Tveito, myljo gnr. 55 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveito, myljo gnr. 55 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Myljo Tveito eller eigentleg søre Kongstveito. I 1620-åra og 1640-åra er det ikkje heilt samsvar mellom jordebøker, lensrekneskap og skattelister på Kongstveito. Det gjer plasseringa av brukerar på nordre og søre Kongstveito litt uviss.
    Både nordre og søre Kongstveito var krongods. Delinga av garden i nordre søre må vera skjedd før 1600. Garden vart skattlagd som øydegard med landskyld på 12 3/5 laupsbol. Dvs. nordre og søre garden var like store. Krongodset i søre Kongstveito vart rekna for 1 1/2 bismarpund. Det var heile garden. Som krongods elles vart garden selt til private pengefolk i 1663. I denne tida måtte bonden betale leige, såkalla landskyld, til jordeigaren. Den siste jordeigaren som ikkje dreiv sjølv var Tolleiv Arneson Hoftun på Gol. Han selde odelsretten til bonden i 1728.
    Frådelte bruk og plassar: 1828: Tveitehagen; Nedrejordet, Heimdal; Tveitejordet; Solbakken. 1832: myljo Tveito bnr. 11. Her ligg no 'Gamlegarden', det gamle tunet.
    Stadnamn: Humlebakken m.m. Garden har langstøl på Nystølen. Heimstøl var Lislelistølen. Den er attvoksen.
    Areal 1865: dyrka jord 11 1/4 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 24 mål. Avling 11 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: jord 69 mål, anna jbr. 14 mål, prod. skog 259 mål, anna utm. 69 mål. Buskap: 12 mjølkekyr, 12 ungdyr, 10 høner. Våningshus bygt 1943, nytt våningshus 1992, gamal låve, nytt fjøs og låve 1988.
    Garden Opsal (gnr. 32/70) har vore underbruk til myljo Tveito frå 1987.

{3059} År: 1765

Ola Olson Tveito 1731-1774s
Foreldre: Ola Olson Tveito og Birgit Olsdtr. Sata.
Gm Guri Olsdtr. Gullhagen Tveito 1735c-1779
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgarden.
*Barn
1. Gro Olsdtr. Tveito Sataøyen 1755-____
G 1789 m Embrik Embrikson Sata Sataøyen, gnr. 32/20.
2. Ola Olson Tveito 25.09. 1757-1807s
Gm Ragnhild Larsdtr. Løyte. Sjå neste hushald.
3. Ola Olson Tveito ØvreLå? 02.02. 1760-
Gm Birgit Olsdtr. ØvreLå?
4. Ola Olson Tveito Åsegarden 27.06. 1762-1839
G 1794 m enkje Kari Olsdtr. Medhus. Sjå Åsegarden gnr. 22/45.
5. Eirik Olson Tveito 18.08. 1765-1851
Ugift. Eirik budde hjå bror sin i 1801 og var sjukleg. Han var på legd i mange år.
6. Birgit Olsdtr. Tveito Kvinnegard 05.06. 1768-1854
Gm Halvor Ivarson Kvinnegard. G 1815 m Torkjell Nilsson Tveito. Sjå nordre Kvinnegarden, gnr. 96/1.
7. Arne Olson Tveito Bakke 01.09. 1771-1837
Gm Ingrid Torkjellsdtr. Bakke. G 1816 m enkje Ågot Olsdtr. Medgarden. Sjå Bakke og Holeplassen.

Ola og Guri gifte seg i 1755. Ola overtok Tveito 1765 mot kår til mora og stefaren Arne Herbrandson. Dessutan skulle han løyse ut skyldgodset som Ågot Arnesdtr og Anne Olsdtr. sat med. Ola kjøpte 1 1/2 laupsbol skyldgods i garden i 1767 for 30 rd.
    På skiftet etter Ola 29. juni 1774 var det 515 rd å dele på enkje og 6 barn. Buet etter Guri var på 309 rd.

