Tveitehagen gnr. 55 bnr. 12
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveitehagen gnr. 55 bnr. 12-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tveitehagen eller Hagen vart frådelt myljo Tveito 1829. Skyldsettingsforretning vart halde 2. juli 1829.
    Garden ligg inne i skogen opp for Tveito. Truleg har her vore hamnehagar til Tveito frå gamalt.
    Areal 1865: dyrka jord 1 mål, naturleg eng 16 mål. Avling 1 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 52 mål, anna jbr. areal 27 mål, produktiv skog 47 mål, anna utmark 76 mål. Leigd jord 50 mål. Buskap: 70 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt omkr. 1870, rest. 1940 og påbygt 1971, stabbur 1880, eldhus, låve og fjøs 1937, påbygd sauefjøs 1994, gamal stall med trev, 2 utleigehytter.
    Stølar: Ved avløysingsforretning i 1917 fekk Tveitehagen lagt ut Langemyre eller Kjempesetmyre til dyrking. Her er dyrka 10 mål, og oppsett ei bu eller hytte. Stølen Sundregjerda på Kråkhamar vart tilkjøpt 199_.
   

{3081} År: 1795c

Ola Rasmusson Helling Tveito 03.08. 1760-1835
Foreldre: Rasmus Olson Løken Haug og Eli Botolvsdtr. Espegard.
Gm Birgit Olsdtr. Skjervheim Tveito 13.03. 1749-1834
Foreldre: Ola Olson Arnegard (?) ungkar og Ragnhild Nilsdtr. Krosshaug som var tenar på Skjervheim i 1762.
*Barn
1. Rasmus Olson Tveito Arnegard 1784-1832
Ug. Sjå neste hushald.
2. Ragnhild Olsdtr. Tveito 04.03. 1787-
Uviss lagnad.
3. Eli Olsdtr. Tveito Underåsen 20.09. 1789-1827
Barn: Ragnhild 1812-1815. Sjå barnebarn.
    G 1819 m Tolleiv Oleivson Opheimsbråten Underåsen. Sjå der.
4. Ola Olson Tveito 27.01. 1793-1801f
Truleg død i 1790-åra.
*Barnebarn
1. Ragnhild Torsdtr. Tveito 20.11. 1812-1815
Foreldre: Tor Olson Kvinnegard (ungkar) og Eli Olsdtr. Tveito.

Ola og Birgit gifte seg i 1783. Ola gjekk i ymse dagarbeid.
    Ola Rasmusson var husmann utan jord under Tveito i 1801. Truleg hjå Ola Embrikson Tveito (bnr. 4.) Meir opplysningar om bustaden har ikkje funnest. Men det var sonen Rasmus som bygsla 'Kroken med Kinnmyren' i 1824. Heller ikkje denne bygsla kan stadfestast sikkert. Men dei har vore bygselmenn under Tveito, mest truleg var dei i Tveitehagen.
    På sine gamle dagar var Ola og Birgit på Underåsen hjå dottera. Birgit hadde eit 'ubetydeleg' kår då ho døydde i 1834. Det meste dei hadde av pengar og lausøyre var arv etter sonen Rasmus. Ola døydde som inderst i Opheim 1835.

{3082} År: 1824

Rasmus Olson Tveito Arnegard 1784-1832
Foreldre: Ola Rasmusson Løken Tveito og Birgit Olsdtr. Skjervheim.

Rasmus Olson bygsla 'Kroken og Kinnmyren' i 1824. Rasmus døydde ugift som inderst Rasmus O. Arnegard i 1832.

{3083} År: 1828

Ola Olson ØvreLå 26.09. 1790-1847
G 1817 m Margit Levorsdtr. Lå. Foreldre: Ola Olson Myljo Tveito Lå og Birgit Olsdtr. Øvre Lå.

Ola og Margit gifte seg i 1817. Han hadde Tveitehagen i 1828 til 1835. Sjå Øvre Lå år 1812.

