Tveitejordet gnr. 55 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveitejordet gnr. 55 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tveitejordet var også kalla Sveinjordet eller Vosseplassen. Eigedomen var nytta som kårjord og husmannsplass under myljo Tveito saman med Bruteigen. Namnet 'Vosseplassen' har tilknytning til Bruteigen. Namnet 'Sveinjordet' er nok etter Svein Olson Gunhildgard Hestebrekk.
    Det skal ha vore eit lite steinfjøs i Sveinjordet. Andre hus ???
    Areal 1865: dyrka jord 1 3/4 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 12 mål. Avling 1 1/2 tunne bygg Frå 1910 har Tveitejordet lege under Tveito gnr. 55/10.

{3095} År: 1812

Ragnhild Larsdtr. Løyte Tveito 03.05. 1767-1847
Foreldre: Lars Syverson Ruud Løyte og Barbro Olsdtr. Skjervheim.
Gm Tolleiv Syverson Barskrind Tveito 02.02. 1777-1856
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen til Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud Barskrind.

Sjå myljo Tveito 55/10 år 1828. Ragnhild held attende Tveitejordet då ho selde garden i 1812.
    Ragnhild vart attgift 1816 med enkjemann Tolleiv Syverson Barskrind. Dei vart skilde kring 1819.

{3096} År: 1839

Svein Olson Gunhildgard Hestebrekk 06.07. 1783-1857
G 1811 m Birgit Olsdtr. myljo Tveito. Foreldre: Ola Person Gunhildgard og Birgit Sveinsdtr. Brattåker eller kanskje B.O. Sata.

I husmannsmanntalet for 1839 står 'Sven Olsen Tveteeie'. Han hadde tidlegare vore inderst på Hestebrekk. Sjå meir om familien der.
    I 1821 sette Ola Olson Tveito og Svein Olson Gunhildgard opp ei grense for 'Søndre Myrene' under Tveito.

{3097} År: 1844c

Gm Sevat Olson Løken 19.06. 1774-1844
Foreldre: Ola Ellingson Løken d.e. og Guri Sevatsdtr. Tveito.
Gm Ågot Olsdtr. Gullhagen Hallbjørhus 12.10. 1788-
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr Rime Bøygard.
*Barn
1. Ola Sevatson Tveito 1821-1845
Ugift. Ola hadde arbeidd dels ved Blåfargeverket, og dels med ymse gardsarbeid i Løken. Det han hadde tent, var oppbrukt då han døydde etter lang tids sjukdom. Syskena Ola, Sevat og Guri delte gangkleda, då dei hadde hadde kosta begravelsen.
2. Ola Sevatson Tveito 1823c-
Ola levde i 1844. Han var då 20 år medan broren på Blåfargeverket var 23 år.
3. Sevat Sevatson Tveito 1826c-
Gm Ingrid Holgesdtr. Bæra 1832-1874. Barn: Ågot 1852-1874 gm Anders Olson Karlberge, Frosten ; Ingeborg 1863-1933 gm Elarius E. Bakkum; Julia 1860-1911 gm Tomas O. Gjeglum; Helene 1861-1917 gm Olaus A. Grangard; Caroline g 1888 m Henry A. Grangard (3 barn); Ingrid 1874-1908 gm Carl C. Megaarden (1213) (J. Marler)
    Bustad 1874: Elon, Allamakee Co, IOWA.
4. Eirik Sevatson Bruteigen 1829-
Truleg født Hallbjørhus i Hemsedal. Var 15 år i 1844.
5. Guri Sevatsdtr. Tveito 1832.-1874
Gm ... ... ... . Barn: 7. Ho døydde i barnseng i 1874 i fylgje eit Amerikabrev.

Sevat og Ågot gifte seg 1819. I 1840-åra budde indersten Sevat Olson Tveito i 'Bruteigen'. Sevat skal ha kjøpt garden Hallbjørhus, men det viser ikkje i Hemsedalsboka. Dei var på Ulsåk nokre år frå 1823 før dei reiste attende til Ål. Ungane er ikkje funne døypte i Ål. (1235) s 178
    På legd 1800-1815. Inderstar på Løken. Sevat døydde 1844 på ei reise til Drammen.

{3098} År: 1881c

Eirik Olson Bruteigen 1843-1917
G 1881 m Gro Hermundsdtr. Gudbrandsgard. Foreldre: Ola Eirikson Bruteigen og Brita Rogne (Voss).

Eirik Olson Bruteigen brukte Tveitejordet saman med Bruteigen. Bruket var nok pantsett. Ved ei rettssak i 1919 vart eigedomen lagt til eigaren av 55/10. Og sidan har bruket fylgd denne eigedomen. Sjå meir om familien til Eirik i Bruteigen. Også far hans, Ola Eirikson, brukte Tveitejordet med Bruteigen.