{3060} År: 1779

Ola Olson Tveito 25.09. 1757-1807s
Foreldre: Ola Olson Tveito og Guri Olsdtr. Gullhagen.
Gm Ragnhild Larsdtr. Løyte Tveito 03.05. 1767-1847
Foreldre: Lars Syverson Ruud Løyte og Barbro Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Tveito Ruud 10.07. 1785-1865
G 1804 m Ola Olson Ruud i Kvinnegardslia. Dei reiste til Barman på Hitra.
2. Barbro Olsdtr. Tveito 26.10. 1788-
Truleg død i 1790-åra.
3. Birgit Olsdtr. Tveito Hestebrekk 18.09. 1791-1865
G 1811 m Svein Olson Gunhildgard Hestebrekk, gnr. 32/33.
4. Ola Olson Tveito 26.12. 1793-1864
G 1818 m Ingeborg Andersdtr. Rotneim 1792- . Sjå neste hushald og Teigen under Bakke.
5. Lars Olson Tveito Høle 28.03. 1796-1886
G 1843 m Liv Knutsdtr. Veahølhaugen, Gol 1807-1889. Barn: Ragnhild 1840- (2 barn) truleg til Am.; Guri 1842- g 1868 m Anton Amundsen; Ola 1845-1853; Birgit 1848- g 1876 m Ola Embrikson Hovdegard, til Am.
    Lars og Liv budde på plassen Høle eller Køsidn under Rotneim i Gol. (Gol V s 262)
6. Ola Olson Tveito BrennOdden 02.09. 1798-1880
G 1821 m Ingeborg Andersdtr. Rotneim 1803-1850. (NB. Ei yngre syster til brorkona med same namn!) G 1856 m Ingeborg Knutsdtr. Grov, Gol.
    G 1866 m enkje Birgit Eiriksdtr. Veslestølen Belluteigen. Sjå Nymoen på Torpo.
7. Syver Olson Tveito 05.04. 1801-
I 1848 budde Syver på 'Esøen' i Hitra pr.gj.
8. Barbro Olsdtr. Tveito Sataøyen 03.06. 1805-1892
G 1828 m Arne Person Rotneim Sataøyen 1807-1892. Barn: Per 1828-1869 g 1854 m Kristi Olsdtr. Perigarden Rotneim; Ola 1830-1834?; Ola 1833- til Am. 1856; Tolleiv 1835-1926 g 1858 m Betsy Olson, farmar i Clinton Co Iowa; Sara 1838- g 1864 m Eirik Nilsson Nedreskorr; Ola 1840-1841; Ragnhild 1842-1842; Ola 1843-1910 g 1867 m Mari Olsdtr Kolbjørnsgard til Kolbjørnsgard, Sataøyen, Gullhagen, farmar ved Rushford MN; Ragnhild 1845- g 1867 m Julius Kristiansen.
    Barbro og Arne var på Hitra nokre år før 1835. Dei selde garden 1848 til sonen Per for 620 rd. Budde i
    Sataøyen i 1865. Reiste til Am. i 1869 saman med sonen Per og familien hans.

Ola Olson fekk skøyte på myljo Tveito eller KongsTveito i 1789 for 409 rd.
    På skiftet etter Ola i 1807 var det 1420 rd å dele. Skulle enkja Ragnhild gå bort før minstebarnet Barbro kunne fø seg sjølv, skulle eldste broren forsørge henne til ho kunne tene sitt eige brød.
    Ragnhild vart attgift 1816 med enkjemann Tolleiv Syverson Sørbøen/Barskrind. Ingen barn. Dei vart skilde kring 1819. På skiftet etter Ragnhild i 1848 vart opplyst at gardens eigarar var Jakop Arneson og Levor Solveson.
   

{3061} År: 1812

Ola Olson Tveito 26.12. 1793-1864
Foreldre: Ola Olson Tveito og Ragnhild Larsdtr. Løyte.
Gm Ingeborg Andersdtr. Rotneim Tveitehagen 1792-1844f
Foreldre: Anders Olson Ottargarden-Perigarden Rotneim og Ingebjørg Knutsdtr. KnutsGrov, Gol.
*Barn
1. Ola Olson Tveito 15.01. 1819-1903
G 1848 m Ane Einarsdtr. .... frå Hemnes. (dtr til Einar Jonsen og ... ) Barn: Edvard Olai 1848-; Ane 1851- . (881)
    Ola reiste våren 1833 til skyldfolk på Hitra. Der vart han konfirmert under namnet Vikstrøm kring 1837/8. Ola dukka så opp i Lurøy p.g. i Nordland og slo seg ned på Brennes i Øresvik på Lurøy. ( korr. Knutsen Drm.)
2. Anders Olson Tveito 19.11. 1820-1841
Anders kan vera ein av fire soldatar, derav to frå Ål som drukna 27. juni 1841 i Storelva på veg til Tandbergmoen i båt. Ikkje reg. i KB for Ål. (1016)
3. Ingeborg Olsdtr. Tveito 17.02. 1823-
Ingeborg reiste til Rotneim. I 1855 heitte at ho var i Drammen/omstreifar og hadde to barn utanfor ekteskap.
4. Ragnhild Olsdtr. Tveito 15.12. 1825-1826
5. Ragnhild Olsdtr. Tveito Kjølstad 10.12. 1826-
QR Gm Kristen Johansen Kjølstad-eie frå Modum . Busett i Drammen i 1855. (sk 25.04)
    Til Rotneim. Reiste med foreldra Ola Olson f 1796 og Ingeborg Andersdtr f 1800 og 4 sysken.
    Foreldre: Ola Olson d.y. n Tveito (broren i Tveitehagen !) og Ingeborg Andersdtr Rotneim d.y.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1818. Ola overtok garden etter mora i 1812.
    Han feste Kroken og Kinnmyra i 1824 til Rasmus Olson. Så sette han Kråkhamar i brukeleg pant for 75 rd. I 1829 selde han Hagen med Kinnmyra til Ola ØvreLå.
    I 1832 delte Ola garden. Den vestre delen selde han til Knut Knutson, sjå bnr. 11. Resten av garden, no bnr. 10 sat Ola med til 1840. Då makeskifte han garden mot Teigen under Bakke. Sjå der.
    Ola måtte gå frå Tveito grunna gjeld. Sidan hadde han dagarbeid rundt på gardane. Det vart både livnæring og ein opplagt kapital på 100 spd til slutt. Ola døydde som enkjemann og inderst i Tveito.