{3084} År: 1835

Embrik Halvorson Trillhus Tveitehagen 15.09. 1805-1891
Foreldre: Halvor Olson Storlien Trillhus og Barbro Embriksdtr. Grov (Gol).
Gm Margit Tolleivsdtr. Hjelmen Tveitehagen 17.06. 1804-
Foreldre: Tolleiv Mikkelson Hjelmen og Margit Andersdtr. ... (Sjå Hemsedal s 67) .
*Barn
1. Tolleiv Embrikson Tveitehagen Trillhus 19.06. 1835-1914
Gm Kari Levorsdtr. Rueslåtten 1833-.... . Barn: Embrik 1864- gm Kirsti Winden; Levor 1865- ; Margit 1868- gm Deodor Ellingson; Helene 1869- gm Levis Hove frå Sogn; Ola 1872- gm Antonette Gorland; Tolleiv 1875- .
    Til Am. med foreldra i 1888. Tolleiv og Kari farma i Worth Co, Iowa. (Hol III s 298)
2. Barbro Embriksdtr. Tveitehagen 20.08. 1837-
Barbro reiste til Amerika i 1845.
   
    Barn i Hemsedal: Halvor 1842-1909 g 1886 m Pernille ... (minst 2 barn). (Gravsteinar på Bristol Luth. cemetary, Silver Lake - oppl. J. Marler)

Embrik og Margit gifte seg i 1834. Embrik kjøpte Tveitehagen i 1835 og lånte 50 spd.
    Dei flytta til Grov-gardane i Gol. Og sidan til Målarbråten i Hemsedal i 1842. Til Am. i 1845: Somber, Worth Co. Iowa.

{3085} År: 1865c


I 1865 var Syver Arneson Løkensgardslåtta og kona Ågot Olsdtr. forpaktarar i Tveitehagen.

{3086} År: 1870c

Botolv Nilsson Tveito 04.03. 1798-1876
G 1840 m Guri Levorsdtr. Lå Tveito. Foreldre: Nils Torkjellson nordre Tveito og Liv Olsdtr. Håheim.

Botolv hadde nordre Tveito 154 b frå 1834 og ein del i Tveitehagen 152 a i 1875.Truleg budde dei på nordre Tveito. Botolv hadde ingen heimel.

{3087} År: 1873

Sevat Olson Kjellargard Tuftedokken 20.12. 1834-1898
Foreldre: Ola Olson Kjellargard Tuftedokken Hove og Rangdi Bjørnsdtr. Reiersgard.
Gm Birgit Syversdtr. Sørbøenston Tveitehagen 24.08. 1847-1928
Foreldre: Syver Aslakson Haugen Sørbøenton og Kari Olsdtr. Haugeplassen.
*Barn
1. Ola Sevatson Hagen 03.03. 1871-1871
2. Kari Sevatsdtr. Hagen 05.04. 1872-1872
3. Ola Sevatson Hagen Håplass 22.05. 1873-1957
Gm Anne Botolvsdtr. Baklien. Sjå Håplass, søre Svarteberg og nedre Reiersgard.
4. Kari Sevatsdtr. Hagen 08.02. 1876-1876
5. Sigrid Sevatsdtr. Hagen Reiersgard 23.07. 1877-1955
G 1900 m Vigger Levorson Feten Snogsrud Reiersgard.
6. Margit Sevatsdtr. Hagen Høgmann 13.07. 1880-1963
Gm Ludvig Høgmann, Ek sokn i Skåreborg len, Sverige 1868-1956. Barn: Birgit 1898- gm Martin Gulliksen; Johan 1901- gm Lilly Overby, til Spydeberg; Karl 1903- gm Ruth ... til Sandefjord; Sigrid 1905- gm Harry Hansen til Sandefjord; Oskar 1908- gm Hjørdis ... ; Esther 1910- ug. ; Anna 1913- gm William Magnusson; Elsa 1917- gm Halle Magnusson. (1032)
    Margit reiste til Bærum i 1897. Ludvig var husmann i Sveitserstuen på nedre Nordby i Bærum i 1900.
7. Syver Sevatson Hagen 23.01. 1883-1957
Gm Randi Olsdtr. Torkjellsgard. Barn: Kristine 1914- ; Solveig 1916- gm Ola Helling (2 barn); Dagmar 1919- gm Harry Johansen (2 barn); Erling Odd 1922- gm Edel Olsen (2 barn); Birger 1926- ug.; Ragnhild 1932- gm Odd Felløy (2 barn). (1242)
    Syver arbeidde på papirfabrikk i 1908. Sidan var han drosjeeigar i Oslo. Dei skreiv seg "Hagen".
8. Kari Sevatsdtr. Hagen Bråto 28.06. 1889-1954
G 1910 m Martin Knutson Bråto. Sjå Kolbjørnstølen. Sidan til Botne i Vestfold.
9. Ola Sevatson Hagen 07.01. 1892-1892

