) og Borghild Olsdtr. Tuftedokken Gudbrandsgard.

Eirik og Gro gifte seg i 1881. Eirik vart kalla Vossa-Eirik. Eirik er født på Rogne på Voss.
    Eirik kjøpte 1881 Bruteigen for 960 kr frå bnr. 5. Med bruket fylgde skog- og hamnerett, og dessutan ei kvern i Votna. Seljaren skulle ha fri maling av korn dersom kverna vart sett i stand att.
    Eirik var nok noko av ein trollkar. Han hadde ei heil svartebok samt nokre blad frå ei annan. Svarteboka hadde han fått hjå Torstein Huse heitte det. 'Bøkene var velbrukte', skreiv S. Reinton i Dølaminne i 1919.
    Eirik kunne 'gjera åt' både på folk og dyr. Han sanka tremakkar frå osp, som han brende for å bruke oska til salve som vern mot antuseld. Når kyrne hans skulle 'bera' (kalve), vart dei haldne i løynd for andre folk ei tid. Det var 'tryggast slik'. Eirik hadde for vane å verne alt sitt med tjørekrossar. Jamvel kyrne fekk ein tjørekross i panna før buføringa. Og han 'pjutra' i saltet før han gav det til dyra. Om sauene hans hadde vore på avvegar, så gav han dei 'gløymesalt' så dei ikkje skulle rekkja avgarde att.
    Det var få i samtida som tok dette på alvor. Torstein Huse før han, hadde derimot ei viss tiltru. Sjå Ål II s 164 og 112.