{3062} År: 1840

Levor Solveson Medgard Tveito 23.03. 1806-1894
Foreldre: Solve Olson nedre Medgarden (i Liagardane) til nordre Medgard (i Leveld) og Birgit Olsdtr. Medgard.
Gm Helge Torsteinsdtr. Gurigard Tveito 28.09. 1813-1891
Foreldre: Torstein Knutson Gurigard og Birgit Sevatsdtr. Gudbrandsgard.
*Barn
1. Solve Levorson Gurigard 11.08. 1836-1903
G 1861 m Sissel Olsdtr. Medhus. Sjå neste hushald.
2. Torstein Levorson Gurigard Tveito 15.07. 1839-1896
G 1865 m Anne Bjørnsdtr. Gunhildgard. Sjå år 1865.
3. Ola Levorson Gurigard 14.06. 1842-
Til Kr.ania i 1868. I 1894 heitte det om Ola:"myndig, på Mandoganeren (?) asyl i Kr.ania."
4. Sevat Levorson Gurigard Tveito 29.03. 1846-1919
Gm Anne Knutsdtr. Gudbrandsgard. Sjå år 1862.
5. Knut Levorson Tveito 08.02. 1850-1850
6. Knut Levorson Gurigard 23.11. 1852-1891
G 1884 m Anne Olsdtr. Kyrkjedeld. Sjå nedre Gurigard bnr. 6.
7. Ola Levorson Gurigard 22.07. 1856-1917
G 1886 m Sarah Jakopson 1864-1952 (=dotter til Gunhild Embriksdtr. Thon/Medgard 1835-1922).
    Barn: Levor 1887-1948 postmeister i Herreid, Mound City, gm Elisa Pearl Allen (2 barn); Oscar 1889-1967; Hilda 1891-1959 gm George Nelson; Gena 1893-1976 gm Mons Yri; Carl 1895-1976 bankmann i Elgin ND gm Irene Clark ( .. barn); Emma 1899- gm Albert Olson, gm Carl Staben; Olena 1901- gm Arthur Beckman; John 1903-1956 gm Olga ... . (1669)
    Ola reiste ut for å søke arbeid, og var bokbindar-svein i Kr.ania ei tid. I 1876 fekk han attest: 'skal flytte til Kristiania og gifte seg'. Reiste til Am. i 1882: farmar i Campbell Co, SD.

Levor og Helge Torsteinsdtr. gifte seg i 1836. Same året fekk Levor dottera Anne (1836-1913) med Borghild Mikkelsdtr. Veslegard. Sjå på Veslegard.
    Levor voks opp på Medgard i Leveld, som nygifte var dei inderstar på Gurigard fram til 1840 då dei kjøpte halve myljo Tveito. Sonen overtok Tveito i 1851, og Levor og Helge kom til Gurigard pånytt.
    I den gamle bygdeboka er han også omtala som Levor Solveson Feten. (Sjå kapittelet om omgangsskulen i bind 2.) Levor Solveson var skulemeister i Leveld og Votndalen, og fekk god attest hjå presten: 'elevane hans var best underviste'. Når elevane las høgt, kunne Levor sitja i peisen og spikke tre-skjeier.

{3063} År: 1851

Solve Levorson Gurigard 11.08. 1836-1903
G 1861 m Sissel Olsdtr. Medhus. Foreldre: Levor Solveson Medgarden myljo Tveito og Helge Torsteinsdtr. Gurigard.