Sevat og Birgit gifte seg i 1870. Sevat Olson kjøpte Tveitehagen for 170 spd i 1873.
    Sevat selde Tveitehagen til Vebjørn Olson ein gong kring 1880. Sevat vart halt då han som kyrkjegards-gravar i Leveld fekk ein stein på foten. Etter å ha budd mange stader i bygda, fekk dei bygsle eit jordstykke på myljo Håheim i 1887. Det vart kalla Sevat-stugu og leiga var ein dags arbeid på garden både haust og vår. Dei sette opp eit lite uthus til 1 ku, og haska og slo gras i skogkantane.
    Det gjekk i rykk og napp med gravar-arbeidet. "Det døyr kji folk helde, no for ti'n", sa Sevat ein gong det var lite arbeid. (1225) (1462)
    Birgit stellte nokre geiter og gjekk ikring på dagarbeid då Sevat fall i frå. Ho var lettliva og svallug. Etter eit langt liv strev hadde ho endå overskot og eit usliteteleg humør. (1462)

{3088} År: 1880

Vebjørn Olson Holeplass Gjerden 06.08. 1838-1895
G 1874 m Kari Larsdtr. Holeplass. Foreldre: Ola Mikkelson Bomberud Holeplass og Guri Vebjørnsdtr. Bakken (Hol) .

Vebjørn Olson Stølen eller Holeplass har hatt Tveitehagen utan heimel frå omlag 1880. Sjå meir om han på Øygardsslåtta. Sonen Ola Vebjørnson har overteke Tveitehagen sist på 1800-talet, også han utan heimel.

{3089} År: 1890c

Ola Vebjørnson Øygardslåtta Tveitehagen 24.09. 1873-1986
Foreldre: Vebjørn Olson Holeplass (ungkar) og Kari Larsdtr. Øygardslåtta.
Gm Birgit Olsdtr. Løyte Tveitehagen 24.07. 1865-1899
Foreldre: Ola Knutson Løyte og Kari Torgeirsdtr. Juven (Opsataslåtta).
Gm Anne Herbrandsdtr. Nedreskorr Tveitehagen 17.05. 1869-1949
Foreldre: Herbrand Knutson Løyte Nedreskorr og Borghild Herbrandsdtr. Høgset.
*Barn i andre ekteskap
1. Kari Olsdtr. Tveitehagen 21.04. 1902-1920
2. Borghild Olsdtr. Tveitehagen 19.02. 1904-1908
3. Birgit Olsdtr. Tveitehagen Settungsgard 14.12. 1906-1984
G 1947 m Knut K. Settungsgard.
4. Hermann Olson Tveitehagen 04.12. 1914-2000
Sjå neste hushald.

Ola og Birgit gifte seg i 1898. Ho døydde truleg i barnseng. Ola vart attgift 1900 med Anne.
    Ola har overteke Tveitehagen utan heimel sist på 1800-talet. Han dyrka mesteparten av jorda og fekk Ny Jords diplom for det. Ola vart intervjua på 90-årsdagen. Då fortalde han om arbeidet sitt, og så la han til : "Og i kvilingo drog eg stein."