Nedrejordet gnr. 55 bnr. 15
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nedrejordet gnr. 55 bnr. 15-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedrejordet er eit mindre bruk nedst i jordet på Tveito. Bruket vart frådelt bnr. 11 i 1884.
    Frå Nedrejordet vart 1935 frådelt eigedomen Heimdal der det var drive landhandel. (Om lag 13 mål.) Det attverande av Nedrejorde er tunet med stugu, uthus og eit eldhus. Det er høge steingjerde kring eigedomen. Brukt som feriestad.
   

{3092} År: 1884

Ola Olson Trintrud Varaberg 10.12. 1855-1931
G 1881 m Birgit Nilsdtr. Ulshagen. Foreldre: Ola Eivindson Trintrud og Birgit Olsdtr. Skjervheim.

Ola Olson Trintrud seinare Varaberg kjøpte eigedomen Nedrejordet i 1884. Ola Olson var landhandlar i Nedrejordet i 1886. Sjå Varaberg år 1891. Han selde 1901 til handelsmannen E. T. Sorteberg.