Solve og Sissel gifte seg i 1861. Sjå nedre Gurigard bnr. 3 år 1855.
    Solve selde garden til Knut Eivindson Trintrud i 1855 som selde vidare til Sevat Levorson i 1858.

{3064} År: 1862

Sevat Levorson Gurigard Tveito 29.03. 1846-1919
Foreldre: Levor Solveson Medgarden - myljo Tveito og Helge Torsteinsdtr. Gurigard.
Gm Anne Knutsdtr. Gudbrandsgard 01.04. 1851-
Foreldre: Knut Asleson Gudbrandsgard og Kristi Viggersdtr. Oleivsgard.

Barn: Knut 1878- gm ... ... ; Lena 1889-1973 gm Cecil Hathway; Kristine 1891- gm Gilbert Dalen.
    Til Am. i 1882 (1862?): Campbell Co. I 1908 budde dei i Mound City i SD.
    Sevat og Anne selde Tveito ved verge i 1862 til Ola Eirikson Strand som 1867 skøytte til broren Torstein Levorson.

{3065} År: 1865

Torstein Levorson Gurigard Tveito 15.07. 1839-1896
Foreldre: Levor Solveson Medgarden - myljo Tveito og Helge Torsteinsdtr. Gurigard.
Gm Anne Bjørnsdtr. Gunhildgard Tveito 16.11. 1826-1905
Foreldre: Bjørn Håkonson Medgarden Gunhildgard og Ambjørg Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Levor Torsteinson Tveito 17.01. 1865-
Opplyst i 1905: Levor reiste til Am. for mange år sidan.
2. Bjørn Torsteinson Tveito 19.09. 1867-
Opplyst i 1905: Bjørn reiste til Am. for mange år sidan.
3. Helge Torsteinsdtr. Tveito 20.03. 1871-
Ugift 1905. Helge vart 'bortkjøpt for fattigvesenet'.
4. Ola Torsteinson Tveito 06.11. 1873-1873

Torstein og Anne gifte seg i 1865, og overtok Tveito for 700 spd same året. Skøyte fekk dei i 1867, men då hadde det alt vore eksekusjon for gjeld.
    I 1865 var eit hus bebudd på garden. Det vart godt utnytta! Her budde inderst-familien til Ola Eirikson FlatStrand (frå Flesberg) f. 1824 og Anne Embriksdtr. Arnegardhagen. Dette må vera 'Ola Eirikson Strand' som hadde garden 1862-1867. Dessutan hadde inderstane Gunhild Solvesdtr. og Ola Torsteinson tilhald i same huset.
    Torstein og Anne greidde ikkje økonomien utover i 1880-åra. Dei selde frå Kråkhamar i 1878, Træet i 1884 og i 1890 gjekk garden på auksjon. Dei var inderstar på Tveito i 1891.

{3066} År: 1890


Arne Asleson Arnegard fekk auksjonsskøyte på myljo Tveito for kr. 2595,01 i 1890. Han selde att etter to år.

{3067} År: 1892

Eivind Olson Gudbrandsgard Tveito 05.10. 1818-1900
Foreldre: Ola Syverson Øylie Gudbrandsgard og Guri Olsdtr. Gudbrandsgard.
Gm Guro Olsdtr. Håheim Gudbrandsgard 03.06. 1844-1927
Foreldre: Ola Torsteinson Håheim og Torand Persdtr. Thon.
*Barn
1. Ola Eivindson Gudbrandsgard 06.01. 1865-
G 1885 m Borghild Olsdtr. Kyrkjedeld. Barn: Guro 1885, Ola 1888- .
    Ola og familien budde hjå Levor Knutson Gurigard i 1891. Så flytta dei til Kr.ania. I 1900 var Ola ullvarehandlar på Nordre gt. 11 i Kr.ania i 1900. Barn: Anna 1894- ; Emma 1897- .
2. Guri Eivindsdtr. Gudbrandsgard Andersen 15.01. 1868-
Guri reiste til Kr.ania i 1887. Gm Hans Andersen, Kr.ania i 1900.
    Dotter: Anna (Annik) Arnesen gm Olav Sandeson Leikvoll (1907-1975) busett i Oslo?
3. Torand Eivindsdtr. Gudbrandsgard Tveito 18.02. 1872-
Torand budde i Kr.ania i 1900. Truleg 'Taran Olsen 'ug. gaardjente' i Bakkegt. 11.
4. Ola Eivindson Gudbrandsgard Tveito 06.01. 1876-1948
Ug. Sjå neste hushald.

Eivind og Guro gifte seg 1863. Eivind kjøpte myljo Tveito i 1892. Guro sat med garden aleine i 12 år før ho selde til sonen Ola d.y.